Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

7 Endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

7.1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet foreslår endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg av 29. april 2005 nr. 21 med sikte på å avvikle forsørgingstillegga til mottakarar av supplerande stønad. Endringane er innarbeidde i budsjettframlegget for 2015.

7.2 Gjeldande rett

Supplerande stønad har som formål å garantere ei minsteinntekt for personar som har fylt 67 år og som ikkje har tilstrekkeleg pensjon, fordi dei har budd i Noreg i mindre enn 40 år, eller andre økonomiske midlar. Ordninga er meint å erstatte behovet for varig økonomisk stønad til livsopphald for denne gruppa. For å ha krav på supplerande stønad må ein være busett i Noreg. Stønaden vert gjeve etter streng behovsprøving.

Full supplerande stønad svarar i dag til minste pensjonsnivå med høg sats for einslege stønadsmottakarar, som frå 1. mai 2014 utgjer 173 274 kroner per år. Stønadsmottakarar som forsørgjer ektemake/sambuar under 67 år får eit forsørgingstillegg som svarar til 25 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats, som frå 1. mai 2014 utgjer 43 318 kroner per år.

For barn under 18 år vert det ytt eit forsørgingstillegg på 20 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats per barn, som frå 1. mai 2014 utgjer 34 654 kroner per år.

7.3 Vurderingar og forslag

Utgangspunktet for stønadsnivået i ordninga med supplerande stønad er minstenivået for pensjonane i folketrygda. Supplerande stønad er meint som ei minimumsløysing Og i høyringsnotatet ved etableringa av ordninga vart det foreslått at stønadsnivået skulle leggjast på eit lågare nivå enn minstenivået i folketrygda fordi det her dreier seg om ei yting som vert gjeve utan krav til opptening i Noreg av noko slag. I Ot.prp. nr. 14 (2004–2005) vart likevel konklusjonen at stønadsnivået skulle tilsvare nivået på «minstepensjon».

Departementet har ikkje funne grunn til å ta opp det generelle stønadsnivået for supplerande stønad til ny vurdering. Ein har likevel kome til at ein bør ta bort forsørgingstillegga i ordninga. Dette vil bidra til at supplerande stønad klarare står fram som ei minimumsløysing. Avviklinga gjer ordninga meir individbasert og gjev ektemaken insentiv til å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Når det gjeld tillegg for ektemake/sambuar under 67 år, er dette tillegg for personar i yrkesaktiv alder som i utgangspunktet kan forsørgje seg sjølv, og eventuelle barn, ved eige arbeid, sjølv om det for personar med høg alder og kort butid i Noreg vil kunne vere utfordrande å kome inn på arbeidsmarknaden.

Lovendringa vil ikkje gjelde mange personar, ettersom berre 7,8 prosent av mottakarane av supplerande stønad fekk forsørgingstillegg, langt dei fleste av disse (6,6 prosent) berre tillegg for ektemake.

Departementet foreslår etter dette at § 5 i lov om supplerande stønad vert endra slik at det frå 1. januar 2015 berre vert to nivå for stønaden: Minste pensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år, og minste pensjonsnivå med ordinær sats for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år. Andre, tredje og fjerde leddet i § 5 må utgå, ettersom desse ledda berre gjeld vilkåra for forsørgingstillegg eller tilpassingar til reglane om forsørgingstillegg i ulike situasjonar.

I tillegg foreslår departementet justeringar i lova § 9 og § 13 fjerde leddet, som begge no viser til reglane om forsørgingstillegg, og i § 21 andre leddet, der det vert presisert at plikta til å møte personleg på det lokale kontoret i Arbeids- og velferdsetaten også famnar om ektemaken til personen som får supplerande stønad. Det personlege frammøtet tek sikte på kontroll med at den frammøtte ikkje har hatt opphald i utlandet utover grensa i lova. Etter forslaget til endringar i lova § 5 spelar det inga rolle for storleiken på stønaden om den som får supplerande stønad har ein ektemake under 67 år. Det er da heller ikkje grunn til å kontrollere opphald i utlandet for ein slik ektemake.

Forslaget om å ta bort forsørgingstillegga for ektemake/sambuar og barn og lovendringar som følgjer av dette, gjer det også naudsynt med tilpasningar i lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover om tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon. Endringane i lova om supplerande stønad går fram av endringslova del XVI. Ein viser til merknadene til dei einskilde paragrafane.

Departementet viser til lovforslaget.

7.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at forsørgingstillegga vert avvikla frå 1. januar 2015 og lovendringa knytte til dette må difor tre i kraft frå denne datoen. Tilpasningane i lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon) bør likevel tre i kraft straks, slik at dei er på plass når denne endringslova trer i kraft 1. januar 2015.

Departementet foreslår at avviklinga av forsørgingstillegga til supplerande stønad berre skal gjelde saker der stønadsperioden, eller ein ny stønadsperiode, tek til tidlegast frå 1. januar 2015 (supplerande stønad vert gjeven for 12 månader om gongen). Avviklinga av forsørgingstillegga får difor full effekt først i 2016. Ein reknar med at endringane vil føre til ei innsparing i utgiftene til supplerande stønad på i alt 7,6 mill. kroner i 2015, og 15 mill. kroner i 2016 (heilårseffekten).

Endringane gjer at om lag 250 mottakarar av supplerande stønad vil få reduserte ytingar. For mottakarar av full stønad utgjer reduksjonen 16,7 prosent ved forsørging av eitt barn og 20 prosent ved forsørging av ektemake (utan forsørging av barn).

Endringa vil venteleg i nokon grad redusere arbeidet med ordninga for supplerande stønad, men ikkje i ein slik grad at det kan påverke budsjettet.

Til forsida