Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

7 Innhenting og handsaming av personopplysningar til sakshandsaminga

7.1 Innleiing

Handsaming av ein søknad om bustøtte krev tilgang til opplysningar om bustad, inntekt, formue og buutgifter for alle medlemmer av den husstanden som søkjer bustøtte. Husbanken må kunne kontrollere dei opplysningane søkjaren gjev i søknaden om bustøtte. I dag baserer ein innhenting/kontroll av slike opplysningar på samtykke frå søkjaren.

7.2 Gjeldande rett og bakgrunnen for forslaget

Det følgjer av bustøttelova § 8 første ledd at Husbanken kan hente inn opplysningar som verkar inn på rettar og plikter etter bustøtteregelverket frå offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige. Slik innhenting er likevel avhengig av samtykke frå den det gjeld, jf. bustøttelova § 8 andre ledd. Husbanken har laga eit samtykkeskjema som søkjarane må fylle ut for å få søknaden sin handsama. Samtykkekravet gjeld både søkjaren og andre i husstanden. Husbanken må også ha samtykke for å bruke opplysningane i sakshandsaminga.

Husbanken gjev i dag opplysningar på søknadsskjemaet om kva for opplysningar som blir henta inn, og kva som blir kontrollert. Det blir også vist til ei oppdatert nettside der dette og meir informasjon om personvern kjem fram. Husbanken vil halde fram med dette sjølv om samtykkekravet blir fjerna.

7.3 Høyringsutkastet frå departementet

Departementet føreslo i høyringsnotatet å lovfeste at opplysningane som er nemnde i bustøttelova § 8 første ledd, kan hentast inn utan at det blir kravd samtykke. Føresetnaden skulle vere at søkjaren på førehand får god informasjon om kva for opplysningar som vil bli henta inn. Departementet la til grunn at når formålet ikkje er anna enn å handsame ein søknad, kan innhenting av opplysningar for å kontrollere at den informasjonen søkjaren har gjeve, er korrekt, vanskeleg seiast å gripe inn i personopplysningsvernet til søkjaren. Departementet hevda at ein slik framgangsmåte ikkje er urimeleg overfor søkjaren.

Departementet føreslo å oppheve gjeldande § 8 første og andre ledd og samle regelen om innhenting og handsaming i eit nytt første ledd.

7.4 Innspel frå høyringsinstansane

Datatilsynet, Klagenemnda for Husbanken, Skattedirektoratet, Utlendingsdirektoratet, Trondheim kommune og Husbanken støttar forslaget.

Datatilsynet deler synet til departementet på at samtykke ikkje er eigna som grunnlag for handsaming av personopplysningar i samband med handsaming av ein bustøttesøknad.

Husbanken meiner at heimelen må utformast slik at han også omfattar tilbakelagde periodar. Husbanken gjer merksam på at Posten Noreg er organisert som eit AS og derfor ikkje er omfatta av omgrepet «offentleg styresmakt». Husbanken ønskjer tilgang til opplysningar i adresseregisteret til Posten.

Leieboerforeningen er einig i at samtykkekravet blir fjerna og erstatta med lovheimel, men peikar på at det er viktig at Husbanken gjev god informasjon til søkjarane om kva for opplysningar som vil bli henta inn.

Bærum kommune meiner at samtykke framleis bør vere grunnlag for innhenting av opplysningar som er nødvendige for å handsame ein søknad om bustøtte.

Fellesorganisasjonen er einig i at samtykke ikkje oppfyller kravet til frivillig og informert samtykke, men meiner likevel at forslaget er i strid med Grunnlova.

Justis- og beredskapsdepartementet spør om ordlyden i § 8 i forslaget har fått ei tenleg utforming når han gjev heimel for å hente inn opplysningar «kvar månad». Justisdepartementet viser til at det i lovteksten ikkje er bestemt med kva tidsintervall vedtak om bustøtte og utbetaling skal skje, og at det då ikkje verkar tenleg at lovteksten set tidsmessige avgrensingar. Justisdepartementet peikar også på at det ikkje går fram om reglane om informasjonsplikt i personopplysningslova § 20 skal gjelde, eller om den som blir pålagd å gje opplysningar, kan krevje betaling.

Utlendingsdirektoratet meiner ein må spesifisere kva for personkrins som er omfatta av føresegna.

Advokatforeningen meiner det er «manglende forholdsmessighet mellom det som skal kontrolleres og den omfattende hjemmel til å innhente personopplysninger som følger av forslag til nytt første ledd i § 8». Advokatforeningen meiner i staden at søkjaren bør bli pålagd ei strengare dokumentasjonsplikt.

Helse- og omsorgsdepartementet føreset at § 8 ikkje kan komme til bruk på helseopplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova.

7.5 Vurderingar frå departementet

Det er, slik departementet vurderer det, ikkje tilfredsstillande at innhenting og bruk av opplysningar er avhengig av at søkjaren samtykkjer. Reelt sett har ikkje søkjaren noko anna alternativ enn å samtykkje dersom vedkommande skal få søknaden handsama. Eit slikt samtykke oppfyller derfor neppe kravet til informert og frivillig samtykke etter personopplysningslova § 2 nr. 7.

Frå 1. januar 2015 blei a-ordninga, ei ny rapporteringsordning for arbeidsgjevarar og andre opplysningspliktige, innførd. Rapportering av lønns- og tilsetjingsforhold til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå (SSB) vil bli samla i den nye a-meldinga og skal sendast inn kvar månad av alle som betalar ut lønn, pensjon og andre ytingar. Når den tekniske løysinga som er omtalt i andre avsnittet i 5.2 er klar, kan Husbanken få tilgang til ferske registeropplysningar frå Skatteetaten om inntekt som er innrapportert gjennom a-ordninga. Heimelen for dette vil bli § 8 første ledd.

Departementet viser til at nesten alle høyringsinstansene har vore positive til forslaget i høyringsnotatet. Berre Bærum kommune og Fellesorganisasjonen meiner at samtykke framleis bør vere rettsleg grunnlag for å hente inn og handsame slike opplysningar. Bærum kommune grunngjev standpunktet sitt med at innhenting av opplysningar verkar stigmatiserande. Departementet har forståing for at bustøttemottakarar er ei sårbar gruppe, men meiner likevel at det er rett, når samtykke uansett ikkje kan seiast å vere frivillig, å fjerne samtykkekravet og innføre lovheimel som handsamingsgrunnlag.

Fellesorganisasjonen meiner at forslaget er i strid med Grunnlova § 102, og at unntak derfor må vere heimla i det andre leddet i føresegnene, men grunngjev ikkje standpunktet nærare. Departementet meiner det er rett å lovfeste at Husbanken kan hente inn opplysningar som verkar inn på rettar og plikter etter bustøtteregelverket, utan samtykke frå den det gjeld. Det er ikkje tilfredsstillande at innhenting og bruk av opplysningar til sakshandsaminga er avhengig av at søkjaren samtykkjer når søkjaren ikkje har noko anna alternativ enn å samtykkje dersom vedkommande skal få søknaden handsama. Departementet meiner at krav om samtykke i dei fleste saker fører til noko meirarbeid utan at det gjev nokon vinst for personvernet. Departementet er heller ikkje einig med Fellesorganisasjonen i at det er i strid med Grunnlova å erstatte samtykkekravet med lovheimel. Departementet nemner elles at det ikkje, slik Fellesorganisasjonen skriv, er nokon unntaksregel i andre leddet i føresegna. Departementet er likevel einig med Fellesorganisasjonen i at det er viktig med kontakt med søkjaren og rettleiing i kva som blir kravd for å få innvilga bustøtte.

Departementet er einig med Husbanken i at Posten, sidan han er organisert som eit AS, ikkje er omfatta av omgrepet «offentleg styresmakt» i § 8 første ledd i høyringsutkastet. Det er viktig for Husbanken å få tilgang til opplysningar frå adresseregisteret til Posten fordi mange av misbrukssakene handlar om at søkjaren oppgjev uriktig bustad. «Postoperatør» er derfor teke med i tilrådinga her.

Innspelet frå Husbanken om at heimelen må utformast slik at han også omfattar tilbakelagde periodar, er innarbeidd. Departementet er einig med Husbanken i at ein også må kunne kontrollere opplysningar for tilbakelagde periodar sidan ikkje alle opplysningar nødvendigvis blir kontrollerte i samband med vedtak. Husbanken viser til dømes til at det ikkje er praksis for å etterprøve dei opplysningane søkjaren gjev om buutgifter hos långjevar eller utleigar. Dersom det kjem tips om at ein bustøttemottakar har oppgjeve for høge buutgifter, må det vere høve til å kontrollere også bakover i tid.

Departementet er einig med Justis- og beredskapsdepartementet i at § 8 i forslaget har fått ei lite tenleg utforming når han gjev heimel for å hente inn opplysningar «kvar månad». Bakgrunnen for forslaget var at det blir gjort nytt vedtak om bustøtte kvar månad. Departementet meiner likevel at lovteksten ikkje treng vere så snever, og har sløyfa «kvar månad» i ordlyden i tråd med innspelet.

Departementet er einig med Justis- og beredskapsdepartementet i at det bør gå fram om reglane om informasjonsplikt i personopplysningslova § 20 skal gjelde. Departementet har komme til at regelen bør gjelde. Ei tilvising til personopplysningslova § 20 er teken inn i lovteksten.

Departementet har, etter høyringsinnspel frå Justis- og beredskapsdepartementet, gjort ei tilføying i lovteksten om at den som pliktar å levere ut opplysningar, ikkje kan krevje betaling. Departementet meiner at dette ikkje er urimeleg ettersom det gjeld opplysningar som allereie er samla inn (ikkje treng produserast).

Justis- og beredskapsdepartementet har etterlyst ei vurdering av om ein burde ta inn fleire føresegner enn det høyringsnotatet la opp til, etter mønster av dei tilsvarande reglane i folketrygdlova. Mellom anna gjaldt dette reglane om bevisfritak for nærståande og bevisfritak for belastande personopplysningar i tvistelova. Desse reglane er i folketrygdlova § 21-4 c femte ledd gjevne tilsvarande bruk. Departementet har komme til at det er naturleg og rimeleg at dei nemnde fritaksreglane skal gjelde på same måten i bustøttesaker.

Helse- og omsorgsdepartementet føreset i høyringsfråsegna si at § 8 ikkje kan komme til bruk for helseopplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova. Til dette viser departementet til at det i forslaget til § 8 første ledd positivt er rekna opp kvar Husbanken kan hente opplysningar frå. Ordlyden dekkjer ikkje innhenting av opplysningar frå helsepersonell. Den føreslåtte heimelen omfattar altså ikkje helseopplysningar, i motsetnad til folketrygdlova § 21-4 der det går fram at «opplysninger kan innhentes fra helsepersonell».

Utlendingsdirektoratet meiner ein må spesifisere kva for personkrins som er omfatta av føresegna. Departementet kan ikkje sjå at det skulle vere nødvendig å spesifisere i lovteksten kva for personkrins som er omfatta. Det bør vere nok at det går fram kva slags opplysningar Husbanken kan hente inn, og frå kven.

Til forsida