St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 FNs regulære budsjett for perioden 2006–2007

FNs regulære budsjett for perioden 2006–2007 var hovudpunktet i forhandlingane i 5. komité i haust. I tillegg vedtok ein fleire nye budsjett for FNs fredstryggjande operasjonar og krigsforbrytartribunala. Ein drøfta òg spørsmål knytte til administrativ reform i FN og vedtok å løyve midlar til fleire av dei framlagde reformtiltaka.

FNs regulære budsjett omfattar aktivitetane ved FN-sekretariatet og vert finansiert med pliktige bidrag frå medlemslanda. Noregs bidrag utgjer 0,679 prosent av budsjettet. Budsjettet vert vedteke for ein toårsperiode. Generalforsamlinga vedtok 23. desember 2005 eit regulært budsjett på om lag USD 3,79 mrd. for 2006–2007. Dette representerer ein oppgang på om lag 143 mill. i høve til det endelege budsjettet for perioden 2004–2005.

Denne budsjettramma omfattar løyvingar til tiltak og mandat vedtekne av høgnivåmøtet og finansielle implikasjonar av resolusjonar vedtekne i substansielle komitear i Generalforsamlinga. Nivået baserer seg på tilrådingane frå Den rådgjevande komiteen for budsjettmessige og administrative spørsmål, som låg noko lågare enn generalsekretærens framlegg, men med eit generelt tilleggskutt på 1,75 prosent. I budsjettet ligg det inne auka løyvingar til norske prioriterte område som menneskerettar, kvinnekommisjonen og kontoret for born og væpna konflikt. Det ligg vidare inne i budsjettvedtaka godkjenning av generalsekretærens framlegg til etablering av eit nytt etikk-kontor, vesentleg styrking av FNs overvakingsorgan og ei prinsipptilslutning til at det vert oppnemnt ein uavhengig rådgjevande revisjonskomité. Mandatet for sistnemnde er ikkje fastsett. Budsjettnivået vert vurdert som adekvat, og det er positivt at ein tok nokre steg vidare i reformprosessen.

Men i resolusjonen er det òg bygd inn ein mekanisme som inneber at generalsekretæren har fullmakt til å berre pådra organisasjonen økonomiske forpliktingar på inntil USD 950 mill. (ca. eit halvt års utgifter). Ei vidare fullmakt til å inngå økonomiske forpliktingar føreset eit nytt vedtak i Generalforsamlinga. Dette elementet er bygd inn som pressverkemiddel i reformprosessen, som etter planen frå høgnivåmøtet vil kome i første halvår av 2006.

Budsjettforhandlingane var svært vanskelege. Komiteen viste seg i realiteten å vere vedtaksufør. For å unngå ei finansiell krise for organisasjonen var det naudsynt å bringe forhandlingane over i eit anna spor. Siste fase av forhandlingane vart difor førde i ei lita gruppe av ambassadørar, der Storbritannia, som leiar for EU, også forhandla på vegner av Noreg. USA spela ut tidleg i prosessen at ein føretrekte å ikkje vedta noko budsjett for neste toårsperiode før ein såg resultata av reformprosessen som vart initiert av høgnivåmøtet i september 2005. Ein åtvara både frå norsk og EU si side at denne typen pressverkemiddel ville setje organisasjonen i ei finansiell krise og verke mot føremålet sitt. Noreg åtvara òg mot ei for konfrontatorisk line som ville føre til ytterlegare polarisering i generalforsamlinga. Utviklingslanda uttrykte sterk misnøye med prosessen, som dei tykte var lukka og udemokratisk, og meinte at ein i realiteten berre har vedteke eit seksmånadersbudsjett. USA oppsummerte vedtaket som ein siger.

Taket på USD 950 mill. vil nok verke som eit pressmiddel for visse reformtiltak, men det vil verte ei utfordring å få dei vidare forhandlingane om grunnleggjande og omfattande reform inn i eit konstruktivt spor. I juni 2006 må ein vurdere framdrifta i reformprosessen og ta stilling til om generalsekretæren skal få bruke meir enn ein fjerdedel av budsjettet.

8.2 Finansiering av FNs krigsforbrytardomstolar

Generalforsamlinga vedtok budsjett for krigsforbrytardomstolane i tråd med generalsekretærens framlegg, høvesvis om lag USD 269 mill. for Rwanda og USD 305 mill. for det tidlegare Jugoslavia i 2006–2007. Noreg deltok aktivt i forhandlingane for å få resolusjonen om budsjettet for krigsforbrytardomstolen i Rwanda på plass.

8.3 Finansiering av FNs fredstryggjande operasjonar

FNs fredstryggjande operasjonar vert i utgangspunktet finansierte eitt år om gongen, med eit budsjettår som går frå 1. juli til 30. juni. Budsjettvedtaka for FNs fredstryggjande operasjonar vert hovudsakleg gjorde av Generalforsamlinga i juni kvart år. Men det er også naudsynt å handsame budsjettframlegg for ulike fredstryggjande operasjonar gjennom heile året for å kunne operasjonalisere vedtak som Tryggingsrådet har gjort om vidareføring.

Under sesjonen denne hausten vedtok Generalforsamlinga budsjett på om lag USD 419 mill. for FNs fredstryggjande operasjon i Elfenbeinskysten, USD 516 mill. for FNs fredstryggjande operasjon i Haiti, USD 1,137 mrd. for FNs fredstryggjande operasjon i Kongo og USD 969 mill. for FNs fredstryggjande operasjon i Sudan. Noreg koordinerte forhandlingane om det sistnemnde budsjettet.

Med desse budsjettvedtaka ligg, per 31. desember 2005, det totale budsjettnivået for FNs 15 fredstryggjande operasjonar på vel USD 5 mrd. for perioden 2005–2006. Desse budsjetta vil i det alt vesentlegaste finansierast gjennom pliktige bidrag frå medlemslanda. Noreg sin del er på 0,679 prosent.

8.4 FNs finansielle situasjon

Sjølv om FNs finansielle situasjon ikkje er prekær, har organisasjonen framleis sesongprega likviditetsproblem på grunn av sein og manglande innbetaling frå medlemslanda. Medlemslanda hadde ved utgangen av 2005 ei samla gjeld til FN på om lag USD 2,756 mrd. Av dette var om lag USD 284 mill. til det regulære budsjettet, USD 2,451 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar, USD 12 mill. til krigsforbrytardomstolane og USD 9,5 mill. til oppgradering av bygningsmassen i FN. USA var den største skuldnaren og hadde ved utgangen av 2005 om lag USD 252 mill. i gjeld til FNs regulære budsjett, USD 843 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 12 mill. til krigsforbrytartribunala. Også andre store bidragsytarar som Japan var ved årsskiftet bokførde som skuldnarar til budsjetta for dei fredstryggjande operasjonane (USD 845 mill).

8.5 Personalpolitikken

Politikken og regelverket på dette området vert drøfta i ein toårssyklus og vil kome opp som hovudtema under neste generalforsamling. Som ein del av reformprosessen vart det likevel vedteke endringar i regelverket som skjerper krava til å leggje fram eigenmeldingar om privatøkonomien og som kategoriserer seksuelt misbruk som eit alvorleg brot på FNs åtferdskodeks.

8.6 Tilsyn og kontroll

Tilsyn og kontroll av sekretariatet si verksemd vert utført av Revisorrådet, som utfører revisjon av rekneskapane, FNs kontor for internt tilsyn (OIOS), som har ei rekkje interne overvakings-, etterforskings- og evalueringsoppgåver, og FNs inspektørgruppe, som gjennomfører einskilde gjennomgangar av utvalde delar av verksemda.

I dei seinare åra har det vore ei markert styrking av OIOS. Det gjeld både OIOS" kapasitet og sjølvstenda til kontoret i høve til sekretariatet. OIOS har i dei seinare åra avdekt og rapportert til generalforsamlinga om mellom anna seksuelle overgrep gjorde av FN-soldatar og anna misbruk av stilling, og svake innkjøpsrutinar i organisasjonen. Kontoret vert leidd på undergeneralsekretærnivå, og Inga-Britt Ahlenius (frå Sverige) vart i haust oppnemnd som ny leiar for den neste femårsperioden.

Høgnivåmøtets vedtak i september 2005 innebar ei ytterlegare styrking av dette kontoret. Det vart vedteke at FNs overvakings- og revisjonssystem skal gjennomgåast. Generalforsamlinga følgde opp desse vedtaka gjennom budsjettvedtak. Ein gjennomgang av OIOS og FNs overvakings- og revisjonssystem vil verte lagd fram seinare i inneverande generalforsamling.

Den norske hovudlina er at toppleiinga i FN har ansvaret for å sørgje for å førebyggje misbruk av stilling til personleg eller nærståande si vinning, korrupsjon og anna uetisk eller kriminell åtferd, og for at kulturen i og identiteten til organisasjonen i praksis kviler på prinsippa som er nedfelt i FN-pakta. Ein legg vidare frå norsk side vekt på å styrkje den utøvande leiarskapen i FN slik at ressursane til FN kan forvaltast på ein mest mogleg effektiv måte og i tråd med prioriteringane til medlemslanda. Ein legg frå norsk side òg stor vekt på å styrkje overvakingssystemet og at det skal vere sjølvstendig.

Hovudtyngda av rapportane frå Revisorrådet vil kome til handsaming ved neste års generalforsamling.

Til forsida