St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

4 Samarbeidet med Russland

Samarbeidet mellom NATO og Russland går føre seg i regi av NATO–Russland-rådet (NRC). Her er dei allierte og Russland likeverdige partnarar, og avgjerder krev konsensus blant dei 27 NRC-landa. Utgangspunktet for samarbeidet er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange utfordringar som best kan løysast i fellesskap gjennom dialog og praktisk samarbeid. Underteikninga av Grunnakta mellom Russland og NATO i 1997 og opprettinga av NRC i 2002 blei markert 25.–26. juni 2007 med høvesvis fem- og tiårs jubileumsarrangement i St. Petersburg og Moskva. Jubileumsmøtet stadfeste viljen til eit strategisk samarbeid.

Regjeringa legg stor vekt på den overordna tillitsskapande funksjonen til NRC og på dialogen om felles tryggingspolitiske problemstillingar og praktisk samarbeid som denne strukturen opnar for. Noreg arbeidde difor aktivt i 2007 for å utvikle det politiske og praktiske samarbeidet mellom NATO og Russland.

Kontakten var i 2007 prega av usemje i fleire sentrale tryggingspolitiske spørsmål. Det var klare motsetnader i synet på utviklinga i Kosovo, missilforsvar og avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE). Frå russisk side blei det reagert negativt på georgisk og ukrainsk tilnærming til NATO. At Russland 12. desember 2007 suspenderte den tilpassa avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa, var eit alvorleg tilbakeslag i nedrustings- og rustingskontrollsamanheng. Tilhøvet utvikla seg difor i negativ lei.

I lys av dei norske ambisjonane for samarbeidet var det viktig at spørsmåla som det var usemje om, jamleg blei drøfta i løpet av året. Det stadfeste etter vårt syn at NRC har ein viktig funksjon som forum for politisk dialog og auka tillit. Også på russisk side blei det lagt stor vekt på ein substansiell politisk dialog.

Etter norsk syn er det viktig at dialogen blir underbygd av eit breitt praktisk samarbeid. Frå norsk side blei det argumentert for at det var særleg viktig å styrkje denne delen av samarbeidet i ein periode då politiske motsetnader dominerer. Difor var det uheldig at det russiske engasjementet i det praktiske samarbeidet minka ytterlegare i 2007. Russland reduserte deltakinga si i felles militære aktivitetar som ein reaksjon på politiske motsetnader med NATO.

På den positive sida må det likevel nemnast at Russland i 2007 for andre gong deltok med eit fartøy i den NATO-leidde OAE-operasjonen. Den russiske ratifikasjonen av det rettslege rammeverket for utveksling av militære styrkar – styrkestatusavtalen – var òg eit vesentleg framsteg som legg til rette for ei utvikling av det praktiske militære samarbeidet framover. Det bar bod om at Russland framleis er interessert i samarbeid på det dei definerer som prioriterte område.

Ein viktig grunn til den norske tilnærminga til det praktiske samarbeidet i NRC var at mange av dei russiske prioriteringane samsvarte med våre eigne. Vi konsentrerte mykje av innsatsen om sivil beredskap, miljø- og oljevernberedskap, styrking av den offentlege informasjonsinnsatsen om NRC og øvingar og trening, mellom anna i søk og redning til sjøs. Vidare ble det frå norsk side lagt vekt på å stå som vertskap for øvingar og konferansar innanfor ramma av NRC. I november 2007 stod vi som vertskap for eit NRC-seminar i Tromsø om tiltak mot oljeutslepp. I 2008 skal det haldast ei større ubåtredningsøving i norske farvatn med russisk deltaking, og i 2009 er det planlagt ei sivil krisehandteringsøving i Noreg innanfor NRC-ramma.

Som nemnt ovanfor (jf. punkt 3.1) prioriterte ein frå norsk side i 2007 økonomiske bidrag til NRC-prosjektet for opplæring og trening av personell til antinarkotikainnsats i Afghanistan. Forutan dei allierte og Russland omfattar dette samarbeidet Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Prosjektet er retta mot eit problem som vedgår alle landa, og er samtidig knytt til ei av dei sentrale utfordringane i innsatsen for å skape eit trygt og stabilt Afghanistan. Difor har det viktige praktiske og politiske dimensjonar. Såleis var det gledeleg at det under jubileumsarrangementet for NRC oppstod semje om å byggje vidare på dei gode erfaringane frå dette prosjektet gjennom å utvikle ei felles tilnærming til Afghanistan som skal styrkje samarbeidet på ei rekkje område.

Til forsida