Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

9 Kontroll i enkeltsaker etter at bustøtte er innvilga, for å avdekkje misbruk

9.1 Innleiing

Denne typen kontrollar er aktuelt for register det ikkje er mogleg å gjennomføre registerkontroll mot, eller opplysningar som ikkje kan kontrollerast maskinelt. Kontroll i enkeltsaker kan særleg bli aktuelt dersom Husbanken får inn tips om mogleg misbruk. Når kontrollen har til føremål å avdekkje eit eventuelt misbruk, må ein vurdere forholdet til personopplysningsvernet og legalitetsprinsippet særleg nøye.

Departementet føreslår ein heimel til å krevje opplysningar frå «alle» dersom det er rimeleg grunn til mistanke om misbruk av bustøtte. Heimelen må vere utforma nokså vidt for at han skal kunne verke etter føremålet sitt. For å avdekkje fiktive leigeforhold og juks med husleigebeløp kan det til dømes vere interessant å sjekke med banken til bustøttemottakaren om det blir betalt husleige, og i tilfelle med kva for beløp.

9.2 Gjeldande rett

Bustøttelova har ingen reglar om kontroll i enkeltsaker basert på mistanke om misbruk. Samtykkeskjemaet som er nemnt i avsnitt 7.2 og 8.2 dekkjer heller ikkje denne typen kontrollar.

9.3 Høyringsutkastet frå departementet

Departementet føreslo i høyringsutkastet at Husbanken får heimel i lov til å krevje opplysningar frå «alle», så sant det er «sterk grunn til mistanke» om misbruk av bustøtte. Husbanken skal av eige tiltak informere om at det har vore henta inn opplysningar frå andre.

Departementet føreslo at reglar om kontroll av opplysningar frå enkeltpersonar for å avdekkje misbruk blir teke inn i ny § 8 c.

9.4 Innspel frå høyringsinstansane

Datatilsynet meiner at det bør vere tilgang for Husbanken til å gjere nærare undersøkingar når det er sterk og konkret mistanke om misbruk. Datatilsynet meiner at dei føreslåtte heimlane i høyringsutkastet er tilstrekkeleg avgrensa.

Leieboerforeningen er kritisk til forslaget, og «tror ikke det er gunstig at vi får en situasjon som baserer seg på angiveri og hvor tips fra tilfeldige personer kan føre til store inngrep i personvernet». Leieboerforeningen er også skeptisk til at Husbanken skal få heimel til å hente inn opplysningar frå «kven som helst».

Advokatforeningen meiner det er grunn til å tru at det er tale om ei lita gruppe som skal kontrollerast med heimel i den føreslåtte føresegna, og meiner det er «uhensiktsmessig å gi en vid hjemmel for å kunne avdekke enkeltpersoners misbruk av ordningen, særlig når dette ikke er et dokumentert omfattende problem». Advokatforeningen peikar på at ein truleg kan bøte delvis på problemet ved heller å skrive til dei det gjeld, og be om meir informasjon. Til slutt hevdar Advokatforeningen at det vil bli utfordrande å praktisere kriteriet «sterk og konkret mistanke» fordi det er skjønnsmessig.

Stavanger kommune meiner at «kontrolltiltak som innebærer å involvere privatpersoner og/eller andre private aktører», er for vidtrekkande. Slik innhenting av opplysningar vil gripe for sterkt inn i personvernet til bustøttemottakaren, hevdar kommunen. Stavanger kommune føreslår at omgrepet «alle» i første punktum blir erstatta med at ein berre kan hente inn opplysningar frå «offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige».

Bærum kommune meiner også at forslaget om å kunne hente inn opplysningar frå «alle» er eit stort inngrep, og at behovet for denne heimelen er for lite utgreidd i høyringsnotatet.

Larvik kommune meiner at heimelen går langt utover det som er nødvendig.

Klagenemnda for Husbanken meiner føresegna som er føreslått, «i betenkelig grad [vil] gå utover personvernet, og nærme seg et angiversamfunn som ikke er ønskelig». Klagenemnda spør også om det er Husbanken eller Klagenemnda som skal avgjere om mistanken er sterk og konkret.

Husbanken meiner at føresegna bør gjerast meir effektiv enn det som er føreslått. Husbanken meiner at kravet om «sterk mistanke» bør senkast til «rimeleg grunn til mistanke», slik kravet er i folketrygdlova. Den høge terskelen i føresegna vil, slik Husbanken oppfattar det, gjere det vanskeleg å følgje opp tips. Husbanken viser til at når beviskravet er så strengt, har Husbanken uansett ofte grunnlag for å fremme tilbakekrav. Husbanken meiner dessutan at ein kan sjå det som eit større personverninngrep å kontrollere nokon utan mistanke, slik ein gjer ved registersamkøyring, enn å kontrollere når det finst mistanke. Husbanken kan ikkje sjå at det er grunn til å ha eit anna beviskrav enn etter folketrygdlova. Husbanken meiner ein bør vurdere å presisere at føresegna gjeld for informasjon som ikkje kan hentast inn med heimel i §§ 8 og 8 a.

Justis- og beredskapsdepartementet har ein del lovtekniske innspel.

9.5 Vurderingar frå departementet

Departementet meiner at legitimiteten til ordninga er avhengig av at støtte berre blir betalt ut til dei som har krav på det. Ein må forhindre og avdekkje misbruk av bustøtte. Bustøttelova har ingen reglar som klart heimlar kontroll med dette som føremål. Departementet meiner det er heilt nødvendig med tilføyingar i lova som ikkje etterlèt tvil om at Husbanken kan gjennomføre etterkontrollar. Ein må vurdere forholdet til personopplysningsvernet og legalitetsprinsippet nøye ettersom avdekking av misbruk kan føre til straffansvar for enkeltpersonar.

Leieboerforeningen, Stavanger kommune og Bærum kommune meiner at forslaget går for langt når det står at «alle» som har informasjon som kan belyse saka, kan bli pålagde å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller avgrense misbruk. Også Advokatforeningen, Larvik kommune og Klagenemnda for Husbanken går imot forslaget, men det er noko uklart for departementet om dette er fordi dei meiner at føresegna ikkje bør bli vedteken i det heile, eller fordi personkrinsen som kan bli pålagd å gje opplysningar, er for vid. Husbanken meiner at ein bør gjere føresegna meir effektiv enn det som er føreslått, ved å senke kravet om sterk mistanke til rimeleg grunn til mistanke, slik kravet er i folketrygdlova § 21-4 a. Den høge terskelen i føresegna vil, slik Husbanken ser det, gjere det vanskeleg å følgje opp saker der ein registerkontroll tilseier at ein bør gå sakene nærare etter i saumane gjennom å hente inn utfyllande opplysningar. Det blir også vanskeleg å følgje opp tips.

Departementet har etter ei nærare vurdering komme til at omsynet til å sikre at føresegna blir effektiv og mogleg å bruke for dei som skal arbeide med å kontrollere enkeltsaker, bør vege tungt. Når folketrygdlova har eit krav om rimeleg grunn til mistanke, er det dessutan vanskeleg å sjå at det bør vere annleis etter bustøttelova. Departementet meiner etter dette at det er forsvarleg å senke beviskravet.

Når det gjeld det nærare innhaldet i beviskravet, viser departementet til dei spesielle merknadene til § 8 c.

Heimelen er meint å gjere det mogleg for Husbanken å krevje opplysningar frå bankar eller andre private. Bankar kan ha opplysningar om bustøttemottakaren betalar husleige, og i tilfelle med kva for beløp.

Husbanken meiner elles også at det kan synast som eit større personverninngrep å kontrollere nokon utan mistanke, slik ein gjer ved registersamkøyring, enn å gjennomføre kontroll når nokon er mistenkt. Slik sett meiner Husbanken at det er eit paradoks at det skal vere vesentleg strengare å kontrollere basert på konkret mistanke enn å gjennomføre registersamkøyring. Departementet er ikkje einig i dette. Departementet meiner det vil bli opplevd som meir stigmatiserande og ubehageleg å bli kontrollert åleine enn å bli kontrollert fordi ein tilfeldigvis står på ei liste saman med eit større tal andre personar som er plukka ut til rutinekontroll.

Advokatforeningen meiner det kan bli utfordrande å praktisere føresegna fordi beviskravet er skjønnsmessig. Departementet meiner at det ikkje er mogleg å lage ei vilkårsside med objektive vilkår for kontroll, og tilsvarande uttrykk blir brukte i ei rekkje andre lover som har kontrollheimlar.

I høyringsutkastet føreslo departementet at mistanken også skulle vere «konkret». Departementet har komme til at det er tenleg å stryke dette kriteriet. Departementet meiner at det vil bli vanskeleg for dei som arbeider med kontroll, å avgjere om dei forholda som gjev grunn til mistanke om misbruk, også er «konkrete» på den måten føresegna krev.

Det er også gjort ei mindre justering i ordlyden, slik at formuleringa i forslaget om at det må liggje føre «sterk og konkret mistanke om at det er skjedd urettmessige utbetalingar», er endra til «grunn til mistanke». Denne formuleringa er betre i samsvar med andre lovføresegner som heimlar kontroll ved mistanke.

Føresegna vil heimle ei nokså inngripande form for kontroll, og ein må derfor praktisere henne varsamt. Likevel er det, slik departementet ser det, nødvendig å gje nokså vide heimlar for at kontrollen skal kunne bli effektiv.

Til forsida