St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Allmenne spørsmål

Arbeidet og avrøystingane i 1. komité følgde tradisjonelle liner med klare motsetningar, særlig når det gjaldt kjernevåpenspørsmål. Det var nokre fleire motsetningar enn året før, då arbeidet var sterkt prega av sjokket over terroråtaket på USA den 11. september. Det er framleis ei stor utfordring å finne fram til meir samlande tiltak innan FN-systemet når det gjeld nedrustingsspørsmål.

Dei alliansefrie landa (NAM) la fram ein resolusjon om multilateralisme som demonstrerte reell usemje mellom NAM og vestlege land. Dette gjaldt særleg NAM-landa si vektlegging av multilateralisme som kjerneprinsippet for nedrusting og ikkje-spreiing, medan dei vestlege landa såg verdi i andre tiltak òg, mellom anna bilaterale og trilaterale. Til liks med mange vestlege land lét Noreg vere å røyste på resolusjonen. Komitéformannen la fram ein resolusjon om multilateralisme som samla brei støtte hjå vestlege land. NAM-landa såg denne resolusjonen som ein konkurrent til sin eigen resolusjon om multilateralisme. Komitéformannen måtte difor trekkje resolusjonen attende.

4.2 Kjernefysisk nedrusting

Den såkalla Ny Agenda-resolusjonen (frå Brasil, Egypt, Irland, Mexico, New Zealand, Sverige og Sør-Afrika) om kjernefysisk nedrusting likna i år på resolusjonen frå 1998-99, og var difor ikkje like samlande som i 2000. Ny Agenda-landa la òg fram ein resolusjon om taktiske kjernevåpen som var problematisk for mange vestlege land. Han skapte mellom anna inntrykk av at NATO hadde gjort lite for nedbygging av slike våpen. Språkføringa i dei to resolusjonane var skjerpa, og det var ein negativ grunntone med omsyn til framdrifta på nedrustingsfeltet. Ny Agenda-landa var heller ikkje særleg opne for å gjere endringar i teksta for å kome dei vestlege landa i møte. Til liks med fleire andre allierte avstod Noreg frå å røyste på begge resolusjonane. USA, Frankrike og Storbritannia røysta mot.

Noreg røysta for Japans resolusjon om kjernefysisk nedrusting. Resolusjonen var meir akseptabel for dei vestlege landa og fekk langt breiare oppslutning enn Ny Agenda-resolusjonane. USA var òg positiv til resolusjonen, men røysta mot på grunn av omtala av Prøvestansavtala. Ny Agenda-landa avstod frå å røyste på resolusjonen.

4.3 Andre nedrustingspørsmål

USAs nye resolusjon om å etterleve nedrustingsavtaler vart vedteken utan votering. Like eins vart resolusjonane om handvåpen og ikkje-humane våpen vedtekne utan votering. Resolusjonen om drøfting av ei avtale om forbod mot produksjon av kjernefysisk spaltbart materiale (FMCT) vart òg vedteken utan votering, medan resolusjonane om Minekonvensjonen og Prøvestansavtala (CTBT) samla brei oppslutning. Berre USA røysta mot resolusjonen om CTBT. Noreg heldt innlegg om CTBT, FMCT, Minekonvensjonen, handvåpen og ikkje-humane våpen.

Vidare greidde komiteen å forhandle seg fram til ei felles løysing med omsyn til ein fjerde spesialsesjon om nedrusting i Generalforsamlinga, sjølv om det lenge gjekk mot ei splitting mellom nord og sør. Som i fjor røysta Noreg for resolusjonen om faren for kjernefysisk spreiing i Midtausten. Iraks resolusjonsutkast om utarma uran vart i år forkasta i komiteen. I fjor vart denne resolusjonen vedteken med knapt fleirtal i komiteen, men seinare forkasta i plenum.

Til forsida