Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

3 Omlegging til standardisert barnetillegg til mottakarar av uføretrygd – folketrygdlova §§ 12-14, 12-15 og 12-16

3.1 Innleiing

Det behovsprøvde barnetillegg til uførepensjon er ført vidare i ny uføretrygd, som vert innført 1. januar 2015. Ordninga med behovsprøvd barnetillegg gjev i mange tilfelle dårleg motivasjon for å vere i eller kome tilbake til arbeid. Ho er dessutan svært komplisert å administrere. Departementet meiner at barnetillegget til uføretrygda bør vere på nivå med barnetillegget til arbeidsavklaringspengane. Departementet foreslår at det behovsprøvde barnetillegget frå 1. januar 2016 vert erstatta med eit standardisert barnetillegg på nivå med det tillegget mottakarar av arbeidsavklaringspengar får. Mottakarar av uføretrygd som har ansvar for forsørging av barn under 18 år, vil etter forslaget få eit årleg tillegg per barn på 7 020 kroner. Barnetillegget skal avkortast etter trygdetid, graderast etter uføregraden og reduserast på grunn av arbeidsinntekt over inntektsgrensa. Departementet foreslår òg ei overgangsordning for eksisterande mottakarar av behovsprøvd barnetillegg.

3.2 Gjeldande reglar

3.2.1 Behovsprøvd barnetillegg til uføretrygd

Det behovsprøvde barnetillegget til uførepensjon er ført vidare i ny uføretrygd. Etter lov om endringar i folketrygdloven (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre) av 16. desember 2011 nr. 59 (heretter kalla endringslova) § 12-15 har mottakarar av uføretrygd som forsørgjer barn under 18 år rett til barnetillegg. Det vert gjeve barnetillegg for fosterbarn dersom mottakaren har forsørgt barnet i dei siste to åra før kravet om barnetillegg vart sett fram. Barnetillegget utgjer 40 prosent av grunnbeløpet per år, det vil seie 35 347 kroner frå 1. mai 2014. Det vert gjeve barnetillegg for kvart barn vedkommande forsørgjer. Dersom uføretrygda er redusert på grunn av manglande trygdetid (mindre enn 40 år), skal tillegget avkortast tilsvarande. Vert barnet forsørgt av fleire i fellesskap som mottek uføretrygd eller alderspensjon, ytast tillegget til den mottakaren som har rett til høgast tillegg.

Dersom uføretrygda er gradert, skal ikkje barnetillegget graderast tilsvarande, men tillegget skal derimot prøvast mot forsørgjaren si inntekt etter føresegnene i endringslova § 12-16. Pensjonsytingar og overgangsstønad frå folketrygda, pensjonsytingar frå offentleg eller privat pensjonsordning, ytingar frå individuell pensjonsforsikring, livrente, gåvepensjon mm. og arbeidsinntekt vert rekna med. Om barnet bor ilag med begge foreldra, skal inntektene til begge foreldra reknast med. Barnetillegget skal reduserast med 50 prosent av inntekta over eit fribeløp (ein pengesum). Fribeløpet utgjer 4,6 gongar grunnbeløpet for eitt barn som bor saman med begge foreldra og 3,1 gongar grunnbeløpet for barn som bor saman med ein av foreldra. Fribeløpet skal aukast med 40 prosent av grunnbeløpet for kvart barn. Fribeløpet skal avkortast på grunn av manglande trygdetid.

3.2.2 Standardisert barnetillegg til mottakarar av arbeidsavklaringspengar

Etter folketrygdlova § 11-16 fjerde leddet får mottakarar av arbeidsavklaringspengar som forsørgjer barn under 18 år eit barnetillegg. Dersom begge foreldra mottek arbeidsavklaringspengar, kan begge få barnetillegg. Barnetillegg for fosterbarn vert gjeve dersom mottakar har forsørgt barnet i dei siste to åra før kravet om barnetillegg vert sett fram. Eit barn som har eiga inntekt større enn grunnbeløpet eller som har barnepensjon etter folketrygdlova kapittel 18, vert ikkje vurdert som forsørgt av mottakaren av arbeidsavklaringspengar. Etter forskrift om arbeidsavklaringspengar § 7 vert barnetillegg gjeve med 27 kroner per dag for kvart barn fem dagar i veka, det vil seie 7 020 kroner per år (27 kr x 260). Arbeidsavklaringspengane medrekna barnetillegget skal reduserast dersom arbeidsevna er redusert. Det vert tatt utgangspunkt i høvet mellom ei arbeidstid på 37,5 timar per veke og dei timane personen har vore eller kunne ha vore i inntektsgivande arbeid, jf. folketrygdlova § 11-18. Arbeidsavklaringspengar medrekna barnetillegg kan ikkje utgjere meir enn 90 prosent av inntektsgrunnlaget for arbeidsavklaringspengane.

3.3 Vurderingar og forslag

Det gjeldande behovsprøvde barnetillegget til uførepensjon og uføretrygd er målretta mot familiar med låg inntekt og forsørgingsansvar. Det er likevel fleire problem med ordninga. Det høge barnetillegget motiverer i mange høve ikkje til å vere i eller kome tilbake i arbeid. Særleg mottakarar av uføretrygd som tidlegare har hatt låg inntekt og som har fleire barn, vil kunne få ei svært høg samla yting samanlikna med tidlegare inntekt. I ein del tilfelle vil samla kompensasjonsgrad verte høgare enn den tidlegare inntekta, det vil seie meir enn 100 prosent av tidlegare inntekt.

Uføretrygda personar med forsørgingsansvar er ofte yngre. Med det høge behovsprøvde barnetillegget kan det vere vanskeleg å motivere denne gruppa til å forsøke seg i arbeid igjen eller til å auke arbeidsinnsatsen. Migrasjonsutvalet (NOU 2011: 7) tilrådde å setje ned barnetillegget til uførepensjonistar. Utvalet grunna dette med at det var viktig å motivere til yrkesaktivitet, særleg for innvandrarfamiliar med mange barn og låg inntekt. Å innføre eit standard barnetillegg vil difor kunne bidra til at fleire kan kome i arbeid, noko som på sikt vil vere ein stor fordel for desse barna.

Reglane for behovsprøving er i tillegg svært komplisert å administrere, og dei er vanskelege å setje seg inn for den einskilde mottakaren. Inntekta til begge foreldre skal inngå i behovsprøvinga. Det er vidare reglar for ulike familiesituasjonar, mellom anna med ulike fribeløp avhengig av om barnet bur saman med begge eller ein forelder. Desse utfordringane vert ytterlegare forsterka i den nye uføretrygda som skal justerast fortløpande i høve til endring i arbeidsinntekta. Det er vidare komplisert for brukarane å ha oversikt over dei samla konsekvensane når ein har behovsprøvde ordningar knytt til trygdeytingar samstundes med andre ordningar målretta mot grupper med låg inntekt, til dømes ordninga med støtte til bustad.

Barnetillegget til uføretrygd og til arbeidsavklaringspengar bør vere likt for å unngå at einskilde ønskjer å komme raskt over på uføretrygd. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å erstatte det behovsprøvde barnetillegget med eit standardisert barnetillegg på nivå med barnetillegget som mottakarar av arbeidsavklaringspengar får. Forslaget inneber at nye mottakarar av uføretrygd etter 2016 som har forsørgingsansvar for barn under 18 år, får barnetillegg med 7 020 kroner per år per barn. Til samanlikning utgjer dagens behovsprøvde barnetillegg før ev. avkorting og reduksjon 35 348 kroner per barn per år (G per 1. mai 2014).

Tabell 3.1 Kompensasjonsgradar før og etter skatt for einsleg stønadsmottakar med barn i 2015 og 2019. Tidlegare inntekt på 5 G.

Ant. barn

Brutto tidl. arb.innt

Netto tidl. arb.innt

Brutto uføretrygd

Barnetillegg 2015 (behovsprøvd)

Barnetillegg forslag i Prop. 1 S (standardisert)

Netto uføretrygd og barnetillegg 2015

Netto uføretrygd og barnetillegg nytt system

Komp. grad etter skatt 2015

Komp. grad etter skatt 2019

Forskjell i innt. etter skatt

1

305 648

247 133

216 573

34 931

7 020

212 048

193 962

86

78

18 086

2

305 648

247 133

216 573

69 862

14 040

234 684

198 511

95

80

36 173

3

305 648

247 133

216 573

104 794

21 060

257 319

203 060

104

82

54 259

4

305 648

247 133

216 573

139 725

28 080

279 954

207 609

113

84

72 346

Skatt i faste 2014- kroner. Gjennomsnittleg G for 2014.

Tabell 3.1 viser samla inntekt før og etter skatt for ein einsleg stønadsmottakar med tidlegare arbeidsinntekt på 3,5 G. Med forsørgingsansvar for tre barn vil denne personen i 2015 ha ei samla inntekt etter skatt som er høgare enn inntekta som yrkesaktiv, mens kompensasjonsgraden etter skatt vil vere på 82 prosent for ein person med tre barn i 2019. Dersom personen i tillegg har krav på pensjon og barnetillegg frå offentleg tenestepensjon, vil samla kompensasjonsgrad etter skatt vere 125 prosent i 2015 og 96 prosent i 2019.

Forslaget til overgangsordning med gradvis nedtrapping av verdien av barnetillegget gjer at forskjellen i netto inntekt vert mindre i åra 2016, 2017 og 2018 enn det tabellen viser.

Tabell 3.2 Kompensasjonsgradar før og etter skatt for einsleg stønadsmottakar med barn i 2015 og 2019. Tidlegare inntekt på 5 G.

Ant. barn

Brutto tidl. arb.innt

Netto tidl. arb.innt

Brutto uføretrygd

Barnetillegg dagens ordning (behovsprøvd)

Barnetillegg forslag i Prop. 1 S (standardisert)

Netto uføretrygd og barnetillegg 2015

Netto uføretrygd og barnetillegg nytt system

Komp. grad etter skatt 2015

Komp. grad etter skatt 2019

Forskjell i innt. etter skatt

1

436 640

332 016

288 182

26 198

7 020

252 792

240 365

76

72

12 428

2

436 640

332 016

288 182

69 862

14 040

281 087

244 914

85

74

36 173

3

436 640

332 016

288 182

104 794

21 060

303 722

249 463

91

75

54 259

4

436 640

332 016

288 182

139 725

28 080

326 357

254 012

98

77

72 346

Skatt i faste 2014-kroner

Med tidlegare inntekt på 5 G, sjå tabell 3.2, vil ein einsleg person med tre barn ha ei samla netto inntekt i 2015 på 303 722 kroner. Personen får i dette tilfellet tre fulle barnetillegg. Dette gjev ein kompensasjonsgrad etter skatt på 91 prosent. I 2019 med full innfasing av nytt regelverk vil kompensasjonsgraden etter skatt vere på 75 prosent. Med offentleg tenestepensjon vil kompensasjonsgraden etter skatt i dette tilfellet vere 113 prosent i 2015 og 90 prosent i 2019.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har anslått at det ved utgangen av 2015 vil vere 19 140 uføretrygda som mottek behovsprøvd barnetillegg og om lag 26 280 uføretrygda med barn som ikkje vil ha barnetillegg. Om lag 1 100 av dei som mottek behovsprøvd barnetillegg i dag har barnetillegg på nivå med det nye standardiserte tillegget eller lågare per barn. Dette inneber at i overkant av 18 000 uføretrygda vil få eit lågare barnetillegg med den nye ordninga.

Det er vidare lagt til grunn at dei uføretrygda vil få behovsprøvd barnetillegg for om lag 34 800 barn ved utgangen av 2015. For om lag 1 920 av desse barna vil barnetillegget vere på nivå med det nye standardiserte tillegget eller lågare. Dette betyr at for om lag 32 900 barn vil barnetillegget verte lågare frå 2016.

Sjølv om eit viktig formål med forslaget er å bidra til at fleire kan kome i arbeid, noko som vil vere ein stor fordel for desse barna, vil ein del av dei som i dag mottek behovsprøvd barnetillegg, ikkje klare å kompensere bortfallet av barnetillegg med auka arbeidsinntekt, i alle fall ikkje på kort sikt. Departementet foreslår difor ei overgangsordning for eksisterande mottakarar av behovsprøvd barnetillegg. Overgangsordninga inneber at det nominelle beløpet for barnetillegget vert trappa ned til ¾ i 2016, ½ i 2017 og ¼ i 2018. Frå 2019 vil dei ha rett til det nye, standardiserte barnetillegget. Ettersom det behovsprøvde barnetillegget er målretta mot familiar med låg inntekt og forsørgingsansvar, vil ein del av disse familiane og kunne få rett til økonomisk stønad etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Arbeidsavklaringspengane ytast per dag (dagsats) og skal betalast ut etterskottsvis kvar fjortande dag på grunnlag av opplysningar om arbeidstid i meldekortet. Barnetillegget til arbeidsavklaringspengar vert difor gjeve med ein dagsats. Uføretrygda vert utbetalt per månad og vert gjeve med like stor sum kvar kalendermånad. Eit standardisert barnetillegg til uføretrygda bør difor, på same måten som det behovsprøvde barnetillegget, også vere likt kvar kalendermånad. Det standardiserte barnetillegget til uføretrygda vil utgjere 585 kroner for kvart barn.

Arbeidsavklaringspengar medrekna barnetillegget skal reduserast i høve til den arbeidsevna som er sett ned. Det vert fastsett ein uføregrad når ein får innvilga uføretrygd. Departementet foreslår at barnetillegget vert gradert etter same uføregrad som ligg til grunn for uføretrygda. Vidare foreslår departementet at barnetillegget skal reduserast mot inntekta på same måte som uføretrygda etter endringslova § 12-14. Etter desse føresegnene skal uføretrygda reduserast når inntekta overstig inntektsgrensa. Inntektsgrensa svarer til den venta framtidige inntekta som vart lagt til grunn ved fastsetting av uføregraden, tillagt 40 prosent av grunnbeløpet per kalenderår. Personar som mottek ein omrekna uførepensjon får i staden tillagt 60 000 kroner per kalenderår fram til og med år 2018. Etter endringslova § 12-14 andre leddet skal reduksjonen i uføretrygda svare til overstigande inntekt multiplisert med ein brøk der vedkommandes uføretrygd ved 100 prosent uføregrad er teljar og inntekta før uførleika er nemnar. Dersom uføretrygda utgjer 66 prosent av inntekta før uførleiken, skal uføretrygda verte redusert med 66 prosent av den overstigande inntekta. Departementet foreslår at uføretrygda tillagt det standardiserte barnetillegget skal reduserast på denne måten.

Uføretrygda skal ikkje betalast ut når pensjonsgjevande inntekt er høgare enn 80 prosent av inntekta før ein vart ufør, jf. endringslova § 12-14 tredje leddet. Departementet foreslår at barnetillegget heller ikkje skal betalast ut i desse tilfella.

Uføretrygda skal avkortast høvesvis når trygdetida er mindre enn 40 år. Departementet meiner det er naturleg at det standardiserte barnetillegget også vert avkorta ved manglande trygdetid.

Føresegnene om uføretrygd og dei behovsprøvde barnetillegga går fram av endringslova. Frå 1. januar 2015 vil desse føresegnene verte tatt inn i folketrygdlova. Dei aktuelle lovendringane frå 1. januar 2016 vil dermed gjelde folketrygdlova, slik ho vert endra ved lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringar i folketrygdlova (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre).

Departementet viser til lovforslaget, folketrygdlova § 12-14 andre leddet og § 12-15 og oppheving av folketrygdlova § 12-16.

3.4 Iverksetjing. Overgangsreglar og økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft frå 1. januar 2016 og får verknad for mottakarar av uføretrygd som har omsorg for eller får omsorg for barn under 18 år etter 31. januar 2015 som dei ikkje allereie mottek barnetillegg for. Det nye standardiserte tillegget skal vidare gjevast til eksisterande mottakarar av uføretrygd med barn og som ikkje har rett til behovsprøvd barnetillegg per 31. desember 2015. Det nye tillegget skal også gjevast til mottakarar av uføretrygd som allereie mottek behovsprøvd barnetillegg om dei får nye barn.

Departementet foreslår ei overgangsordning for eksisterande uførepensjonistar med barnetillegg. Overgangsordninga inneber at innvilga barnetillegg per 31. desember 2015 skal frysast og at det skjer ei gradvis avvikling av tillegget gjennom ein treårsperiode. Det nominelle beløpet for barnetillegget vert trappa ned til ¾ i 2016, ½ i 2017 og ¼ i 2018. Frå 2019 vil dei ha rett til det nye, standardiserte barnetillegget.

Forslaget er rekna å gi ei netto innsparing på 45 mill. kroner i 2016, 322 mill. kroner i 2017, 527 mill. kroner i 2018 og ei innsparing på 586 mill. kroner i 2019.

Forslaget inneber ei stor forenkling av saksbehandlinga og vil dermed gi reduserte administrative kostnader for Arbeids- og velferdsetaten.

Til forsida