Prop. 7 L (2017–2018)

Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

Til innhaldsliste

4 Endringar i forskotteringslova

4.1 Innleiing og bakgrunn

Barn under 18 år som er busett i Noreg som ikkje bur saman med begge foreldra, har rett til forskott på underhaldsbidrag etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova). Dette sikrar eit minstebidrag til forsørginga av barnet når bidraget frå den bidragspliktige er forseinka eller ikkje blir betalt. Forskottet blir prøvd ut frå mottakaren si inntekt, talet på barn i husstanden og om vedkommande er einsleg eller ikkje. Forskott utbetales i tre satsar, høgna forskott, ordinært forskott eller redusert forskott. Høgna forskott utgjør 1 570 kroner for barn under 11 år og 1 960 kroner for barn over 11 år, ordinært forskott utgjer 1 180 kroner og redusert forskott 790 kroner per barn per månad.

Staten krev refusjon i innbetalt bidrag, og derfor må bidrag fastsettast eller avtalast for at forskott skal bli ytt. Partane kan avtale eit bidrag og Arbeids- og velferdsetaten kan ta saka opp på eiget tiltak dersom det fastsette/avtalte bidraget er lågare enn bidragsforskottet. Før bidragsforskott blir utbetalt, skjer ein automatisk kontroll av om bidrag er innbetalt frå bidragspliktige og med kva for eit beløp. Forskott blir berre utbetalt i den utstrekninga forskottet overstig det innbetalte bidrag.

Regjeringa ønsker å spisse ordninga i enda større grad mot dei forsørgjarane som har dei lågaste inntektene, og foreslår derfor å avvikle det reduserte forskottet frå 1. januar 2018. Dette inneber at einslege mottakarar med eitt barn og med ei inntekt over 408 200 kroner, ikkje skal ha rett til bidragsforskott. Netto utgiftsreduksjon av tiltaket utgjer om lag 50 mill. kroner i 2018.

4.2 Departementet si vurdering og forslag

Det er foreldra som har ansvaret for å forsørgje barna sine. Staten har teke på seg eit ansvar for å forskottere manglande eller forseinka underhaldsbidrag når bidragsmottakaren har ei inntekt under eit visst nivå.

Redusert forskott gis i dag til personar med inntekt mellom 335 901 kroner og 502 400 avhengig av om vedkommande har sambuar eller fleire barn. Retten til forskott fell bort ved inntekt over 502 400 kr.

Forskotteringsordninga har ein sosialrettsleg profil for å ivareta barn som veks opp i familiar med svak økonomi. Avviklinga av den lågaste forskottssatsen gjer det i endå større grad tydeleg at bidragsforskott frå staten er øyremerkja einslege forsørgjarar med dei aller lågaste inntektene.

Dersom redusert forskottssats fell bort, blir ny inntektsgrense for fullstendig bortfall av forskott lik gjeldande sats for bortfall av ordinært forskott. Grensa vil variere med talet på barn mottakaren har forsørgjaransvar for og om ein er einsleg eller gift/sambuande.

Nye grenser for bortfall av retten til bidragsforskott for einslege vil variere mellom 408 201 kroner for eitt barn og 502 401 kroner for tre barn eller fleire). Inntektsgrensa for gifte/sambuande vil variere mellom 335 901 kroner for eitt barn og 502 401 kroner for fire eller fleire barn.

Dei som i størst grad blir råka av forslaget, er mottakarane i dei sakene kor den bidragspliktige har lita eller ingen bidragsevne og som derfor får utbetalt stønad kvar månad. I tillegg vil forslaget råke forskottsmottakarar i saker kor bidragspliktige, til tross for betalingsevne, ikkje betaler det fastsette bidraget frivillig, og kor dei lovfesta tvangsmidla ikkje har nokon effekt. Dette kan variere frå månad til månad.

Departementet foreslår å avvikle redusert forskottssats frå 1. januar 2018, og at forskotteringslova § 5 første ledd blir justert i tråd med dette. Det vises til lovforslaget.

Departementet vil samtidig gjere nødvendige endringar i forskrift 6. februar 2003 nr. 125 om gjennomføringa av reglane om inntektsprøving av forskott.

4.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft frå 1. januar 2018, med verknad både for nye og løpande saker.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har berekna forventa innsparing på kap. 2620.76 og forventa mindreinntekt på kap. 5701.73 i 2018, med innføring frå 1. januar 2018.

Forslaget gjev ei innsparing på rundt 75 mill. kroner i heilårseffekt, men fører til ein korresponderande inntektsreduksjon av refusjonar frå dei bidragspliktige på om lag 25 mill. kroner, og netto utgiftsreduksjon utgjer om lag 50 mill. kroner i 2018. Dei økonomiske konsekvensane er innarbeidde i Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at forslaget inneber einskilde mindre administrative konsekvensar, mellom anna for å oppdatere informasjonsskriv og endringar i systema.

Til forsida