St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Generelt

Sesjonen til 1. komité vart i stor grad prega av den feilslåtte tilsynskonferansen for avtala om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT) og av at det ikkje lukkast å få til konkrete forpliktingar om nedrusting og ikkje-spreiing i toppmøteerklæringa som vart vedteken i september. Reformdiskusjonane i dei to føregåande åra bar einskilde frukter ved at generaldebatten tyktest vere meir fokusert enn tidlegare, og ein fekk meir meiningsfylte tematiske debattar. Komiteen har likevel ikkje lukkast med å få ned talet på resolusjonar.

Eit anna kjenneteikn på sesjonen i år var at det vart votert over ei rekkje resolusjonar som tidlegare har vorte vedtekne med konsensus. Dette gjaldt handvåpenresolusjonane, USAs resolusjon om etterleving av inngåtte avtaler, Kviterusslands resolusjon om nye typar masseøydeleggingsvåpen og Russlands resolusjon om informasjonsteknologi og nedrusting. Særleg USA syntest å ha ein meir restriktiv politikk på røystegjevinga si og hevda i fleire tilfelle i røysteforklaringa si at dei såg på vedkomande resolusjon som irrelevant.

4.2 Det multilaterale nedrustingsmaskineriet

I generaldebatten uttrykte fleire land frustrasjon over den manglande framdrifta i det multilaterale nedrustingsarbeidet. Dette var òg eit sentralt tema i det norske hovudinnlegget. Vi tok til orde for ein ny konsensus om multilateral nedrusting og ikkje-spreiing under tilvising til at det norske 7-landsinitiativet stadfesta at det skulle vere mogleg for land frå ulike regionar å verte samde om sentrale tryggingsspørsmål.

Ut frå debattane i 1. komité syntest det klart at dei aller fleste landa var opptekne av behovet for å oppnå konkrete resultat neste år. Nedrustingskonferansen i Genève har i over åtte år vore handlingslamma på grunn av manglande semje om arbeidsprogram og mandat for forhandlingsgruppene. Mexico, Canada og somme andre land vurderte difor lenge å leggje fram ein resolusjon for å etablere forhandlingsgrupper under generalforsamlinga trass i manglande konsensus på nedrustingskonferansen i Genève. Kjernevåpenstatane motsette seg dette og gjorde det klart at dei ikkje ville delta i slike grupper. Ein ville då ikkje oppnådd konkrete resultat. Difor var også Noreg og europeiske likesinna land i utgangspunktet skeptiske til framlegget. Resolusjonen vart til slutt ikkje lagt fram.

Det synest likevel klart at tolmodet med stillstanden snart er i ferd med å ta slutt. Dersom det ikkje vert gjort konkrete framsteg, er det høgst sannsynleg at det vil kome eit nytt resolusjonsforslag lik det kanadisk-meksikanske til neste år.

Det var stor interesse for 7-landsinitiativet, og fleire land var interesserte i å få vite meir om den vidare oppfølginga av initiativet. Dette må tolkast som eit uttrykk for eit utbreidd ønske om å få til konkrete framsteg i det multilaterale nedrustingsarbeidet.

4.3 Kjernevåpen

Det var likevel nokre positive trekk ved sesjonen i år. Dei to mest sentrale kjernefysiske nedrustings- og ikkje-spreiingsresolusjonane fekk brei oppslutning. Den eine var framlagd av Ny-agenda-koalisjonen (NAC består av Sverige, Irland, New Zealand, Mexico, Brasil, Sør-Afrika og Egypt) og den andre av Japan. Noreg støtta desse to resolusjonane, slik som i fjor. Det var særleg gledeleg at NAC-landa for første gong røysta for Japans resolusjon (der Noreg stod som medforslagsstillar), og at fleire NATO-land enn tidlegare røysta for NAC-resolusjonen.

Ein resolusjon om kjernefysisk nedrusting og etterleving av NPT-forpliktingane, som vart lagt fram av Iran, vart derimot møtt med djup skepsis av ei rekkje land, deriblant land som tilhøyrer Den alliansefrie rørsla (NAM). Svært mange avstod frå å røyste, deriblant dei fleste latinamerikanske landa, medan Noreg og andre vestlege land (også NAC-land som Sverige, Irland og New Zealand) røysta imot resolusjonen. Han vart likevel vedteken.

4.4 Handvåpen

Handsaminga av handvåpenresolusjonane vart særleg vanskeleg i år. 1. komité vedtek kvart år ein generell resolusjon om oppfølginga av FNs handlingsprogram for nedkjemping av ulovleg omsetnad av handvåpen. Denne resolusjonen vert normalt vedteken med konsensus, og mange land teiknar seg som medforslagsstillarar. Resolusjonen i år fanga dessverre ikkje i tilstrekkeleg grad opp prioriterte saksområde for Noreg og EU-landa, deriblant forsterka innsats mot ulovleg mekling av handvåpen. Ei styrking av teksta var ikkje akseptabelt for somme av NAM-landa. Til liks med EU valde Noreg difor å ikkje teikne seg som medforslagsstillar slik vi tradisjonelt har gjort. Sjølv med ei svekt tekst vart det likevel votering over ein delparagraf, der Mexico og Jamaica avstod, medan USA ikkje deltok i røystinga. Resolusjonen som heilskap vart likevel vedteken utan røysting, som tidlegare. Det vart oppnemnd ei ekspertgruppe for å vurdere vidare steg med omsyn til ulovleg våpenmekling.

Sveits kom med eit framlegg til vedtak om det nyleg framforhandla instrumentet for sporing og merking av handvåpen og hadde i utgangspunktet rekna med konsensus. Men dei latinamerikanske landa valde å avstå trass i hardt politisk press frå Sveits og EU fordi dei i utgangspunktet hadde ønskt eit folkerettsleg bindande og ikkje berre politisk bindande instrument.

Heller ikkje ein ny handvåpenresolusjon om dei humanitære og utviklingsrelaterte sidene ved handvåpenproblemet, som vart framlagd av Nederland, samla konsensus. Dette trass i at Nederland gjekk svært langt i å imøtekome både NAM-landa og USA sine framlegg til endringar i teksta. USA røysta til slutt imot som einaste land, med den grunngjevinga at ein ikkje ville leggje noko føringar for den komande tilsynskonferansen for FNs handlingsprogram for nedkjemping av ulovleg omsetnad av handvåpen, og meinte i tillegg at resolusjonen ikkje høyrde heime i 1. komité.

4.5 Reform

For to år sidan var Noreg med på å starte ein debatt om reform av 1. komité. Bakgrunnen var at komiteen i aukande grad spela ei marginal rolle i det internasjonale arbeidet for nedrusting og ikkje-spreiing.

Ei viktig målsetjing har vore å få ned talet på resolusjonar/vedtak i komiteen. Sjølv om somme land viser større atterhald med å leggje fram resolusjonar, er vi langt frå å nå denne målsetjinga. Kvart år vert dessutan nye resolusjonar lagde fram, som i år på handvåpenområdet. I tillegg er det framleis mange resolusjonar som vert vedtekne år etter år med same ordlyd. Dette gjeld mellom anna NAM-landa sin resolusjon om multilateralisme og Indias og Myanmars resolusjonar om kjernefysisk nedrusting.

Reformengasjementet har likevel bore visse frukter. Vi har fått ein meir fokusert generaldebatt og meir meiningsfylte tematiske debattar. Organiseringa av sjølve arbeidet i 1. komité har vorte meir straumlineforma. Det er likevel naudsynt å halde eit vake auge med arbeidsformene i komiteen, å søkje å medverke til ein meir interaktiv tematisk debatt og å halde fram arbeidet med å få ned talet på resolusjonar.

Til forsida