Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

9 Unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 16

9.1 Innleiing

Departementet foreslår ny heimel i lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga § 16 fyrste leddet til å gi statlege tilsette ved kontaktsentertenesta i Arbeids- og velferdsetaten tilgang til opplysingar i kommunale sakshandsamingssystem.

9.2 Gjeldande rett

Brukarane sin kontakt med arbeids- og velferdsforvaltninga vert i dag hovudsakleg handtert av kontaktsentera i Arbeids- og velferdsetaten (bortsett frå Oslo og Bergen kommunar som nyttar eigne sentralbordløysingar). For brukarar av statlege tenester har kontaktsentra elektronisk tilgang til opplysningar om den einskilde brukaren si sak. Tilgangen gjev kontaktsentera høve til å gi statlege brukarar konkret og individuell informasjon og rettleiing.

Ettersom kommunane i arbeids- og velferdsforvaltninga er å rekna som eit anna organ enn Arbeids- og velferdsetaten, har dei statlege tilsette ved kontaktsentra ikkje tilgang til opplysingar frå kommunale sakshandssamingssystem. Dette følgjer av reglane i forvaltningslova om teieplikt for offentleg tilsette. Kontaktsentra fungerar i dag difor hovudsakleg som eit sentralbord for dei kommunale brukarane.

9.3 Vurderingar og forslag

For å gi brukarar av kommunale tenester like god informasjon og rettleiing som brukarar av statlege tenester, foreslår departementet at det vert gjort eit unnatak frå forvaltningsmessig teieplikt i arbeids- og velferdsforvaltningslova som opnar for at statlege tilsette ved kontaktsentra får elektronisk tilgang til eit utdrag av opplysningar frå klientsaker i den kommunale sosialtenesta.

Unnataket er avgrensa til einskilde sentrale opplysningar som i dag går fram av applikasjonen «NAV Personkortet». Applikasjonen innhentar og synar opplysningar frå ulike statlege og kommunale sakshandsamingssystem. Den utvida tilgangen vil berre omfatte tilsette ved Arbeids- og velferdsetaten si kontaktsenterteneste som skal svare på førespurnader frå kommunale brukarar.

Lovforslaget legg til rette for betre service overfor kommunale brukarar av arbeids- og velferdsforvaltninga. Det vil forenkle og effektivisere arbeids- og velferdsforvaltninga sin kontakt med kommunale brukarar og vil kunne redusere den totale ressursbruken i forvaltninga.

Omsynet til personvernet til brukarane er teke hand om ved at det berre er einskilde sentrale opplysningar som vil verte gjort tilgjengelege, og at tilgangen til opplysningane er avgrensa til statlege tilsette ved Arbeids- og velferdsetaten si kontaktsenterteneste. Det vil berre vere tilsette som skal svare på førespurnader frå kommunale brukarar, som vil få tilgang til opplysningane.

Lovforslaget byggjer på erfaringar frå eit forsøk etter forsøkslova som var etablert ved NAV Kontaktsenter Hedmark som omfatta Nord-Odal og Hamar kommunar i 2009–2011. Evalueringa av forsøket viste at færre spørsmål vart vidareformidla til NAV-kontora, slik at kontora fekk frigjort tid til oppfølgingsarbeid. Kvaliteten på rettleiinga auka som følgje av at kontaktsenteret kunne gi meir spesifikk informasjon om saka til den einskilde brukaren. Statistisk informasjon frå forsøket når det gjeld ressursbruk og handtering av spørsmål gjev sikrare overslag over kostnader og resultat.

9.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2015.

Forslaget vil medføre ein estimert meirkostnad på 12 mill. kroner i 2015 og følgjande år. Kostnaden knyter seg til at gjennomsnittleg tidsbruk per førespurnad til kontaktsentertenesta i Arbeids- og velferdsetaten vil auke og at kø-effektiviteten vil verte noko redusert. Det vert lagt til grunn at forslaget vil medføre ein innsparingseffekt for kommunane som minst tilsvarer satsinga. Dette som følgje av ein reduksjon i talet på telefonsamtalar til den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga, estimert til om lag 310 000 samtaler. Finansieringa av tiltaket er nærmare skildra i Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 95 S (2013–2014).

Til forsida