Prop. 7 L (2017–2018)

Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i følgjande lover:

  • lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn (sjømannspensjonslova)

  • lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten (trygderettslova)

  • lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova)

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)

  • lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)

  • lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga (arbeids- og velferdsforvaltningslova)

Dei følgjande endringsforslaga blir fremja for å følgje opp forslag som er fremja i Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet for 2018:

  • oppheving av redusert forskottssats (endring av forskotteringslova §§ 5 og 7)

  • berre arbeidsinntekt frå det sist avslutta kalenderåret skal gi opptening til dagpengar og at sjukepengar og pleiepengar mv. skal reknast som arbeidsinntekt (endring av folketrygdlova § 4-4)

  • berre inntekt frå det sist avslutta kalenderåret tel med i dagpengegrunnlaget (endring av folketrygdlova § 4-11)

  • om at ein dagpengemottakar berre kan få ein stønadsperiode på 104 veker når inntekta har vore på meir enn 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda det sist avslutta kalenderåret (endring av folketrygdlova § 4-15)

  • om rett til grunnstønad til hald av servicehund (endring av folketrygdlova § 6-3)

  • oppheving av hjelpestønad sats 0 (endring av folketrygdlova § 26-2)

Vidare blir følgjande endringar foreslått:

  • avvikling av grunnfondet i pensjonstrygda for sjømenn og overføre midlane til reguleringsfondet (endring av sjømannspensjonslova § 14)

  • visse endringar i trygderettslova, mellom anna å lovfeste høvet til å innhente politiattest ved tilsettingar i Trygderetten og å leggje til rette for å kunne sende elektronisk melding om orskurdar og vedtak

  • retting i folketrygdlova kapittel 9 – oppheving av folketrygdlova § 9-11 a

  • retting av ei tilvising i folketrygdlova § 23-3 andre leddet

  • retting av tilvisingar i folketrygdlova § 2-5 andre leddet

  • oppretting i føresegna om rett til uføretrygd når kravet blir sett fram etter fylte 62 år

  • oppretting i føresegna om avrekning av feilutbetalingar som skuldast for høg inntekt

  • endringar i arbeids- og velferdsforvaltningslova og folketrygdlova som følgje av ny folkeregisterlov

  • retting av feil i arbeidsmiljølova § 18-6 om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet

Til forsida