St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Økonomiske konsekvensar

Den omlegginga av tilskotssystemet som er omtala i denne meldinga, vil føra til ei omfordeling av tilskot mellom privatskolane, og vil i hovudsak kunne gjennomførast innanfor dei økonomiske rammene som gjeld i dag. Oppdraget til Høybråten-utvalet var at framlegga til endringar i tilskotssystemet ikkje måtte føra til utgifter utover det som følgjer av det gjeldande regelverket. Departementet har gjort nokre justeringar i det talmaterialet som var grunnlag for tilskotssatsane, slik at tilskota til vidaregåande skolar vert noko høgare enn utvalet la opp til. Desse justeringane innebar eit meirbehov på 9,4 mill kroner på heilårsbasis.

På grunn av overgangsordninga som er omtala i kapittel 3.12, vil det vera bruk for auka løyvingar i ein overgangsperiode, men desse løyvingane fell bort når det nye tilskotsnivået er innarbeidd for alle skolane. På nokre område har departementet gått inn for løysingar som krev høgare løyvingar enn det utvalet la opp til. Det gjeld først og fremst tilskota til norske grunnskolar i utlandet, og tilskotssatsen til vidaregåande skolar med studieretning for naturbruk. Desse endringsframlegga og overgangsordninga gjev ein utgiftsauke med ein heilårsverknad på til saman 11,9 mill. kroner i 1999. I St prp nr 1 Tillegg nr 3 (1997-98) Om endring av St prp nr 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998 låg det inne 9,3 mill kroner til desse føremåla, men då Stortinget sette ut handsaminga av endringsframlegga, vart desse midlane ikkje løyvde på kap 0240 Private skolar mv, men disponerte til andre føremål.

Departementet følgjer tilrådinga frå Høybråten-utvalet om at toppidrettsgymnasa skal få tilskot etter satsen for idrettsfag, og ikkje yrkesfagsatsen, som dei får tilskot etter no. Det blir etablert ei eiga tilskotsordning for den spesielle toppidrettsdelen av tilbodet. Utgiftene til denne tilskotsordninga vil bli på 9,5 mill kroner rekna etter det elevtalet skolane har no.

Samla auka løyvingsbehov på årsbasis blir 26,2 mill. kroner samanlikna med den tilskotsordninga som gjeld no. I tillegg kjem utgifter til overgangsordning som i 1999 blir 4,6 mill. kroner.

6.2 Administrative konsekvensar

Statstilskot til private skolar som får tilskot etter privatskulelova, blir for dei fleste tilskotsreglane rekna etter satsar per elev, men der finst nokre unntak. Etter den omlegginga departementet legg opp til, vil det bli færre skolar som får tilskotet utrekna etter andre kriterium enn satsar per elev. Tilskotsregel 5 (bedriftsskolar), der tilskotet blir utrekna etter ein klassesats, går ut. Grunnskolar i utlandet (tilskotsregel 8), som i dag får tilskot etter ein timesats, får etter den nye tilskotsordninga tilskot etter same utrekning som grunnskolar i Noreg (tilskotsregel 7). Omlegginga gjev eit meir eintydig tilskotssystem ved at prinsippet om at tilskotet blir utrekna etter satsar per elev, blir meir einerådande. Skolar under tilskotsregel 3 (sjøaspirantskolar og Norges Byggskole) og ein skole under tilskotsregel 1 får framleis tilskot etter godkjent budsjett. Departementet vil arbeida vidare med å finna system for tilskotssatsar som høver for desse skolane. Det er òg ei forenkling at tilskotsutrekinga for tilskotsregel 1 (grunnskolar for funksjonshemma) og tilskotsregel 2 (vidaregåande skolar for funksjonshemma) blir lik, og at tilskotssatsane for tilskotsregel 6 blir knytte til satsane for tilskotsregel 4. Omlegginga i tilskotsregel 1 har den konsekvensen at staten betaler husleigetilskot til skolar under tilskotsregel 1, og at statens meirutgifter til dette blir kompenserte gjennom korreksjon i inntektssystemet for kommunane.

Gjennom utgreiingsarbeidet har ein fått avklara ein del spørsmål om reglar for bruken av statstilskotet, og om rapporteringsordningar og kontroll. Departementet vil ha grunnlag for å gjera forbetringar i rapporterings- og kontrollrutinar. Når det gjeld bruken av statstilskot og skolepengar, blir det lagt opp til at skolane skal kunna setja av pengar til eit investeringsfond. Som ein konsekvens av dette, må departementet finna rutinar for kontroll med investeringsfonda.

Til forsida