St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

6 Debatten om utviding av NATO

Medlemskapsprogrammet MAP omfatta i 2007 Albania, Kroatia og Makedonia. Dei tre kandidat­ane gjennomførte i 2007 ytterlegare reformer og blei tett oppfølgde med evaluering og rådgjeving frå NATO-hald. Hovudinntrykket er at alle tre gjorde gode framsteg, men at det var for tidleg å seie om det var tilstrekkeleg til medlemskap. Frå ein NATO-synsstad skorta det særleg på politiske og demokratiske reformer i Albania og Makedonia. Kroatia hadde på si side utfordringar med låg oppslutnad om NATO i opinionen, sjølv om målingar i andre halvdel av 2007 viste at eit fleirtal støtta medlemskap. Albania hadde store utfordringar knytte til den politiske kulturen og utbreidd korrupsjon i landet, og omfattande organisert kriminalitet var eit vesentleg rettsstatsproblem.

For Makedonia låg ei særskild utfordring i den bilaterale konflikten om namnespørsmålet med Hellas, som av historiske årsaker ikkje aksepterer det konstitusjonelle namnet på landet. Hellas hadde sagt frå om at dersom det ikkje blei semje om namnespørsmålet, ville dei leggje ned veto mot makedonsk invitasjon til MAP på toppmøtet i Bucuresti. Trass i intense forhandlingar og påtrykk frå fleire allierte kom ikkje dei to landa til semje, og Hellas, støtta av enkelte andre allierte, blokkerte dermed for makedonsk invitasjon til MAP, mens Albania og Kroatia fekk invitasjon. Noreg og dei fleste andre allierte har oppmoda sterkt om at det må arbeidast vidare for ei snarleg løysing på namnespørsmålet gjennom forhandlingane i FN-regi. Makedonia får medlemskapsinvitasjon så snart det er funne ei løysing på namnespørsmålet.

Utgangspunktet for Noreg og dei andre allierte var at desse landa høyrer heime i NATO. Medlemskap for dei er naturleg og vil vere eit viktig bidrag til europeisk og regional stabilitet. Samtidig har det heilt sidan NATO tok til på utvidingsprosessen for over ti år sidan, vore lagt vekt på at opptak er prestasjonsbasert og tek utgangspunkt i eit felles euroatlantisk verdigrunnlag. Det krev såleis vilje og evne til å ta på seg dei byrdene medlemskap i NATO inneber, og til å gjennomføre eit breitt sett reformer både i forsvarssektoren og innan demokratisering og rettsstatsutbygging. Vidare blir det lagt vekt på eit konstruktivt engasjement i regional samanheng, avklaring av grensestridar og etniske konfliktar og ein solid folkeleg oppslutnad om medlemsskap. Eit viktig poeng for NATO er at medlemskap ikkje er eit sluttpunkt for reformene, men ei anerkjenning av at reformene er komne til eit punkt der dei er irreversible og det aktuelle landet kan medverke konstruktivt til den kollektive alliansetryggleiken.

Regjeringa har i heile utvidingsprosessen lagt til grunn at kandidatlanda ikkje på eiga hand kan oppfylle kriteria for å bli inviterte. Støtte frå NATO som organisasjon vil alltid vere eit krav, supplert av assistanse frå individuelle NATO-land. I den førre utvidingsrunden blei det difor frå norsk side teke initiativ til konkrete tiltak for å hjelpe dei landa som då til slutt blei inviterte.

Dette initiativet er vidareført også i samband med den noverande utvidingsrunden. For å støtte dei tre MAP-landa i arbeidet med nødvendige reformer blei det arrangert ein møteserie med dei i Brussel i juni 2007. Møta var spesifikt innretta på spørsmål der kandidatlanda hadde særlege behov for assistanse som ikkje blei dekte i den normale dialogen med NATO. Alle tilbakemeldingane etter desse møta stadfester at initiativet var vellukka og nyttig for kandidatlanda i samband med medlemskapsførebuingane.

Frå norsk side blei det i debatten i 2007 òg lagt vekt på at kandidatane måtte gjere framskritt i kampen mot korrupsjon og menneskehandel og vidareføre arbeidet for å sikre minoritetsrettane og fremje ein multietnisk samarbeidskultur.

Georgia og Ukraina var òg omfatta av utvidingsdebatten i NATO. Begge landa har såkalla intensivert dialog (ID) med NATO. Denne dialogen opnar for tett politisk og teknisk samarbeid på fleire nivå og er eit naturleg, men ikkje nødvendig forstadium til MAP-status. I Bucuresti stadfeste alliansen at dei to landa kjem til å bli inviterte til å bli medlemmer, men at den endelege avgjerda om når det skal skje, skal takast seinare.

Utviklinga i 2007 viste at både Georgia og Ukraina framleis hadde store innanrikspolitiske og regionale utfordringar som NATO måtte ta omsyn til. Sjølv om Georgia utan tvil gjennomførte viktige reformer i 2007, særleg i forsvarssektoren, stod det klart at fleire omfattande tiltak måtte til før ambisjonen om MAP-status og medlemskap i NATO kunne realiserast. Hendingane i samband med unntakstilstanden i november 2007 indikerte at Georgia framleis hadde ein veg å gå når det gjaldt utvikling av ein politisk og demokratisk kultur som er i pakt med den euroatlantiske verdifellesskapen. Dei same manglane gjorde seg gjeldande innan sivile strukturar og i lovverket.

Dei frosne konfliktane i Sør-Ossetia og Abkhasia representerte ei særleg tilleggsutfordring. Sjølv om ansvaret for å løyse desse konfliktane på ingen måte berre kviler på Georgia, var det fleire allierte som i 2007 påpeika at Georgia måtte medverke aktivt til ei fredeleg løysing på dei frosne konfliktane.

Samarbeidet mellom NATO og Ukraina er formalisert gjennom NATO–Ukraina-kommisjonen (NUC) og ligg dermed på eit anna nivå enn tilfellet er for Georgia. Den intensiverte dialogen mellom NATO og Ukraina innanfor NUC-ramma blei vidareført i 2007 både på politisk nivå og i ekspertgrupper. Ukraina medverkar til alle pågåande NATO-operasjonar.

Diskusjonen om MAP-status og eventuelt medlemskap for Ukraina blei lagd på is då dåverande statsminister Janukovitsj i 2006 gjorde det klart at det ikkje var noko ønske om ei slik tilnærming. Men regjeringsskiftet hausten 2007 førte til ei endring i denne politikken, og den nye ukrainske regjeringa signaliserte i desember 2007 at ho likevel ønskte MAP-status på toppmøtet i Bucuresti.

Ukraina gjorde utan tvil framskritt i løpet av året, men framgangen i reformene og dialogen med NATO var likevel prega av det turbulente året i ukrainsk politikk. Nyval og uvisse rundt danninga av den nye regjeringa gjorde til at Ukraina blei forseinka med den årlege målplanen for samarbeidet med NATO i 2008. Det påverka òg den politiske dialogen med NATO og tempoet i viktige delar av reformarbeidet. Dessutan var samarbeidet med NATO framleis politisk omstridd, og meiningsmålingar viste at den folkelege oppslutnaden om medlemskap var heller låg.

Alt i alt var det ved utgangen av 2007 såleis usikkert korleis samarbeidet mellom alliansen og Ukraina kom til å utvikle seg. Den grunnleggjande politiske splittinga på leiande politisk hald i Ukraina varer ved. Det påverkar utan tvil både arbeidet med å vinne gehør for medlemskap i opinionen og takta i dei politiske, militære og økonomiske reformene.

Noreg vidareførte støtta til reformarbeidet på ei rekkje område i 2007. Det blir særleg lagt vekt på hjelp til å byggje opp demokratisk orienterte leiingsstrukturar i forsvarssektoren. På norsk initiativ er det etablert eit nordisk-baltisk samarbeid for å støtte utviklinga av eit sivilt leiarsjikt i det ukrainske forsvarsdepartementet. Dette prosjektet heldt fram i 2007.

Regjeringa la i 2007 vekt på at ukrainsk og georgisk tilknyting til NATO må sjåast i eit overordna perspektiv. Sjølv om vilje og evne til reform opplagt er ein svært viktig indikator, må dei samla politiske konsekvensane av ei slik avgjerd òg vege svært tungt. I den samanhengen er dessutan tilhøvet til Russland ein faktor.

Frå norsk side er det fleire gonger understreka at Russland ikkje må ha nokon avgjerande innverknad på dei avgjerdene alliansen sjølv skal ta. På den andre sida har utvidings- og integrasjonsprosessane i NATO alltid vore baserte på ei politisk vurdering av kva som tener tryggleiken og stabiliteten i Europa. Etter norsk syn er det difor naturleg at alliansen tek seg tid til å vurdere alle sider ved tilhøvet til Ukraina og Georgia grundig når avgjerder skal takast.

Til forsida