Prop. 7 L (2017–2018)

Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

Til innhaldsliste

7 Retting av feil i arbeidsmiljølova § 18-6 om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet

31. mars 2017 vedtok Stortinget endringar i lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova). Endringane skulle bidra til å gjennomføre handhevingsdirektivet (Råds- og parlamentsdirektiv 2014/67/EU om håndhevingen av direktiv 96/71/EF om utsending av arbeidstakere innenfor rammen av tjenesteytelser, og om endring av forordning (EU) nr. 1024/2012 om administrativt samarbeid gjennom Indre marked Informasjonssystem) i norsk rett. Ei av endringane var å utvide påleggskompetansen til Arbeidstilsynet, noko som innebar ei endring av § 18-6 første ledd.

Arbeids- og sosialdepartementet er blitt oppmerksam på at denne lovendringa har blitt oppheva ved ei seinare lovendring av same paragraf. Stortinget vedtok endringar i arbeidsmiljølova § 18-6 første ledd ved to ulike høve våren 2017. Første gongen var ved loven 31. mars 2017 nr. 12 om endringer i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv). Ved denne endringslova blei både § 1-7 og § 14-15 femte ledd tatt inn i opplistinga i § 18-6 slik at Arbeidstilsynet fekk heimel til å handheve føresegner i utsendingsforskrifta samt plikta for arbeidsgjevarane til å gi arbeidstakarane skriftleg oppgåve over måten lønna er rekna ut på, grunnlaget for feriepengar og trekk som er gjort.

Andre gongen § 18-6 første ledd blei endra var ved lov 16. juni 2017 nr. 42 om endringer i arbeidsmiljøloven (varsling og arbeidstid). Ved ein feil var ikkje den allereie vedtekne lovendringa om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet tatt inn i departementet sitt forslag til endring av same paragraf i Prop. 72 L (2016–2017) om varsling og arbeidstid. Feilen førte til at endringa av § 18-6 om å utvide påleggskompetansen til Arbeidstilsynet som allereie var vedteken av Stortinget, blei utelate i lov 16. juni 2017 nr. 42.

Departementet legg med dette fram forslag om å rette feilen. Departementet foreslår at arbeidsmiljølova § 18-6 første ledd blir endra slik at lovendringa Stortinget vedtok i lov 31. mars 2017 nr. 12 om endringer i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv.) blir gjennomført. Departementet viser til omtalen av forslaget om å utvide påleggskompetansen til Arbeidstilsynet i Prop. 5 L (2016–2017) punkt 6.4.

Departementet viser til det vedlagte lovforslaget, arbeidsmiljølova § 18-6 første ledd.

Til forsida