St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

4 Bruken av statstilskotet og skolepengane

Reglar om bruken av statstilskotet finst i privatskulelova § 27 første leddet, der det heiter at «Alle offentlege driftstilskot skal koma elevane til gode». Høybråten-utvalet var i mandatet bede om å vurdera denne føresegna.

4.1 Elevbetaling

4.1.1 Vurderingar frå utvalet

I ei juridisk utgreiing som Høybråten-utvalet henta inn, vart det peika på at det ikkje finst lovfesta skrankar for bruken av skolepengar frå elevane. Desse midlane må såleis kunna brukast til andre føremål enn dekking av driftsutgifter, og dei kan i prinsippet brukast til andre føremål enn til beste for elevane. Høybråten-utvalet viste til at utvalet som i 1995 la fram utgreiing om ny felles opplæringslov (Smith-utvalet), gjekk inn for å utvida regelen i privatskulelova § 27 første leddet, slik at lova også set krav til at eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode. Høybråten-utvalet rådde til ei slik lovendring. Utvalet viste til den forståinga Smith-utvalet la til grunn om at «...bruk av egenandeler til annet enn de utgifter statstilskuddet skal dekke, vil kunne anses for å komme elevene til gode, f.eks. utgifter til skolebygg» (NOU 1995: 18, s 271).

4.1.2 Høyringsfråsegner

Steinerskolene i Norge forstår utgreiinga slik at framlegget om at føresegnene i § 27 første leddet også skal gjelda eigenbetaling frå elevane, føreset at desse midlane kan brukast til anna enn dei utgiftsartane som er med i tilskotsgrunnlaget. Forbundet peikar på at eigenbetalinga mellom anna må kunna brukast til skolebygg.

4.1.3 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i at privatskulelova bør ha reglar som tryggjer at eigendelane frå elevane blir brukte slik at midlane kjem elevane til gode, og stør difor framlegget om endring i privatskulelova § 27 første leddet.

Departementet har vorte kjend med at private skolar i nokre høve har kravt at elevar som sluttar før teljetidspunktet for tilskotsutrekninga, skal dekkja det statstilskotet skolen taper. Departementet meiner at ein slik praksis ikkje kan vera akseptabel, og vil vurdera reglar som hindrar at skolane kan krevja at elevar som sluttar, skal dekkja tapt statstilskot.

4.2 Løns- og arbeidsvilkår

Privatskulelova har i § 16 ein regel om at undervisningspersonale og skoleleiarar i private skolar skal «...ha rett til løns- og arbeidsvilkår som undervisningspersonale og skuleleiarar ved tilsvarande offentlege skular». Etter denne regelen har undervisningspersonale og skoleleiarar i private skolar rett til dei løns- og arbeidsvilkåra som gjeld i offentlege skolar, men det er høve til friviljug å gå med på dårlegare vilkår. Eit spørsmål som av og til har kome opp, er om private skolar har høve til å gje undervisningspersonale og skoleleiarar høgare løn enn dei ville ha fått i tilsvarande offentlege skolar.

4.2.1 Vurderingar frå utvalet

I den juridiske utgreiinga utvalet henta inn, var konklusjonen at det ikkje er rettsleg grunnlag for forbod mot å gje høgare løn enn det som gjeld i tilsvarande offentlege skolar. Utvalet tok denne vurderinga til orientering, men peika på at føremålet med § 16 er å tryggja undervisningspersonale og skoleleiarar rett til løns- og arbeidsvilkår som tilsvarar dei vilkåra personale ved offentlege skolar har. Utvalet meinte det vil vera uheldig om ein snur denne sikringsføresegna, slik at dei private skolane får høve til å gje dei tilsette betre vilkår enn det som gjeld for offentleg tilsette. Utvalet meinte difor at det bør vurderast å innføra reglar i lovverket som avgrensar handlefridomen for dei private skolane til å betala høgare løn eller eventuelt å gje betre arbeidsvilkår enn dei tilsette i offentlege skolar har.

4.2.2 Høyringsfråsegner

Norsk Lærarlag viste til at nokre skolar gjev lågare løn enn tariffavtalane i skoleverket tilseier, og stilte spørsmål ved om dette er ei ordning dei tilsette friviljug har gått med på. Lærarlaget gjorde framlegg om at staten skal setja som vilkår for godkjenning med rett til tilskot etter privatskulelova at skolane gjer tariffavtalar med personalet. Tyrifjord grunnskole gjekk mot at det skal gjevast reglar som hindrar private skolar å gje betre løns- og arbeidsvilkår enn det som gjeld i offentlege skolar. Grunngjevinga er mellom anna at ein slik lovregel vil kunna hindra private skolar i å finna kreative og utradisjonelle løysingar når det gjeld å utvikla den pedagogiske eigenarten til skolane, og kompetansen til personalet.

4.2.3 Vurderingar frå departementet

Departementet er merksam på at løns- og arbeidsvilkåra for nokre skolar kan ha samanheng med den pedagogiske eigenarten til skolen. Dessutan meiner departementet at det ikkje er rimeleg å gje reglar som hindrar tilsette i å gjera ein ekstra innsats for skolen. Departementet går difor ikkje inn for å gje reglar som hindrar tilsette i private skolar i å gå med på dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som gjeld i offentlege skolar.

Departementet er samd i at det kan vera uheldig om private skolar som får statstilskot får høve til å gje betre løns- og arbeidsvilkår enn det som gjeld i offentlege skolar. Departementet vil vurdera mogelege tiltak for å hindra at private skolar brukar statstilskotet til å konkurrera med offentlege skolar om arbeidskraft.

4.3 Kapitalutgifter og husleige

Av ordlyden i privatskulelova § 30 «driftsutgifter som gjev rett til tilskot» går det fram at nokre driftsutgifter gjev rett til tilskot, og andre ikkje. Spørsmålet som då kjem opp, er om skolane har høve til å bruka driftstilskotet til andre utgifter enn dei «...som gjev rett til tilskot». Ei klargjering om dette kom i Ot prp nr 89 (1991-92) Om lov om endring i lov 14. juni 1985 nr 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova), der det heiter at «...departementet _har] lagt til grunn at «driftsutgifter» i tillegg til utgiftskategoriane som femnast av omgrepet «tilskotsgrunnlag» m.a. også inkluderar husleigekostnader». Husleige er den viktigaste utgiftsposten som ikkje går inn i tilskotsgrunnlaget.

4.3.1 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet drøfta kva for husleigekostnader som kjem inn under omgrepet driftsutgifter. For reelle leigehøve, det vil seia leige mellom to fråskilde juridiske einingar som ikkje er nærståande partar, er leigekostnadene for lokale til bruk for den private skolen ordinære driftsutgifter. Der skolen sjølv eller nærståande partar eig lokala, er husleigekostnadene delt på postane avskrivingar, vedlikehald og renter på den framandkapitalen som er bunden i bygget. Fleirtalet i utvalet rår til at statstilskotet kan nyttast til avskrivingar på bygg etter dei reglane som gjeld for finansrekneskapen, renter på framandkapitalen og vedlikehaldsutgifter.

Utvalsfleirtalet gjorde vidare framlegg om at privatskolane får høve til å setja av til eit investeringsfond ein sum som svarar til skolepengane, men høgst 15 pst av tilskotsgrunnlaget for skolen. Grunngjevinga for framlegget er at skolane treng ordningar som gjer at dei kan skaffa seg lokale som dei eig sjølve. Fleirtalet meinte fondet kan brukast til investeringar i skolelokala, til større vedlikehald av lokala, og til eventuelle investeringar til skoledrifta. Det er eit vilkår at skolane ikkje fører over midlar til investeringsfondet utan at elevane får eit fullgodt undervisningstilbod, og skolen held ein forsvarleg standard elles.

Mindretalet i utvalet gjekk mot at tilskotsmidlar og eigenbetaling kan nyttast til avskrivingar og til å byggja opp eit investeringsfond. Mindretalet meiner at skolar som leiger lokale i marknaden, kan nytta statstilskotet til å dekkja husleigeutgiftene. Dersom skolen sjølv eller nærståande organisasjonar eig lokala, kan tilskotet nyttast til faktiske driftsutgifter, til vedlikehald for å halda verdien av bygningane ved lag, og til renter på framandkapital. Mindretalet la vekt på at innhaldet i regelen om at «Alle offentlege driftstilskot skal koma elevane til gode» er at tilskotet kan brukast til driftsutgifter og ikkje investeringsutgifter, og at tilskotet skal brukast kvart år til nytte for elevane, og dermed ikkje til formuesoppbygging hjå eigaren. Mindretalet viser til at lova fastset at tilskota skal vera til beste for elevane, og at det ikkje er noka målsetjing å gje like vilkår for skolebyggeigarar og skolar som leiger lokale.

4.3.2 Høyringsfråsegner

Dei fleste høyringsinstansane som har kommentert dette spørsmålet, stør framlegget om at tilskotsmidlar kan brukast til avskrivingar, og at skolane kan setja av midlar til eit investeringsfond. Grunngjevinga frå dei høyringsinstansane som går mot framlegget, er oftast at skolane ved å bruka tilskotet til avskrivingar og investeringsfond kan byggja opp ein formue på grunnlag av statstilskotet. Slik kan eigaren, etter at skolen er nedlagd, ha ein privatkapital finansiert av offentlege midlar.

4.3.3 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i synsmåtane frå fleirtalet i utvalet om trongen for ordningar som gjer at skolane kan skaffa seg sjølveigde lokale. Skal det vera krav om at inntekter frå statstilskot og skolepengar skal brukast det året dei kjem inn, kan det for nokre av skolane verta vanskeleg å skaffa seg lokale som dei eig sjølve, og å gjera større vedlikehald. Departementet er samd i dei vurderingane fleirtalet i Høybråten-utvalet gjorde om investeringsfond, og vil gje forskrifter som opnar for dette. For å tryggja at elevane får eit fullgodt undervisningstilbod, og at investeringsfondet kjem elevane til gode, er det naudsynt å gje visse reglar om oppbygging av fondet, bruken av fondsmidlane, bruk av fondsmidlane når ein skole vert nedlagd, og kontroll med fondet. Desse reglane vil bli tekne inn i forskrifter til privatskulelova. Departementet vil følgja med i økonomien til privatskolane, og dersom det viser seg at skoleeigarane over tid samlar opp midlar i fond som ikkje kjem elevane til gode, vil departementet vurdera ordninga på nytt.

4.4 Overføring av driftstilskotsmidlar frå eitt rekneskapsår til det neste

4.4.1 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Regelen i § 27 første leddet om at «Alle offentlege driftstilskot skal koma elevane til gode», blir tolka slik at tilskota skal koma dei elevane til gode som har løyst ut midlane. Tilskotsmidlane skal difor i regelen brukast det året dei er gjevne. Høybråten-utvalet peika på at skolane har bruk for å leggja opp nokre midlar for å kunna møta uventa utgifter, og gjorde framlegg om at skolane kan føra over inntil 10 pst av motteke tilskot frå eitt rekneskapsår til det neste. Bakgrunnen for at utvalet gjorde framlegg om at privatskolane kan føra over inntil 10 pst av driftstilskotet frå eit rekneskapsår til det neste, og ikkje 5 pst slik vilkåret er for statsinstitusjonar, er at ein privat skole, endå i ein force majeure-situasjon, sjølv må syta for dekking av eventuell meirutgift. For ei offentleg verksemd kan det vera mogeleg å sjå dekking av meirutgift i samanheng med forbruket i andre verksemder, eller søkja om samtykke til overskriding. Utvalet meinte at vilkåret for å føra over midlar bør vera at dei blir brukte til å dekkja driftsutgifter i det komande rekneskapsåret, og at midlane ikkje skal brukast til å byggja opp eigenkapital.

4.4.2 Høyringsfråsegner

Kristne Friskolers Forbund skriv at regelen om at skolane kan føra over inntil 10 pst av motteke tilskot fyller eit behov for langsiktig planlegging av økonomien. Norsk Lærarlag ser positivt på framlegget, då dette kan vera med på å gjera økonomien til privatskolane meir stabil. Landsorganisasjonen i Norge ser ingen grunn til at det skal gjelda andre reglar for private skolar for overføring av midlar frå eit år til det neste enn det som gjeld for statlege verksemder, og går difor inn for at grensa vert sett til 5 pst av motteke tilskot.

4.4.3 Vurderingar frå departementet

Tilskota blir inntektsførte i rekneskapen for det året tilskotet gjeld. Dersom skolen ikkje brukar opp tilskotsmidlane, vil rekneskapen syna overskot. Skolen kan ha andre inntekter enn dei som § 27 regulerer bruken av, og kan såleis ha overskot utan at ein kan seia at dette stammar frå statstilskotet. Spørsmålet om overføring av tilskotmidlar gjeld difor om skolane har høve til å driva med overskot som er større enn summen av inntekter utanom statstilskotet. Utgangspunktet er at midlane skal brukast det året dei er gjevne. Dersom midlane ikkje vert brukte, kan departementet dra inn midlane. På den andre sida ser departementet at det er viktig for skolane å ha økonomisk handlefridom til å møta uventa utgifter eller reduserte inntekter. Skolar som har handlefridom til å driva ei fornuftig økonomiplanlegging, kan driva rimelegare, og kan såleis bruka meir pengar til føremål som kjem elevane til gode. Skolane bør difor ha høve til å driva med mindre overskot, slik at dei kan ha handlefridom til å tola svingingar i utgiftene.

Departementet er samd i grunngjevinga frå utvalet om at privatskolane i større mon enn statlege verksemder må dekkja alle meirutgifter sjølve, og vil difor leggja opp til at privatskolane kan føra over inntil 10 pst av motteke tilskot, og ikkje 5 pst slik regelen er i staten. Overførde midlar skal brukast i det komande rekneskapsåret. Det er eit vilkår for å føra over midlar frå eit rekneskapsår til det neste at skolen har ein forsvarleg standard. Minimumskravet er at skolen fyller alle dei krava som er sette i lover, forskrifter og andre vilkår for godkjenninga.

Til forsida