Prop. 7 L (2017–2018)

Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei einskilde lovendringsforslaga

8.1 Merknader til endringa i sjømannspensjonslova

Til § 14

Tidligare nr. 2 og 3 i føresegna er tatt inn som høvesvis nr. 1 og nr. 2.

Nr. 1første punktum gjev reglar om at overskot i rekneskapsåret skal leggjast til pensjonstrygda sitt reguleringsfond, medan andre punktum fastset at underskot skal dekkjast av reguleringsfondet.

Nr. 2 bestemmer at trygda sine fond blir forvalta av styret etter reglar fastsett av Kongen med godkjenning frå Stortinget. Sjå pkt. 2.

8.2 Merknader til endringane i trygderettslova

Til § 3

Det er tatt inn tilvising til domstollova § 55 fjerde leddet for å sikre at Trygderetten har høve til å innhente politiattest, og dermed kunne kontrollere kravet om tilfredsstillande vandel og at røysteretten ikkje er frådømd. Sjå pkt. 3.1.

Til § 26

Tidligare § 23 tredje leddet tredje punktumet om at myndigheita til å anleggje søksmål om ein orskurd i Trygderetten ligg til Arbeids- og velferdsdirektoratet, blir tatt inn i § 26 fjerde leddet nytt tredje punktum. I nytt femte ledd er det tatt inn ei føresegn som inneber at departementet i einskilde saker kan overta utøvinga av statens partsstilling frå eit underordna organ. Sjå pkt. 3.2.

Til § 31

Føresegna blir endra for at Trygderetten skal kunne sende ut orskurdar og vedtak til den ankande parten elektronisk. Den elektroniske sendinga må tilfredsstille både sikkerheit og krav om å dokumentere tidspunktet for sendinga. Elektronisk sending kan skje ved bruk av ulike elektroniske løysingar. Sjå pkt. 3.4.

8.3 Merknader til endringa i forskotteringslova

Til § 5

Føresegna justerast som følgje av at redusert forskot avviklast. Sjå pkt. 4.

Til § 7

Føresegna i fjerde leddet andre punktum blir oppheva, di satsen for redusert forskot vert avvikla. Sjå pkt. 4.

8.4 Merknader til endringane i folketrygdlova

Til § 2-5 andre leddet

Paragrafen inneheld reglar om kven som er pliktig medlem i folketrygda ved opphald utafor Noreg. Endringa inneber ei oppretting, slik at reglane i andre leddet viser til dei same kategoriane i første leddet som dei gjorde før den endringa av første leddet som fant sted i samband med innføringa av forsvarsloven. Sjå pkt. 5.6.

Til § 4-4

Paragrafen gjeld kravet om minsteinntekt for rett til dagpengar. Det første leddet blir endra slik at berre arbeidsinntekta frå det sist avslutta kalenderåret for søknadstidpunktet kan leggjast til grunn ved vurderinga av kravet til minsteinntekt. Samstundes blir andre leddet endra, slik at det går fram at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 blir rekna som arbeidsinntekt etter denne paragrafen, men berre når retten til desse ytingane er tent opp som arbeidstakar. Sjå pkt. 5.1.

Til § 4-11

Paragrafen gjeld kva for ei inntekt som blir rekna med i grunnlaget som dagpengane reknast ut ifrå (dagpengegrunnlaget). Med endringa vil det gå fram at berre inntekter frå det sist avslutta kalenderåret før søknadstidspunktet skal inngå i dagpengegrunnlaget. Sjå pkt. 5.1.

Til § 4-15

Paragrafen gir reglar om at den tidlegare inntekta avgjer om dagpengemottakarane kan få dagpengar i anten inntil 52 eller 104 veker. Med den endringa som blir foreslått, vil berre dei som har hatt ei inntekt på minst 2G det sist avslutta kalenderåret før søknadstidspunktet, kunne få dagpengar i ein lang stønadsperiode. Sjå pkt. 5.1.

Til § 6-3

Paragrafen inneheld reglar om rett til grunnstønad, medrekna grunnstønad til hald av førarhund. Etter første leddet ny bokstav h blir det gitt grunnstønad til hald av servicehund gitt med heimel i forskrift om stønad til servicehund for personar med nedsett funksjonsevne. Sjå pkt. 5.2.

Til § 9-11 a

Paragrafen gir reglar om gradering av pleiepengar som skulle ha vore oppheva som følgje av ny § 9-11 om gradering av pleiepengar. Paragrafen blir oppheva. Sjå pkt. 5.7.

Til § 12-4

Paragrafen gir reglar om alderskriteria for rett til uføretrygd. Endringa inneber ei oppretting. Da vilkåra i andre og tredje leddet skal gjelde for alle, ikkje berre dei som er medlemer, blir omgrepet «medlem» erstatta av «person» og «vedkommande». Sjå pkt. 5.3.

Til § 21-4 c tredje ledd

Det gjerast unntak frå plikta til å oppgi heimel og formål ved førespurnad om opplysningar frå offentlege register. Med offentlege register meiner ein register som blir forvalta av staten, fylkeskommunen eller kommunen, og register som blir forvalta av andre rettssubjekt på vegne av staten, fylkeskommunen eller kommunen. Heimelen for innhenting av opplysningar går fram av folketrygdlova § 21-4.

Endringa er naudsynt for å legge til rette for direkte tilgangsløysingar. Sjå pkt. 6.

Til § 22-16

Paragrafen gir reglar om avrekning av feilutbetalingar som skuldast for høg inntekt. Endringa inneber ei oppretting, kor tilvisinga i føresegna blir endra til «uføretrygd etter kapittel 12». Med uføretrygd meinast her uføretrygd, samt barnetillegg, ektefelletillegg og gjenlevandetillegg gitt med heimel i folketrygdlova kapittel 12 og forskrift om omrekning av uføretrygd. Sjå pkt. 5.4.

Til § 23-3

Av paragrafen går det mellom anna fram at det skal reknast trygdeavgift med mellomsats av overgangsstønad til einsleg mor eller far. Med endringa blir tilvisinga til folketrygdlova § 15-6, retta til § 15-5. Sjå pkt. 5.8.

Til § 26-6

Paragrafen gir overgangsregler i samband med innføringa av folketrygdlova av 1997 og opphevinga av folketrygdlova av 1966. Som følgje av at overgangsordninga for hjelpestønad til i huset (sats 0) blir avvikla frå 1. juli 2018, er det føydd til eit nytt tredje punktum i første leddet. Sjå pkt. 5.5.

8.5 Merknader til endringa i lov om arbeids- og velferdsforvaltninga

Til ny § 7 a

I følgje lov om folkeregistrering av 9. desember 2016 nr. 88 kan opplysningar omfatta av teieplikt berre utleverast til myndigheiter eller verksemder som har heimel i eiga sektor- eller verksemdslov. Paragrafen gir Arbeids- og velferdsetaten rett til tilgang til opplysningar i Folkeregisteret omfatta av teieplikt for å løyse etaten sine oppgåver. Føresegna vidarefører dagens rettstilstand. Sjå pkt. 6.

8.6 Merknader til endringa i arbeidsmiljølova § 18-6 første ledd

Påleggskompetansen til Arbeidstilsynet blir utvida til også å omfatte § 1-7 og § 14-15 femte ledd. Lovendringa blei vedtatt av Stortinget i mars 2017, men blei ved ein feil oppheva ved ei seinare lovendring, sjå omtale i pkt. 7. Endringa i § 18-6 gir Arbeidstilsynet heimel til både å handheve føresegner i utsendingsforskrifta og plikta for arbeidsgjevaren til å gi arbeidstakaren ei skriftleg oppgåve over måten lønna er rekna ut på, grunnlaget for feriepengar og trekk som er gjort. Sjå pkt. 7.

Til forsida