Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

4 Personvernet og legalitetsprinsippet

4.1 Innleiing

Personvern og respekten for fred i privatlivet har lange tradisjonar i Noreg og i dei internasjonale menneskerettskonvensjonane. Personvern handlar om retten til eit privatliv og om retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Personopplysningsvern er knytt til moglegheita til sjølv å kontrollere kor mykje informasjon om eigen person som blir spreidd til andre, og når og korleis dette skjer.

Det er viktig at publikum har tillit til at personopplysningar blir handsama på ein trygg og forsvarleg måte. Personopplysningsvern dreier seg om reglar for handsaming av personopplysningar der hovudføremålet er å sørgje for personvernet.

4.2 Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)

Grunnlova § 102 første ledd første punktum slår fast at «[a]lle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin». Føresegna synest å føre med seg ein individuell og materiell rett til privatliv (psykisk integritet). Andre ledd slår fast at «[d]ei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten», og omfattar, i motsetnad til første ledd, også den fysiske integriteten. Føresegna var ny ved grunnlovsreforma i 2014. Spørsmålet om ei lov som grip inn i privat- og familielivet, heimen, kommunikasjonen eller den personlege integriteten, er i samsvar med § 102, vil vere avhengig av om lova vernar om eit legitimt føremål og er rimeleg.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 vernar også om den retten borgarane har til respekt for privatlivet. EMK set grenser for kva lovgjevaren kan vedta. Sjølv om eit kontrolltiltak skulle representere eit inngrep i privatlivet, er det likevel ikkje i strid med konvensjonen dersom inngrepet har heimel i lov, har eit relevant føremål og er nødvendig i eit demokratisk samfunn. Det siste vilkåret fører med seg eit krav til rimeleg samsvar mellom inngrep (kontrolltiltak) og føremål (rette utbetalingar og avdekking av misbruk).

Lovforslaga her gjev forholdsvis vide heimlar for å hente inn, bruke og kontrollere personopplysningar, men departementet meiner likevel dei ligg godt innanfor rammene av Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. Begge føresegnene krev samsvar mellom kontrolltiltaka og føremålet. Departementet viser til den generelle omtalen av samsvar i kapittel 7 og til dei pågåande vurderingane av dei konkrete forslaga. Departementet meiner at dei føreslåtte heimlane ikkje går lenger enn det som er nødvendig, med andre ord at det er eit rimeleg samsvar mellom mål og middel.

4.3 Personopplysningsomgrepet og kravet til handsamingsgrunnlag

Opplysningar om bustad, inntekt, formue, buutgifter og husstandsmedlemmer er personopplysningar, men er vanlegvis ikkje sensitive personopplysningar. Dette følgjer av personopplysningslova § 2. Opplysningar som i utgangspunktet ikkje er sensitive, kan av og til likevel vere det, til dømes når kven som er ein husstandsmedlem, kan røpe seksuelle forhold (homofilt sambuarskap).

Personopplysningar kan berre «handsamast», det vil seie samlast inn, registrerast, brukast mv., dersom det finst eit handsamingsgrunnlag, jf. personopplysningslova § 8. Handsamingsgrunnlag kan ifølgje føresegna vere lovheimel, samtykke frå den registrerte eller at handsaminga er «nødvendig» for visse føremål som er lista opp i § 8, til dømes for å utøve offentleg mynde. Dei tre handsamingsgrunnlaga er likeverdige.

4.4 Samtykke som handsamingsgrunnlag

I Meld. St. 11 (2012–2013) Personvern – utsikter og utfordringar står det at samtykke bør vere det føretrekte handsamingsgrunnlaget dersom den registrerte reelt sett kan velje om han eller ho vil vere registrert. Samtykke er det grunnlaget som best tek vare på retten den registrerte har til å bestemme over eigne personopplysningar. Det skal likevel seiast at samtykke er lite eigna som grunnlag for offentlege kontrollføremål. Årsaka til dette er, ifølgje stortingsmeldinga, både at styrkeforholdet mellom stat og innbyggjar er så skeivt at samtykket ikkje er frivillig, og at omsyna til samfunnet veg så tungt at retten til sjølv å bestemme uansett må setjast til side (side 33).

Det er, slik departementet ser det, ikkje tilfredsstillande at handsaming av personopplysningar etter bustøttelova er avhengig av samtykke frå søkjaren og eventuelle husstandsmedlemmer. Det er derfor gode grunnar til å gje reglar om anna handsamingsgrunnlag, det vil seie lovgrunnlag.

4.5 Forholdet til andre lover

Personopplysningslova § 5 regulerer forholdet til andre lover. Det går fram av føresegna at reglane i lova ikkje gjeld for handsaming av personopplysningar dersom anna følgjer av særskild lov som regulerer handsamingsmåten. Det er altså høve til å gje avvikande reglar, men føresegnene i personopplysningslova gjeld så sant ikkje anna følgjer av den særskilde lova. Det vil mellom anna seie at ein framleis skal leggje til grunn krava til informasjonstryggleik med meir i personopplysningslova.

Departementet meiner at forslaga her er i samsvar med grunnprinsippa i § 11 i personopplysningslova. Alle dei fem vilkåra i føresegna må vere oppfylte for at handsaminga kan seiast å vere i samsvar med lova. Bokstav a pålegg den handsamingsansvarlege å sørgje for at personopplysningar berre blir handsama når det finst handsamingsgrunnlag etter §§ 8 og 9. Bokstav b understrekar at personopplysningar berre kan brukast til uttrykkjeleg oppgjevne føremål. Vidare avgrensar bokstav c moglegheita til å bruke allereie innsamla personopplysningar til føremål som ikkje er i samsvar med det opphavlege innsamlingsføremålet. Bokstav d pålegg den handsamingsansvarlege å sørgje for at personopplysningar som blir handsama, er tilstrekkelege og relevante for føremålet med handsaminga. I bokstav e har den handsamingsansvarlege plikt til å sørgje for at opplysningane er korrekte og oppdaterte, og at dei ikkje blir lagra lenger enn det som er nødvendig ut frå handsamingsføremålet.

4.6 Legalitetsprinsippet

Kontroll av bustøttemottakarar rører ved legalitetsprinsippet. Prinsippet, som no er grunnlovfesta, går ut på at inngrep som forvaltninga ønskjer å gjere overfor den enkelte, må ha heimel i lov, jf. Grunnlova § 113. Føresegna var ny ved grunnlovsreforma i 2014 og er den same som forslaget frå det stortingsoppnemnde Lønning-utvalet, som greidde ut spørsmålet om ei generell utviding av menneskerettsvernet i Grunnlova. Utvalet understreka at ein ikkje tok sikte på noka endring av rettstilstanden, samanlikna med den som følgde av konstitusjonell sedvanerett, jf. Dok. 16 (2011–2012) side 248. Føremålet med § 113 var å «synliggjøre prinsippet og samtidig vise at det fungerer som en reell skranke for makthavernes myndighetsutøvelse».

Kontrollar som blir utførte av offentlege styresmakter, vil vere eit slikt «inngrep». Dess meir inngripande tiltaket er, dess klarare må lovheimelen vere. Føremålet med kontrollane i bustøttesaker er ikkje berre å unngå feilutbetalingar, men også å hindre at bustøtteordninga blir misbrukt. I dei tilfella der kontroll kan føre til at misbruk blir avdekt, med påfølgjande mogleg straffansvar for borgarane, følgjer det av legalitetsprinsippet at presisjonsnivået i lova må vere høgt. Heimelsgrunnlaget må vere tydeleg og målretta.

Til forsida