St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Tale av Jan Petersen, utanriksminister

New York, 23. september 2005

President.

For seksti år sidan vart Dei sameinte nasjonane grunnlagde som eit ledd i gjenreisinga etter den andre verdskrigen. Etableringa av organisasjonen vår oppfylte folks ønske om ei betre og tryggare framtid. Noreg fekk æra av å stille den første generalsekretæren, Trygve Lie.

Sist veke vart det semje om eit sluttdokument frå toppmøtet. Dokumentet svarer ikkje til vonene. Likevel gjev det ein viktig peikepinn om korleis FN kan spele ei betre og sterkare rolle i arbeidet med å skape fred og tryggleik og fremje menneskerettar og utvikling.

På visse område har medlemslanda gjort store framsteg. På andre felt er det grunn til å vente meir. Mest av alt har eg vona – og arbeidd for – å få utforma eit sterkt og klårt dokument om nedrusting og ikkje-spreiing. Spreiinga av masseøydeleggingsvåpen er eit grunnleggjande trugsmål. Faren for spreiing og for katastrofale terroråtak aukar. Samstundes er det somme som ikkje vil godta at alle statar lyt arbeide for nedrusting og ikkje-spreiing. I generalforsamlinga den siste veka har eg gong på gong høyrt vitnemål om viljen til å løyse felles problem. Likevel har det vore uråd å nå ei semje om korleis desse verkeleg verdsfemnande trugsmåla skal møtast. Eg kan love dykk at Noreg vil ta opp utfordringa frå generalsekretæren og halde fram arbeidet for semje og handgripelege løysingar. Dette skal vi gjere i lag med Australia, Chile, Indonesia, Romania, Sør-Afrika, Storbritannia og alle dei landa som har stødd oss i arbeidet.

Vi må dessutan snarast kome vidare i arbeidet med å hindre spreiing av handvåpen og lette våpen. Noreg er tilfreds med at sluttdokumentet seier at FN-programmet for tiltak mot handvåpen skal setjast i verk. Men vi skulle ønskje at det vart lagt meir vekt på å kontrollere internasjonal handel med slike våpen gjennom juridisk bindande avtaler.

Det internasjonale samfunnet er nøydd til å samarbeide i møte med dei globale utfordringane. Vi står overfor ei heil rekkje nye utfordringar og trugsmål. Den nemnde faren for våpenspreiing er eit av trugsmåla. Terrorisme er eit anna. Spreiinga av nye infeksjonssjukdommar er òg illevarslande. Svaret er multilateralisme. Vi må møte alle desse trugsmåla i lag og bli samde om korleis dei skal møtast. Vi må òg heile tida reformere og tilpasse den globale arenaen slik at FN alltid er i best mogleg stand til å utføre oppgåvene sine. Vi kan ikkje skulde på andre om organisasjonen ikkje fungerer som han skal. Som generalsekretæren sa i talen sin til toppmøtet: «Same kva vi måtte vere usamde om, utgjer verda ein heilskap der vi står og fell med kvarandre.»

Det største ansvaret kviler på dei sterke, som må gje dei svake vern. Det største nederlaget lir vi FN-medlemmer når vi ikkje maktar å hindre ugjerningar mot uskuldige sivile. For første gong har medlemslanda knesett prinsippet om ansvar for å gje vern. Det skaper eit viktig, nytt grunnlag for kollektiv handling mot folkemord, brotsverk mot menneskja, etnisk reinsing og krigsbrotsverk. Vi har no dei reiskapane som trengst for å hindre eit nytt Srebrenica og eit nytt Rwanda.

Det trengst breiare semje om kollektiv handling og tidleg diplomatisk respons for å hindre valdelege konfliktar. Ei stor og vanskeleg utfordring for FN er å hjelpe kriseutsette land. Det same gjeld å støtte land som er råka av konflikt eller står i overgangen frå krig til fred. Fredsprosessen mellom regjeringa på Sri Lanka og Tamiltigrane (LTTE), der Noreg har ei meklarrolle, har fått god støtte av FN. FNs humanitære hjelp og utviklingshjelp til alle område på Sri Lanka har vore avgjerande.

Difor er eg glad for at det skal setjast ned ein fredsbyggingskommisjon for å fordele ressursar, gje råd og leggje omfattande planar for fredsbygging og atterreising etter konfliktar. Stoda i Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og andre konfliktråka regionar viser tydeleg at det trengst ein fredsbyggingskommisjon. Så lenge saka står på sakslista til Tryggingsrådet, bør kommisjonen spele ei rådgjevarrolle. Noreg vil yte eit tilskot på 15 millionar dollar til fredsbyggingsfondet.

I etableringa av fredsbyggingskommisjonen bør rolla og behova til kvinnene kome klårt til uttrykk. Kommisjonen bør gjere sitt til å innfri skyldnadene som er nedfelte i tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik (2000).

Noreg stør etableringa av fredsbyggingskommisjonen, men understrekar samstundes sterkt kor viktig det er å halde oppe og styrkje den rolla som generalsekretæren spelar som initiativtakar i meklingsarbeidet sitt.

President.

Medan vi samlast til møte her i New York, står kring ti millionar menneske i det sørlege Afrika overfor ein situasjon med alvorleg matmangel. Generalsekretæren seier at den kroniske krisa i regionen kjem av ein kombinasjon av hiv/aids, matvareutryggleik og redusert styringsevne. Dei siste månadene har det dessutan vore alvorleg tørke i Niger og delar av Sahel-området.

FNs reaksjonsevne i dag kallar på reformer. Den humanitære innsatsen må kome fortare og meir føreseieleg og fordelast meir rettvist. Eit betre og større humanitært krisefond (CERF) er eit viktig steg i rett lei. Det same er betre samordning i felten, der det humanitære samordningssystemet er eit av midla. Generalforsamlinga må no gjere dei vedtaka som trengst for å få det nye fondet i drift så snart som råd. Noreg har lova å gje 15 millionar USD til fondet, og vi er budde på å hjelpe til med å få dei naudsynte organisatoriske rammene på plass.

FN yter avgjerande tilskot til utvikling i verda. Nokre av dei viktigaste resultata frå toppmøtet var at alle slutta opp om tusenårsmåla og på ny sa seg villige til å nå dei innan 2015. Eit anna viktig resultat er at særleg EU og G8 i førebuingane til møtet sterkare enn før forplikta seg til gjeldslette og auka offentleg utviklingshjelp. Verdssamfunnet må no syte for at lovnadene blir haldne i praksis, og at det framleis blir retta sterk merksemd mot Afrika. Noreg vil yte sin skjerv ved å auke den offentlege utviklingshjelpa til Afrika med 150 millionar USD for 2006.

Internasjonal handel er ein føresetnad for økonomisk vekst og utvikling. Noreg stør opp om vidare utvikling av eit regelbasert og rettvist multilateralt handelssystem. Forhandlingane som blir førde i Verdas handelsorganisasjon, nærmar seg eit viktig vegskilje i Hongkong i desember. Vi må auke innsatsen for å få sett heile Doha-arbeidsprogrammet ut i livet slik at vi kjem i mål med Doha-utviklingsrunden i 2006. Det må leggjast særleg vinn på å oppfylle behova og interessene til utviklingsland.

Inga sak kan rettferdiggjere terrorhandlingar. FN bør ha ei sentral rolle med å leie og samordne den internasjonale kampen mot terrorisme. Tiltaka mot dette trugsmålet må femne breitt, slik generalsekretæren har tilrådd. Striden mot terrorisme må vere lovbasert. FN si rolle er avgjerande, sidan FN kan gje oss dei juridiske reiskapane og rammene som trengst. Eg oppmodar alle medlemslanda om å underskrive og ratifisere dei tretten terrorrelaterte FN-konvensjonane og setje dei ut i livet. Noreg stør sterkt opp om arbeidet for å verkeleggjere FNs omfattande konvensjon om internasjonal terrorisme.

Kampen mot terrorisme må førast med eit breitt spekter av verkemiddel, medrekna militære og juridiske. Vi må òg ta opp andre trugsmål mot fred og stabilitet, så som fattigdom og arbeidsløyse, manglande sosiale og politiske rettar og fråvær av rettstryggleik og allmenn skulegang. FN har ei viktig rolle å spele på alle desse områda. FN har meir røynsle med desse problema enn nokon annan organisasjon og har dei beste reiskapane til å arbeide med dei.

Forsvaret for menneskerettar er eit prinsipielt universelt mål. Når menneskerettsforkjemparar blir tvinga til å teie, blir menneskerettsbrot korkje påakta, avslørte eller kritiserte. Alle land bør ta eit kraftig oppgjer med menneskerettsbrot mot individ og grupper. Eg bed dykk halde fram å støtte arbeidet med å få vedteke ein resolusjon om dette.

Det er om å gjere å tilskrive menneskerettane den rolla dei bør ha, nemleg som ein berebjelke for Dei sameinte nasjonane. Målet vårt dei neste månadene må vere å tette gapet mellom evner og ambisjonar om truverdig FN-innsats på dette området. Vi må setje inn desse tiltaka:

Vi må danne eit nytt fast organ for menneskerettar så snart som råd, helst som eit av FNs hovudorgan. Det må fokuserast både på iverksetjing og kapasitetsbygging. Organet må òg – raskt, truverdig og effektivt – kunne gripe inn mot menneskerettsbrot over heile kloden. Det er viktig å ta vare på dei sterke sidene ved FNs menneskerettskommisjon og føre vidare dei beste arbeidsmetodane samstundes som ein ikkje dreg med seg dei svake sidene.

Og i budsjettkomiteen må vi styrkje Høgkommissariatet for menneskerettar ved å respektere toppmøtevedtaket om å doble dei regulære budsjettmidlane til kommissariatet.

Det trengst både sterkare utøvande leiing og gjennomgripande reform av administrasjonen i organisasjonen. Korrupsjon, vanstyre og seksuell utnytting og trakassering er døme på åtferd som ikkje kan tolererast.

President.

Vi har vedteke å gjere FNs kontor for internt tilsyn (OIOS) meir sjølvstendig. Det vil gje kontoret betydeleg større kapasitet til å drive revisjon og gransking. Sekretariatet må gjerast endå meir ansvarleg, leiinga må rasjonaliserast, og normene for etisk handlemåte må styrkjast. Ansvaret for mange av dei svake punkta i FN-systemet ligg likevel hos medlemslanda sjølve.

Generalforsamlinga må gjerast til hovudorgan for politikkutforming i organisasjonen. Det krev at medlemslanda utøver strategisk leiarskap. Som øvste administrative leiar må generalsekretæren få tildelt den makta og fleksibiliteten som trengst for å utøve embetet. Vi må stille til rådigheit dei ressursane som må til for at organisasjonen skal kunne utføre oppgåvene sine. Skal organisasjonen vere effektiv, må vi dessutan gå gjennom mandatet og ta bort dei oppgåvene som ikkje lenger er relevante.

Leiingsreforma byr på eit glimrande høve til å auke rekrutteringa av kvinner på alle nivå i FN-systemet. God styring i ein moderne organisasjon krev at kvinner er med på like fot med menn.

Somme har sagt at det ikkje kom så mykje ut av toppmøtet. Etter mitt skjønn vart det teke mange steg i rett lei. No er det viktig at Generalforsamlinga følgjer opp. Eg kan love at Noreg vil gjere sin del. Vi vil halde fram med å arbeide for reformer. FN-systemet må bli meir effektivt i arbeidet for fred og tryggleik i verda, i striden mot fattigdom og for menneskerettar. Til sjuande og sist er det vi, medlemslanda, som har ansvaret for å verkeleggjere dette.

Takk, president.

Til forsida