Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

8 Registersamkøyring (masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål)

8.1 Innleiing

Registersamkøyring kan skje ved samkøyring av namnelister frå sakshandsamingssystemet til Husbanken med namnelister i register hos andre offentlege styresmakter, og eventuelt private. Ved registersamkøyring kan det bli gjeve ut opplysningar frå sakshandsamingssystemet til Husbanken for så å hente inn opplysningar frå eit anna register utan at det er nokon mistanke om feil i faktagrunnlaget i saka. Det er tale om rutinemessige kontrollar. Bruken av namnelister gjer det heilt klart kven kontrollen gjeld. Registersamkøyring vil resultere i lister over saker det er grunn til å sjå nærare på, og legg til rette for ein målretta innsats for både å avdekkje reine feilutbetalingar og misbruk av bustøtteordninga.

Det har vore diskutert om slike kontrollar er heimla i dagens bustøttelov. Departementet føreslår derfor ei endring i lova som klart og tydeleg slår fast at Husbanken kan gjennomføre registerkontrollar.

Departementet føreslår detaljerte reglar om gjennomføringa av registerkontroll. Gjennomføringsreglane bidreg til å sikre personvernet ved at dei gjev klare rammer for kva slags kontrollar som kan gjerast, og dermed minimaliserer ei eventuell personvernkrenking.

Departementet har føreslått at heimelen for elektronisk masseinnhenting av opplysningar blir gjeven i ny § 8 a. Vidare har departementet føreslått at reglar om gjennomføring av kontrollane blir tekne inn i ein ny § 8 b.

8.2 Gjeldande rett

Bustøttelova har i § 10 bokstav d ein heimel for å gjennomføre systematisk etterkontroll av opplysningar om inntekt og/eller formue som blei brukte ved handsaminga av søknaden. Dersom det blir avdekt avvik som er større enn grensene som er fastsette i bustøtteforskrifta, kan bustøtta bli kravd tilbake utan omsyn til skuld. Når dette er sagt, manglar lova heimlar for kontroll av andre typar opplysningar enn inntekt og formue.

Etter dagens praksis skriv søkjaren under på skjemaet «samtykke til behandling av bustøtte». Søkjaren samtykkjer der i at Husbanken kvart år kan etterkontrollere inntektsgrunnlaget som er brukt i utrekninga av bustøtte. Samtykket omfattar altså berre inntektsopplysningar.

8.3 Høyringsutkastet frå departementet

Departementet føreslo i høyringsnotatet ei endring i lova om at Husbanken kan gjennomføre registerkontrollar utan at den registrerte må samtykkje, og at andre opplysningar enn inntekt kan etterkontrollerast. Føremålet med kontrollen skal ikkje berre vere å avdekkje misbruk, men også å sikre at mottakarane får den støtta dei har krav på.

Heimelen for elektronisk masseinnhenting av opplysningar til kontrollføremål blei føreslått gjeven i ny § 8 a første til tredje ledd.

Departementet føreslo detaljerte reglar om gjennomføringa av registerkontroll. Gjennomføringsreglane skal bidra til å sikre personvernet ved at dei minimaliserer ei eventuell personvernkrenking. Registerkontroll skal gjerast av særskilt utpeika einingar. Når ikkje alle sakshandsamande einingar kan gjere registersøk, vil ikkje opplysningar bli spreidde unødvendig. Kontrollen må gjennomførast slik at Husbanken ikkje får tilgang til opplysningar utover det som er nødvendig for kontrollføremålet. Dette er i samsvar med prinsippa om relevans og minimalitet i personopplysningslova. Samkøyringa må gjennomførast slik at opplysningar om andre enn det namnet ein spør om, ikkje blir gjevne ut. Dette vil likevel ikkje seie at det ikkje er høve til å hente inn opplysningar om andre enn bustøttemottakaren når føremålet er å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte. Heimel for dette er å finne i § 8 a første ledd andre punktum.

Dei føreslåtte reglane er i vesentleg grad inspirerte av folketrygdlova § 21-4 (heimelsføresegna) og § 21-4 d (gjennomføringsreglane). Ordlyden er tilnærma identisk på fleire punkt, og det har som hovudregel vore departementet si meining at ein skal forstå og praktisere føresegnene på same måten. På nokre punkt er det avvik mellom dei føreslåtte føresegnene og tilsvarande i folketrygdlova, som oftast på den måten at reglar i folketrygdlova ikkje er tekne med. Hovudårsaka til dette er at det i bustøttesaker, i motsetnad til i saker etter folketrygdlova, sjeldan er tale om å kontrollere sensitive personopplysningar, til dømes om helse.

Hovudregelen etter personopplysningslova § 20 er at den det blir samla inn opplysningar om, skal informerast om dette, men i andre ledd er det unntak frå informasjonsplikta dersom innsamlinga er uttrykkjeleg fastsett i lov. Departementet gav i høyringsnotatet uttrykk for at den føreslåtte oppramsinga av kva for opplysningar som kan hentast inn, er så presis at det ikkje er behov for varsling. Departementet la derfor til grunn at unntaket i § 20 andre ledd skulle komme til bruk.

8.4 Innspel frå høyringsinstansane

Datatilsynet, Klagenemnda for Husbanken, Larvik kommune, Trondheim kommune, Leieboerforeningen, Hamar kommune og Skattedirektoratet støttar forslaget.

Justis- og beredskapsdepartementet peikar på at det ikkje går fram av høyringsnotatet kvifor det er behov for opplysningar om «lovleg tilgang til opphald eller arbeid i riket», og tilrår at dette blir presisert i proposisjonen. Justisdepartementet meiner at ordlyden kan «tydeliggjøre hva slags opplysninger som skal kunne innhentes, nemlig opplysninger om hvorvidt en person har lovlig opphold i Norge eller hva slags oppholdsstatus vedkommende ellers har». Justis- og beredskapsdepartementet peikar også på at lovteksten er avgrensa til å gje heimel for å kontrollere opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte, og at det derfor er naturleg å forstå det slik at dei innhenta opplysningane ikkje skal kunne brukast til å kontrollere om vilkåra har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Justisdepartementet peika vidare på at forslaget ikkje tek opp forholdet til teieplikta, og at det ikkje er omtalt i høyringsnotatet om dette er eit bevisst val.

Husbanken meiner at adresseregisteret til Posten må vere med.

Utlendingsdirektoratet er positive til elektronisk utveksling av opplysningar mellom etatar, og meiner at forslaget frå departementet til korleis registersamkøyring skal skje, er eigna til å sørgje for personvernet til dei registerte. Likevel presiserer Utlendingsdirektoratet at forholda per i dag ikkje ligg til rette for uttak frå Utlendingsdatabasen (UDB) eller opphaldsstatustenesta til direktoratet.

Larvik kommune støttar forslaget, men ser på innhenting av helseopplysningar utan samtykke som eit alvorleg inngrep overfor bustøttemottakarar, som ikkje bør skje.

Leieboerforeningen peikar på at dersom etterkontroll viser at inntekta har vore for høg i det aktuelle året, vil bustøtta for heile året bli kravd tilbake, ikkje berre for dei månadene inntekta var for høg. For personar som går frå låg til middels inntekt og så vidt kjem over grensa for tilbakebetaling, vil dette kunne bli ein stor og urimeleg kostnad. Leieboerforeningen poengterer også at ved å gjere ein automatisk kontroll av alle, og ikkje berre dei som får bustøtte, vil ein kunne få ei liste over personar som ikkje har søkt, men som kan ha rett på støtte.

8.5 Vurderingar frå departementet

Departementet meiner at gjenbruk av allereie innsamla data er positivt for samfunnet. Dette er også i tråd med synspunkt frå Riksrevisjonen i fleire dokument til Stortinget. Sjå til dømes «Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes innsats mot økonomisk kriminalitet», jf. Dokument nr. 3:3 (2008–2009). Samla sett meiner departementet at fordelane ved meir kontroll klart veg opp for ulempene ved inngrepet i personvernet.

Departementet viser til at arbeids- og sosialkomiteen var positiv til auka registersamkøyring då han fekk presentert forslag til endringar i folketrygdloven (tiltak mot misbruk av velferdsordninger), jf. Innst. 245 L (2012–2013). Komiteen viste til at gjenbruk av allereie innsamla data, gjennom registerkontroll, gjev færre saker og færre personopplysningar som må gåast gjennom fysisk av sakshandsamarar. Fysisk gjennomgang fører til spreiingsfare. Departementet konstaterer at auka registerkontroll i realiteten vil seie at handsaminga av personopplysningar blir avgrensa samanlikna med om alle sakene skulle vore kontrollerte manuelt. Føremålet med kontrollen er ikkje berre det negative i å avdekkje misbruk, men også å sikre at mottakarane får den støtta dei har krav på. Dette kan slå begge vegar, men vil altså også sikre at mottakarane får oppjustert bustøtta dersom til dømes inntekta har gått ned. Ei slik automatisert oppjustering vil gagne mottakarar som ikkje sjølve forstår kva ein inntektsnedgang har å seie for bustøtta, og er med på å rettferdiggjere eit visst inngrep i personvernet.

Departementet er einig med Justisdepartementet i at det bør gå fram kvifor det er behov for opplysningar om opphald og arbeid i Noreg. Departementet viser til bustøttelova § 2, der det går fram at «lova gjeld for personar som er registrerte i folkeregisteret og lovleg busette i Noreg». Personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, har altså ikkje krav på bustøtte. Departementet peikar på at det kan ta lang tid før endringar i status knytt til lovleg opphald blir registrert i folkeregisteret. Ei kopling mot opphaldsstatustenesta til Utlendingsdirektoratet gjer det mogleg å raskare fange opp personar som ikkje har rett til bustøtte fordi dei ikkje lenger har lovleg opphald i landet. I Utlendingsdatabasen (UDB) er det mogleg med uttrekk. Husbanken har derimot ikkje behov for å vite om personar har «arbeid i riket». Tilvisinga til «arbeid i riket» er derfor teken ut.

Justis- og beredskapsdepartementet peikar på at lovteksten i høyringsutkastet er avgrensa til å gje heimel for å kontrollere opplysningar som er nødvendige for å avgjere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte, og at det derfor er naturleg å forstå det slik at opplysningane som blir henta inn, ikkje skal kunne brukast til å kontrollere om vilkåra har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Departementet gjer merksam på at det klart nok har vore intensjonen at også kontroll i tilbakelagde periodar skal vere omfatta. Ordlyden er endra i tråd med dette.

Justis- og beredskapsdepartementet og Husbanken har poengtert at forholdet til teieplikta, i motsetnad til i § 8 i forslaget, ikkje blir påverka. Det kan då sjå ut som om teieplikta ikkje skal opphevast. Departementet meiner at utlevering/innhenting av opplysningar skal skje utan hinder av teieplikta, altså at teieplikta skal opphevast. Av forvaltningslova § 13 f andre ledd går det fram at teieplikta må vike for opplysningsplikta når det er uttrykkjeleg bestemt i særskild lov.

Departementet er einig med Husbanken i at Posten, sidan han er organisert som eit AS, ikkje er omfatta av omgrepet «offentleg styresmakt» i § 8 første ledd i høyringsutkastet. Det er viktig for Husbanken å få tilgang til opplysningar frå adresseregisteret til Posten fordi mange av misbrukssakene handlar om at søkjaren oppgjev uriktig bustad. «Postoperatør» er derfor teke med i overskrifta og i andre leddet i lovteksten.

Larvik kommune ser på innhenting av helseopplysningar utan samtykke som eit alvorleg inngrep overfor bustøttemottakarar, som ikkje bør skje. Departementet er einig i dette, og viser til § 8 a tredje ledd siste setning i forslaget, der det går fram at sensitive personopplysningar ikkje kan masseinnhentast.

Til forsida