St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Allmenne spørsmål

Intense toppmøteforhandlingar om utviklingsspørsmål i august og september førte til at lufta i nokon grad gjekk ut av 2. komité hausten 2005. Det var få spørsmål det var avgjerande å kome til semje om. Dei mest konkrete resultata var fastsetjinga av møteopplegget (modalitetane) for høvesvis høgnivådialogen om migrasjon, femårsgjennomgangen av MUL-handlingsprogrammet og ein oppfølgingskonferanse om Finansiering for utvikling (FfD). Dei to førstnemnde vil finne stad under opninga av den 61. generalforsamlinga, medan FfD-oppfølginga vil finne stad i 2008 eller 2009.

Sjølv om stemninga i komiteen var langt mindre betent enn det ho var i drøftingane om fredsbyggingskommisjon, menneskerettsråd og administrativ reform, var det lite entusiasme og få nye initiativ å spore. Dei siste par åra har likevel talet på røystingar i den tradisjonelt konsensusorienterte 2. komité stige sterkt. Under den 60. generalforsamlinga heldt denne trenden fram. USA tok både resolusjonar og einskildparagrafar til røysting, og desse gjaldt ofte finansielle implikasjonar av vedtaka (budsjett for statspartsmøte der USA ikkje er medlem, ulike møte osv.) Vidare tok dei til røysting språk som på ein eller annan måte gjaldt forpliktingar i samband med offisiell utviklingshjelp. I og med at det no er såpass vanleg med røystingar, synest også G77 å ha fått lågare terskel for å be om røysting, og då gjerne på sine opphavlege og ikkje tilstrekkeleg balanserte utgangstekster.

I og med at dei resultata som ein hadde oppnådd på miljø- og utviklingsområdet i toppmøteteksta, danna bakteppet for arbeidet i 2. komité denne hausten, vert dei konkrete resultata i toppmøteteksta omtalt i dei neste avsnitta. Deretter følgjer ein omtale av dei etterfølgjande vedtaka som vart gjorde på generalforsamlinga denne hausten.

Etter ein god del tautrekking vart tusenårsmåla for første gong universelt stadfesta (endossert). Det var berre USA som hadde problem med tusenårsmåla, særleg fordi dei meinte at måla, og i endå større grad indikatorane (0,7 % av BNI til offisiell utviklingshjelp) for å måle måloppnåing, var eit sekretariatsprodukt utan mellomstatleg godkjenning. Det er særleg tusenårsmål 8 (om mellom anna forpliktingane som gjevarlanda har) som USA hadde problem med.

Gjennomgåande vert det i toppmøteerklæringa understreka at det trengst meir og snarleg hjelp. Monterrey Consensus og den globale partnarskapen vert òg ettertrykkeleg fastslåtte. På den eine sida må utviklingslanda sørgje for godt styresett og kjempe mot korrupsjon, medan utvikla land på den andre sida forpliktar seg til å auke hjelp og gjeldslette og å fjerne handelshinder.

Eit av dei mest konkrete resultata i utviklingsteksta er vedtaket om at det innan utgangen av 2006 skal utarbeidast nasjonale fattigdomsstrategiar (PRS) med den målsetjinga å nå tusenårsmåla, såkalla tusenårsmålbaserte fattigdomsstrategiar. Dette er ei av hovudtilrådingane i professor Jeffrey Sachs" rapport til toppmøtet. Det ligg an til eit samarbeid mellom Verdsbanken og UNDP om å hjelpe land til å ferdigstille desse strategiane. Deretter vil det vere opp til gjevarar å sørgje for tilstrekkeleg støtte.

Når det gjeld offisiell utviklingshjelp, vert det konstatert i toppmøteteksta at løfte i den siste tida om auka hjelp vil medføre ein årleg auke i den offisielle utviklingshjelpa på USD 50 mrd. innan 2010. Det er grunn til å understreke at toppmøtet må få ein stor del av æra for denne venta auken i den offisielle utviklingshjelpa.

Å få fastslått det 35 år gamle FN-målet om 0,7 % av BNI til offisiell utviklingshjelp var ei anna vanskeleg sak. USA hadde ved mange høve understreka at dei aldri hadde forplikta seg til noko mål. Forventingane var difor sterkt senka med omsyn til kva ein kunne få til. Språket i sluttdokumentet må seiast å vere noko svakare enn det det var semje om i såkalla Monterrey Consensus, i og med at ein ikkje like klart og tydeleg ber om at det vert vedteke opptrappingsplanar. Det er no berre 6 av 22 OECD/DAC-land som ikkje har vedteke tidsplanar for å nå 0,7 %. Desse er USA, Japan, Sveits, Canada, Australia og New Zealand. Men fleire av desse landa kunngjorde på toppmøtet at dei vil auke eller til og med fordoble hjelpa si, men utan å forplikte seg til 0,7 %. Island er mellom dei vestlege landa som ikkje har ein slik opptrappingsplan.

Afrika fekk ein eigen seksjon i sluttdokumentet, og det vert slått fast at det internasjonale samfunnet er klart til å støtte Afrika med meir hjelp, mellom anna i regi av NEPAD, til AUs konfliktførebyggjande tiltak, til «grøn revolusjon» m.m.

Den såkalla Paris-erklæringa om effektivitet av utviklingshjelp og harmonisering fekk positiv omtale. Nokon eksplisitt positiv omtale av Frankrike, Brasil, Spania, Tyskland, Chile og Storbritannia sine initiativ til innovative finansieringskjelder, vart det ikkje. Men fleire av initiativa vart i det minste nemnde. Denne inkluderte president Lulas svoltinitiativ, Storbritannias International Finance Facility, pilotprosjektet om vaksinering, flybillettbidrag, osv.

I spørsmålet om gjeld var det viktig for utviklingsland, med støtte frå Noreg, å sikre referansar til behovet for ekstra midlar til gjeldslette. Det vart i sluttspurten relativt openbert at særleg USA, Tyskland og Italia ikkje ville vere for eksplisitte her. Eit anna spørsmål var om gjeldslette først og fremst skulle gjelde HIPC-land eller også mellominntektsland.

I tillegg til dei ovannemnde tusenårsmålbaserte fattigdomsstrategiane var eit av dei mest profilerte framlegga frå Sachs dei såkalla «Quick Wins». Dette går ut på å raskt gje midlar til tiltak som skal gje effekt nesten med det same. Mellom desse er utdeling av malarianett, gratis skulemåltid, kunstgjødsel, avskaffing av eigendelar i grunnskulen og primærhelseteneste. I 2005-dokumentet vert det stadfesta at medlemslanda er reie til å støtte initiativa. USA var det einaste landet som gjekk eksplisitt ut mot initiativet. På norsk side var ein heller ikkje overtydd om berekrafta til initiativet, men i og med at tiltaka skal leiast av landa sjølve og integrerast i fattigdomsstrategiane, støtta Noreg opp om dei. USA lukkast likevel i å få endra namnet frå Quick Wins (som har sterke assosiasjonar til professor Jeffrey Sachs) til «Quick Impact Initiatives».

Berekraftig utvikling fekk mykje omtale i toppmøteerklæringa. Alle aspekt av Johannesburg-erklæringa er omfatta (vatn, biologisk mangfald, sanitære spørsmål, busetjing, GEF, m.m.). Dei to spørsmåla som det tok lengst å kome til semje om, var klima og internasjonal skogforvalting. Storbritannia hadde von om at formuleringar om klima frå Gleneagles-møtet skulle kome til nytte i denne samanhengen. Det gjorde det i svært liten grad, og klimateksta vart relativt inkjeseiande. Eit stykke ut i forhandlingane aksepterte USA at Kyoto-protokollen i det minste kunne nemnast. Av dokumentet går det òg fram at klima er ei utfordring, og at det hastar med handling. USA kunne ikkje akseptere noko omtale av internasjonale forhandlingar for å oppnå semje om tida etter Kyoto-protokollen i 2012. EU og Noreg var mellom dei som ønskte omtale av dette. Heller ikkje formuleringar om å gjere noko i statspartsmøtet i Montreal i november 2005 var akseptabelt. Somme store utviklingsland var heller ikkje positive til formuleringar om framtidig internasjonalt samarbeid med mindre dette i same setning vart kombinert med prinsippet om at det skal takast særleg omsyn til utviklingslanda sine særlege behov (common but differentiated responsibilities). Desse landa ønskte heller ikkje at utsleppar sine plikter skulle verte omtalt.

På grunn av manglande framgang på vårens Skogforum var det ikkje uventa at skogforvalting vart eit anna område der det var vanskeleg å verte samde. I utgangspunktet var det inkludert tekst om behovet for samarbeid på alle plan, også internasjonalt og regionalt. Sistnemnde fall særleg russarar og brasilianarar tungt for brystet, og dette vart då òg stroke i teksta.

Det vert slått fast at det skal arbeidast raskt for å etablere eit verdsomspennande varslingssystem for naturkatastrofar. Det vert gjeve full støtte til gjennomføring av Hyogo-rammeverket for naturkatastrofar.

Teksta om kjemikaliar og miljøfarleg avfall er i stor grad inkludert takka vere norske innspel. Denne tilvisinga legg grunnlaget for å sjå til i ulike samanhengar at det vert utarbeidd indikatorar på dette området, slik at framsteg kan målast. Det vert slått fast at det er behov for å betre samarbeidet om havspørsmål.

I spørsmåla om hiv/aids og helse vart det slått fast at målet er (tilnærma) universell tilgang til behandling av aids innan 2010. Medlemslanda forpliktar seg òg til å sikre retten til reproduktiv helse innan 2015 og til å integrere denne målsetjinga i strategiar for å nå tusenårsmåla.

Sett med norske auge må teksta om kvinnene sine rettar og om likestilling seiast å vere relativt god, men med eitt viktig unntak: USA lukkast i å forhindre at toppmøtet stadfesta den ti år gamle Beijing-plattforma, som vert sett på som eit hovuddokument i internasjonalt likestillingsarbeid. Rett nok heiter det at vi må nå måla, men den tradisjonelle stadfestinga manglar. USAs problem var at dei har hatt reservasjonar og røysteforklaringar til einskilde referansar til reproduktiv helse i Beijing-plattforma. Elles inneheld likestillingsteksta gode og forpliktande formuleringar om kvinnene sine rettar og deltaking, retten til arv og eigedom, retten til reproduktiv helse samt behovet for å motverke straffridom med omsyn til vald mot kvinner. Noreg medverka med formuleringane om behovet for å gjere tiltak for å auke representasjonen i avgjerdsorgan.

5.2 Gjeldshandtering

Forhandlingane om gjeldsresolusjonen varde også i år i fleire veker. Diskusjonen viste at det ikkje er semje om i kva grad dei gjeldstyngde landa som er omfatta av det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries Initiative), hadde hatt ei betring i gjeldsituasjonen.

Noreg heldt eit samleinnlegg under makroøkonomiske spørsmål med vekt på gjeld. I innlegget vedgjekk Noreg at ein måtte gå utover HIPC-initiativet dersom ein skulle oppnå reell gjeldsberekraft. Noreg var på denne bakgrunnen ein sterk støttespelar til det såkalla G8-framlegget. Ein la likevel vekt på at G8-framlegget berre hadde ein meirverdi dersom det vart finansiert med «friske midlar». Dette la ein frå norsk side også vekt på i resolusjonsforhandlingane.

G77 ønskte å omtale gjeldsstruktureringsmekanismar som «arbitration and mediation mechanisms» i resolusjonen. Spørsmålet om ein internasjonal gjeldsdomstol er relatert til desse spørsmåla, og den norske delegasjonen gav tydeleg støtte til G77s tekst i forhandlingane. Men det var ingen andre delegasjonar som delte G77 og Noregs syn, og ein enda opp med ei relativt nøytral tilvising til desse gjeldsstruktureringsmekanismane. Men sjølv dette kan vere eit lite steg i retning av å få spørsmål rundt ein internasjonal gjeldsdomstol vidare utgreidd.

Frå norsk side oppnådde ein òg å få med ein omtale av dei såkalla «multi-stakeholder dialogues on sovereign debt». Noreg har støtta desse dialogane, som vart organiserte av FfD-kontoret i DESA. Frå norsk side meiner ein at desse dialogane er eit viktig forum for å bringe gjeldsdialogen vidare.

5.3 Finansiering for utvikling

Hovudføremålet under forhandlingane vart også i år å freiste å balansere teksta i samsvar med Monterrey Consensus. Teksta om offisiell utviklingshjelp og spørsmålet om ein FfD-oppfølgingskonferanse var mellom dei spørsmåla som var vanskelegast.

Ein kom ikkje vidare i spørsmålet om offisiell utviklingshjelp enn det ein gjorde i toppmøtedokumentet. Det var heller ikkje å vente, sjølv om G77 i fleire resolusjonsutkast gjorde ein freistnad på få alle gjevarland til å forplikte seg til 0,7-målet.

I spørsmålet om ein oppfølgingskonferanse hadde Qatar på toppmøtet foreslått seg sjølv som vertskap for ein slik konferanse i 2007 (som ville ha vore fem år etter Monterrey). Dette vart presentert som ein G77-posisjon i forhandlingane om FfD-teksta. Blant dei andre delegasjonane var det likevel ikkje semje korkje om tidspunkt eller stad for ein slik konferanse. Men ein oppfølgingskonferanse hadde ein vorte samd om alt i Monterrey. Det vart vedteke å halde denne konferansen «at a time between 2008 and 2009» og å takke Qatar for tilbodet utan å binde seg til å halde konferansen der. Teksta slår vidare fast at det skal setjast i gang ein førebuande prosess under den 61. generalforsamlinga.

5.4 Råvarer, handel og utvikling

Vona for handels- og utviklingsresolusjonen denne hausten var å kunne sende eit positivt konsensussignal til WTOs ministermøte i Hongkong med vekt på utviklingsdimensjonen i Doha-runden. Slik gjekk det ikkje. Etter langvarige resolusjonsforhandlingar la til slutt G77 fram den opphavlege utgangsteksta si til røysting. Dette medførte at fredagen før Hongkong-møtet vedtok 2. komité ein resolusjon om handel og utvikling med røystetala 109–1–48. Fleire meinte at G77 ikkje tykte det gjorde noko at røystinga avdekte at vestlege land mangla konsensusvilje. I røystinga røysta USA mot, og ikkje-G77-land (utanom Mexico) avstod. Noreg avstod og stod tilslutta EUs røysteforklaring, som mellom anna understreka støtta til utviklingsdimensjonen i WTO-runden og til marknadstilgang for alle produkt frå alle minst utvikla land (MUL). I G77s framlegg vart ulike delar av WTO-arbeidsprogrammet lista opp på ein ubalansert måte, medrekna jordbruk og TRIPS. Vidare var det fleire vestlege land som ikkje kunne godta oppmodinga om forpliktande toll- og kvotefridom straks for alle produkt frå alle dei minst utvikla landa. På kanadisk initiativ vart det røysta over einskildparagrafen om MUL. EU og Noreg røysta for denne formuleringa. Kvart år vert det stilt spørsmål om tilleggsverdien av at FNs generalforsamling vedtek ein resolusjon om handel og utvikling i høve til pågåande drøftingar om handelsspørsmål i andre fora. Utviklingslanda på den eine sida meiner generelt at handel bør stå på FNs dagsorden fordi dei i FN har ein heilt annan påverknad enn andre stader, medan USA helst ser at spørsmålet vert teke av agendaen. Heller ikkje handsaminga denne hausten endra på desse posisjonane.

5.5 Kvinner i utviklingsprosessar

Noreg heldt eit innlegg der ein i tråd med generalsekretærens rapport la vekt på migrasjon og sysselsetjing. Noreg signaliserte vidare sterkare vektlegging av at fond og program må integrere likestilling i all verksemd.

Resolusjonsforslaget vart lagt fram svært seint i arbeidet til komiteen, og det vart lita tid til å gje det ei skikkeleg handsaming. Resolusjonsforslaget som vart lagt fram av G77, var dessutan ei altfor lang og temmeleg inkjeseiande tekst som i stor grad var repetisjon av tidlegare års resolusjonar. Frå norsk side gjorde vi framlegg om å skjere teksta drastisk ned, utan å få gjennomslag for det. Mykje av diskusjonen rundt teksta gjekk på dei paragrafane som handla om reproduktiv helse, kvinner i krig og konflikt, politiske og sivile rettar og offisiell utviklingshjelp. Sidan desse temaa vert handsama grundig i andre resolusjonar og andre komitear, såg ein frå norsk side ikkje den store tilleggsverdien i å ha med desse temaa i denne resolusjonen. Frå norsk side engasjerte ein seg ikkje i stor grad i detaljane i teksta. Noreg medverka likevel til å få påverka temaa for to framtidige rapportar under dette dagsordenspunktet: 1) kvinnene sin kontroll over og tilgang til økonomiske og finansielle ressursar, medrekna mikrofinans, og 2) auka kvinneleg deltaking i statlege avgjerdsorgan og verdien av dette i arbeidet med fattigdomsreduksjon.

5.6 Miljø og berekraftig utvikling

Det vart til liks med tidlegare år vedteke ei rekkje resolusjonar under dagsordenspunktet om berekraftig utvikling. Gjennomføringa av både klimakonvensjonen, biomangfaldkonvensjonen og ørkenspreiingskonvensjonen hadde sine årlege resolusjonar. I tillegg vart det vedteke resolusjonar om oppfølginga av Agenda 21 (kommisjonen for berekraftig utvikling), UNEP, fremjing av fornybar energi, Small Islands Development States (SIDS), berekraftig utvikling i fattige fjellregionar, fremjing av etisk turisme og lanseringa av 2006 som det internasjonale året mot ørkenspreiing. Mellom dei meir kuriøse resolusjonane kan nemnast lanseringa av 2006 som det internasjonale potetåret og 2008 som «Year of Planet Earth».

Gjennomgåande kom det lite ut av forhandlingane om desse resolusjonane. I slagskuggen av toppmøtet var det vanskeleg å verte samde om tekst som kunne bringe miljødebatten framover. Ved usemje vart enden på visa som regel at ein fall attende på «agreed text» frå toppmøtedokumentet. På ein del område fekk Noreg gjennomslag for tekstframlegga sine. I nokre resolusjonar vart det såleis framheva at auka støtte til utvikling også måtte følgjast opp med medviten prioritering i utviklingslanda sjølve, og at dei ulike satsingsområda måtte integrerast i landa sine eigne utviklingsstrategiar. Noreg støtta også tekst om krav til betre samarbeid mellom ulike aktørar i FN-familien slik at ein unngår overlappande ansvarsområde og fremjar effektiv ressursbruk. På andre område, som i forhandlingane om klimaresolusjonen, klarte ikkje Noreg å få inn meir forpliktande tekst med omsyn til internasjonalt samarbeid etter utgangen av Kyoto-avtala i 2012.

UN-HABITAT er den FN-organisasjonen som har ansvar for byutvikling og bustadprogram. Resolusjonen i år om UN-HABITAT bad om auka støtte til organisasjonen sitt arbeid og la vekt på at organisasjonen framleis skulle delta i reformprosessane i FN-systemet.

Som i tidlegare år vedtok Generalforsamlinga ein resolusjon om dei palestinske folka sin suverenitet over naturressursane i dei okkuperte palestinske områda, samt tilsvarande for syrarane på dei okkuperte Golanhøgdene. Resolusjonen ber Israel om ikkje å øydeleggje eller gjere ringare naturressursane i desse områda, og fastset retten til erstatning i dei tilfella dette har hendt. Resolusjonen vart vedteken med stort fleirtal. Berre eit fåtal land, mellom dei USA, Australia og Israel, røysta mot.

5.7 Migrasjon

Migrasjon har segla opp som eit tema som kjem til å prege den internasjonale agendaen i tida som kjem. I 2. komité vart det denne hausten forhandla om rammene for det høgnivåmøtet om migrasjon som skal finne stad under generalforsamlinga hausten 2006. Det vart òg forhandla om kva tema som skulle vere føremål for møtet. G77 ønskte i utgangspunktet generelt formulerte agendapunkt og at dei ulike landa skulle få ta opp det dei sjølve tykte var viktig, medan dei vestlege landa helst ville ha meir konkret definerte tema. Resultatet vart eit kompromiss som alle kunne leve med. Temaa for møtet vil vere «a) internasjonal migrasjon sin verknad på økonomisk og sosial utvikling, b) vern av menneskerettane til migrantar og tiltak for å hindre og bekjempe smugling av migrantar og traficking , c) multidimensjonale aspekt av internasjonal migrasjon, og utvikling, inkludert økonomiske overføringar, og d) fremjing av partnarskap og kapasitetsbygging og utveksling av beste-praksisar på alle nivå, inkludert det bilaterale og regionale nivå, til beste for både landa og migrantane». Migrasjon og utvikling vil òg vere tema for møtet i Kommisjonen for befolkning og utvikling i april 2006.

5.8 Korrupsjon

Korrupsjonsdebatten i 2. komité dreidde seg om utviklingsperspektivet på korrupsjon. Semje om korrupsjonsresolusjonen i år viste seg vanskelegare enn ein hadde trudd, etter at ein i fjor bruka lang tid på å verte samde om formuleringar i tråd med konvensjonen mot korrupsjon, som tok til å gjelde i desember 2005. Debatten heldt fram i år. Vestlege land viste til at over 130 land hadde underskrive konvensjonen, og at det difor var naturleg å skjerpe språket ytterlegare. Somme land som ikkje har underskrive, var imot dette. Det vart til slutt berre små endringar i høve til teksta i fjor.

5.9 MUL-landa

Under debatten om FNs tredje konferanse for minst utvikla land heldt Noreg eit innlegg der det vart lagt vekt både på gjevarlanda og dei minst utvikla landa sitt ansvar for oppfølging av Brussel-handlingsprogrammet. Det vart mellom anna peikt på behovet for å følgje opp G8-forpliktingane om auka offisiell utviklingshjelp og signalisert ein auke i norsk offisiell utviklingshjelp til 1 % og støtte til betre handelsvilkår for dei minst utvikla landa. Noreg var, i tillegg til Storbritannia på vegner av EU, det einaste gjevarlandet som tok ordet under debatten. Resolusjonen om femårsgjennomgangen av Brussel-handlingsprogrammet for dei minst utvikla landa, som skal finne stad neste år, dreidde seg først og fremst om korleis den mellomstatlege avslutninga på prosessen skal gjennomførast. Forhandlingane viste seg uventa vanskelege, og ein enda opp med å votere over ein av paragrafane. Noreg hadde ei fleksibel haldning i forhandlingane, men la vekt på at handlingsprogrammet dreier seg om partnarskap mellom sør og nord, og at det difor var behov for ei tekst med brei oppslutning. G77s framlegg om å arrangere eit høgnivåmøte 19.–20. september, med eit tredagars ekspertmøte i byrjinga, vart vedteke.

Til forsida