Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

4 Reduksjon av perioden med rett til overgangsstønad frå tre til eitt år – folketrygdlova § 15-6

4.1 Innleiing

Departementet foreslår at perioden med rett til overgangsstønad som hovudregel vert sett til eitt år eller fram til barnet får rett til barnehageplass etter barnehagelova § 12 a.

4.2 Gjeldande reglar

Etter folketrygdlova § 15-6 andre leddet anna punktum kan einsleg mor eller far som hovudregel få overgangsstønad i inntil tre år, fram til barnet fyller åtte år.

4.3 Vurderingar og forslag

Overgangsstønaden skal sikre inntekta i ein periode medan den einslege forelderen omstiller seg til å forsørgje seg sjølv og barn(et) med arbeidsinntekt. Over fleire år har det vore ei auking i talet på personar som er aleine om omsorga for barn, utan at talet på dei som mottek overgangsstønader har auka. Dei fleste klarer å forsørgje seg sjølve gjennom å arbeide, og mange er einslege i berre ein kortare periode. Eitt år kan vere en meir rimeleg omstillingstid enn tre år. Både arbeidslivet og samfunnet elles er godt tilpassa eit familieliv der inga av foreldra er heime, sjølv når barna er små. Fleirtalet av småbarnsforeldra går i dag attende til jobben så snart det yngste barnet får barnehageplass. Det er difor ikkje opplagt at vi treng ei fleirårig stønadsordning for dei foreldra som er aleine med omsorga for barna.

Overgangsstønaden kan på kort sikt bidra til å hindre barnefattigdom. Men sidan stønaden er tidsavgrensa, er han ikkje godt egna som eit middel mot vedvarande låg inntekt i barnefamiliar, dersom han ikkje makter å bidra til at den einslege forsørgjaren nyttar stønadsperioden til å betre inntektsevna si. Difor er det viktig å styrka arbeidsinsentiva i stønadsordninga, så den einslege forsørgjaren raskare innstiller seg på eit yrkesaktivt liv. Yrkesaktivitet er ein svært viktig faktor for å hindre barnefattigdom. I høyringsnotat frå Arbeids- og sosialdepartementet 10. oktober 2014, vert det foreslått ytterlegare endringar i regelverket for einslege mødrer eller fedrar, med sikte på forenkling og å leggje betre til rette for at den einslege skal kunne kvalifisere seg til å kunne forsørgje seg og barnet gjennom eiga arbeid. Mellom anna vert det foreslått at alle som tek naudsynt og føremålstenleg utdanning, skal få rett til overgangsstønad i inntil tre år i tillegg til det eine året som følgjer av den endra hovudregelen på eitt år. Etter planen skal desse forslaga tre i kraft 1. januar 2016. Dei som avsluttar ein eittårsperiode med overgangsstønad, vil frå då av kunne ta utdanning og få overgangsstønad i ein lengre periode. Omsynet til einslege med barn som er særleg tilsynskrevjande, vil også fortsett verte ivaretatt.

Departementet viser til lovforslaget.

4.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa vert sett i kraft 1. januar 2015, for nye tilfelle av overgangsstønad. Departementet vil gi forskrift med nærmare presiseringar om kven som skal reknast som nye tilfelle. Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2015, men det er venta ei innsparing i utbetalingane av stønader til einsleg mor eller far i 2016 på om lag 255 millionar kroner.

Endringa vil venteleg ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

Til forsida