St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

8 Den sivile dimensjonen

8.1 NATO-innsats i humanitære kriser

NATO-innsatsen i dei humanitære kriseoperasjonane etter orkanen Katrina i USA i september 2005 og jordskjelvkatastrofen i Pakistan fram til februar 2006 opna for ein diskusjon i alliansen om kva rolle NATO skulle spele i humanitære kriser. Somme allierte stilte seg skeptisk til ei slik rolle med den grunngjeving at NATO er ein militær organisasjon som berre skal ta på seg reint militære oppgåver. Eit stort fleirtal av allierte meinte derimot at NATO måtte kunne stille ressursar til rådvelde dersom alliansen på denne måte kunne støtte opp om humanitær innsats og redusere lidingane ved katastrofar av større omfang.

Noreg hadde ei positiv innstilling til ei slik støtterolle basert på den premissen at NATO må tilby meirverdi og ikkje utvikle eigne kapasitetar på det humanitære området. Det er etter norsk syn viktig å unngå duplisering av den innsatsen FN og andre sivile aktørar anten gjer eller kan gjere billegare. Frå norsk side blei det vidare lagt vekt på at innsatsen må baserast på ei oppmoding frå landet som er råka, vere i tråd med etablerte retningslinjer, må koordinerast av FN og må sjåast i samanheng med innsats frå andre organisasjonar, også humanitære.

8.2 Sivil beredskap

Sivil beredskapsplanlegging og sivil krisehandtering er primært eit nasjonalt ansvar, men framveksten av internasjonale terrornettverk og truslar om bruk av masseøydeleggingsvåpen stiller særlege krav som nasjonale ressursar åleine ikkje alltid kan oppfylle. Hovudformålet med den sivile beredskapsplanlegginga i NATO er å samordne og oppnå ein mest mogeleg effektiv bruk av nasjonale sivile ressursar for å støtte opp om dei strategiske allianseoppgåvene og å verne sivilbefolkninga og infrastrukturen i tilfelle naturkatastrofar, krig eller terroranslag. Det sivile beredskapsmiljøet i NATO er aktivt med når alliansen yter bidrag etter humanitære katastrofar, som etter jordskjelvskatastrofen i Pakistan i 2006.

Sivil beredskap har òg ein vesentleg partnardimensjon som det største ikkje-militære programmet innanfor EAPC. Det omfattar mellom anna katastrofeberedskap, retningslinjer for bruk av sivile ressursar ved militær krisehandtering og humanitær bistand etter katastrofar.

I tråd med ønsket vårt om å styrkje det praktiske samarbeidet med partnarane var Noreg difor i 2007 ein pådrivar i arbeidet med å fullføre felles retningslinjer for å styrkje EAPC-landa i evna til å handtere kjemiske, biologiske, radioaktive og kjernefysiske angrep og ulukker.

Frå norsk side var ein òg oppteken av å utvikle samarbeidet om sivil beredskapsplanlegging innanfor ramma av NATO–Russland-rådet. Noreg vil såleis vere vertsnasjon for ei felles sivil krisehandteringsøving i 2009. Det er nedsett ei gruppe i NATO som forutan Noreg består av Tyskland, USA, Italia, Ungarn og Russland, og som har teke på seg ansvaret for å planleggje fellesøvinga.

8.3 Kvinner, fred og tryggleik

Noreg og nokre andre allierte tok i 2007 til orde for ei aktiv oppfølging frå NATO-hald av UNSCR 1325 om kvinner, fred og tryggleik. På dette grunnlaget fekk dei militære NATO-styresmaktene i oppdrag å utforme konkrete forslag til korleis kjønnsperspektivet kunne inkluderast i det militære arbeidet, med særleg fokus på alle fasar i NATO-leidde operasjonar. Arbeidet byggjer på ei erkjenning av at ei samla tilnærming til stabilitet og gjenreising også må omfatte kjønnsperspektivet.

8.4 Menneskehandel

NATO-politikken mot menneskehandel blei vedteken på toppmøtet i Istanbul i 2004 etter eit felles norsk-amerikansk initiativ. Det inneber at alliansen aktivt skal vere på vakt mot og reagere på menneskehandel i samband med sine operasjonar. Partnarane i EAPC har slutta seg til initiativet, slik at 49 land i det euroatlantiske området stiller seg bak målsetjinga om nulltoleranse for menneskehandel i samband med NATO-leidde operasjonar. I 2007 blei det utpeika ein eigen koordinator med ansvar for å følgje opp NATO-politikken på området. 

Til forsida