St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Saker handsama i plenum

3.1 Generaldebatten

Generaldebatten i år var totalt dominert av oppfølginga og iverksetjinga av toppmøteerklæringa, med mykje fokus også på tusenårsmåla. Innlegga bar såleis i stor grad preg av mange av synspunkta som kom fram under forhandlingane om toppmøteteksta. Vestlege land med USA i spissen argumenterte sterkt for behovet for FN-reform på alle område, medan utviklingslanda la mest vekt på utviklingsaspektet. Eit overveldande fleirtal av landa gav uttrykk for at dei var svært nøgde med at tusenårsmåla gjennom toppmøteerklæringa fekk universell oppslutning, og at fleire land vil auke den offisielle utviklingshjelpa. Behovet for at medlemslanda følgjer opp forpliktingane sine, vart understreka. Noreg og nokre andre gjevarland viste til behovet for overvakingsmekanismar i denne samanhengen.

Tryggingsrådsreform fekk òg ein del merksemd i debatten, særleg frå land tilhøyrande G4-krinsen (Tyskland, Japan, Brasil og India) og konsensusgruppa (leia av Pakistan og Italia) med tilsvarande motstridande argument. Manglande resultat med omsyn til nedrusting og ikkje-spreiing vart òg omtalt av ei rekkje land, og Noreg saman med dei andre landa i 7-landsinitiativet vart oppmoda av mellom andre generalsekretæren til å arbeide vidare med saka. Regionale konfliktar kom meir i bakgrunnen enn tidlegare. Når det gjaldt Midtausten, vart Israels innlegg i større grad enn tidlegare oppfatta som ei utstrekt hand til FN og den arabiske verda, og det var mindre konfronterande utfall frå arabisk hald, med unntak av Iran. Irak vart relativt lite omtalt. Nedkjemping av terrorisme var eit tema mange land la vekt på, ikkje minst Russland, som minna om behovet for å fullføre forhandlingane om ein internasjonal terrorismekonvensjon.

3.2 Toppmøtet om FN-reform

To dagar før opninga av generaldebatten vart toppmøtet om FN-reform halde. Statsminister Bondevik leidde den norske delegasjonen. Utanriksminister Petersen og utviklingsminister Frafjord Johnson deltok òg. Utfallet av toppmøtet vart semje om eit sluttdokument som tek til orde for reform av fleire sentrale sider ved FNs virke. Dei viktigaste vedtaka var oppnemning av ein fredsbyggingskommisjon og eit menneskerettsråd, stadfesting av tusenårsmåla for avskaffing av fattigdom innan 2015 og reformer av FNs administrasjon. I tillegg slutta toppleiarane seg til prinsippet om at alle statar har eit ansvar for å verne sivile mot folkemord, krigsbrotsverk, etnisk reinsing og brotsverk mot menneskja. Mest skuffande var mangelen på omtale av nedrusting og ikkje-spreiingstiltak, der Noreg arbeidde svært aktivt for å få til resultat. Det vart heller ikkje oppnådd semje om ein definisjon av terrorisme eller om reform av Tryggingsrådet.

Sjølv om den endelege teksta er prega av til dels utvatna konsensusbasert språk og på langt nær er så ambisiøs som vi hadde ønskt og som generalsekretæren la opp til i rapporten sin, «In larger freedom», legg dokumentet eit godt grunnlag for vidare reformfreistnader. Forhandlingane før toppmøtet og forhandlingane knytte til iverksetjinga av dei målsetjingane som går fram av toppmøteerklæringa, har vore prega av til dels sterke motsetningar mellom «nord» og «sør» (G77 og USA/EU) og mellom Generalforsamlinga og Tryggingsrådet.

3.3 Oppfølging av FN-toppmøtet 2005

20. desember vedtok Generalforsamlinga og Tryggingsrådet å oppnemne Fredsbyggingskommisjonen. I tillegg til vedtaket om å etablere eit oppgradert naudhjelpsfond (CERF) var dette det viktigaste konkrete resultatet av toppmøtet så langt. Forhandlingane vart langt vanskelegare enn ein hadde venta, på grunn av dei motsetningane som er nemnde ovanfor i punkt 3.2. Resultatet vart at debatten i liten grad handla om arbeidsoppgåvene til kommisjonen, men vart ein dragkamp mellom dei som ønskte ei sterk rolle for Tryggingsrådet, og dei som såg Fredsbyggingskommisjonen som eit høve til å jamne ut makttilhøvet mellom Tryggingsrådet på den eine sida og Generalforsamlinga og ECOSOC på den andre. Resultatet vart at Tryggingsrådet i stor grad vil setje dagsordenen. Kommisjonens organisasjonskomité, som de facto er kommisjonen, får 31 medlemer. Av desse skal sju medlemer veljast frå og av Tryggingsrådet, sju frå ECOSOC, fem av dei ti største finansielle bidragsytarane og fem av dei ti største troppebidragsytarane, og sju medlemer skal veljast direkte frå Generalforsamlinga. Tryggingsrådet har alt gjeve sine fem faste medlemer fast plass i organisasjonskomiteen. Noreg er ein av dei valføre finansielle bidragsytarane. Kommisjonen er venta å tre i kraft våren 2006. Kva landsituasjonar som i første rekkje vil kome på dagsorden, kjem til å verte ein dragkamp mellom ulike interesser.

Ikkje uventa viste dei eigentlege forhandlingane om retningslinene for eit nytt menneskerettsråd, med oppstart i veka etter at arbeidet i tredje komité var fullført, seg utfordrande. Anna var då heller ikkje å vente etter at ein før toppmøtet i september langt på veg måtte melde pass i søkinga etter meir enn ei minimumsløysing. Frå generalforsamlingspresident Eliasson var det ei uttalt målsetjing å sluttføre forhandlingane om eit menneskerettsråd i 2005 for å kunne gjennomføre naudsynte førebuingar før Menneskerettskommisjonen sin truleg siste sesjon i mars–april 2006. Dette viste seg å vere umogleg, og forhandlingane vart vidareførde 11. januar. Etter lange forhandlingar vedtok FNs generalforsamling 15. mars 2006 å opprette eit MR-råd til erstatning for MR-kommisjonen.

Arbeidet med å reformere FNs administrasjon har kome nokre steg vidare, mellom anna ved semje om å etablere eit etikk-kontor, iverksetjing av ei uavhengig evaluering av revisjonsprosessane, gjennomgang av mandat som er eldre enn fem år, osv. I mars 2006 la generalsekretæren fram ein rapport med framlegg om fleire administrative reformar, som Generalforsamlinga vil ta stilling til. Motsetningane mellom G77 og USA/EU har vore openberre på dette området òg, med skulding frå G77-land om at dette berre speglar ein vestleg agenda.

Når det gjeld oppfølginga av utviklingsspørsmåla i toppmøteerklæringa, leverte gjevarlanda på mange måtar før toppmøtet; dette gjeld både EUs opptrapping av den offisielle utviklingshjelpa og G8s gjeldssletteinitiativ og Afrika-fokus. Når ein òg lukkast med å verte samde om ei substansiell tekst om utviklingsspørsmål i toppmøteerklæringa, stod ein i desse spørsmåla i ein annan situasjon enn det ein gjorde med omsyn til Fredsbyggingskommisjonen, Menneskerettsrådet, CERF og administrativ reform. Likevel meinte utviklingslanda at ein ikkje heilt kunne sleppe tak i utviklingsspørsmåla, og det vart difor etter kvart bestemt at ein også under generalforsamlinga skulle leggje opp til konsultasjonar om utvikling i to spor: eitt om oppfølginga av toppmøtet generelt og eitt om ECOSOC-reform. Med omsyn til førstnemnde var intensjonen å få avklart nærare kva organ som skulle følgje opp kva forpliktingar i toppmøteerklæringa, samt sørgje for at det vart etablert mekanismar for å kontrollere at dette faktisk vart gjort. Kynisk sett kan dette skildrast meir som ein eksersis for å gje inntrykk av aktivitet også på utviklingsområdet for å demme opp for kritikk frå G77 om einsidig fokus på den «vestlege reformagendaen». Det er likevel von om at ein vil lukkast med å gjere einskilde vedtak for å gjere ECOSOC meir relevant som «overvakar» av status for oppnåing av tusenårsmåla og meir attraktiv som møteplass. Det synest for eksempel å gå i retning av at ein i ein årleg «Ministerial Review» på hovudsesjonen til ECOSOC freistar å samle også overvakingsoppgåvene til andre organisasjonar i eit felles møtepunkt for tusenårsmål, mellom anna. I denne samanhengen ønskjer ein å trekkje inn bidrag frå Verdsbanken og OECD/DAC.

Ei anna hovudsak er å gje ECOSOC ei tyngre rolle i utviklingsspørsmål ved mellom anna å etablere eit årleg utviklingsforum på ECOSOC sin sesjon. Dei andre framlegga til endringar i ECOSOC er førebels relativt kosmetiske, men det ligg fleire omstridde tema under overflata, særleg når det gjeld medlemslandas kontra generalsekretærens autoritet med omsyn til humanitær hjelp og prioriteringane til FNs utviklingsorganisasjonar. Når det gjeld dei konkrete vedtaka om utviklingsspørsmåla i toppmøteerklæringa, visest det til den seinare omtala av resultata frå miljø- og utviklingskomiteen (2. komité).

I punkt 57 g) av toppmøteerklæringa stadfesta statsleiarane målet om universell tilgang til reproduktive helsetenester innan 2015, og vidare at denne målsetjinga skulle integrerast i det rammeverket som er etablert for å «måle» utviklinga i høve til dei såkalla tusenårsmåla. Noreg var sentral i arbeidet med utforminga av denne teksta. I etterkant av toppmøtet vart det likevel klart at ei slik inkludering i rammeverket for tusenårsmåla, med eit eige mål og eigne indikatorar for reproduktiv helse, ikkje var like velkomen hjå alle. Saman med Nederland og dei andre nordiske landa engasjerte Noreg seg for å sikre at toppmøteerklæringa på dette punktet vart etterlevd i praksis, mellom anna med brev frå dei nordiske utviklingsministrane til ulike leiarar i FN-systemet. Eit eige mål for reproduktiv helse vil no verte inkludert i rammeverket for tusenårsmåla, men vil i påvente av generalsekretærens rapport om toppmøteoppfølginga ikkje verte gjennomført før i 2006.

I punkt 169 i toppmøteerklæringa erkjente statsleiarane i verda behovet for ei effektivisering av miljøaktivitetane i FN-systemet og var samde om å greie ut om det kan skapast eit meir einsarta institusjonelt rammeverk for å imøtekomme dette behovet. Presidenten i generalforsamlinga har teke opp denne tråden, og konsultasjonar mellom medlemslanda for å bringe denne reformagendaen vidare vil finne stad i 2006. Noreg er mellom dei landa som har teke til orde for å etablere ein meir vidtfemnande FNs miljøorganisasjon, grunna på det noverande FNs miljøprogram (UNEP).

I formuleringane om eit meir heilskapleg FN på landnivå heiter det at FNs øvste representant (det vere seg generalsekretærens spesialrepresentant eller dei stadlege representantane for FN) må gjevast meir autoritet og ressursar, men òg verte meir ansvarleg for heilskapen. I tråd med norske synspunkt vert det òg peikt på at rammeverket for leiing, programutforming og evaluering må verte meir heilskapleg i dei einskilde landa. Det er likevel fleire land som ikkje er så glade i eit altfor straumlineforma FN; USA er uroleg for at ikkje løyvde midlar fullt ut skal kunne følgjast fram til utbetaling. Somme større utviklingsland ser seg heller ikkje tente med at FN er for samkøyrt og sterk som partnar overfor nasjonale styresmakter.

Toppmøtet oppmoda generalsekretæren om å leggje fram forslag til meir omfattande reformar av dei operasjonelle aktivitetane til FN. I etterkant av toppmøtet oppretta generalsekretæren eit høgnivåpanel for å sjå på korleis ein betre kan organisere arbeidet til FN med humanitær hjelp og utviklings- og miljøhjelp. Statsminister Jens Stoltenberg har takka ja til ein førespurnad frå generalsekretæren om å leie dette panelet, saman med statsministrane frå Pakistan og Mosambik. Panelet skal leggje fram sin rapport til den 61. generalforsamlinga.

3.4 Reform av Tryggingsrådet

Spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet overskygde svært ofte andre viktige tema i prosessen som førte fram til toppmøtet 2005. Det har òg hatt innverknad på oppfølgingsprosessen fordi sentrale støttespelarar har sett oppnemninga av Fredsbyggingskommisjonen som ein kompensasjon for manglande utviding av Tryggingsrådet, og både Tyskland og Japan vurderer difor nærast kommisjonen som sin. Trykket gjekk likevel ut av G4-initiativet (Tyskland, Japan, India og Brasil) før toppmøtet, og det er ingen som har bruka mykje tid på sjølve utvidingsspørsmålet sidan generaldebatten.

Det er brei semje om at det er behov for å utvide Tryggingsrådet for at Rådet skal spegle dei geografiske realitetane på 2000-talet. På den andre sida er det så stor usemje om korleis utvidinga skal gjerast, at dei ulike partane nøytraliserer kvarandre. Ein lukkast ikkje å kome fram til semje i samband med toppmøtet, og spørsmålet vart difor overlate til presidenten for den 60. generalforsamlinga, som vart beden om å leggje fram ein rapport om status for spørsmålet før utgangen av 2005.

Presidentens rapport har likevel ikkje noko framlegg til korleis ein skal løyse den gordiske knuten. På ei side står G4-landa Japan, Tyskland, India og Brasil, som ønskjer utviding til 25 plassar og fast medlemskap for seg sjølve. På ei anna side står «konsensusgruppa», leidd av Italia og Pakistan, som motset seg ei utviding av Tryggingsrådet utan at det skjer med konsensus. Konsensusgruppa er mot nye faste medlemer. Den formelle grunngjevinga er at ei slik reform vil vere så fundamental at ho berre kan gjennomførast dersom alle er samde. Men under ligg ei uro over dei endringane i regional maktfordeling ei utviding med nye faste medlemmer vil føre til. USA ønskjer Japan, som nest største bidragsytar til FN, som nytt fast medlem og kan godta ei utviding til 21–22 medlemer. Kina vil blokkere Japans tilgang til Tryggingsrådet inntil Japan tek eit skikkeleg oppgjer med krigshistoria si. Den afrikanske unionen ønskjer utviding til 26 medlemer, og to av desse skal vere faste medlemer frå Afrika, med veto.

Det var nettopp AUs krav om 26 medlemer og veto som i juli/august 2005 hindra G4 i å leggje fram framlegget sitt til ein resolusjon. G4 var heilt avhengig av afrikansk støtte for å få naudsynt fleirtal for resolusjonen sin. Men dei afrikanske krava ville ikkje oppnå naudsynt fleirtal, og dermed ville òg eit G4-framlegg ha vorte røysta ned.

President Eliassons løysing er å halde fram arbeidet i den såkalla opne arbeidsgruppa for utviding av Tryggingsrådet. Denne arbeidsgruppa har no fungert i nærare 15 år utan å ha medverka til å kome nærare noka løysing.

Det einaste som kan bringe prosessen framover no, er at fleire av partane justerer primærstandpunktet sitt. Det vert arbeidd med å utvikle nye posisjonar som skal auke sjansane for semje, men dette vil truleg ta tid.

I tillegg til spørsmålet om utviding har det parallelt vore ein diskusjon om arbeidsmetodane til Tryggingsrådet. Ei gruppe på fem land, Costa Rica, Jordan, Liechtenstein, Singapore og Sveits (også kalla little-P5) har sirkulert eit utkast til generalforsamlingsresolusjon. Stikkord er ansvarleggjering av medlemene, meir openheit i arbeidet til Tryggingsrådet og fastlagde prosedyrar og vilkår for når P5 kan bruke veto. P5, særleg USA, har avvist ideen, med den grunngjevinga at Tryggingsrådet sjølv fastset møteføresegnene sine.

3.5 Fredsbyggingskommisjonen

FN har gode resultat når det gjeld å forhindre krig mellom statar, men har organisatoriske veikskapar som gjer effektiv samordning vanskeleg når det gjeld å førebyggje eller stanse interne konfliktar og hjelpe svake statar som nyleg har kome ut av ein intern konflikt. Med bakgrunn i dette vedtok toppmøtet i september 2005 at det skulle oppnemnast ein fredsbyggingskommisjon, og ein bad generalsekretæren etablere eit støttekontor for fredsbygging i FN-sekretariatet og eit fleirårig ståande fond for fredsbygging.

Like før jul vart Fredsbyggingskommisjonen oppnemnd ved vedtak i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet. Noreg la i forhandlingane vekt på at kommisjonen måtte få den naudsynte fleksibiliteten til å kunne gje raske råd i spesifikke landsituasjonar, og at arbeidet måtte rettast inn mot å betre tilhøva for dei konfliktramma landa. Ein la vidare vekt på at ressursmobilisering ville verte ei viktig oppgåve. Forhandlingane vart langt vanskelegare enn ein hadde venta på førehand, og handla i liten grad om arbeidsoppgåvene til kommisjonen. Diskusjonen gjekk mellom dei som ønskte ei sterk rolle for Tryggingsrådet, og dei som såg Fredsbyggingskommisjonen som eit høve til å jamne ut makttilhøvet mellom Tryggingsrådet på den eine sida og Generalforsamlinga og ECOSOC på den andre. Resultatet vart at Tryggingsrådet i stor grad vil setje dagsordenen for arbeidet til kommisjonen.

Fredsbyggingskommisjonen vil, i tillegg til å mobilisere ressursar, medverke til tidleg å samle dei viktigaste aktørane som er aktive i dei aktuelle landsituasjonane i overgangen frå krig til fred, rundt heilskaplege fredsbyggingsstrategiar. Dette gjeld FN-systemet, viktige gjevarland, troppebidragsytarar, regionale aktørar, internasjonale finansinstitusjonar og representantar frå det landet det gjeld. Det er særskilt nemnt at det er viktig å ta med kvinnene sin situasjon i konfliktar.

Kommisjonens organisasjonskomité, som de facto er kommisjonen, får 31 medlemer. Av desse skal sju medlemer veljast frå og av Tryggingsrådet, sju frå ECOSOC, fem av dei ti største finansielle bidragsytarane til FN totalt sett og fem av dei største troppebidragsytarane, og sju medlemer skal veljast direkte frå Generalforsamlinga. Noreg er per i dag ein av dei valføre finansielle bidragsytarane. Kommisjonen er venta å tre i kraft og starte arbeidet sitt våren 2006.

Støttekontoret for fredsbygging vil mellom anna vere sekretariat for Fredsbyggingskommisjonen og medverke til strategisk tenking i planleggingsprosessen i fredsbyggingsoperasjonar. Fondet for fredsbygging skal gje rask assistanse til fredsbyggingsaktivitetar i ein tidleg fase. Noreg har lova 200 millionar kroner til fondet.

3.6 Humanitære spørsmål

Debatten om styrking av FNs samordning av humanitær hjelp tok naturleg nok utgangspunkt i dei ferske erfaringane frå naudhjelpsarbeidet i Pakistan. Mange tok opp behovet for nye strategiske grep i FN for å sjå humanitær hjelp og langsiktig utviklingssamarbeid i samanheng. OCHA og særleg naudhjelpssamordnar Jan Egeland fekk mykje ros for den måten arbeidet etter jordskjelvkatastrofa i Pakistan har vorte utført på, og for den generelle innsatsen for betre samordning av den humanitære innsatsen. Semja om behovet for eit oppgradert fond (Central Emergency Response Fund ) var òg stor, samtidig som det kom klart fram at ei rekkje medlemsland framleis slit med mange usvara spørsmål om modalitetane for fondet. Dette dreidde seg om revisjonsrutinar, kriterium for tildeling, samansetjing av ei rådgjevande gruppe, osv.

I forhandlingane om resolusjonen om styrking av FNs samordning av humanitær hjelp var det først og fremst teksta om fondet som det var vanskeleg å kome til semje om. Fleire land ville ha detaljerte føringar om modalitetane og ein klar instruks til generalsekretæren om styrking av det mellomstatlege samarbeidet på det humanitære området. Det var òg vanskeleg å oppnå semje om språk med omsyn til styrking av humanitære koordinatorar. Somme land ønskjer ikkje ei styrking av humanitære koordinatorar, og resolusjonen måtte difor «skrivast om» i høve til sluttdokumentet frå toppmøtet på dette området.

Når det gjeld resolusjonen om tryggleik for FN-personell, var det først og fremst omtale av tilleggsprotokollen til konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell, som vart vedteken under den 60. generalforsamlinga, som det var vanskeleg å kome til semje om. Elles var resolusjonen ei oppdatering av teksta frå i fjor.

I motsetning til under generalforsamlinga i fjor vart det i år oppnådd semje om ein substansiell resolusjon om støtte til minetiltak (4. komité). Det var likevel svært vanskelege forhandlingar om alt frå tittelen på resolusjonen, omtale av den første tilsynskonferansen i Nairobi i 2004 og ikkje-statlege aktørar, til etablering av ein internasjonal markeringsdag. Det vart oppnådd semje om ein internasjonal markeringsdag 4. april.

3.7 Miljø

På agendaen til generalforsamlinga stod òg val av 29 medlemer av UNEPs «Governing Council». Valet følgde rotasjonsordningar i dei regionale gruppene, og det trongst såleis ikkje votering. Ein valperiode er på fire år, og annakvart år vert halve rådet skifta ut. Noreg sit for tida ikkje i UNEP-rådet. Frå vestgruppa vart Australia, Austerrike, Belgia, Canada, Frankrike, Tyskland og USA valde.

Også oppnemning av ny UNEP-leiar og leiar av UN-HABITAT stod i år på dagsordenen til Generalforsamlinga. I denne typen stillingar er det generalsekretæren som står for oppnemningane, medan Generalforsamlinga berre formelt godkjenner i etterkant. Tyskaren Achem Steiner vart utnemnd til ny UNEP-leiar i midten av mars i år. Børge Brende var norsk kandidat til denne stillinga. Anna Tibaijuka vil halde fram i sin andre periode som leiar av UN-HABITAT.

3.8 Hiv/aids

Generalforsamlinga vedtok å halde eit globalt møte i tidsrommet 31. mai–2. juni 2006 for å gjere opp status for vidare satsing i kampen mot hiv/aids i lys av at det er fem år sidan «Declaration of Commitments» vart vedteken. Dei to første dagane av møtet vil vere ein fagleg gjennomgang, der søkjelyset vil verte retta mot korleis erklæringa om nedkjemping av hiv/aids frå 2001 har vorte gjennomført i praksis, og kva ein må gjere for å lukkast med å skalere opp innsatsen. Den siste dagen vil vere eit høgnivåmøte, der ein tek sikte på politisk representasjon på ministernivå. Noreg var aktivt med i forhandlingane om modalitetane for møtet, mellom anna for å sikre best mogleg deltaking for frivillige organisasjonar.

I lys av dei enorme belastingane på offentlege helsesystem som hiv/aids, naturkatastrofar og moglege utbrot av epidemiar som fuglevirus utgjer, vedtok Generalforsamlinga også ein resolusjon om styrking av kapasiteten i dei offentlege helsesystema i medlemslanda. Noreg tok saman med EU og andre opp den akutte helsepersonellkrisa som mange land i dag opplever, og fekk inn tekst om dette i resolusjonen. Elles vart det understreka at det er viktig med tidleg varsling av epidemiar og rask spreiing av informasjon.

Generalforsamlinga i FN vedtok òg ein resolusjon om global vegtrafikktryggleik. Bakgrunnen for resolusjonen er dei rundt 1,2 mill. dødsfalla og rundt 15 mill. skadetilfella som vegtrafikken er årsak til kvart år. WHO arbeider på vegner av FN-systemet systematisk med denne problemstillinga, særleg overfor utviklingsland med aukande vegtrafikk der både adekvat regelverk og oppfølging frå offentlege styresmakter ofte er mangelfull. Nytt i resolusjonen er innføringa av den tredje søndagen i november som global minnedag for trafikkoffer.

3.9 Migrasjon

Migrasjon har segla opp som eit tema som kjem til å prege den internasjonale agendaen i tida som kjem. I 2. komité vart det denne hausten forhandla om modalitetane for det høgnivåmøtet om migrasjon som skal finne stad under generalforsamlinga hausten 2006. Det vart òg forhandla om kva tema som skulle takast opp på møtet. G77 ønskte i utgangspunktet generelt formulerte agendapunkt og at dei ulike landa skulle få ta opp det dei sjølve tykte var viktig, medan dei vestlege landa helst ville ha meir konkret definerte tema. Resultatet vart eit kompromiss som alle kunne leve med.

3.10 Afrika-spørsmål

Debatten om Afrika-spørsmål var prega av positive ordelag om NEPAD som kontinentet si eiga drivkraft i arbeidet for utvikling, tryggleik og fred. Det var lite usemje om NEPAD-resolusjonen i år, som låg svært nær resolusjonen i fjor. I teksta vart det teke med ei tilvising til verdien av African Partnership Forum, der Noreg skal vere medformann neste år. Det vart òg vedteke ein resolusjon om oppfølginga av generalsekretæren si tilråding i rapporten om «Årsaker til konflikt og fremjing av fred og berekraftig utvikling i Afrika», med vekt på kontinentet sine ulike initiativ som Den afrikanske unions freds- og tryggingsråd og det ansvaret som det internasjonale samfunnet har for å støtte opp om desse.

3.11 Regionale konfliktar

Handsaminga av dagsordenspunkta om Midtausten og Palestina-spørsmålet vart i stor grad ei gjentaking av tidlegare år. Skal ein trekkje ein hovudkonklusjon frå debatten, må det vere at dei moderate arabiske landa gav Israel honnør for tilbaketrekkinga frå Gaza, men at tilbaketrekkinga samtidig hadde skapt forventingar i regionen om ei oppfølging på Vestbreidda. USA og Canada tok opp att bodskapen om at resolusjonane ikkje hadde noka konstruktiv rolle og berre medverkar til å polarisere Generalforsamlinga og skjerpe skilja mellom partane. Ein samleresolusjon (med ein politisk og ein humanitær del) om Afghanistan vart vedteken med konsensus. I dei fleste innlegga i debatten vart Afghanistan rost for gjennomføringa av eit vellukka val og for fullføringa av Bonn-avtala. Vidare framheva mange at det er viktig at det internasjonale samfunnet held fram med å gje støtte. Samtidig vart det påpeikt at Afghanistan framleis står overfor store utfordringar, der tryggleiken, DDR-tiltak og narkotikaproblemet er dei viktigaste.

3.12 Havretts- og fiskerispørsmål

FNs havrettskonvensjon av 1982 tok til å gjelde i 1994. Frå då av har Generalforsamlinga hatt ei årleg handsaming av gjennomføringa av konvensjonen og andre utviklingstrekk på havrettsområdet. Generalforsamlinga si handsaming av spørsmål knytte til hav- og fiskeriforvalting var også i år ein arena for profilering av Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det vart vedteke ein resolusjon om havretten og ein resolusjon om berekraftige fiskeri, medrekna gjennomføring av FN-avtala om fiske på ope hav.

Det norske hovudinnlegget fokuserte mellom anna på den komande evalueringskonferansen for FN-avtala om fiske på ope hav, som skal finne stad i mai 2006, og dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane si rolle i høve til denne avtala. I tillegg vart det fokusert på berekraftig forvalting av levande marine ressursar og vern av det marine miljøet, og dessutan maritim tryggleik.

Under den 59. generalforsamlinga var vern av sårbare habitat på havbotnen, mellom anna kaldtvasskorallar, mot skadelege fiskeriaktivitetar eit svært omdiskutert tema. Etter vanskelege forhandlingar vedtok Generalforsamlinga ei oppmoding til statane om å vurdere mellombels forbod mot skadeleg fiskeripraksis, medrekna botntråling. Noreg var her ein viktig pådrivar for å få dette gjennom. Også under den 60. generalforsamlinga var det sterkt fokus på dette temaet. Dette må sjåast som eit signal om at temaet er utfordrande, og at dette vil verte eit viktig spørsmål når tiltak med utgangspunkt i vedtaket i 2004 skal vurderast på den 61. generalforsamlinga i 2006.

Etablering av marine verneområde (Marine Protected Areas) utanfor nasjonal jurisdiksjon (ope hav) har vore og er framleis eit viktig og omdiskutert tema. Vesentlege spørsmål er mellom anna korleis ein skal etablere slike område, og kva restriksjonar som skal gjelde. Somme argumenterer for at ein må forhandle fram nye rettslege instrument for å regulere spørsmål som er relaterte til etablering av verneområde, medan mellom andre Noreg hevdar at naudsynt vern må sikrast gjennom eksisterande instrument og organisasjonar, til dømes FNs skipsfartsorganisasjon (IMO) og regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar. Under den 59. generalforsamlinga vedtok ein å oppnemne ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på spørsmåla i tilknyting til etableringa av slike område. Arbeidsgruppa skal halde sitt første møte i februar 2006.

3.13 Den internasjonale straffedomstolen

Rapporten frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vart for første gong presentert direkte i plenum og ikkje i 6. komité. USA var i utgangspunktet imot dette, men valde til slutt å ikkje kome med innvendingar under prosedyrevedtaket i saka. Handsaminga av ICC er dermed sidestilt med dei andre internasjonale domstolane; Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda (ICTR), som òg rapporterer direkte til plenum. Det var stor oppslutning om den etterfølgjande debatten, der 26 land, mellom dei Noreg, heldt innlegg for å uttrykkje støtte til domstolen.

ICCs president, Philippe Kirsch, framheva særleg at to viktige milesteinar var nådde sidan førre generalforsamlinga: Mexico ratifiserte Roma-vedtektene som land nr. 100 den 28. oktober 2005, og domstolen utferda sin første arrestordre den 8. juli 2005. Kirsch understreka elles at det er viktig å vareta tryggleiken for domstolens personell, og framheva òg dei mange praktiske utfordringane etterforskingsarbeidet inneber med omsyn til logistikk, transport og kommunikasjon. Han la òg vekt på at ICC er heilt avhengig av at statane samarbeider på fleire område dersom han skal kunne lukkast i arbeidet sitt.

Noreg gav i innlegget sitt domstolen honnør for framdrifta i arbeidet det siste året og uttrykte dessutan von om at talet på statspartar ville halde fram å auke i same takt i tida framover. Samtidig vart det understreka frå norsk side at ICC er heilt avhengig av at statane samarbeider og inngår naudsynte avtaler med domstolen. Noreg la i den samanhengen særleg vekt på avtala om privilegium og immunitet for domstolen og oppmoda andre land til å ratifisere eller slutte seg til denne avtala så raskt som råd.

Resolusjonen til støtte for ICC, der Noreg var medforslagsstillar, vart òg handsama direkte i plenum og vedteken med konsensus. USA heldt, slik som i fjor, ei røysteforklaring for å presisere at dei distanserte seg frå konsensus, men tonen elles var likevel etter måten forsonleg.

3.14 Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda

Det vart halde ein felles debatt i samband med framlegginga av dei to domstolane sine årsrapportar i plenum. Noreg heldt eit eige innlegg.

Nordmannen Erik Møse, president for ICTR, framheva at arbeidet i Rwanda-domstolen hadde hatt god framdrift. Domstolen hadde i siste rapporteringsperiode avsagt dom i ytterlegare tre saker og hadde no sidan 1997 avsagt dom i til saman 25 saker. Møse trekte fram domstolens fem rettssaker med fleire straffetiltalte som særleg utfordrande, på grunn av at det var store og komplekse rettssaker. Den nye rettssalen, delvis finansiert av Noreg, hadde vore avgjerande for å auke effektiviteten til domstolen. Møse forsikra at domstolen ville halde fristen for avslutning av alle rettssaker innan 2008, i samsvar med kravet frå Tryggingsrådet i resolusjon 1503.

Presidenten for ICTY, Theodor Meron, rapporterte for siste gong til Generalforsamlinga som president for domstolen. Han understreka at domstolen hadde gjort store framsteg trass i dei vanskane ein står overfor. Domstolen hadde handsama rekordmange saker i året som gjekk, og fire saker hadde vorte overførde til nasjonale domstolar. Meron etterlyste på nytt betre samarbeid frå statane i regionen med omsyn til lokalisering og arrestasjon av tiltalte på frifot, og poengterte at ettermælet til domstolen ville verte sterkt svekt dersom tiltalte på høgt nivå ikkje også vart stilte for retten. Auka samarbeid frå serbisk side vart særleg etterlyst i denne samanhengen. Meron påpeikte òg at det var viktig at medlemslanda betalte inn dei pliktige bidraga sine til budsjettet i tide for å unngå å bremse arbeidet til domstolen.

I den etterfølgjande debatten la Noreg vekt på at det som domstolane gjer, er viktig for å skape rettferd i Rwanda og i det tidlegare Jugoslavia og for å utvikle ein internasjonal rettsorden for nedkjemping av straffridom for grove internasjonale brotsverk. Noreg roste domstolane for det effektive arbeidet dei hadde gjort med avviklingsstrategiane og understreka at det var viktig at medlemslanda samarbeider med domstolane.

3.15 Val av dommarar til Den internasjonale domstolen i Haag

Generalforsamlinga valde Thomas Buergenthal (USA), Kenneth Keith (New Zealand), Leonid Skotnikov (Russland), Mohamed Bennouna (Marokko) og Amor Sepulveda (Mexico) til nye faste dommarar i Den internasjonale domstolen i Haag for ein periode på ni år.

3.16 Ungdomsspørsmål

Til skilnad frå tidlegare år vart debatten i år om spørsmål knytte til ungdom halden i form av to møte i plenum på generalforsamlinga. På denne måten markerte ein at det var ti år sidan World Programme of Action for Youth to the Year 2000 and Beyond vart vedteke i 1995. Fokuset for møta var ei evaluering og ein gjennomgang av kvar ein står globalt i gjennomføringa av handlingsprogrammet. Før arrangementet vart også World Youth Report 2005 lansert. Rapporten slår fast at over 200 millionar unge og ungdom lever i fattigdom, 130 millionar kan ikkje lese og skrive, 88 millionar er utan arbeid og 10 millionar lever med hiv/aids. Det vart òg halde eit uformelt interaktivt rundebord dagen før plenumsmøta i Generalforsamlinga med tittelen Young people: Making Commitments Matter . På rundebordet deltok i tillegg til medlemsstatar også observatørar, FN-organisasjonar og ikkje-statlege ungdomsorganisasjonar. Noreg heldt fram tradisjonen med å vere representert med to ungdomsrepresentantar på generalforsamlinga. Desse deltok både på rundebordet og i debatten i plenum på generalforsamlinga. Ved sistnemnde høve heldt ein av ungdomsrepresentantane – Victoria Uwonkunda (flyktning til Noreg frå Rwanda) – det norske ungdomsinnlegget i år. Innlegget fokuserte i stor grad på born og ungdom som offer i væpna konflikt og deira situasjon som flyktningar, samt dei særlege rettane som born og unge har som asylsøkjarar, og dei forpliktingane mottakarlanda har i denne samanhengen. Innlegget vart svært godt motteke av medlemslanda i Generalforsamlinga.

Til forsida