Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

3 Litt om bustøtteordninga

Det følgjer av bustøttelova § 1 at føremålet med bustøtta er «å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad». Bustøtta skal motverke fattigdom og redusere talet på bustadslause.

Vilkåra for tildeling av bustøtte finn ein i lova. Søkjaren må vere over 18 år, ha lovleg opphald i Noreg og vere registrert i folkeregisteret. Studentar og vernepliktige fell utanfor ordninga. Bustaden må vere godkjend som bustad og tilfredsstille visse krav til standard.

Dersom vilkåra som er knytte til person og bustad er oppfylte, er det forholdet mellom buutgiftene og inntekta som avgjer om det blir tildelt støtte, og i så fall kor mykje. Det er også avgjerande om søkjaren bur åleine eller saman med nokon. Nærare reglar om utrekning av støtta finn ein i § 6 i lova og i forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte.

Kommunane er førstelinje i sakshandsaminga, men det er Husbanken som fattar vedtak. Bustøtte blir rekna ut og vedteke for ein månad om gongen. Klagenemnda for Husbanken handsamar klager på vedtaka.

Alle som søkjer om bustøtte, blir registrerte i eit sakshandsamingssystem som ein kan hente ut opplysningar frå. Alle som brukar systemet, må skrive under på ei teieplikterklæring.

Til forsida