Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er ikkje mogleg å gje presise anslag over kor mykje ein kan spare på statsbudsjettet med betre kontrollheimlar. Årsakene til dette er, for det første, at det ikkje er mogleg å vite kor mykje som i dag blir utbetalt urettmessig, og, for det andre, at betre kontroll kan verke avskrekkande og hindre framtidig misbruk utan at ein kan kvantifisere dette.

Nokre anslag er det likevel mogleg å gje. Det er naturleg å ta utgangspunkt i at totalt ubetalt bustøtte i 2013 utgjorde ca. 2,9 milliardar kroner fordelt på ca. 148 000 mottakarar.

Proba samfunnsanalyse har gjort analysar av Nav-ytingar. I ein rapport frå 2013 («Trygdesvindel i Norge – en kartlegging av fem stønadsordninger») kjem dette fram i oppsummeringa:

Vi finner at det trolig svindles med disse ordningene i størrelsesorden 5 prosent av utgiftene. Variasjonen mellom ytelsene er imidlertid stor, fra 3 til 13 prosent. Det er betydelig usikkerhet knyttet til anslagene.

Nav har gjennom fleire år sett søkjelys på svindel og misbruk. Heimlane er omfattande, og det finst eigne einingar som er dedikerte til dette arbeidet. For bustøtta er kontrolltrykket per i dag lågt. Dette er ein faktor som kan indikere at prosentandelen svindel er høgare. På den andre sida kan det nemnast at det er eit større vinstpotensial i å avdekkje svindel med Nav-ordningar. Som ein del av heilskapsbiletet må ein også trekkje fram at svindel med støtteordningar ikkje sjeldan skjer ved at ein misbrukar fleire ordningar.

Dersom gjennomsnittet på 5 % blir lagt til grunn også for bustøtte, er potensialet for innsparingar på om lag 150 millionar kroner per år. Det er likevel ikkje å forvente at ein klarer å fange opp alle som svindlar. Ein må derfor forvente at innsparinga blir ein del mindre enn potensialet. Med alle atterhald, uklare moment, tal og overslag som går fram ovanfor, går departementet ut frå at gode kontrollar kan gje ei innsparing i statsbudsjettet på rundt 50–100 millionar kroner per år.

Det at ein gjer det mogleg å hente inn opplysningar direkte og utan samtykke, vil effektivisere sakshandsaminga og bidra til at det blir gjort fleire rette vedtak.

Auka registersamkøyring vil kunne gje administrative fordelar. Departementet har førebels gått ut frå ei årleg innsparing for feilutbetalingar på 50 millionar kroner etter elektronisk registersamkøyring av bustøttesøknader mot oppdaterte inntektsopplysningar frå Skatteetaten.

Auka registersamkøyring vil samtidig gje den «ulempa» at Husbanken må gå gjennom og handsame fleire saker.

Endringane inneber økonomiske og administrative kostnader for Husbanken. Husbanken forvaltar IKT-systemet for berekning av bustøtte, og dette må tilpassast nye føresetnader. Det er berekna utviklingskostnader på om lag 6,7 mill. kroner i 2015 og 8 mill. kroner i 2016. Skatteetaten vil ha kostnader med å leggje til rette for nytt grensesnitt for utlevering av data til Husbanken.

Til forsida