Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 8 første ledd

Forslaget er omtalt i kapittel 7.

Føresegna får ny overskrift, slik at det går fram at ikkje berre «handsaming», men også «innhenting» av personopplysningar blir regulert. Dagens § 8 første og andre ledd blir oppheva. Reglane blir samla i eit nytt første ledd.

Husbanken kan med heimel i første punktum mellom anna få informasjon om utbetaling etter folketrygdlova. Når teknisk løysing som nemnt under punkt 5.2 er klar i løpet av 2016, vil Husbanken få fast tilgang til oppdaterte inntektsopplysningar. Første punktum reknar opp kvar ein kan hente inn opplysningar frå, i uttømmande form. Det er føydd til at «postoperatør» kan bli pålagd å gje opplysningar. Husbanken treng opplysningar frå adresseregisteret til Posten. Ordlyden dekkjer ikkje helsepersonell. Føresegna kan altså ikkje brukast på helseopplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova. Dette står i motsetnad til folketrygdlova § 21-4, der det går fram at «opplysninger kan innhentes fra helsepersonell».

Samtykkekravet, som tidlegare følgde av andre ledd, blir fjerna og erstatta av det nye førsteleddet, som i staden blir lovgrunnlag for å hente inn og handsame personopplysningar. Andre punktum slår uttrykkjeleg fast at ein kan hente inn opplysningar utan samtykke. Årsaka til at samtykkekravet blir fjerna, er omtalt i kapittel 7.

Første ledd omfattar også tilbakelagde periodar. Opplysningar for tilbakelagde periodar må også kunne bli kontrollerte sidan ikkje alle opplysningar nødvendigvis blir kontrollerte i samband med vedtak.

Det går fram av tredje punktum at den som pliktar å levere ut opplysningar, ikkje kan krevje betaling. Departementet presiserer at det gjeld opplysningar som allereie er samla inn (ikkje treng produserast).

Reglane om informasjonsplikt i personopplysningslova § 20 skal gjelde. Ei tilvising til personopplysningslova § 20 er teken inn i fjerde punktum.

I femte punktum blir det slått fast at tvistelova §§ 22-8 og 22-9 skal gjelde på same måten. Etter føresegna i § 22-8 kan nærståande nekte å gje opplysningar «om det som er meddelt dem av parten». I tvistelova § 22-9 er det reglar om bevisfritak for «belastende personopplysninger». Dei andre føresegnene om bevisforbod og bevisfritak i tvistelova kapittel 22 skal ikkje gjelde.

Tredje ledd blir nytt andre ledd.

Til ny § 8 a

Forslaget er omtalt i kapittel 8.

Føresegna har fått overskrifta «masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål». «Registerkontroll» eller «registersamkøyring» er, slik departementet ser det, meir informative ord, men i folketrygdlova nyttar ein omgrepet «masseinnhenting». Departementet har komme til at det er ein fordel at dei to lovene har same omgrepsbruk, men i proposisjonen her er begge omgrepa brukte.

Første til tredje ledd i føresegna er heimelen for registerkontroll, som gjev Husbanken høve til å gjennomføre slike kontrollar utan at den registrerte må samtykkje. Føremålet med kontrollen kan vere å avdekkje misbruk eller å sikre at mottakarane får den støtta dei har krav på.

Registersamkøyring kan skje ved samkøyring av namnelister frå sakshandsamingssystemet i Husbanken med namnelister i register hos andre offentlege styresmakter og postoperatør. Ved registersamkøyring kan Husbanken gje ut opplysningar frå sakshandsamingssystemet sitt for så å hente inn opplysningar frå eit anna register utan at det er mistanke om feil i faktagrunnlaget i saka. Det er tale om rutinemessige kontrollar. Namnelister gjer det heilt klart kven kontrollen gjeld. Registersamkøyring vil resultere i lister over saker det er grunn til å sjå nærare på.

Første ledd første punktum slår fast at Husbanken kan masseinnhente opplysningar utan hinder av eventuell teieplikt.

I andre punktum går det fram at også opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakaren kan bli henta inn gjennom registersamkøyring.

I tredje punktum er det heimel for å hente inn opplysningar om bustader og om kven som bur eller har budd i ein bustad som er del av ei bustøttesak.

Fjerde punktum slår fast at føremålet med innhentinga må vere å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte. Dette tilfredsstiller kravet i personopplysningslova § 11 første ledd litra b om at personopplysningar berre kan «nyttes til uttrykkelig angitte formål».

I andre ledd blir det rekna opp kva for register ein kan hente inn opplysningar frå. For det første kan Husbanken hente inn opplysningar frå register hos andre offentlege styresmakter. Dei mest aktuelle registera er folkeregisteret, likningsregistera, registeret til Lånekassen, verneplikts- og tenesteregisteret til Forsvaret, opphaldsstatustenesta til Utlendingsdirektoratet og registera til Nav. For det andre kan Husbanken hente inn opplysningar frå postoperatør. Det er viktig for Husbanken å få tilgang til opplysningar frå adresseregisteret til Posten fordi mange av misbrukssakene handlar om at søkjaren oppgjev uriktig bustad.

Tredje ledd første punktum reknar opp kva slags opplysningar masseinnhentinga kan gjelde, i uttømmande form. Heimelen gjeld, for det første, opplysningar om inntekt eller andre økonomiske forhold. «Andre økonomiske forhold» kan til dømes vere formue. For det andre omfattar heimelen opplysningar om yrke og om søkjaren er student, arbeidsledig eller vernepliktig. Studentar og vernepliktige fell utanfor ordninga, og det er derfor viktig å kunne fange opp slik status. For det tredje kan Husbanken hente inn opplysningar om lovleg opphald i Noreg, ettersom lovleg opphald er eit vilkår for rett til bustøtte. For det fjerde kan det hentast inn opplysningar om bustad og adresse. Til slutt i første punktum går det fram at Husbanken kan hente inn opplysningar om kven mottakaren bur saman med, ettersom dette er viktig, og kanskje avgjerande, for retten til og storleiken på eventuell bustøtte. I andre punktum er det presisert at sensitive personopplysningar ikkje kan masseinnhentast. Tilsvarande regel finst i folketrygdlova § 21-4 d første ledd bokstav b.

I fjerde ledd første punktum er det gjeve heimel for departementet til i forskrift å gje utfyllande reglar om gjennomføring av registerkontrollar. Etter andre punktum kan departementet også i forskrift gje reglar om at andre opplysningar enn dei som er nemnde i første ledd, skal kunne bli henta inn. Føresetnaden er at opplysningane er av tilsvarande art, og av dette følgjer det at sensitive opplysningar ikkje er omfatta av forskriftsheimelen. I siste punktum er det heimel for departementet til i forskrift å gje reglar om kva for register som skal kunne brukast.

Til ny § 8 b

Forslaget er omtalt i kapittel 8.

Departementet føreslår detaljerte reglar om rammene for gjennomføringa av registerkontroll i ny § 8 b. Gjennomføringsreglane bidreg til å sikre personvernet ved at dei gjev klare rammer for kva slags kontrollar som kan gjerast, og dermed minimaliserer ei eventuell personvernkrenking. Departementet føreslo i høyringsnotatet at reglane om gjennomføring av masseinnhenting skulle bli integrerte i § 8 a. Etter tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet er reglane skilde ut i ei eiga føresegn.

Første ledd slår fast at masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika eining. Dette er teke med for å unngå spreiing av opplysningar.

Andre ledd slår fast at ein kan formidle opplysningar vidare.

Tredje ledd presiserer at opplysningar skal bli sletta så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt det.

Fjerde ledd har reglar som sikrar at eventuelle andre opplysningar enn dei masseinnhentinga direkte gjeld, ikkje skal vere med eller bli utleverte. Det same gjeld opplysningar om andre personar enn dei masseinnhentinga gjeld. Dersom slike opplysningar likevel – ved eit mistak – skulle bli utleverte, skal ein slette opplysningane omgåande.

Femte ledd seier at det andre offentlege organet eller postoperatøren skal leggje til rette for at opplysningane kan gjerast elektronisk tilgjengelege.

I sjette ledd er det presisert at ein ikkje kan krevje betaling.

Sjuande ledd slår fast at varslingsplikta etter personopplysningslova § 20 gjeld. I høyringsnotatet var dette ikkje teke med. Departementet har komme til at ein likevel ville føreslå at informasjonsplikta skal gjelde for registerkontrollar. Den generelle informasjonen frå Husbanken til bustøttemottakarane inneheld opplysningar om at det vil bli gjennomført rutinemessige kontrollar, også i form av elektronisk registerkontroll, men departementet meiner at dei som faktisk blir kontrollerte på denne måten, skal ha individuell informasjon om dette.

Til ny § 8 c

Forslaget er omtalt i kapittel 9. Forslaget var § 8 b i høyringsnotatet, men er flytta til § 8 c fordi gjennomføringsreglane til registerkontrollane som er heimla i § 8 a, blei skilde ut i ei eiga føresegn, og dermed tok § 8 b.

Heimelen er nokså vidt utforma for å sikre at han vil verke slik han er meint å gjere. Ein må derfor praktisere denne føresegna varsamt. Husbanken skal for eksempel aldri ta kontakt med naboar til ein bustøttemottakar for å få opplysningar.

Første ledd første punktum slår fast at Husbanken kan krevje opplysningar frå tredjeperson. Det vil seie at alle som kan ha opplysningar som er eigna til å belyse saka, kan bli pålagde å gje opplysningar som er nødvendige for avdekkje eller avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Denne typen opplysningsinnhenting er mest aktuell når det ikkje er mogleg å gjennomføre registerkontroll, eller når ein ikkje kan kontrollere opplysningar maskinelt. Kontroll i enkeltsaker kan særleg bli aktuelt dersom Husbanken får inn tips om mogleg misbruk. For å avdekkje fiktive leigeforhold og juks med husleigebeløp kan det til dømes, om enn berre unntaksvis, vere mogleg å påleggje banken til bustøttemottakaren å gje opplysningar om det blir betalt husleige, og i tilfelle med kva for beløp.

I andre punktum blir det føreslått at beviskravet skal vere «rimeleg grunn» til mistanke, jf. også folketrygdlova § 21-4 a. Det går fram av førearbeida til folketrygdlova § 21-4 a, jf. Ot.prp. nr. 76 (2007–2008) om lov om endringer i folketrygdloven, at «rimelig grunn til mistanke» skal forståast omtrent på same måten som tilsvarande krav i straffeprosesslova § 224 første ledd for å setje i gang etterforsking. Også i konkurranselova § 25 er «rimelig grunn til mistanke» brukt som vilkår for gransking/bevissikring, sjå Ot.prp. nr. 102 (2005–2006). Føresegna skal som utgangspunkt forståast på same måten som andre lover som har dette beviskravet. Det vil vere nok til å krevje opplysningar frå tredjepersonar at Husbanken meiner det er truleg at bustøtta blir misbrukt, og at ein vurderer det som nødvendig å hente inn fleire opplysningar for å avkrefte eller stadfeste denne mistanken. Vurderinga vil vere utprega skjønnsmessig.

Tredje punktum gjev høve til å krevje opplysningar også om andre enn bustøttemottakaren, typisk personar som Husbanken har grunn til å tru at bur saman med bustøttemottakaren.

Andre ledd første punktum slår fast at personopplysningslova § 20 skal gjelde for opplysningar som er henta inn etter denne føresegna. Personopplysningslova § 20 gjev den handsamingsansvarlege ei plikt til å informere den registrerte om kva for opplysningar som blir samla inn. Etter personopplysningslova § 20 andre ledd har ikkje den registrerte krav på varsel når innsamlinga er heimla i lov, men departementet meiner likevel at det bør varslast. Departementet føreslår likevel at dei som blir kontrollerte, ikkje bør få informasjon før det er konkludert i kontrollsaka. Varsling på eit tidlegare tidspunkt vil kunne forvanske kontrollen.

I andre punktum blir teieplikta oppheva for den som blir pålagd å gje opplysningar, medan det i tredje punktum er presisert at teieplikta likevel gjeld for opplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova. I fjerde punktum blir det slått fast at den som blir pålagd å gje opplysningar, ikkje kan krevje betaling for dette.

I femte punktum blir det slått fast at tvistelova §§ 22-8 og 22-9 skal gjelde på same måten. Etter føresegna i § 22-8 kan nærståande nekte å gje opplysningar «om det som er meddelt dem av parten». I § 22-9 er det reglar om bevisfritak for «belastende personopplysninger». Dei andre føresegnene om bevisforbod og bevisfritak i tvistelova kapittel 22 skal ikkje gjelde.

Til ikraftsetjingsregelen

Det blir føreslått at lova skal gjelde frå den tida Kongen fastset.

Lovendringane er ikkje av ein slik art at det er behov for overgangsreglar.

Til forsida