Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

5 Kva for personopplysningar treng Husbanken, og kvar kan dei hentast frå?

5.1 Type personopplysningar

For å avgjere om ein søkjar har krav på bustøtte, og i så fall kor mykje, treng Husbanken opplysningar om kvar søkjaren bur, om søkjaren bur åleine eller saman med nokon, opplysningar om skattbar inntekt og formue for alle i husstanden, og opplysningar om buutgifter. Bustøtteforskrifta § 2 slår fast kva for buutgifter som skal reknast inn. I tillegg til rein husleige skal ein ta med felleskostnader i burettslag og eigarseksjonssameige. For andre typar bustader inngår driftsutgifter med ei øvre grense på kr 12 000 i året, handtering av lån til finansiering av bustaden (renter, avdrag og gebyr), kommunale avgifter, eigedomsskatt og festeavgift.

Husbanken treng også opplysningar om søkjaren er student eller vernepliktig fordi desse fell utanfor bustøtteordninga.

Bustøtteregelverket har nokre særreglar for unge uføre og alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar. Husbanken treng derfor informasjon om dette.

Har husstanden spesielt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma med behov for spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgifter bli auka. Dette treng Husbanken informasjon om.

5.2 Ulike register

Opplysningane finst i ulike typar register. Dei mest aktuelle er folkeregisteret, likningsregistera, adresseregisteret til Posten, registeret til Lånekassen, verneplikts- og tenesteregisteret i Forsvaret, opphaldsstatustenesta til Utlendingsdirektoratet og registera til Nav. Unntaksvis kan det også vere aktuelt å hente inn opplysningar frå kunderegister i bankar og forsikringsselskap.

Lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningslova) tredde i kraft 1. januar 2015. Hovudføremålet med lova er å forenkle og samordne den kontakten arbeidsgjevarane har med det offentlege. Gjennom a-ordninga samkøyrer ein dei krava styresmaktene stiller til innrapportering av opplysningar om inntekts- og tilsetjingsforhold, slik at dei opplysningspliktige enkelt kan oppfylle rapporteringsplikta. A-meldinga skal leverast av alle som betalar lønn, pensjon og ytingar minst ein gong i månaden. Arbeidsgjevarane sender dei same opplysningane til Nav, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå samtidig. A-ordninga gjer at arbeids- og inntektsopplysningane blir registrerte hos det offentlege i same takt som dei blir genererte hos arbeidsgjevarane. Det blir no førebudd ei teknisk løysing for at Husbanken skal få tilgang til ferske registeropplysningar frå Skatteetaten om inntekt som er innrapportert gjennom a-ordninga. Målet er at ordninga skal vere operativ i løpet av 2016.

Til forsida