St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

7 Erklæring frå formannen

Møte i NATO–Russland-rådet på utanriksministernivå i Brussel, fredag 7. desember 2007

På møtet i Brussel 7. desember 2007 gav utanriksministrane i NATO–Russland-rådet på ny uttrykk for kor viktig NRC framleis er som eit unikt forum for opne og dynamiske politiske meiningsutvekslingar. Trass i alvorleg usemje om CFE-avtalen, endeleg status for Kosovo og spørsmål knytte til missilforsvar konstaterte dei at den politiske dialogen dei imellom i seinare tid har vore ekstra aktiv, også i spørsmål der NRC ikkje er einaste forhandlingsforum. Ministrane vedgjekk at utfordringar finst, men stadfeste at dei er forplikta til NATO–Russland-rådet som ein verdifull arena for å søkje felles posisjonar.

I denne samanhengen var ministrane samde om å utvide og intensivere den politiske dialogen i NRC og utveksla synspunkt på Kosovo, Afghani­stan, framtida for CFE-regimet og kampen mot terrorisme, og dei førte vidare diskusjonane om missilforsvar og omdanning av NATO.

Ministrane sa seg på ny forplikta til å forfølgje samarbeidsprosjekt av felles interesse, slik stats- og regjeringssjefane i NRC gav mandat til i Roma i 2002. Dei slo fast at det praktiske samarbeidet i NRC ikkje har nådd sitt fulle potensial enno, og var samde om at dei framleis skulle sjå etter nye samarbeidsområde innanfor NRC-ramma.

Ministrane stadfeste at NRC er bestemt på å halde fram med samarbeidet i kampen mot terrorisme, og dei gledde seg over det vedvarande russiske bidraget til operasjon Active Endeavour og såg fram til at russiske militære ressursar skulle spele ei aktiv rolle i 2008 og 2009.

Ministrane var samde om at medlemsstatane i NRC har ei grunnleggjande felles interesse av internasjonal innsats for å fremje fred og stabilitet i og rundt Afghanistan, og avgjorde at samarbeidet til støtte for denne innsatsen skulle halde fram. I denne samanhengen såg dei positivt på den vellukka fullføringa av den innleiande fasen i NRC-pilotprosjektet om opplæring av afghansk og sentralasiatisk personell i tiltak mot narkotika og på igangsetjinga av den andre prosjektfasen i januar 2008. Ministrane var oppmuntra over framgangen i NRC-arbeidet om missilforsvar i operasjonsområde og såg fram til den datamaskinassisterte øvinga som skulle haldast i Tyskland i januar 2008. Ministrane understreka vidare at forsvars- og militærsamarbeid var viktig, og var samde om å arbeide vidare med det. Dei gledde seg over at systemet etter samarbeidsinitiativet om luftrom har nærma seg endeleg operativ kapasitet, og merkte seg NRC-arbeidet innan ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen.

Ministrane var samde om å leggje til rette for ytterlegare styrking av den publikumsretta informasjonen om aktivitetane i NRC, mellom anna ved å utnytte den nyopna NRC-nettstaden optimalt.

Til forsida