St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Allmenne spørsmål

Årets haustsesjon i generalforsamlinga vart som kjent avvikla like i etterkant av toppmøtet om FN-reform i september 2005. Av vedtaka som vart gjorde på toppmøtet på menneskerettsområdet, må særskilt nemnast doblinga i dei neste fem åra av den regulære budsjettstøtta til kontoret til Høgkommissæren for menneskerettar. Vidare vart det vedteke at Menneskerettskommisjonen (sidan 1946 FNs fremste menneskerettsorgan) skal avløysast av eit nytt menneskerettsråd. Vedtaka på toppmøtet hadde på fleire vis innverknad også på det etterfølgjande arbeidet om menneskerettsspørsmål i tredje komité.

For det første er det grunn til å tru at dei svært lange føregåande forhandlingane om slutterklæringa frå toppmøtet la ein viss dempar på det regulære arbeidet i komiteen. Det tradisjonelt sett svært dynamiske og til tider svært heite forhandlingsklimaet var i år noko mindre dominerande. I tillegg hadde toppmøtet innverknad på arbeidet i komiteen ved at det var knytt stor sensitivitet til kvart spørsmål som kunne oppfattast som ei forskottering av gjennomføringa og iverksetjinga av slutterklæringa. Endeleg greidde ein før toppmøtet ikkje å verte samde om dei nærare rammene for det nye menneskerettsrådet (mandat, storleik, medlemskap osv.). Dette medførte at det vart avvikla konsultasjonar om desse spørsmåla parallelt med komiteens ordinære arbeid. Dette skapte i år ein særleg krevjande arbeidssituasjon i komiteen – ikkje minst for mindre delegasjonar. I ettertid viste det seg likevel at ein heller ikkje greidde å kome til semje om rammene for det nye menneskerettsrådet under haustsesjonen til Generalforsamlinga. Forhandlingane måtte følgjeleg vidareførast på nyåret 2006.

Etter lange forhandlingar vedtok FNs generalforsamling 15. mars 2006 å opprette eit MR-råd til erstatning for MR-kommisjonen. Resolusjonen blei etter krav frå USA vedteke med votering der 170 statar stemte for, USA, Israel, Marshall-øyene og Palau stemte mot og 3 statar var avhaldande. USA var uroa over samansetjinga av Rådet og ville ha garantiar for at det ikkje skulle bli dominert av land som er kjende for grove brot på menneskerettane.

Det er imidlertid innteke kriteriar for val av medlemene og sytt for kontroll av at medlemene overheld menneskerettane. Dette var vurdert som tilstrekkeleg både av framtredande menneskerettsorganisasjonar og altså av det store fleirtall av FNs medlemsstatar. USA har på si side forsikra at dei vil samarbeide med Rådet.

Den viktigaste skilnaden frå dagens Menneskerettskommisjon, og det som gjer etableringa historisk, er at FNs menneskerettsarbeid er oppgradert, ved at Rådet skal vere direkte underlagt Generalforsamlinga. Dessutan vil Menneskerettsrådet vere eit permanent organ og ikkje berre møtast til ein sesjon ein gong i året. Dette gjer at Rådet på ein heilt annan måte enn Kommisjonen kan overvake menneskerettssituasjonen i verda.

Menneskerettsrådet tar med seg noko av det beste frå Menneskerettskommisjonen, nemleg systemet med spesialrapportørar for bestemte tema og land. Rådet skal også samarbeide med dei ulike komitéane oppretta under FNs menneskerettskonvensjonar, bl.a. FNs menneskerettskomité. Andre viktige trekk ved Rådet er at alle FNs medlemsstatar skal leggjast under periodisk menneskerettskontroll. Det er også viktig at frivillige organisasjoner er sikra ei fortsatt viktig rolle i Rådets arbeid. Menneskerettsrådets første sesjon begynner 19. juni 2006.

Frå norsk side vart det under generalforsamlinga i år presentert heile tre resolusjonar på menneskerettsområdet: 1) CEDAW-resolusjonen (på vegner av dei nordiske landa), 2) resolusjonen om vern av internflyktningar og 3) resolusjonen om menneskerettsforsvararar.

Det viste seg også i år utfordrande å få støtte for tekstframlegga frå alle medlemsstatane i FN. Trass i dette vart både resolusjonen om menneskerettsforsvararar og resolusjonen om vern av internflyktningar, etter lange og vanskelege forhandlingar, vedtekne med konsensus. Dette må karakteriserast som eit svært godt resultat når ein tenkjer på sensitiviteten til desse temaa og dagens generelt vanskelege forhandlingsklima på menneskerettsområdet. Alle resolusjonane som Noreg presenterte under årets tredje komité, hadde dessutan fleire medforslagsstillarar enn førre gongen dei vart fremja.

Resolusjonen om konvensjonen om avskaffing av kvinnediskriminering (CEDAW-resolusjonen) vart òg vedteken med støtte frå ein overveldande majoritet av medlemsstatane i FN. Dette skjedde gjennom ei votering som USA bad om, og der dei som einaste land røysta mot teksta. Grunnlaget for den amerikanske motstanden mot resolusjonen var dei auka kostnadene som resolusjonen i år påfører FN-systemet (og dermed indirekte USA som FNs største nominelle bidragsytar). Såleis utvidar resolusjonen den årlege møtetida til overvakingskomiteen for CEDAW-konvensjonen. Vidare vert komiteen splitta i to for innleiande handsaming av rapportane frå statspartane. Dei nordiske statane meinte at begge tiltaka var heilt naudsynte for å setje komiteen i stand til å minske dagens store restanse av rapportar frå statspartane til overvakingsorganet.

I tillegg til eit særskilt fokus på dei tre ovannemnde resolusjonane la ein frå norsk side under generalforsamlinga i år særleg vekt på resolusjonane om barnerettane, vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme, tortur, urfolk, og kvinne-/jenterettane.

Det norske hovudinnlegget i komiteen var i stor grad konsentrert rundt forhandlingane om oppnemninga av eit nytt menneskerettsråd. I denne samanhengen påpeikte ein frå norsk side mellom anna høva til å skape eit nytt og betre hovudorgan i FN for menneskerettsspørsmål. Samtidig åtvara Noreg mot «å kaste bornet ut med badevatnet». Såleis vart det understreka at det internasjonale menneskerettsmaskineriet, som er bygd opp mødesamt gjennom nesten 60 år, hadde fleire gode sider som ein måtte sikre vart vidareførde av eit nytt organ. Vidare var det norske innlegget mellom anna konsentrert rundt avskaffing av dødsstraff, vern av menneskerettsforsvararar, vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme, og behovet for at ein på menneskerettsområdet aukar fokuset på gjennomføring og handheving av rettane som alt eksisterer.

6.2 Menneskerettssituasjonen i einskildland

Parallelt med at ein søkte å meisle ut rammene for eit nytt menneskerettsråd, la EU, Canada og USA også i år fram fleire såkalla landresolusjonar i tredje komité. Denne typen resolusjonar har eit særskilt fokus på menneskerettssituasjonen i einskildland. Resolusjonane har gjennom ei årrekkje vore omstridde og vert oppfatta som svært stigmatiserande av dei statane dei vert retta mot. Såleis skuldar mellom andre ei rekkje statar resolusjonar av denne arten for å vere eit verkemiddel for vestlege regjeringar til fordømming av svakare og fattige utviklingsland. Det vert vidare hevda at resolusjonane er lite konstruktive som verkemiddel til å fremje menneskerettane og betre situasjonen for einskildindivid i statane som det er tale om. Resolusjonane vert tradisjonelt først og fremst støtta av vestlege og/eller utvikla statar. Denne rollefordelinga medverkar til auka spenningar på menneskerettsområdet, mellom anna langs aksen nord–sør. Frå vestleg side er ein uvillig til å heilt avskaffe bruken av slike resolusjonar. Ikkje minst fordi dette er eit av dei svært få verkemidla ein har overfor statar og regime som grovt neglisjerer dei internasjonale forpliktingane sine på menneskerettsområdet.

Det gjorde seg gjeldande ei viss frykt for at forhandlingar om landresolusjonar ville ha negativ innverknad på dei parallelle forhandlingane om Menneskerettsrådet. Noko uventa vart likevel heile seks av i alt sju landresolusjonar (om høvesvis Iran, Burma, Usbekistan, Turkmenistan, Nord-Korea og DRC) vedtekne etter votering. Resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Sudan vart likevel, paradoksalt nok, ikkje vedteken. Dette var på grunn av ei prosessuell innvending (framlegg om å ikkje handsame substansen i teksta) frå den afrikanske gruppa. Forslaget fekk støtte frå eit fleirtal av medlemsstatane i FN. Som medforslagsstillar til alle landresolusjonane var Noreg i kjernegruppa av støttespelarar til tekstene. Vidare røysta Noreg mot den prosessuelle innvendinga som forhindra at Sudan-resolusjonen vart vedteken.

Trass i at nesten alle landresolusjonane i år vart vedtekne, er det med ei viss uro grunn til å merkje seg at ein tidlegare ikkje har hatt like mange prosessuelle innvendingar mot landresolusjonar som i år. Såleis er det neppe grunn til å ta det høge talet på vedtekne landresolusjonar til inntekt for eit mindre vanskeleg klima med omsyn til desse spørsmåla. Framleis er det med andre ord markert og djuptgåande usemje mellom medlemsstatane i FN om bruken av landresolusjonar og einskilde andre menneskerettsspørsmål. Ikkje minst gjeld dette der einskildland vert utsett for kritikk. Dette vert oppfatta av mange statar som utidig innblanding i interne tilhøve i strid med prinsipp om sjølvråderett og suverenitet.

6.3 Urfolk

Fokuset under årets generalforsamling om urfolk var i stor grad retta mot vedtakinga av handlingsprogrammet for det andre urfolkstiåret. Sjølve vedtaket om at det skal finne stad eit andre urfolkstiår, i direkte forlenging av det første (1994–2004), vart gjort alt under den 59. generalforsamlinga (2004).

Handlingsprogrammet for det andre tiåret vart vedteke på grunnlag av eit utkast til program som var utarbeidt av FN-sekretariatet si avdeling for økonomiske og sosiale spørsmål (DESA). Både medlemsstatar (medrekna Noreg) og FNs fond og program, har i førebuingsprosessen kome med innspel. Noreg var medforslagsstillar til resolusjonen (fremja av Ecuador, Peru og Guatemala) som gjorde at programmet vart vedteke. Ved vedtakinga av handlingsprogrammet er det identifisert seks innsatsområde der det i det neste tiåret vil vere behov for særskilde tiltak om ein skal nå målsetjinga om å skape betre levevilkår for urfolk i verda. Desse områda er 1) kultur, 2) utdanning, 3) helse, 4) menneskerettar, 5) miljø og 6) økonomisk og sosial utvikling.

I debatten om urfolksspørsmål i Generalforsamlinga var det også i år stor merksemd knytt til behovet for å ferdigstille FNs urfolkserklæring. Noreg heldt på sedvanleg vis eit innlegg om urfolk saman med dei andre nordiske landa. Innlegget gav støtte til handlingsprogrammet for det nye urfolkstiåret. Vidare tok ein frå nordisk side til orde for at arbeidet med den internasjonale urfolkserklæringa (påbyrja i 1994) må fullførast så snart som mogleg. Spesialrapportør for urfolksspørsmål, Rodolfo Stavenhagen (Mexico), identifiserte i innlegget sitt tre hovudutfordringar for dagens internasjonale urfolksarbeid: 1) utrydding av ekstrem fattigdom, 2) grunnutdanning for alle og 3) vern av urfolk i væpna konfliktar. Stavenhagen understreka at fattigdom utgjer eit av dei grovaste brota på menneskerettane, og at urfolk vert ramma særleg hardt av fattigdom samanlikna med andre grupperingar. Spesialrapportør Stavenhagen retta òg særskilt søkjelyset mot at fattigdom blant urfolk går særleg utover kvinnene.

6.4 Kvinner

Handsaminga av likestillingsspørsmål under den 60. generalforsamlinga fall saman i tid med femårsmarkeringa av tryggingsrådsresolusjon 1325 (2000) om kvinner, fred og tryggleik. Vidare fann debatten stad like i kjølvatnet av fleire avsløringar om seksuelle overgrep utført av FNs fredstryggjande styrkar. Debatten i komiteen vart i så måte prega av kvinnene si rolle i konfliktløysing og fredsbygging. På den eine sida fokuserte mange land på behovet for vern av kvinner i fredsoperasjonar og postkonfliktområde. På den andre sida vart behovet for å inkludere kvinner i konfliktløysing og fredsbyggingsprosessar understreka som ein føresetnad for å unngå tilbakefall til konflikt, noko som skjer i 50 % av alle konfliktar. Det var difor stor semje om at mange av desse problemstillingane botnar i manglande gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1325, og at det er eit stort behov for nasjonale strategiar for gjennomføring.

6.5 Born

Årets debatt om barnerettane fokuserte i grove trekk på nasjonale strategiar for å betre helsetilbodet, utdanninga og dei sosiale tilboda for born og det rettslege vernet av borna. Vidare var det også i år eit sterkt fokus på gjennomføring av og respekt for den tilnærma globalt aksepterte barnekonvensjonen og tilleggsprotokollane til barnekonvensjonen. Noregs innlegg fokuserte mellom anna på vald mot born og statane si plikt til å verne born mot alle former for både fysisk og mental vald. Eit særleg fokus vart sett på born i sårbare grupper som minoritetar, lågkasteborn, innvandrarborn og born i væpna konflikt. Noreg uttrykte vidare sterk støtte til arbeidet med den globale studien om vald mot born. Studien er under utarbeiding av FNs uavhengige ekspert, professor Paulo Pinheiro (Brasil). I denne samanhengen presiserte ein frå norsk side òg at det var viktig at arbeidet med vald mot born ikkje tek slutt med Pinheiros rapport. Vidare understreka det norske innlegget at det var viktig at FNs nye rapporterings- og overvakingsmekanisme om born og væpna konflikt (CAAC) får dei ressursane som krevst for å kunne fungere slik det var meint.

Tradisjonen tru vart resolusjonen om barnerettar framlagt som eit felles tiltak av EU og ei stor gruppe latinamerikanske land. Noreg var også i år medforslagsstillar til teksta. Nytt av året var at teksta fokuserte særskilt på situasjonen for born som er smitta og har fått merke følgjene av hiv/aids. Det vert på dette viset lagt opp til at resolusjonen i dei komande åra skal ha fokus på eit særskilt tema som så årleg vil fornyast. Born og fattigdom er valt som tema for resolusjonen under neste års generalforsamling.

I tillegg til den generelle resolusjonen om barnerettar la ei gruppe sørafrikanske utviklingsland (SADC) med Namibia i spissen fram ein resolusjon med særleg fokus på jenteborn. Noreg stilte for første gong som medforslagsstillar også til denne resolusjonen. Dette vart gjort ikkje minst fordi resolusjonen på fortenestfullt vis tek opp ei rekkje tradisjonelt vanskelege tema. Under dette inneheld teksta mellom anna omtale av jenters seksuelle og reproduktive helserettar. Dette er eit tema som også under generalforsamlinga i år vekte ikkje liten motstand frå ei rekkje meir «verdikonservative» statar. Den sistnemnde krinsen har tradisjonelt motførestellingar mot FN-tekster som, gjennom meir eller mindre nærliggjande fortolking, kan takast til inntekt for eit liberalt syn på abortproblematikken. Dette trass i at spørsmål knytte til jenters seksuelle og reproduktive helserettar dreier seg om langt fleire og andre spørsmål – for eksempel behovet for informasjon for å hindre ytterlegare spreiing av hiv/aids osv. Elles anerkjenner teksta òg det internasjonale arbeidet for å styrkje standardane for nedkjemping av seksuell utnytting og misbruk av jenteborn og set fokus på «fistula» (underlivsskadar som oppstår ved fødslar, og som unge jenter er særskilt utsette for), som er eit utbreidd helseproblem i einskilde regionar i verda.

6.6 Menneskerettar og terrorisme

Som i tidlegare år fekk vernet av individet sine menneskerettar i kampen mot terrorisme stor merksemd under generalforsamlinga i år. Verda har også i 2005 opplevd ei rekkje terroraksjonar i ulike kulturar og i ulike verdshjørne. Aksjonane har naturleg nok fått stor merksemd hjå presse og media og har vorte møtt med global fordømming. Samtidig har særleg media og det sivile samfunnet i stadig høgare grad også retta søkjelyset mot dei uakseptable verkemidla som tidvis vert tekne i bruk i kampen mot terrorisme. Frå norsk side deler ein uroa over den utsette stillinga som menneskerettane har i kampen mot terrorisme. Noreg såg det difor naudsynt i hovudinnlegget sitt i tredje komité å på nytt understreke behovet for at kampen mot terrorisme må førast innanfor rammene av folkeretten og med respekt for grunnleggjande menneskerettar. Vidare støtta Noreg den årlege meksikanske resolusjonen om fremjing og vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme. Føremålet med resolusjonen i år var i første rekkje å konsolidere mandatet til spesialrapportøren for fremjing og vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme, som vart etablert under menneskerettskommisjonen i Genève våren 2005.

6.7 UNHCR

FNs høgkommissær for flyktningar fokuserte på tre hovudutfordringar for UNHCR – å konfrontere intoleranse, leggje tilhøva til rette for asylsøkjarar og vere ein effektiv brubyggjar mellom naudhjelp og meir langsiktig utviklingssamarbeid. Høgkommissæren uttrykte seg svært positivt til oppnemning av ein fredsbyggingskommisjon. Høgkommissæren påpeikte at det er store utfordringar når det gjeld internflyktningar. I debatten vart det gjeve mykje ros til UNHCR for opptrappinga av arbeidet med internflyktningar, samtidig som det vart presisert at engasjementet til organisasjonen på dette området ikkje må gå på kostnad av UNHCRs hovudmandat.

Til forsida