St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredstryggjande operasjonar (4. komité)

7.1 Vest-Sahara

Resolusjonen om Vest-Sahara vart på nytt vedteken med konsensus etter at han under generalforsamlinga i 2004 vart teken til votering for første gong sidan 1989. Men Marokko truga også denne gongen først med å bryte konsensus. Algerie la fram eit resolusjonsutkast som var tilnærma identisk med teksta frå 2004, med unntak av referansar til resolusjonar som har vorte vedtekne seinare. Marokko hevda at utkastet var ubalansert og i for stor grad la vekt på tryggingsrådsresolusjon 1495 (2003), som uttrykkjer støtte til fredsplanen som er framlagd av generalsekretærens tidlegare spesialutsending for Vest-Sahara, James Baker (den såkalla Baker-planen). Når Marokko likevel gjekk med på konsensus, vart dette grunngjeve med at dei ønskte å medverke til å skape ein betre atmosfære før den første vitjinga til regionen av generalsekretærens nye spesialutsending Peter van Walsum og drøftingar i Tryggingsrådet om framtida til MINURSO (MINURSO = UN Mission for the Referendum in Western Sahara).

7.2 Midtausten

Handsaminga av situasjonen i Midtausten følgde dei same spora som under tidlegare generalforsamlingar. Det var små endringar i røystemønsteret frå tidlegare år, men i innlegga og debatten var det optimisme å spore på grunn av Israels tilbaketrekking frå Gaza. Mellom anna gav fleire av dei moderate arabiske landa Israel honnør for tilbaketrekkinga. Samtidig vart det understreka at ein hadde klare forventingar om at israelsk tilbaketrekking ikkje ville ende med Gaza, men at ein no kunne kome attende til ein politisk prosess, og at tilbaketrekking frå Vestbreidda ville vere ei naturleg følgje av tilbaketrekkinga frå Gaza.

Resolusjonsforhandlingane vart, som tidlegare, i realiteten førde mellom palestinarane og EU utan noka utprega rolle for dei andre medlemslanda. Diskusjonen mellom dei to partane stod om tilvisinga til Israels tilbaketrekking frå Gaza. Dei kom fram til ei løysing som vart retningsgjevande for alle relevante resolusjonar i komiteen.

Noreg la i debatten vekt på det positive ved den israelske tilbaketrekkinga, og understreka at den vidare prosessen må bringast inn under vegkartet. I høve til situasjonen i området understreka Noreg behovet for at palestinske styresmakter effektivt kjempar mot terrorisme, og at Israel har eit ansvar for å leggje til rette for økonomisk vekst og auka velstand i dei palestinske områda.

Canada endra røystemønsteret sitt frå tidlegare og røysta imot ytterlegare ein resolusjon. I debatten sa Canada at fleirtalet av resolusjonane om Midtausten og palestinarane sin situasjon ikkje tener noko anna føremål enn å polarisere Generalforsamlinga, og tok til orde for ei rasjonalisering av arbeidet.

7.3 Fredstryggjande operasjonar

FN er ein svært stor aktør som leiar av internasjonale fredsoperasjonar, særleg på det afrikanske kontinentet. Talet på personell i FN-leidde operasjonar er meir enn femdobla sidan år 2000. I januar 2006 deltek ca. 85 000 personell – militære, politi og sivile – i 15 operasjonar, og sju av desse er i Afrika.

I generaldebatten om FN-leidde operasjonar heldt visegeneralsekretær Jean-Marie Guéhenno eit opningsinnlegg der han særleg framheva at kapasiteten til FNs avdeling for fredstryggjande operasjonar (DPKO) er under vedvarande press. DPKO har personell til å kunne vareta oppstart av ein kompleks operasjon over tolv månader, medan Tryggingsrådet i 2004 påla DPKO oppstart av fire operasjonar.

Han understreka òg at FN støttar AUs operasjonar og utvikling av ein afrikansk fredstryggjande kapasitet, både på politisk og teknisk nivå. DPKO har likevel ingen eigen budsjettpost til slik støtte, og meir kunne ha vore gjort med ein betre budsjettsituasjon.

Etablering av ein fredsbyggingskommisjon og eit støttekontor for fredsbygging vil kunne vere eit svært positivt tilskot til ei betre samordning av fredsbyggjande aktivitetar. Vidare omtalte han område som seksuelle overgrep gjorde av militære, politi og sivile i FN-operasjonar, gjennomføring av ein ståande politistyrke, auka samarbeid med regionale operasjonar, utvikling og gjennomføring av lokale etterretningskapasitetar og vidare behov for auka fokus innanfor områda leiing og reform med tilvising til FN-toppmøtet.

Dei fleste nasjonane fokuserte på behov for ein gjennomgang av struktur og arbeidsmetodar i DPKO for å sikre at avdelinga har dei ressursane som krevst for å vareta dagens oppgåver. I tillegg omtalte mange nasjonar dagens manglande tryggleik for FN-personell, verdien av solid oppfølging når det gjaldt tiltak for å førebyggje og forhindre seksuelle overgrep, behov for gjennomgang av FNs beredskapssystem (UNSAS), utvikling av samarbeidet mellom troppebidragsytarar, Tryggingsrådet og sekretariatet og behovet for ein klar «exit strategy» for den militære komponenten.

Det norske innlegget fokuserte på styrking av afrikansk fredstryggjande kapasitet, behov for auka samarbeid mellom FN og regionale/multinasjonale organisasjonar, intensivering av arbeidet for å hindre seksuelle overgrep, behov for styrking av den uniformerte kapasiteten i DPKO, behov for ein einsarta kommandostruktur, meir fokus på tryggingssektorreform, behov for gjennomføring av lokale etterretningskapasitetar, og til slutt i innlegget ei klar melding om at Noreg vil auke dei sivile og militære bidraga sine til FN.

Til forsida