St.meld. nr. 25 (2007-2008)

Om samarbeidet i NATO i 2007

Til innhaldsliste

8 Felleserklæring

Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen på utanriksministernivå i Brussel fredag 7. desember 2007

  1. Utanriksministrane i NATO–Ukraina-kommisjonen, som møttest i Brussel i dag, la vekt på den viktige rolla den spesielle partnarskapen mellom NATO og Ukraina spelar i arbeidet for tryggleik og stabilitet i heile det euroatlantiske området, og minte i denne samanhengen om tiårsjubileet for charteret om ein slik partnarskap. Dei gjorde opp status for framgangen i NATO–Ukraina-samarbeidet sidan dei sist møttest. Ministrane diskuterte dessutan dei utanriks- og tryggingspolitiske prioriteringane til Ukraina og utsiktene for vidareutvikling av tilhøvet mellom NATO og Ukraina, mellom anna NATO–Ukraina-handlingsplanen og den intensiverte dialogen rundt dei ukrainske ambisjonane om NATO-medlemskap og relevante reformer, utan å forskottere eit eventuelt alliansevedtak.

  2. Dei allierte ministrane såg positivt på fråsegna frå fungerande utanriksminister Kandogiy om utviklinga i Ukraina den seinare tida, og dei noterte seg tilfreds med dei demokratiske reformene i Ukraina og uttrykte tillit til at dei ville halde fram. Dei såg positivt på at det i september 2007 blei gjennomført frie val til nasjonalforsamlinga Verkhovna Rada, og at ein styrande koalisjon var danna. Ministrane såg fram til at det innan rimeleg tid måtte bli danna ei regjering i Ukraina.

  3. Ministrane gav på ny uttrykk for forpliktande vilje til å sikre at NATO skulle lukkast med sine operasjonar og oppdrag, og såg positivt på det operative samarbeidet i tilknyting til operasjon Active Endeavour, mellom anna deployeringa av eit ukrainsk fartøy nummer to, korvetten Lutsk; til ISAF, mellom anna i form av ukrainske bidrag til PRT-innsatsen; til KFOR og til NATO-opplæringsstyrken i Irak. Dei allierte ministrane uttrykte glede over den aktive ukrainske støtta til alle NATO-leidde operasjonar og oppdrag. Dei merkte seg tilfreds med dei ukrainske bidraga til tryggleiken i og utanfor eigen region, og oppmuntra til at dei måtte halde fram. Ministrane merkte seg arbeidsplanen for 2008 for Militærkomiteen og Ukraina.

  4. Ministrane tok føre seg framgangen som var oppnådd i 2007 i reformarbeidet i forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina, mellom anna innanfor den felles NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for forsvarsreform (JWGDR). I denne samanhengen såg dei særleg positivt på den ukrainske framgangen i gjennomføringa av ein samla gjennomgang av tryggingssektoren i landet. Dei allierte ministrane oppmuntra òg Ukraina til å halde fram med å gjennomføre effektive reformer i forsvars- og tryggingsinstitusjonane. Ministrane merkte seg framgangen som er oppnådd innanfor rammene av NATO/PFP-fondsprosjekta for destruering av handvåpen, lette våpen og berbare luftforsvarssystem (MANPADS) og for omskolering og omplassering av dimittert militært personell, og oppmuntra til at dei måtte halde fram og lukkast.

  5. Ministrane merkte seg at Ukraina har stadfest ein strategisk kurs mot euroatlantisk integrasjon med sikte på å oppnå full medlemskap i alliansen. Den fungerande utanriksministeren i Ukraina understreka at vidare støtte til dei euroatlantiske ambisjonane ville bli verdsett. I samband med dette såg dei allierte ministrane positivt på at Ukraina på ny har sagt seg bestemt på å fullføre aktuelle reformer.

  6. Idet dei minte om erklæringa frå Riga-toppmøtet, gjentok dei allierte ministrane at NATO held døra open for europeiske demokrati som vil og kan ta på seg ansvaret ved å vere medlem, i samsvar med artikkel 10 i Washingtontraktaten. Ministrane la vekt på det fruktbare samarbeidet i den intensiverte dialogen og understreka at dei vidare etappane på vegen mot euroatlantisk integrasjon for Ukraina først og fremst kravde konkret, målbar framgang i gjennomføringa av avgjerande reformer og politikk.

  7. Ministrane såg fram til at ein ambisiøs målplan for NATO–Ukraina-samarbeidet i 2008 snarast måtte bli vedteken og deretter resolutt iverksett. Dei understreka det viktige i å informere det ukrainske folket om NATO–Ukraina-samarbeidet. Ministrane var samde om å følgje med på framgangen i Ukraina. Dei allierte ministrane sa seg på ny parat til å støtte Ukraina i gjennomføringa av reformmåla, særleg innan reformer i forsvars- og tryggingssektoren.

  8. Ministrane såg fram til å halde eit toppmøte i NATO–Ukraina-kommisjonen i april 2008.

Til forsida