St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

7 Nye utfordringar

7.1 Missilforsvar

Utgreiinga av eit territorialt alliert missilforsvar i regi av NATO er basert på oppdrag som stats- og regjeringssjefane våre gav på toppmøta i Praha i 2002 og i Riga i 2006. Arbeidet med dette blei vidareført i 2007. Men då USA i byrjinga av året inn­leidde bilaterale konsultasjonar med Tsjekkia og Polen om å byggje høvesvis radaranlegg og utskytingsrampar for avskjeringsrakettar i dei to landa som ein del av eit amerikansk missilforsvarssystem, blei rammene for diskusjonen i NATO endra. Det var ikkje lenger aktuelt å drøfte eit eige alliert missilforsvarssystem som skulle verne om heile alliansen, for det ville duplisere det planlagde amerikanske systemet.

Spørsmålet blei snarare om og eventuelt korleis NATO kunne knyte seg til det amerikanske systemet, og korleis dei områda på alliert territorium som ikkje blei dekte av eit slikt system, kunne sikrast tilsvarande vern. Det gjeld i første rekkje Tyrkia, Hellas og delar av Romania og Bulgaria.

Noreg er eitt av dei NATO-landa som har stilt seg mest kritisk til utviklinga av allierte missilforsvarskapasitetar. Denne haldninga er basert på ei samla vurdering av trusselen og faren for at eit system kan føre til eit nytt rustingskappløp. Regjeringa har elles vore betenkt over det generelle tilhøvet til Russland og andre tredjeland, og over uvissa som knyter seg til kostnader og teknologiske utfordringar målt mot det ekstra vernet eit eventuelt missilforsvar kan gje for norsk territorium. Desse synspunkta blei fremja aktivt frå norsk side i diskusjonane i NATO i 2007.

Debatten i NATO viste brei semje blant andre allierte om at dersom det skal etablerast eit amerikansk system som dekkjer det meste av Europa, så er det naturleg å knyte seg til det. Ei slik tilknyting kan sikre alliansen innsyn og påverknad på det amerikanske systemet. Vidare blir det utgreidd om NATO bør utvikle eit komplementært missilforsvarssystem som kan gje alle allierte same vernet anten dei blir omfatta av det amerikanske systemet eller ikkje. Ei slik tilnærming er i samsvar med prinsippet om den udelelege tryggleiken, som er ein grunnleggjande premiss i NATO-samarbeidet.

Russland reagerte negativt på dei amerikanske planane i 2007. Frå russisk side blei det uttrykt frykt for at det amerikanske systemet skulle inngå i eit større globalt system som samla sett kunne svekkje Russlands eiga kjernefysiske avskrekkingsevne. På russisk side hadde ein òg ei anna vurdering av trusselbiletet. I lys av dei sterke russiske motførestillingane og konsekvensane som kunne ramme samarbeidet med Russland, la Noreg difor stor vekt på å engasjere Russland i ein tettast mogeleg dialog med NATO. Noreg oppmuntra til jamleg kontakt mellom USA og Russland i dette spørsmålet.

7.2 Rustingskontroll og nedrusting

Konkrete tiltak til rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing har i lang tid vore sentrale mål for NATO og viktige for den overordna alliansetryggleiken. NATO-landa har lagt ned eit stort arbeid for å fremje desse måla både i det euroatlantiske området og globalt. I praksis har likevel mykje av arbeidet gått føre seg nasjonalt og i andre forum, mellom anna FN og OSSE. NATO har heller ikkje vore effektive når det gjeld å informere publikum om kva alliansen faktisk utrettar på desse områda.

Mot denne bakgrunnen tok Noreg og Tyskland i 2007 initiativ for å styrkje NATO-engasjementet innan rustingskontroll og nedrusting. Dette initiativet blei først møtt med ein viss skepsis frå fleire land som meinte at NATO ikkje hadde meir å tilby på dette feltet, men etter aktivt norsk og tysk arbeid fekk det etter kvart breiare oppslutnad. På utanriksministermøtet i NATO i Brussel 7. desember 2007 var det såleis semje om å gje alliansen ein høgare profil i desse spørsmåla, mellom anna ved å identifisere område der innsatsen kan aukast. I samband med dette var det semje om å sjå på mogelege tiltak både med omsyn til konvensjonelle våpen, kjernefysiske våpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Vidare blei rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing understreka som viktige tema i samarbeidet med partnarlanda, saman med støtte til arbeid som andre internasjonale organisasjonar gjer. Arbeidet med å konkretisere avgjerda til utanriksministrane blei følgt opp i samband med toppmøtet i Bucuresti 2.–4. april 2008 og skal òg følgjast opp på lengre sikt.

Regjeringa ser på semja om å setje desse spørsmåla høgare på NATO-dagsordenen, mellom anna pålegget om å setje i gang arbeid med å definere konkrete tiltak, som eit viktig gjennombrot på eit høgt prioritert område. Noreg tek sikte på å spele ei leiande rolle også i den vidare oppfølginga av dette arbeidet.

7.2.1 CFE-avtalen

President Putin varsla i april 2007 at Russland akta å innføre eit einsidig moratorium på russisk etterleving av avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen). Bakgrunnen var sterk russisk misnøye med at NATO-landa ikkje ratifiserte den reviderte CFE-avtalen som på OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999 erstatta den opphavlege CFE-avtalen. Den reviderte avtalen var tilpassa den tryggingspolitiske situasjonen etter den kalde krigen, men etter Istanbul-møtet har det vore usemje mellom NATO-landa og Russland om vilkåra for iverksetjing av avtalen. Det siste året har NATO-landa utarbeidd nye forslag til løysingar slik at avtalen kan tre i kraft, men Russland har ikkje akseptert forslaga.

Dei allierte har møtt den russiske misnøya over manglande ratifikasjon med å minne om at Russland på Istanbul-møtet gav lovnader om å trekkje tilbake militære styrkar og materiell frå Georgia og Moldova som ikkje er fullt ut innfridde. Så snart det er gjort, kan ratifikasjonsprosessen gå sin gang.

Etter at president Putin hadde åtvara om suspensjon av avtalen, la NATO-landa fram fleire forslag til korleis problema kunne løysast, men det var heile tida manglande russisk vilje til å vurdere forslaga. I staden suspenderte Russland 12. desember 2007 einsidig sine plikter etter CFE-avtalen.

Regjeringa seier seg svært lei for dette. Avtalen er ein svært vellukka konvensjonell nedrustings- og rustingskontrollavtale som har vore medverkande til vesentleg reduksjon av rustingsnivået innanfor sitt dekningsområde. Sidan avtalen tredde i kraft i 1992, er meir enn 60 000 stridsvogner, pansra kampvogner, artillerieiningar, angrepshelikopter og kampfly fjerna frå europeisk territorium gjennom verifisert destruksjon. Avtalen fastset òg geografisk definerte styrkeavgrensingar og har omfattande informasjons- og verifikasjonsføresegner. For å unngå ei ytterlegare svekking av avtalen vedtok difor dei allierte å oppfylle han for sin eigen del inntil vidare, og å vidareføre dialogen med Russland. Vidareføringa av denne linja blei stadfest på toppmøtet i Bucuresti.

For Noreg er ikkje minst dei særlege materiellavgrensingane i flankane, og spesielt i nordområda, av stor verdi. Regjeringa legg difor stor vekt på å vidareføre dialogen med Russland med sikte på å komme fram til ei løysing på dei uteståande problema og dermed bevare CFE-regimet som ein tryggingspolitisk berebjelke i Europa.

7.3 Energitrygging

Stats- og regjeringssjefane vedtok på toppmøtet i Riga i 2006 å setje i gang eit arbeid med å vurdere kva rolle alliansen kunne spele innan sikring av kritisk energiinfrastruktur. Vedtaket blei gjort ut frå den erkjenninga at stans i tilgangen på vitale energiressursar kan verke inn på allierte tryggingsinteresser. Det blei lagt til grunn som ein føresetnad for ei slik rolle at NATO må tilby meirverdi, og at NATO-rolla må koordinerast med nasjonal og annan internasjonal innsats.

Oppfølginga av denne avgjerda i 2007 avdekte visse motsetnader blant allierte med omsyn til ambisjonsnivået. Desse motsetnadene gjaldt primært i kva grad det er aktuelt for NATO å ta stilling til meir politiske konfliktar knytte til energiforsyning, og kor vidt NATO skal ta på seg å verne om kritisk infrastruktur også utanfor alliert land- og sjøterritorium. Ei anna konfliktlinje kom for dagen i synet på Russland – nokre allierte viste til det dei oppfatta som politisk bruk av energileveransar frå Russland, og brukte det som argument for ei sterkare NATO-rolle på dette området.

Som einaste større energieksporterande medlemsland i NATO heldt Noreg ein høg profil i diskusjonen. Frå norsk side blei det argumentert for ei praktisk rolle for alliansen i vernet av kritisk infrastruktur, men òg for ei mogeleg støtterolle i annan innsats. Eit vesentleg poeng var å finne ei rolle for NATO i partnarsamanheng, med spesiell vekt på korleis berøringspunkta med Russland kunne utnyttast innanfor rammene av NRC. Endeleg blei det frå norsk side lagt stor vekt på at NATO ikkje måtte duplisere andre organisasjonar som har eit hovudansvar på dette området. IAEA peikar seg særleg ut i den samanhengen.

7.4 Vern mot dataangrep

Arbeidet med vern mot dataangrep («cyber defence») i NATO skaut fart i 2007 i kjølvatnet av angrepet på Estland same våren. Det var semje i alliansen om at dataangrep, anten som enkeltståande og isolerte hendingar eller i kombinasjon med eit væpna angrep, kunne utgjere ei fundamental tryggingsutfordring. Oppfølginga av vedtaket frå toppmøtet i Riga om å forbetre vernet av informasjonssystem av kritisk verdi for alliansen blei diskutert vidare på forsvarsministermøtet 14.–15. juni 2007. I desember 2007 var det alliert semje om premissane for ei tilnærming som opnar for koordinerte tiltak ved dataangrep, og denne skal vidareutviklast fram mot toppmøtet i Bucuresti.

Til forsida