St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

2 Erklæring frå formannen, Brussel 14. juni 2007

Møte i NATO–Russland-rådet på forsvarsministernivå

NATO–Russland-rådet (NRC) møttest 14. juni på forsvarsministernivå for å diskutere det forsvarspolitiske og militære samarbeidet mellom medlemsstatane i NRC og aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål.

Ministrane såg positivt på at den russiske føderalforsamlinga nyleg har ratifisert styrkestatusavtalen for PFP, eit viktig steg på vegen mot utvida praktisk militært samarbeid.

Ministrane drøfta eit breitt spekter av føreliggjande samarbeidsinitiativ, mellom anna førebuingane til den andre overføringa av russiske marineressursar til operasjon Active Endeavour, forlenginga av NRC-prosjektet for opplæring av afghansk og sentralasiatisk personell i tiltak mot narkotika og pågåande fagmilitært samarbeid.

Ministrane slutta seg til to dokument: ein framdriftsrapport om gjennomføringa av den politisk-militære rettleiinga om auka interoperabilitet mellom styrkar frå Russland og NATO-land og eit innleiande konsept for ein strategisk visjon som skal tene som rettesnor for det stadig meir praktiske og operative NRC-samarbeidet.

Ministrane diskuterte ei rekkje aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål, mellom anna missilforsvar og CFE-avtalen. Ministrane minte om verdien av NRC som eit forum for konstruktiv dialog i spørsmål som det er semje om, og for å skape klarleik og forståing der det er usemje.

Ministrane såg fram til føreståande arrangement i St. Petersburg og Moskva som skal markere tiårsjubileet for NATO–Russland-grunnakta og femårsjubileet for NRC.

Til forsida