St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Allmenne spørsmål

Forhandlingane og debatten i 6. komité gjekk føre seg i ein konstruktiv atmosfære. I 6. komité vert resolusjonane vanlegvis vedtekne med konsensus. Forhandlingane om ein ny terrorismekonvensjon vart førde vidare. Det vart vedteke ein konvensjon om bruk av elektronisk kommunikasjon ved internasjonale kontraktar og ein tilleggsprotokoll til konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell.

Det vart halde felles nordiske innlegg om FNs kommisjon for internasjonal handelsrett (Sverige), om FNs folkerettskommisjon sitt arbeid generelt (Danmark), om fragmentering av folkeretten (Finland), om diplomatisk vern (Noreg), om internasjonale organisasjonars ansvar (Danmark), om delte naturressursar (Noreg), om utvising av utlendingar (Sverige) og om reservasjonar til traktatar (Sverige). Noreg slutta opp om EUs innlegg om spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonens rolle, om tilleggsprotokoll til konvensjon om vern av FN-personell og om tiltak for å nedkjempe internasjonal terrorisme.

9.2 Terrorisme

Ein viktig del av FNs arbeid for nedkjemping av terrorisme skjer i Tryggingsrådet og i Tryggingsrådet sin underkomité som vart oppnemnd i medhald av resolusjon 1373 (2001) – Counter-Terrorism Committee (CTC). Arbeidet til CTC er styrkt gjennom eit eige sekretariat (CTED) med det føremålet å styrkje overvakinga og assistansen til dei medlemslanda som framleis ikkje har gjennomført res. 1373. Tryggingsrådet arbeider òg gjennom 1267-komiteen (Taliban/Al Qaida), 1540-komiteen (nukleær terrorisme) og gjennom arbeidsgruppa for resolusjon 1566 (vurdering av nye tiltak for å styrkje FNs arbeid i nedkjempinga av terrorisme). Generalforsamlinga arbeider med sikte på å få vedteke resolusjonar og folkerettslege instrument om nedkjemping av terrorisme. Generalforsamlinga har oppnemnd ein adhockomité som mellom anna har fått mandat til å forhandle fram ein generell konvensjon mot terrorisme og ein konvensjon mot kjernefysisk terrorisme. Forhandlingane om konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme vart sluttførde på den 59. generalforsamlinga, og Generalforsamlinga vedtok konvensjonen 13. april 2005 med konsensus (resolusjon A/59/290). Toppmøteerklæringa frå opninga av den 60. generalforsamlinga gjev uttrykk for at forhandlingane om ein generell konvensjon mot terrorisme skal sluttførast innan sommaren 2006. Den attståande usemja i desse forhandlingane knyter seg til definisjonen av terrorhandlingar i konfliktsituasjonar. Noreg og alle nærståande land ønskjer ein vid definisjon av terrorhandlingar for gjennom FN å motverke metodar som råkar uskuldige sivile eller spreier frykt i eit folk, uavhengig av motiva for å ta i bruk slike metodar i den einskilde situasjonen. Andre land ønskjer meir vidtgåande unntak frå terrorismekonvensjonen for handlingar som vert gjorde som eit ledd i ein frigjeringskamp eller kamp mot ulovleg okkupasjon. Det er ikkje semje om formuleringa av slike unntak. Det vart likevel vedteke at adhockomiteen skal vidareføre arbeidet med konvensjonen utover våren 2006.

9.3 Vern av FN-personell

Bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell av 9. desember 1994 har vist seg å vere for snever til å gje effektivt vern, særleg for humanitært og anna sivilt personell som deltek i FN-operasjonar utover fredstryggjande operasjonar. Ein adhockomité vart difor oppnemnd for å vurdere tilrådingane frå generalsekretæren om å utvide bruksområdet for konvensjonen. Forhandlingane om ein tilleggsprotokoll som utvidar bruksområdet for konvensjonen, vart sluttførde under den 60. generalforsamlinga, og resolusjon A/60/42 vart vedteken med konsensus 8. desember 2005. Hovudspørsmålet under forhandlingane var kva typar FN-operasjonar som skulle omfattast av det utvida vernet. Løysinga inneber at alle FN-operasjonar med det føremålet å levere humanitær eller politisk hjelp eller utviklingshjelp som ledd i fredsbygging eller å levere humanitær naudhjelp skal omfattast av føresegnene om vern av personell. Ein vertsstat kan likevel fastsetje at han ikkje er bunden av konvensjonen dersom ein FN-operasjon vert gjennomførd berre som ein respons på ei naturkatastrofe. Noreg har saman med nærståande land teke til orde for ei vidast mogleg forståing av omgrepet «fredsbygging», slik at det vernet som konvensjonen gjev, vert mest mogleg effektivt. Vedtakinga av tilleggsprotokollen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre trygge arbeidsvilkår for deltakarar i humanitære operasjonar.

9.4 Andre spørsmål

Generalforsamlingas 6. komité og Folkerettskommisjonen spelar viktige roller i vidareutviklinga og kodifiseringa av folkeretten. Kommisjonen legg årleg fram ein rapport for generalforsamlinga om arbeidet sitt, og 6. komité sa seg nøgd med det arbeidet som kommisjonen har utført i sin 57. sesjon (2005).

Folkerettskommisjonen avslutta ingen tema i år. Noreg kommenterte i innlegg på vegner av dei nordiske landa utkastet til artiklar om diplomatisk vern, som dreier seg om statane sin rett til å intervenere på vegner av individ, først og fremst eigne borgarar. Kommisjonen vedtok i 2004 eit første utkast til artiklar om diplomatisk vern, som dei nordiske landa også har gjeve felles skriftlege merknader til. Dei nordiske landa er i all hovudsak nøgde med det føreliggjande utkastet til artiklar. Noreg heldt også på vegner av dei nordiske landa eit innlegg om temaet delte naturressursar, der det vart hevda at omgrepet «delte naturressursar» er misvisande, og at det er meir treffande å snakke om «grenseoverskridande naturressursar». Kommisjonens spesialrapportør la i den 57. sesjonen under dette temaet fram eit fullstendig utkast til føresegner i ein framtidig konvensjon om grenseoverskridande førekomstar av grunnvatn. Folkerettskommisjonen heldt i sin 57. sesjon fram handsaminga av temaa internasjonale organisasjonars ansvar, einsidige statshandlingar, reservasjonar til traktatar og fragmentering av folkeretten. I tillegg vart to nye tema tekne opp på agendaen til kommisjonen: utvising av utlendingar og verknaden av væpna konfliktar på traktatar.

Til forsida