St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekka i den noverande tilskotsordninga

Tilskotsordninga for private skolar har heimel i lov av 14. juni 1985 nr 73 om tilskot til private grunnskolar og private skolar som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova). Føremålet med tilskotsordninga er «å medverka til å sikra at det kan skipast og drivast private skolar», jamfør § 1. Gjennom internasjonale konvensjonar har Noreg akseptert retten til å skipa og driva private skolar. Menneskerettspliktene gjev likevel ikkje plikt for staten til å yta tilskot til privatskolar, men tilskotsordninga skal hjelpa til med å gjera retten til å skipa og driva private skolar mest mogeleg allmenn.

Skolar som skal få tilskot må vera godkjende etter privatskulelova. Ein skole som skal bli godkjend, må fylla eitt av desse vilkåra (§ 3 a-e, jamfør § 4):

  • skipa av religiøse og/eller etiske grunnar

  • skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ

  • skipa for undervisning av norske born/norsk ungdom i utlandet

  • skipa for å fylla eit kvantitativt undervisningsbehov

  • ha til føremål å gje vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skolar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet «avgjer i kvart einskilde tilfelle om skolen tilfredstiller krava etter denne lova, og om skolen etter ei samla vurdering skal godkjennast med rett til tilskot», jamfør § 25 nr. 3. Godkjende skolar har krav på statstilskot (jamfør § 26 første leddet). Frå 1996 har dette vore praktisert slik at godkjende skolar - så sant det er budsjettdekning på tilskotsposten - kan få statstilskot frå det komande skoleåret, om naudsynt ved at det blir gjort framlegg om tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett. Denne praksisen er omtala i St prp nr 1 (1996-97). Tida frå ein skole blir godkjend til skolen får tilskot første gongen, blir etter dette kortare enn det som var vanleg før. Tidlegare følgde departementet ein praksis om at skolar som søkte før 1. februar eit år, vart innarbeidde i statsbudsjettet for det komande budsjettåret, og kunne såleis få tilskot frå skoleåret eitt år fram i tid, medan skolar som søkte etter 1. februar, som hovudregel måtte venta til budsjettåret to år fram i tid.

Privatskolane står under tilsyn av statens utdanningskontor, jamfør privatskulelova § 29. Utdanningskontora fører fagleg og pedagogisk tilsyn med privatskolane, og dessutan økonomisk tilsyn på grunnlag av forskrift 21. juni 1996 nr 689 om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for private skolar som får statstilskot etter privatskulelova.

Skolar som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot etter reglane i § 26. Denne paragrafen har 11 tilskotsreglar.

Tabell 2.1 Tilskotsreglar i privatskulelova

Tilskotsregel nr 1Grunnskolar for funksjonshemma
Tilskotsregel nr 2Vidaregåande skolar for funksjonshemma
Tilskotsregel nr 3Vidaregåande skolar som vanlegvis har parallellar i statlege skolar (sjøaspirantskolar og Norges Byggskole)
Tilskotsregel nr 4Vidaregåande skolar som kan godkjennast etter lov om videregående opplæring
Tilskotsregel nr 5Skolar knytte til verksemder
Tilskotsregel nr 6Vidaregåande skolar som har til føremål å gje yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skolar
Tilskotsregel nr 7Grunnskolar i Noreg
Tilskotsregel nr 8Norske grunnskolar i utlandet
Tilskotsregel nr 9Vidaregåande skolar i utlandet
Tilskotsregel nr 10Tilskot til elevar ved utanlandske eller internasjonale skolar, til kompletterande undervisning (grunnskoleelevar) og til delvis dekking av skolepengar (elevar i vidaregåande skolar)
Tilskotsregel nr 11Arbeidsgjevardelen av pensjonsinnskotet for undervisningspersonale i private grunnskolar

Dei fleste skolane får tilskot til driftsutgifter etter ein sats per elev. Dette gjeld skolar som får tilskot etter tilskotsreglane 1, 2, 4, 6, 7 og 9. Skolar under tilskotsregel 3 (og ein av skolane under tilskotsregel 1) får tilskot etter godkjent budsjett. Skolar knytte til verksemder (tilskotsregel 5) får tilskot etter ein normalsats per klasse. Norske grunnskolar i utlandet (tilskotsregel 8) får tilskot etter ein sats per time, pluss tilskot til skyss og innlosjering. Elevar som får tilskot til kompletterande undervisning (tilskotsregel 10) får tilskot etter ein sats per time. Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus godkjenner timetal for tilskot etter tilskotsregel 8 og 10. Tilskot til delvis dekking av skolepengar blir fastsett etter ein sats som er utrekna på grunnlag av tilskotssatsen for den allmennfaglege studieretninga (tilskotsregel 4).

Skolar som får tilskot etter tilskotsregel 2, kan etter søknad få tilskot til dekking av husleigeutgifter. Dette kjem i tillegg til tilskot etter sats per elev. Skolar under tilskotsregel 1 og 2 kan få tilskot til investeringsutgifter, og skolar under tilskotsregel 4 kan få tilskot til teknisk og maskinelt utstyr. Private grunnskolar kan få tilskot til flyttegodtgjering etter reglane i grunnskolelova § 19. Staten gjev også tilskot til organisasjonar som organiserer privatskolar, men organisasjonane har ikkje lovfesta krav på tilskot.

Tilskotssatsane for grunnskolar (tilskotsregel 7) og vidaregåande skolar som har parallellar i offentlege skolar (tilskotsregel 4 og 9), vert fastsette på grunnlag av utgiftene i tilsvarande offentlege skolar. Tilskot etter tilskotsreglane 1, 2 og 6 vart tidlegare gjeve etter godkjent budsjett. Då departementet fastsette tilskotssatsar for desse tilskotsreglane første gongen, var grunnlaget for satsane mellom anna ei samanlikning med somme av satsane for tilskotsregel 4.

Tabellen nedanfor syner talet på private skolar, elevtalet i desse, og tilskot skoleåret 1996-97.

Tabell 2.2 Elevtal, tal på skolar og statstilskot fordelt på skoleslag

TilskotsregelSkoleslagTal på skolarElevtalStatstilskot1 (1000 kr)
1990199619971990199619971997
1 og 2Skolar for funksjonshemma14101038028931650 649
3, 5 og 6Andre private skolar5054552 3432 5942 564116 949
4Vidaregåande skolar3843516 0546 5317 114302 146
7Grunnskolar i Noreg4964675 6367 4907 495225 994
8Grunnskolar i utlandet25202064761959118 894
9Vidaregåande opplæring i utlandet3333175571 787
Sum17919420615 09117 59818 137716 419

1 Over budsjettposten for tilskot til private skolar går mellom anna tilskot til pensjonsinnskot for undervisningspersonale i private grunnskolar, tilskot til investeringsutgifter, og tilskot til elevar i utanlandske og internasjonale skolar, i tillegg til dei tilskota som går fram av tabellen.

Tabellen syner talet på skolar og elevar for høvesvis skoleåra 1989-90, 1995-96 og 1996-97, og statstilskot for skoleåret 1996-97. Nokre av skolane har verksemd under fleire av tilskotsreglane, slik at det samla talet på skolar som får tilskot, er lågare enn det som kjem fram i tabellen. Reduksjonen i talet på skolar for funksjonshemma kjem av at nokre av desse institusjonane vart omgjorde til kompetansesentra for spesialundervisning, og at dei difor ikkje lenger får tilskot etter privatskulelova, men over andre budsjettkapittel i statsbudsjettet. Auken i talet på vidaregåande skolar og elevtalet i desse frå 1996 til 1997 har samanheng med at private landbruksskolar er med i tala for 1997, men ikkje i tala for 1990 og 1996.

Kommunane og fylkeskommunane får mindre utgifter når elevar dei har ansvaret for, går i private skolar. Innsparinga varierer mellom kommunane og mellom fylkeskommunane, alt etter kor mange elevar dei har i private skolar. For å ta omsyn til desse variasjonane er det sett i verk ei korreksjonsordning i inntektssystemet for kommunesektoren. Kommunane og fylkeskommunane får eit trekk i rammetilskotet per elev som går i privat skole. Korreksjonsordninga fører ikkje til reduksjon i dei samla rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane. Skolar som ikkje har parallellar i offentlege skolar, er ikkje med i korreksjonsordninga.

Til forsida