St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Saker som vart handsama i Plenum

3.1 Generaldebatten

Opninga av Generalforsamlinga vart framskunda slik at generalforsamlinga fall saman med markeringane av eittårsdagen for terroråtaket på USA 11. september 2001.

188 land heldt innlegg i generaldebatten på den 57. generalforsamlinga, og av desse var 33 representerte ved statsleiarar, 14 ved statsministrar, 14 ved vistestatsministrar og 110 ved utanriksministrar. At det er så mange høgtståande politikarar til stades under generaldebatten, gjer at opninga av generalforsamlinga fungerer som ein viktig internasjonal politisk møteplass.

Kamp mot terrorisme, Irak og forsvar av multilateralisme var viktige tema i generaldebatten. Generalsekretær Kofi Annan åtvara i opningstala si mot tendensar til unilateralisme i ei verd som meir enn nokon gong treng fellesskapsløysingar, noko som mange oppfatta som ein implisitt kritikk av USA. Svært mange land la stor vekt på multilateralisme og bindande internasjonalt samarbeid i innlegga sine.

Det amerikanske innlegget var konsentrert om Irak. President Bush understreka at det trengst å setje makt bak kravet om gjennomføring av tryggingsrådsresolusjonane om Irak. I reaksjonane på innlegget la mange positiv vekt på at USA framleis ville bruke FN-sporet overfor Irak. Mange knytte Irak til midtaustkonflikten og uttrykte von om at Kvartetten og planen for vidareføring av fredsprosessen ville lukkast med hjelp av det såkalla vegkartet.

Mange av innlegga omtala Afrika og uttrykte forventingar til NEPAD (New Partnership for African Development), men òg uro for finansieringa. Terrorismedebatten var fråkopla Afghanistan. Mange framheva samanhengen mellom ekstremisme, fattigdom, eksklusjon og terrorisme. Mange omtala òg Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og den verdien som domstolen har for ei vidare utvikling av internasjonal rettsorden.

Det norske innlegget ved statsminister Bondevik knytte seg til hovudstraumane i generaldebatten. Ein raud tråd i innlegget var FN og multilateralismen sin plass i internasjonal politikk, med vekt på tema som terrorisme, Irak, Midtausten, Afghanistan og Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Statsministeren understreka òg at det trengst meir hjelp og ei aktiv oppfølging av toppmøtet i Johannesburg.

Noko uventa var HIV/AIDS lite framme i debatten. Heller ikkje fredstryggjande operasjonar fekk særleg omtale trass i at det berre er to år sidan Lakhdar Brahimi la fram rapporten sin om effektivisering av FNs kapasitet innan fredstrygging. Vidare var det lite omtale av flyktningproblem. Det er òg interessant å merke seg at i ein situasjon der masseøydeleggingsvåpen pregar debatten om terrorisme, var det ikkje mange som tala om nedrusting og rustingskontroll.

3.2 Afrika-spørsmål/NEPAD

Den nye utviklingsagendaen til Den afrikanske unionen, «New Partnership for Africa's Development» (NEPAD), vart følgd med stor interesse på den 57. generalforsamlinga. Ei politisk erklæring vart vedteken på eit høgnivåsegment, som samla svært mange afrikanske statsoverhovud, men òg ei rekkje vestlege leiarar. Det vart gjeve sterk støtte til NEPAD-initiativet. Utanriksminister Jan Petersen uttrykte forventingar om at NEPAD kan verke med til å realisere potensialet som Afrika har, ved å konsolidere demokrati og fremje godt styresett, fred og tryggleik og respekt for menneskerettane. Han uttrykte vidare forventingar til den såkalla African Peer Review Mechanism og understreka at mekanismen representerte eit modig og nyskapande steg for å verkeleggjere målsetjingane til NEPAD. Noreg vil stø fredsbyggjande initiativ i Afrika som utvikling av institusjonar og kompetanse for å hindre konflikt i tråd med agendaen til NEPAD.

NEPAD-resolusjonen var ein av dei viktigaste på generalforsamlinga og balanserer ansvar og skyldnader mellom dei afrikanske landa sjølve og det internasjonale samfunnet på ein god måte. Det vart elles vedteke å gje ut ein årleg rapport om FNs samla innsats i Afrika. Høgnivåmøtet om NEPAD var eit døme på korleis viktige politiske saker kan gjevast naudsynt dynamikk og generere politisk entusiasme på generalforsamlinga òg.

3.3 Oppfølginga av Tusenårserklæringa

Generalsekretæren innleidde debatten med å summere opp konklusjonane i rapporten sin om status for gjennomføringa av Tusenårserklæringa (A/57/270). Inntrykket er i beste fall blanda. Det er gjort framsteg på somme område og i somme regionar, men oppfølginga på det afrikanske kontinentet har gått for langsamt. Det må mellom anna satsast på å få fleire jenter på skule for å nå målsetjinga om å sikre alle barn rett til grunnskuleutdanning innan 2005. Generalsekretæren uttrykte von om at utviklingslanda ville utarbeide eigne årlege statusrapportar om oppfølginga av arbeidet med å nå tusenårsmåla. Han la òg vekt på at landa må fylgje opp lovnadane frå toppmøta i Monterrey og Johannesburg.

Trass i at tusenårsmåla vert følgde med interesse overalt i FN-systemet, vekte ikkje debatten om oppfølginga av FNs tusenårserklæring stor merksemd. Svært mange av medlemslanda heldt innlegg, men debatten var ikkje prega av stor eller entusiastisk deltaking. Det var brei semje om at Monterrey- og Johannesburg-konferansane representerer milesteinar for den vidare gjennomføringa av tusenårsmåla. Dei fleste landa peikte likevel på at arbeidet med å oppfylle måla går for sakte. Det vart gjeve sterk støtte til NEPAD-initiativet. Mange utviklingsland tok opp trongen for større ressursoverføringar. Det vart vedteke å ha ein femårsgjennomgang på høgt nivå på den 60. generalforsamlinga. Dette vert ein viktig milestein.

Under dette dagsordenspunktet freista Canada å få tilslutning til ein resolusjon om «plikta til å verne sårbare», som ville stadfeste vern som tema i Generalsekretærens årlege rapport om oppfølginga av tusenårsmåla. I og med at vilkår ved humanitær intervensjon er eit sentralt tema i debatten om plikta til å verne, møtte det kanadiske initiativet sterk motstand frå sentrale G77-land som India, Kina og Cuba, noko som førte til at framlegget ikkje resulterte i eit formelt vedtak. Canada signaliserte at dei ønskte å ta opp att saka i vidareført sesjon, og det vert forventa at ho vil verte drøfta på nytt i vår.

Under dette dagsordenspunktet fekk Russland tilslutning til ein resolusjon om globale trugsmål og utfordringar. Føremålet med resolusjonen var å gje ein politisk bodskap om at heile Tusenårserklæringa skal gjennomførast, og at alle delar av erklæringa er viktige og heng saman.

3.4 FN-reform

Framlegget frå Generalsekretæren til nye reformtiltak vart ei av dei store sakene på den 57. generalforsamlinga. Det er fem år sidan førre reformrunde. Reformpakken femna om ei rekkje einskild tiltak som alle hadde som mål å straumlineforme organisasjonen, ikkje minst med tanke på ei effektiv oppfølging av Tusenårserklæringa. Generalsekretæren gjorde dessutan framlegg om ei rekkje tiltak for å gjere menneskerettsarbeidet viktigare, på landnivå òg. Han ønskte òg å rasjonalisere arbeidet med konferansar og rapportar og bad om større fleksibilitet i budsjettspørsmål.

Frå norsk side vart det uttrykt sterk støtte til reformtiltaka. Fokus måtte rettast mot å gjennomføre Tusenårserklæringa og følgje opp nyleg avhaldne verdskonferansar. Alle vestlege land gav uttrykk for allmenn støtte til Generalsekretæren sin reformpakke, medan utviklingslanda la vekt på at nye reformtiltak ikkje måtte gå ut over FNs engasjement for økonomisk og sosial utvikling i utviklingsland. Dei peikte vidare på at prioriteringane og FNs mandat vert fastlagde av medlemslanda og ikkje av Generalsekretæren, og at endringar av prioriteringar og mandat må gjerast innanfor den eksisterande mellomstatlege ramma. G77 gjorde det klart at dei ikkje kunne akseptere reformer dersom konsekvensen er budsjettkutt eller mindre innverknad for medlemslanda.

Forhandlingane bar preg av ulike syn på handlingsrommet som Generalsekretæren har til å setje i verk reformer. Resultatet vart at ein i det store og heile gjev Generalsekretæren rett til å setje i verk mange av dei framlagde tiltaka. Bremsene vart likevel sette på når det gjaldt reformer på menneskerettsområdet og når det gjaldt budsjettfleksibilitet. På desse områda bad ein Generalsekretæren kome attende med ytterlegare framlegg. Mange av desse viktige spørsmåla vil verte handsama i Generalforsamlinga sin rådgjevande komité for administrative og finansielle spørsmål (ACABQ) og i 5. komité. Frå norsk side vil det difor vere viktig å følgje opp reformarbeidet i desse fora.

I spørsmålet om reform av Tryggingsrådet klarte ikkje Generalforsamlinga å bringe prosessen framover. Det er brei semje om at Rådet ikkje speglar samansetjinga av medlemsmassen til FN korkje når det gjeld valde og faste medlemmer. Det er likevel lita semje om kor mange medlemmer rådet bør ha, kor mange faste medlemmer det skal vere, og kven det bør vere. Størst usemje er det om vetoretten, som ei rekkje statar ønskjer å fjerne, men i dette spørsmålet nektar stormaktene å gå med på endringar. Det var denne gongen ikkje mogeleg å samle dei nordiske landa om eit felles innlegg. Sverige har endra syn, og dette har resultert i ein mindre klar nordisk profil enn hittil. Noreg heldt difor eit eige nasjonalt innlegg, der ein gjekk inn for ei utviding av både valde og faste medlemmer.

Før eller sidan vil det internasjonale samfunnet måtte ta fatt i spørsmålet om kva arbeidsform og samansetjing Tryggingsrådet skal ha. Det står likevel ikkje strid om Tryggingsrådet si rolle i verdsorganisasjonen ettersom Rådet har ansvaret for halde oppe internasjonal fred og tryggleik.

3.5 Minetiltak

Forhandlingane om resolusjonen om hjelp til antipersonellminetiltak vart i år noko meir kompliserte enn tidlegare. Saman med ei rekkje sentrale utviklingsland innan minetiltaksarbeid (Sør-Afrika, Thailand o.a.) gav Noreg uttrykk for misnøye med den sterke og eksklusive vektlegginga av FNs rolle innan minetiltaksarbeid på kostnad av dei gjennomførande organisasjonane, som i dei fleste tilfelle er ikkje-statlege organisasjonar. I den samanhengen vart det åtvara mot ein stadig sterkare tendens til utviding de facto av mandatet til FNs interne samordningsorgan for minetiltak (UNMAS) i retning av ei global samordningsrolle og ein gjennomførande karakter. Dette er i strid både med FNs eigen minetiltakspolitikk og målsetjinga om nasjonalt eigarskap til minetiltak. Frå norsk side vart det hevda at UNMAS har ei viktig rolle å spele når det gjeld å fremje medvitet om mineproblemet i FN-systemet og å sørgje for at mineproblemet inngår i aktiviteten til særorganisasjonane, og ved planlegging og gjennomføring av fredstryggjande operasjonar der det er relevant. Kritikken frå fleire hald går likevel på at UNMAS må freiste å konsolidere og styrkje rolla si på dette området, i staden for å ta på seg nye oppgåver. Dei same problemstillingane vart òg reiste i ei fråsegn frå Den internasjonale kampanjen for forbod mot landminer (ICBL). Men ei rekkje EU-land og Canada var likevel ikkje samde i kritikken og avviste dei fleste norske endringsframlegga, som mellom anna styrkte omtala av rolla til ikkje-statlege organisasjonar. Noreg slutta seg til konsensus, men valde å gje ei røysteforklaring og for fyrste gong å ikkje vere medframleggsstillar til resolusjonen. Saka er viktig, og det er difor naturleg at vi på nytt vurderer, saman med nærståande land, korleis vi best kan oppfylle målsetjingane i Minekonvensjonen, også innanfor ramma av FN-systemet.

3.6 Humanitære spørsmål

I debatten om humanitære spørsmål var gjennomgangstemaa auken i naturkatastrofar, manglande oppslutning om dei konsoliderte naudhjelpsappellane (CAPane) og sterk støtte til arbeidet som vert utført av FNs kontor for naudhjelpssamordning (OCHA). I den allmenne resolusjonen om samordning av humanitær hjelp finst det nye referansar til at dei humanitære hjelpearbeidarane er innblanda i seksuell utnytting av flyktningkvinner og barn. Dette har vore eit tema som har fått stor merksemd i media det siste året. Fleire vestlege land lukkast òg å få inn tekst om at det vil vere gunstig om OCHA i større grad kunne sikrast finansiering over det regulære FN-budsjettet og ikkje berre frå frivillige tilskot. Dette vart òg framheva i det norske innlegget under dette dagsordenspunktet. Etter alt å dømme vil desse hovudtemaa verte viktige i handsaminga av humanitære spørsmål på neste generalforsamling òg.

3.7 Oppfølging av spesialsesjonen om HIV/AIDS

Mange talarar deltok i plenumsdebatten om oppfølging av spesialsesjonen om HIV/AIDS, og alle konstaterte at innsatsen på gjennomføringssida må aukast. Manglande ressursar, høge medisinprisar og framleis sosial stigmatisering vart framheva som forklaringsfaktorar for manglande framgang i kampen mot HIV/AIDS. Særleg tykte mange at mangelen på tilskot til det globale fondet for å nedkjempe HIV/AIDS var ille. Innsatsen må aukast dersom vi skal nå måla. Dette krev både ekstra ressursar og leiarskap. Utdanning vart trekt fram av mange som viktig.

Oppfølginga av spesialsesjonen om HIV/AIDS var ikkje av dei mest sentrale tema på generalforsamlinga ettersom ein ventar substanshandsaming på neste års høgnivåmøte på den 58. generalforsamlinga. Resolusjonen som vart vedteken, avklarer likevel korleis deltaking av ikkje-statlege organisasjonar skal leggjast opp på høgnivåmøtet. I FN-samanheng er deltaking av ikkje-statlege organisasjonar alltid eit stridsspørsmål.

Under handsaminga av dagsordenspunktet om malaria tok fleire talarar til orde for å halde fokus på sjukdomen. For mange fattige land er malaria ei like stor utfordring som HIV/AIDS. Det vart uttrykt uro for manglande ressursar til å nedkjempe malaria, og fleire peikte på at ressursane frå det globale fondet for å nedkjempe HIV/AIDS, tuberkulose og malaria ikkje var tilstrekkelege til å nedkjempe malaria. Det vart vedteke ein resolusjon om tiåret for kamp mot malaria i utviklingsland (2001-2010), som mellom anna rosar den høge prioriteringa av malaria i NEPAD.

3.8 Regionale spørsmål

Generalforsamlinga vedtok resolusjonar om Midtausten, Mellom-Amerika, Bosnia-Hercegovina, Cuba og Afghanistan. Debattane om oppheving av sanksjonane mot Cuba og om Midtausten var døme på saker som FN ikkje klarer å bringe framover på grunn av ein fastlåst politisk situasjon.

Midtausten

Debatten om situasjonen i Midtausten, resolusjonstekster og etterfølgjande røystemønster var prega av konfrontasjonar og polarisering som i tidlegare år. Det er uheldig at merksemda omkring plenumshandsaminga av desse viktige spørsmåla er fallande. Dette skuldast etter alt å dømme at fleire delegasjonar finn debatten og resolusjonane lite nyskapande, og at Generalforsamlinga synest å gje eit magert tilskot til ei løysing på konflikten i Midtausten. Det må likevel vere ei oppgåve i tida framover å søkje å motverke denne utviklinga.

Mellom-Amerika

Resolusjonen om Mellom-Amerika har etter kvart fått eit rituelt preg. Konfliktane som var bakgrunnen for resolusjonen, er løyste for lenge sidan. Ein kan difor spørje om situasjonen i dag rettferdiggjer eit eige dagsordenspunkt.

Sentral-Asia

Det oppstod problem i samband med handsaminga av resolusjonen om samarbeidet mellom FN og OSSE på grunn av ulike interesser i dei ulike konfliktane som vert omtala. Aserbajdsjan tok ei formulering om konflikten i Nagorno-Karabakh til avrøysting som i tidlegare år. Landet vann avrøystinga, men eit stort og veksande fleirtal, mellom andre Noreg, valde å avstå. Det er grunn til å spørje om organisasjonen ikkje bør søkje nye måtar å nærme seg problema på når resolusjonstekstene i ei årrekkje berre vert kopiar av resolusjonen frå året før.

Afghanistan

Handsaminga av Afghanistan var eit lyspunkt. Afghanistan er ikkje føremål for skarpe motsetningar innan FN, men samlar storpolitisk interesse. Det vart gjennomført eit eige toppmøte med deltaking frå over 20 land, mellom andre Noreg, i høgnivådelen av generalforsamlinga. Utanriksminister Jan Petersen deltok frå norsk side, også i eigenskap av formann for den internasjonale støttegruppa for Afghanistan (ASG). Frå norsk side la ein vekt på at det trengst å styrkje tryggleiken, og framheva at det krevst synlege resultat av ei samordna og samanhengande hjelp til landet for å stabilisere det. Difor var det òg viktig at gjevarlanda følgde opp lovnadene sine.

I ein freistnad på nye møteformer vart det, i staden for ein tradisjonell debatt, gjennomført ei eiga høyring om Afghanistan i plenum. Det vart vedteke to resolusjonar om fred og tryggleik og om humanitære spørsmål. Utviklinga i Afghanistan gjev grunn til uro. Det vil verte ei viktig sak for neste generalforsamling å følgje opp FN-engasjementet i landet.

3.9 Samarbeid mellom FN og andre organisasjonar

Generalforsamlinga vedtok i tillegg til resolusjonen om samarbeid med OSSE ei rekkje resolusjonar om samarbeid med andre organisasjonar, mellom anna Den afrikanske unionen, IPU og IAEA. Samarbeidet med Den interparlamentariske unionen (IPU) vart styrkt gjennom resolusjonen, der FN inviterer IPU til å delta som observatør i Generalforsamlinga.

For andre året på rad vart resolusjonen om samarbeid mellom FN og Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) vedteken fyrst etter at forsamlinga med eit eige prosedyrevedtak hindra avrøysting over eit irakisk endringsframlegg, der Irak gjorde framlegg om ein meir positiv omtale av samarbeidet sitt med IAEA.

3.10 Havretts- og fiskerispørsmål

Noreg fekk i vesentleg grad gjennomslag for synspunkta sine i forhandlingane om havretts- og fiskerispørsmål og var medframleggsstillar og premissleverandør for alle dei tre resolusjonane som vart vedtekne under dagsordenspunktet hav- og havrettsspørsmål. Noreg fekk tilslutning til eit framlegg om å opprette eit datasenter innanfor FNs miljøprogram (UNEP) sitt globale ressursdatasystem for lagring og handtering av forskingsdata frå kontinentalsokkelen, som skal tene utviklingsland og små øystatar. Framlegget er eit av fleire norske initiativ som tek sikte på å styrkje utviklingsland og små øystatar sine høve til å faktisk nyttiggjere seg dei rettane som FNs havrettskonvensjon av 1982 gjev kyststatane. Det vil òg fremje høva til å sikre etterleving av dei skyldnadene som følgjer av konvensjonen.

Den uformelle samrådsprosessen for havrettsforhandlingane vart vedteken vidareført for ytterlegare tre år, fram til FNs 60. generalforsamling. Prosessen skal medverke til å leggje tilhøva betre til rette for ein konkret og resultatorientert havrettsdebatt på generalforsamlinga. Han omfattar ikkje berre statlege aktørar, internasjonale organisasjonar og særorganisasjonar, men òg frivillige organisasjonar og det sivile samfunnet elles og forskingsmiljøa og andre ekspertar utanfor FN-familien.

I forhandlingane om fiskerispørsmål la ein frå norsk side særleg vekt på oppfølging av tilrådingar frå Verdstoppmøtet i Johannesburg om økosystembasert og integrert tilnærming til kyst- og fiskeriforvalting. Vidare la ein særleg vekt på å styrkje grunnlaget for ein allmenn oppslutning om FN-avtala av 1995 om fiske på ope hav, som har møtt motstand frå ei rekkje store fjernfiskenasjonar. Fiskeriforhandlingane i Generalforsamlinga vert elles frå den 58. generalforsamlinga monaleg rasjonaliserte ved at ein deretter skal handsame alle fiskerispørsmål samla i ein resolusjon om berekraftig fiskeriforvalting, FN-avtala og andre relaterte instrument.

3.11 Dei internasjonale straffedomstolane for Jugoslavia og Rwanda

Handsaminga av domstolane som er oppretta for å straffeforfølgje ansvarlege for brot på internasjonal humanitær rett i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda vart rutineprega. Presidentane i domstolane presenterte årsrapportane sine. Noreg heldt separate innlegg om begge spørsmåla. Samarbeidsproblem med statar i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda når det gjeld utlevering av tiltalte, tilgang til provmateriale, framstilling av vitne osv. var sentrale problemstillingar i rapportane til begge presidentane. Jugoslavia meinte det ikkje var mykje å utsetje på eige samarbeid med Jugoslavia-domstolen, sjølv om det kunne vore betre. Kroatia sa at domstolen måtte ta omsyn til historiske fakta og ikkje søkje å skape ein kunstig balanse mellom ulike sider i konflikten. Noreg la vekt på at alle statar ikkje berre i ord, men òg i handling, må oppfylle plikta dei har til å samarbeide med domstolane. Dette har ein frå norsk side lagt vekt på i Tryggingsrådet òg, mellom anna i samband med vedtakinga av ei presidentfråsegn om samarbeid med domstolane. Frå norsk side vil ein framleis arbeide aktivt for at domstolane skal verte sikra tilstrekkelege ressursar og gode arbeidstilhøve, slik at dei kan få fullført mandata sine innan rimeleg tid.

Til forsida