Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

6 Oppheving av sanksjonsregelen ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte

6.1 Innleiing og gjeldande rett

Etter folketrygdlova § 25-5 a kan ein sjukmeldar som ikkje deltar i dialogmøte, jf. arbeidsmiljølova § 4-6 fjerde leddet og folketrygdlova § 8-7 a andre og tredje leddet, verte ilagd gebyr. Arbeids- og sosialdepartementet foreslo i Prop. 102 L (2013–2014) endringar i arbeidsmiljølova og folketrygdlova for å forenkle oppfølginga av sjukmelde frå 1. juli 2014. Formålet med forslaga var å gjere arbeidet med sjukefråvær enklare for verksemder og å målrette innsatsen mot dei sjukmelde som har eit særleg behov for tett oppfølging, slik at oppfølgingsarbeidet vert relevant og meiningsfylt. I lovforslaget vart det mellom anna foreslått at regelen i folketrygdlova § 25-5 a om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte i sin heilskap skulle opphevast.

6.2 Vurderingar og forslag

Det går fram av Innst. 266 L (2013–2014) at ein sams komité støtta departementet sine forslag til å oppheve sanksjonsregimet i regi av Arbeids- og velferdsetaten. Departementet sitt forslag om å oppheve folketrygdlova § 25-5 a vart likevel ikkje tatt med i Arbeids- og sosialkomiteen si tilråding i Innst. 266 L (2013–2014). Departementet legg til grunn at dette skuldast ein inkurie, og gjentek difor forslaget om å oppheve folketrygdlova § 25-5 a.

Departementet viser lovforslaget, oppheving av folketrygdlova § 25-5 a.

6.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks. Endringa vil ikkje ha store økonomiske eller administrative konsekvensar. Sjukmeldarar vert fritekne for administrasjon ved at dei ikkje lenger vil verte bedne om å dokumentere eventuelt fråvær frå dialogmøte. Arbeids- og velferdsetaten vil ha eit økonomisk tap tilsvarande dei gebyra som ikkje lenger vil verte kravde inn, samtidig som dei administrative kostnadene for etaten vert reduserte.

Til forsida