St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Allmenne kommentarar

I lys av at 58. sesjon i FNs menneskerettskommisjon var svært vanskeleg, må stemninga i 3. komité karakteriserast som noko meir positiv enn ein hadde venta. Det vart oppnådd nokre viktige resultat, mellom anna ein resolusjon om vern av menneskerettar og kampen mot terrorisme, ein ny frivillig protokoll til Torturkonvensjonen og ei meir konstruktiv handsaming av spørsmål knytte til rasisme. Likevel var handsaminga av mange tema prega av store motsetningar, som gjorde seg gjeldande både mellom nord og sør, mellom vestlege og islamske land og ikkje minst mellom USA og andre vestlege land. Trass i at dei mest restriktive landa får mindre høve til å dominere dagsordenen på generalforsamlinga enn kva som er tilfelle i til dømes FNs menneskerettskommisjon, var det ein likevel rekordmange voteringar i høve til dei ulike resolusjonane.

Under handsaminga av prinsipielt viktige spørsmål der USA og andre vestlege land ikkje kunne semjast, til dømes omtala av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og referansar til dødsstraffproblematikken, inntok USA svært rigide posisjonar under forhandlingane og enda med å be om votering over mange resolusjonar der ein elles hadde venta konsensus. Omnibus-resolusjonen om barn vart til dømes vedteken i komiteen med røystetala 164-1-0, der USA avstod mellom anna på grunn av tilvisingar til dødsstraff og Den internasjonale straffedomstolen (ICC). Det å få bringa USA inn i ein positiv, konsensusorientert dialog om internasjonale menneskerettsspørsmål vil vere ei av dei største utfordringane som både EU og andre vestlege land står overfor i førebuingane til generalforsamlinga neste år.

Ein av milesteinane denne hausten var at ein etter ti år med vanskelege forhandlingar endeleg lukkast med å vedta ein frivillig protokoll til Torturkonvensjonen. Den frivillige protokollen inneber at det vert oppretta ein internasjonal gjestingsmekanisme som er meint å skulle førebyggje bruk av tortur i fengsel og andre stader der menneske vert haldne i forvaring. Partane bind seg òg til å opprette uavhengige nasjonale gjestingsmekanismar. Dette var òg ei sak som møtte særleg sterk motstand frå USA. Den frivillige protokollen var eit av dei spørsmåla som var høgast prioritert frå norsk side, og Noreg deltok svært aktivt i støttearbeidet for denne resolusjonen, både i ei lita «venegruppe» i New York og gjennom utanriksstasjonane våre. Frå norsk side må vi seie oss svært nøgde med handsaminga av denne saka på Generalforsamlinga.

Ei anna problemstilling som særleg prega arbeidet i 3. komité var vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme. Her vedtok komiteen, etter vanskelege forhandlingar, ein ny, meksikansk resolusjon som set dette spørsmålet på dagsordenen til FN og sender eit viktig politisk signal om at menneskerettane ikkje skal lide overlast i kampen mot terrorisme. Sjølv om forhandlingane tydeleg viste at dette temaet enno er sensitivt i ein FN-kontekst, og resolusjonen for så vidt er «svakare» enn kva mange hadde ønskt, så har FNs høgkommissær for menneskerettar no fått eit eksplisitt mandat til å arbeide med denne problemstillinga. Saka vil måtte følgjast opp både i FNs menneskerettskommisjon og på Generalforsamlinga neste år.

Noreg hadde som i tidlegare år ansvaret for samordninga av resolusjonen om menneskerettsforkjemparar. Ein lukkast her både med å få konsensus om teksta og med å styrkje fjorårsteksta med mellom anna ei viktig prinsipiell tilvising til at somme grunnleggjande menneskerettar ikkje kan fråvikast under noko omstende. Dette la eit godt grunnlag for ytterlegare styrking av denne norske resolusjonen under årets menneskerettskommisjon, der mandatet til FNs spesialrepresentant òg skal fornyast.

Noreg var eit av få land som heldt eit såkalla landinnlegg, der menneskerettssituasjonen i utvalde einskildland vert omtala. New Zealand, Canada og USA heldt liknande innlegg, medan EU under dansk formannskap for fyrste gong heldt eit innlegg med tematisk fokus. Det synest å vere ei gryande semje om at kritisk omtale av einskildland i 3. komité har motsett verknad og bør reserverast for FNs menneskerettskommisjon. Frå norsk side vil ein i tida fram mot neste generalforsamling nøye vurdere både fokus og tema for det norske hovudinnlegget i 3. komité.

Generalforsamlinga tydeleggjorde på nytt ei rekkje kontroversielle tema langs ein vestleg-islamsk akse, mellom anna i forhandlingane om ein finsk resolusjon om vilkårlege avrettingar, som i siste instans kravde heile 14 voteringar. Nokre spørsmål som vart høgt prioriterte frå vestleg side, mellom anna ei tilvising til straffeforfølging for drap på grunn av seksuell orientering, som dessutan var i tråd med rapporten frå Spesialrapportøren, var svært kontroversielle. Omtale av dødsstraffproblematikken var det heller ikkje råd å semjast om i denne samanhengen. Etter kvart vart det tydeleg at det underliggjande problemet var ei svært kritisk haldning til Spesialrapportøren for vilkårlege avrettingar, som mange land meinte har gått lang utover mandatet sitt. Det vil i lys av dette vere ei utfordring å få forlengd dette viktige mandatet til neste år. På vestleg side må ein i komande forhandlingar prioritere betre og vere seg medvitne at det i ein slik kontekst vil vere vanskeleg å ta meir enn ein prinsipiell «kamp» om gongen.

3. komité vedtok ei rekkje resolusjonar som omtalar menneskerettssituasjonen i einskildland, mellom anna om Irak, Burma, DR Kongo og Sudan. Frå norsk side var vi særleg opptekne av situasjonen i Burma og Sudan. Mange uttrykte uro over at EU ikkje la fram ein eigen resolusjon om menneskerettssituasjonen i Iran . Ein tilsvarande resolusjon vart nedstemd under Menneskerettskommisjonens handsaming tidlegare på året, og EU skal ha vurdert det slik at det ville vere uheldig å leggje fram denne resolusjonen og så tape ei votering.

6.2 Rasisme

Plenumsdebatten om rasisme dreidde seg i stor grad om islamofobi og kva Internett har å seie for spreiinga av rasistisk materiale. Resolusjonsforhandlingane var i fyrste rekkje prega av spørsmål knytte til oppfølging av Verdskonferansen om rasisme i Durban. Oppfølginga av Durban har vore eit svært kontroversielt tema og har lagt negative føringar på tilhøvet mellom særleg Afrika-gruppa og Vestgruppa. På møtet til Menneskerettskommisjonen våren 2002 lukkast det utviklingslanda, leidde av nokre afrikanske land, å få vedteke ein resolusjon med element som gjekk mykje lenger enn det kontroversielle sluttdokumentet frå Durban, og som dei vestlege landa såg seg nøydde til å røyste imot. På generalforsamlinga denne hausten lukkast ein etter svært vanskelege forhandlingar å vinne tilbake vestleg oppslutning om handsaminga av rasismeresolusjonen. Konsensus var likevel aldri innan rekkevidd. USA og Israel røysta mot, medan mellom anna Australia og Canada avstod. EU og Noreg røysta for teksta, men fann det ikkje rett å stille som medframleggsstillarar til teksta.

Utfordringa framover vil vere å medverke konstruktivt i arbeidet med oppfølginga av Verdskonferansen. Frå norsk side har ein teke eit meir pragmatisk standpunkt enn mange andre vestlege land når det gjeld deltaking i dei ulike oppfølgingsmekanismane, og vil på sikt vonleg kunne medverke til brubygging i dette spørsmålet og til ei nedtoning av dei negative haldningane som har prega det internasjonale arbeidet mot rasisme etter Durban.

6.3 Kvinner

Fokus vart på denne generalforsamlinga òg sett på spørsmål knytte til fordømming av æresdrap, vald mot kvinner, handel med kvinner og kvinner i væpna konflikt. Noreg òg la vekt på desse tema i det nasjonale kvinneinnlegget sitt. Noreg peikte vidare på at det er viktig med særskilde tiltak retta mot jentebarn, og temaet om reproduktive rettar.

I motsetning til to år tidlegare lukkast ein i år på eit tidleg tidspunkt å kome til semje om ei nederlandsk tekst om fordømming av æresdrap. Dei tradisjonelle resolusjonane om oppfølging av Beijingkonferansen, kvinnedelen i FN-sekretariatet og oppfølging av CEDAW-resolusjonen vart òg vedtekne med konsensus. Frå norsk side la ein vekt på at dei tradisjonelle tekstene ikkje vert svekte. Det er ein tendens til at desse tekstene i aukande grad kjem under press frå land som ønskjer ei allmenn svekking av kvinnetekstene.

6.4 Urfolksspørsmål

I debatten om urfolk heldt Noreg eit nordisk innlegg, der vi mellom anna peikte på at det trengst å få oppretta eit sekretariat i New York for det nye faste forumet for urfolkssaker (som for tida vert leidd av tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga). Saman med Sverige og Canada medverka Noreg til at det i 5. komité vart vedteke å opprette tre av seks stillingar f.o.m. 1.1.2003. Noreg hadde dessutan òg samordningsansvaret for konsensusresolusjonen om Det internasjonale urfolkstiåret (1995-2004). Det vil vere viktig å aktivt følgje opp spørsmålet om ressursar til det faste forumet for urfolkssaker i komande sesjonar.

6.5 UNHCR

I handsaminga av UNHCR la Noreg vekt på den prekære finansielle situasjonen til organisasjonen og at det trengst å finne varige løysingar på flyktningproblem. Høgkommissæren sitt mandat vart rutinemessig forlengt med ein ny femårsperiode frå 2004. Den reformprosessen som no går føre seg i UNHCR, skal handsamast på neste generalforsamling. Det er venta at både trongen for å styrkje finansieringa av UNHCR og Høgkommissærens sterke vektlegging av internasjonal byrdefordeling og varige, lokale løysingar av flyktningsituasjonar vil verte hovudtema.

Til forsida