St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

5 Kontroll, rapporteringsordningar og reaksjonsformer

5.1 Rapporteringsordningar og kontroll

I mandatet var Høybråten-utvalet bede om å koma med framlegg til rapporteringsordningar mellom skolane og departementet/statens utdanningskontor som gjev innsyn i at tilskotet er utbetalt på grunnlag av korrekte elevtal, og at tilskota og elevpengane vert nytta i samsvar med lovføresegnene og dei kriteria utvalet meiner bør leggjast til grunn for forståinga av desse føresegnene. Vidare vart utvalet bede om å vurdera dei reaksjonsformene som gjeld når nokon bryt føresegnene. Grunnlaget for vurderinga av rapporteringsordningar og reaksjonsformer er mellom anna økonomireglementet for staten. Etter at mandatet var fastsett og utvalet oppnemnt, fastsette departementet ei forskrift om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon for private skolar.

5.1.1 Vurderingar frå utvalet

Utvalet meinte at dei føresegnene som rekneskapsforskrifta har om utrekning av tilskot er gode nok, og gjorde ikkje framlegg om endringar i desse reglane. Rekneskapen er den viktigaste rapporten som gjev innsyn i bruken av tilskotsmidlar. Utvalet meinte at grunnlaget for kontroll med bruk av statstilskotet bør vera ein fullstendig rekneskap for kvar skole, der inntekter, kostnader og balanse er med. Berre transaksjonar som har samanheng med skoledrifta, skal vera med i rekneskapen. Alle interne transaksjonar skal takast med i rekneskapen, men for desse transaksjonane må det stillast strenge krav til dokumentasjon, og slike transaksjonar må kontrollerast særskilt. Interne transaksjonar skal prisast til reelle kostnader. Utvalet gjorde vidare framlegg om at det bør vera eit krav at resultatet ikkje skal gje underskot som ikkje kan dekkjast av overførde midlar, eller av eigenkapital. Dersom ein skole får eit slikt underskot, må eigarane dekkja dette. Utvalet meinte at det kan vera bruk for å få inn ein del opplysningar som kastar lys over rekneskapstala, slik som opplysningar om elevtal, klassetal, timetal ved skolen, lærarar, kompetansen til lærarane, storleiken på elevbetalinga. Når det gjeld reglar om kontroll, meinte utvalet at dei føresegnene som finst i dag, er gode nok.

5.1.2 Høyringsfråsegner

Dei fleste høyringsinstansane som har kommentert spørsmålet, stør framlegga til rapporterings- og kontrollordningar. Ein del privatskolar har likevel peika på at rapporteringsordningane krev meirarbeid for skolane. Steinerskolene i Norge ber om at departementet hjelper til med å koordinera rapporteringa, slik at skolane ikkje treng gje fleire rapportar med dei same opplysningane.

5.1.3 Vurderingar frå departementet

For å kontrollera at grunnlaget for tilskotet er rett, må ein kontrollera dei elevtalsoppgåvene skolane sender inn. Desse oppgåvene skal vera stadfeste av registrert eller statsautorisert revisor. Dessutan har departementet fastsett at kontroll med elevtal skal vera ein del av alle tilsynsvitjingar statens utdanningskontor har på private skolar. Departementet arbeider med å laga ei standard revisjonsmelding for særattestasjon på elevtal i private skolar.

Departementet er samd i at grunnlaget for kontroll med bruken av statstilskotet bør vera ein fullstendig rekneskap, med inntekter, kostnader og balanse. Mellom anna på grunnlag av merknadene i utgreiinga frå Høybråten-utvalet vil departementet gjera endringar i rekneskapsforskrifta for privatskolane. Departementet har delegert til statens utdanningskontor å føra kontroll med privatskolane. Utdanningskontora fører fagleg og økonomisk kontroll med privatskolane, i dette ligg òg at kontora skal føra kontroll med at skolane har ein forsvarleg standard. Til hjelp i dette arbeidet, vil departementet laga ei rettleiing for utdanningskontora, slik at kontrollen blir mest mogeleg lik frå fylke til fylke.

5.2 Reaksjonsformer mot brot på føresegnene

5.2.1 Regelen som gjeld no

I § 25 nr 4 i privatskulelova er det ein regel om reaksjonar ved brot på vilkåra i privatskulelova. Regelen lyder slik: «Departementet skal dra godkjenninga attende dersom vilkår i denne lova ikkje vert fylte innan den frist som departementet set.»

5.2.2 Vurderingar frå utvalet

På bakgrunn av ei tolking av § 25 om at føresegna ikkje berre gjeld direkte brot på «vilkår i denne lova», men også regelbrot som ikkje er eksplisitte brot på lova, men som bryt med føresetnadene for lova, gjorde utvalet framlegg om at føresegna står ved lag, men i ei noko endra form. Slik lovregelen er i dag, har departementet etter ordlyden plikt på seg til å dra godkjenninga attende dersom ein skole ikkje fyller dei vilkåra departementet set innan ein fastsett frist. Vidare set regelen som vilkår for å kalla attende godkjenninga at departementet har fastsett frist for retting av eit mishøve, og at denne fristen ikkje blir halden. Utvalet meinte at departementet ikkje bør ha plikt til å dra attende godkjenninga som reaksjon på bagatellmessige regelbrot, jamvel om dei ikkje blir retta innan fastsett tid. Dinest må departementet ved grove brot kunna dra attende godkjenninga straks, og utan varsling på førehand. Utvalet gjorde på denne bakgrunnen framlegg om at § 25, pkt 4 får ein ny ordlyd.

Utvalet meinte at det i tillegg til lovføresegna også er bruk for reaksjonsføresegner som går meir direkte på økonomiske tilhøve. Slike føresegner meinte utvalet bør takast inn i forskrift til privatskulelova. Utvalet gjorde framlegg om at det i forskrift blir teke inn føresegner om at departementet kan halda tilskot attende til dess ein mangel blir retta, at departementet kan krevja attendebetalt tilskot som er utbetalt på grunnlag av urette eller mangelfulle opplysningar, og at departementet kan krevja heile eller deler av tilskotet attendebetalt dersom statstilskot eller elevpengar blir nytta i strid med føresetnadene.

5.2.3 Høyringsfråsegner

Norsk Lærarlag stør fullt ut at slike føresegner som utvalet gjorde framlegg om, blir tekne inn i rekneskapsforskrifta. Lærarlaget peika på at dette kan medverka til at skoleeigarane legg meir vekt på kompetanse i rekneskap og drift, og i ymse krav og føresetnader som følgjer av lovverket. Steinerskolene i Norge sa seg «...meget godt fornøyd med utvalgets grundige utredning om reaksjonsformer».

5.2.4 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i at reaksjonsregelen i privatskulelova § 25 nr 4 bør vera meir fleksibel. Departementet er òg samd i at det bør finnast reaksjonsformer som går meir direkte på økonomiske tilhøve. Dersom ein har slike reaksjonsformer som utvalet gjorde framlegg om, vil departementet lettare kunna finna høvelege reaksjonar på mindre regelbrot og på mangelfull rapportering frå skolane. Departementet vil i forskrift til privatskulelova gje føresegner om reaksjonar mot skolar som bryt reglar og retningsliner.

Til forsida