St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

1 Kostnadsundersøkinga for tilskotsregel 4 - fordeling av kostnader på studieretningane

Kostnadsundersøkinga er basert på 1995-rekneskapane frå fylkeskommunane, og på opplysningar frå Sentralt Tjenestemannsregister for Skoleverket (STS) og Videregående skoles informasjonssystem (VSI). Kostnadene er delte ut på studieretningane etter desse retningslinene.

Løn til pedagogisk personaleGjennomsnitt per klasse :
Gjennomsnittleg tal pedagogiske årsverk per klasse multiplisert med gjennomsnittleg løn for pedagogiske årsverk. Gjennomsnittleg løn til pedagogisk årsverk vart rekna ut for kvar av studieretningane.
Gjennomsnitt per elev :
Gjennomsnittleg lønsutgift per klasse delt på gjennomsnittleg elevtal per klasse
Løn til anna personaleSum løn (rekneskapen) frårekna sum løn til pedagogisk personale (utrekna)
Løn til anna personale vart fordelt på studieretningane etter elevtal.
Investeringar/utstyrFordelt med 30 pst på allmenne fag og 70 pst på yrkesfag. Yrkesfagdelen er vidare fordelt med 60 pst på «tunge» fag og 40 pst på «lette» fag.
MaskinerFordelt per elev i yrkesfaglege studieretningar, med 100 pst på «tunge» fag.
Bygningar/vedlikehaldFordelt på studieretningane etter elevtal
Andre driftsutgifterFordelt med 15 pst på allmenne fag og 85 pst på yrkesfag. Yrkesfagdelen er vidare fordelt med 60 pst på «tunge» fag og 40 pst på «lette» fag.
Sals/leigeinntekter (frådrag)Fordelt per elev i yrkesfaglege studieretningar
Trygdeforvaltning (frådrag)Fordelt på studieretningane etter elevtal
Aktivitetar finansiert direkte over statsbudsjettet (frådrag)Fordelt på studieretningane etter elevtal
Til forsida