St.meld. nr. 45 (1997-98)

Om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

Til innhaldsliste

3 Tilskotsreglane

Utgreiinga om kvar av tilskotsreglane byrjar med ei omtale av tilskotsordninga som gjeld no, vidare blir det gjort greie for vurderingar og framlegg frå Høybråten-utvalet, og så eit avsnitt om hovudinnhaldet i høyringsfråsegnene til tilskotsregelen. Eitt avsnitt gjeld vurderingar og konklusjonar frå departementet, og omtalen av tilskotsregelen sluttar med ei oppsummering av økonomiske konsekvensar av tilrådde omleggingar i tilskotsordninga.

3.1 Tilskotsregel 1 og 2 (skolar for funksjonshemma)

Fleire av skolane gjev både grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, og er såleis godkjende etter både tilskotsregel 1 og tilskotsregel 2. Under desse tilskotsreglane finst mellom anna helsepedagogiske steinerskolar, som driv opplæring for psykisk utviklingshemma, og skolar som driv vidaregåande opplæring for tidlegare rusmisbrukarar. Ein av skolane driv attføringsopplæring for vaksne som på grunn av funksjonshemming eller sjukdom treng omskolering for å koma inn att i arbeidslivet, og ein skole driv kortvarige kurs for grunnskoleelevar som har vanskeleg for å tilpassa seg opplæringssituasjonen i ordinære skolar. Skoleåret 1996-97 fekk ti skolar med i alt 316 elevar tilskot på til saman 50 649 000 kroner. Nokre av skolane som før fekk tilskot etter tilskotsregel 1 og 2, får no tilskot over budsjettkapitlet for kompetansesentra for spesialundervisning, og talet på skolar under desse tilskotsreglane har difor minka dei seinare åra.

3.1.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Grunnskolar for funksjonshemma (tilskotsregel 1) og vidaregåande skolar for funksjonshemma (tilskotsregel 2) får tilskot etter ein normalsats per elev, som er sams for båe tilskotsreglane. Skolane er grupperte i tre satsgrupper, gradert etter kor mykje ressursar som krevst for elevgruppa. Ein av skolane, som driv kortvarige kurs for grunnskoleelevar, får tilskot etter godkjent budsjett. Tilskotet skal dekkja 100 pst av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget. Tilskotsordninga er lik for dei to skoleslaga, bortsett frå at skolar under tilskotsregel 2 etter søknad kan få tilskot til husleige som eit tillegg til driftstilskot utrekna etter normalsatsane. For skolar under tilskotsregel 1 skal heimkommunane til elevane gje tilskot til dekking av andre utgifter enn dei som kjem inn under tilskotsgrunnlaget. I praksis gjeld dette først og fremst husleigeutgifter.

3.1.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet fann det ikkje rimeleg at statstilskotet til private grunnskolar for funksjonshemma skulle reknast ut på annan måte enn tilskotet til private vidaregåande skolar for funksjonshemma. I tillegg hadde utvalet konstatert at det har vore somme problem i praktiseringa av tilskotsregel 1, mellom anna fordi det har vore diskusjonar mellom skoleeigarar og nokre kommunar om korleis pkt b i denne regelen om at «andre driftsutgifter vert dekte ved tilskot frå den kommunen og fylkeskommunen der eleven har heimen sin» skulle oppfattast. Utvalet rådde til at staten også skal dekkja andre driftsutgifter, under dette også husleige, til skolar under tilskotsregel 1, og at meirutgiftene for staten blir kompenserte gjennom korreksjon i inntektssystemet for kommunane.

3.1.3 Høyringsfråsegner

Dei høyringsinstansane som har kommentert desse tilskotsreglane, er positive til at staten skal dekkja husleigeutgifter for tilskotsregel 1-skolane. Steinerskolene i Norge og Kristne Friskolers Forbund har elles peika på at tilskotssatsane må auka i takt med lønsendringar i den offentlege skolen.

3.1.4 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i at statstilskota til private grunnskolar for funksjonshemma bør fastsetjast etter dei same retningslinene som gjeld for tilskot til private vidaregåande skolar for funksjonshemma. Omsynet til likskap og rettferd talar for at same tilskotsutrekninga gjeld for begge tilskotsreglane. Dessutan blir tilskotsordninga enklare, og det blir lettare å få til ein einskapleg praksis for husleigetilskot. Departementet stør difor framlegget frå utvalet om at staten skal dekkja husleigeutgifter for skolane under tilskotsregel 1, og at meirutgiftene for staten blir kompenserte gjennom korreksjon i inntektssystemet for kommunane. Departementet går inn for at tilskotssatsane skal justerast for løns- og prisutviklinga på same måten som satsane for tilskotsregel 4 og 7, jamfør omtale i avsnitt 3.11.

3.1.5 Økonomiske konsekvensar

Ordninga med at staten dekkjer husleige for skolar under tilskotsregel 1, vil gje ei meirutgift for staten på 1-1,5 mill kroner. Desse utgiftene blir kompenserte ved at ein tilsvarande sum blir trekt inn frå kommunane gjennom korreksjon i inntektssystemet.

3.2 Tilskotsregel 3 (skolar som vanlegvis har parallellar i tilsvarande statlege skolar)

Tre sjøaspirantskolar og Norges Byggskole (tidlegare Norges Trelastskole) får tilskot etter denne regelen. Desse skolane hadde i alt 183 elevar skoleåret 1996-97, og statstilskotet var til saman 19 229 000 kroner. Skolane gjev hovudsakleg opplæring som går inn under lov om vidaregåande opplæring.

3.2.1 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Utvalet peika på at ordlyden «parallellar i <...>statlege skular» er misvisande då det ikkje finst statlege skolar med tilsvarande opplæringstilbod, og gjorde framlegg om ei teknisk lovendring i denne tilskotsregelen. Utvalet vurderte om skolane kan førast over til tilskotsregel 4, men kom til at dei høver dårleg inn i tilskotssystemet for denne regelen. Framlegget frå utvalet var at tilskotsregelen held fram, men at det framover ikkje er aktuelt å la nye skolar få tilskot etter denne tilskotsregelen. Utvalet gjorde vidare framlegg om at departementet vurderer om skolane under tilskotsregel 3 etter kvart bør førast over til tilskotsregel 4.

3.2.2 Høyringsfråsegner

Høyringsinstansane hadde ikkje vesentlege merknader om denne tilskotsregelen.

3.2.3 Vurderingar frå departementet

Dei skolane som får tilskot etter denne regelen, gjev hovudsakleg opplæring som går inn under lov om vidaregåande opplæring, og dei ville difor høyra naturleg inn under tilskotsregel 4. I samsvar med Ot prp nr 58 (1983-84) kan også «...utgifter i forbindelse med elevenes opphold om bord» vera med i tilskotsgrunnlaget. Det har vore vanskeleg å finna eit satssystem som tek omsyn til dette. Skolane får difor tilskot etter godkjent budsjett, og høver såleis dårleg inn i tilskotssystemet for tilskotsregel 4, der det er satsar per elev som er grunnlag for statstilskotet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet meiner difor at tilskotsregelen bør stå ved lag, men er samd med utvalet i at det ikkje vil vera aktuelt å la nye skolar få tilskot etter denne regelen. Departementet vil vurdera vidare om det er mogeleg å finna eit satssystem for tilskotsregel 3-skolane slik at ein kan føra dei over til tilskotsregel 4.

3.2.4 Økonomiske konsekvensar

Tilskotsordninga held fram som før, og det blir difor ikkje endringar som har økonomiske konsekvensar.

3.3 Tilskotsregel 4 (vidaregåande skolar som har parallellar i offentlege skolar)

Etter tilskotsregel 4 kan «Skular som kan godkjennast etter lov 21. juni 1974 nr 55 om videregående opplæring» få tilskot. Skoleåret 1996-97 fekk 51 skolar med i alt 7 114 elevar statstilskot med til saman 302 116 000 kroner. Talet på skolar under denne regelen har vore stabilt dei seinare åra.

3.3.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Under tilskotsregel 4 har vi i dag desse satskategoriane:

  • Studiekompetansegjevande kurs, vanlege (allmenne og økonomisk/adm. fag)

  • Studiekompetansegjevande kurs, spesielle (idrettsfag og musikk, dans, drama)

  • Yrkesfaglege studieretningar

  • Landbruksskolar

  • Gartnarskolar

Etter privatskulelova skal tilskotsgrunnlaget for desse skolane reknast ut på grunnlag av dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skolen.

Departementet gjennomførte i 1995 ei undersøking av kostnadene i offentlege vidaregåande skolar, på grunnlag av 1994-rekneskapane frå fylkeskommunane. Resultatet av kostnadsundersøkinga vart presentert i St prp nr 1 Tillegg nr 1 (1995//96). I denne kostnadsundersøkinga var det teke omsyn til at fylkeskommunane har kostnader som dei private skolane ikkje har. Utgifter til den sentrale skoleadministrasjonen i fylkeskommunane vart difor haldne utanfor tilskotsgrunnlaget. Utgifter som er finansierte direkte over statsbudsjettet, overføringar mellom fylkeskommunane, og andre overføringar vart òg haldne utanom. Tilskotssatsane vart endra på grunnlag av resultata frå kostnadsundersøkinga, og satsane er seinare justerte for løns- og prisutviklinga i tida 1994 til 1997.

Om kostnadsundersøkinga meinte fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna (jamfør Budsjett-innst S nr 12 (1995-96): «Dette flertallet er enig i at en del av fellesutgiftene ikke påløper de private skolene. Dette flertallet vil likevel peke på at andre deler av disse utgiftene må skolene selv dekke, f.eks. utgifter til inntak av elever, endel etterutdanning av lærere, lønnsutbetaling, styrevirksomhet m.m. Dette flertallet mener derfor fellesutgiftene bør vurderes på nytt som en del av beregningsgrunnlaget.»

3.3.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet la til grunn at det framleis skal vera kopling mellom kostnadene i offentlege vidaregåande skolar og grunnlaget for tilskot til private vidaregåande skolar. Utvalet gjekk som eit hovudprinsipp inn for at private vidaregåande skolar skal få tilskot etter den satsen som svarar til utgiftene i parallell studieretning i offentlege skolar, etter den godkjenninga skolane har. Dette prinsippet vil tryggja lik handsaming av same typen skolar. I dag får to private vidaregåande skolar med toppidrettstilbod tilskot etter satsen for yrkesfaglege studieretningar, endå dei er godkjende etter læreplanane for allmennfag. Dette gjeld Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas. Sidan begge skolane har eit stort innslag av idrettsfag, gjorde utvalet framlegg om at dei får tilskot etter satsen for idrettsfag. Ein av utvalsmedlemene tok dissens i dette spørsmålet. Dissensen galdt ikkje hovudprinsippet om tilskot etter sats i samsvar med godkjenninga, men medlemen meinte at det bør opnast for ei større differensiering av satsar, slik at til dømes skolar med International Baccalaureate-tilbod og toppidrettsgymnas kan få tilskot etter eit tilskotsgrunnlag som speglar dei reelle kostnadene ved desse utdanningane.

Utvalet la til grunn at ein del av fellesutgiftene for dei fylkeskommunale utdanningsstyremaktene, det vil seia utgifter på kapittel 1.200 i dei fylkeskommunale rekneskapane, skal vera med i tilskotsgrunnlaget. Det finst ikkje statistikk over kor mykje av utgiftene på kap 1.200 som gjeld sekretariatsoppgåver for politiske organ, og kor mykje som gjeld forvaltningsoppgåver og leiingsfunksjonar på utdanningsfeltet, men utvalet rekna med at om lag 50 pst av utgiftene går med til kvar av dei to funksjonane, og la til grunn at 50 pst av utgiftene på kap 1.200 skal vera med i tilskotsgrunnlaget. Tilskotsgrunnlaget for private skolar vart rekna ut på grunnlag av reelle elevtal i offentlege skolar, fordi dette speglar dei reelle kostnadene i offentlege skolar.

Etter retningsliner som det er gjort nærare greie for i vedlegg 1, rekna utvalet ut kostnader per elevplass i kvar av dei studieretningane som er med i Reform 94. Tilskotsgrunnlaget svarar til utgiftene per elevplass i offentlege skolar, frårekna utgifter til spesialundervisning, som blir dekte gjennom tilskot frå fylkeskommunane. I den kostnadsundersøkinga departementet gjorde i 1995, var delen av utgifter som gjeld spesialundervisning m m sett til 10 pst. Utvalet freista å kartleggja omfanget av spesialundervisning, men dei svara som kom inn, var såpass ulike at utvalet ikkje fann grunnlag for å dra ein klar konklusjon, og utvalet valde difor å føra vidare den tekniske føresetnaden om at dei tenestene fylkeskommunane skal finansiera, er 10 pst av utgiftene.

Utvalet meinte det ikkje er tenleg å laga eigne tilskotssatsar for alle studieretningane i den offentlege vidaregåande skolen. Utvalet gjorde framlegg om eigne tilskotssatsar for desse studieretningane:

  • allmenne og økonomisk/administrative fag

  • idrettsfag

  • musikk, dans, drama

  • naturbruk

For dei yrkesfaglege studieretningane utanom naturbruk meinte utvalet at det bør fastsetjast éin sams tilskotssats, på grunnlag av ein vekta gjennomsnittssats for desse studieretningane. Grunngjevinga for framlegget om sams sats for yrkesfaga var at det hittil berre har vore éin sats for desse studieretningane, og at det er heller få private vidaregåande skolar som har yrkesfaglege studieretningar. Framlegget frå utvalet er vidare å dela opp satsen for «studiekompetansegjevande kurs, spesielle», slik at det blir eigne satsar for høvesvis Idrettsfag og Musikk, dans, drama. Bakgrunnen for dette framlegget er at skilnaden i kostnader mellom dei to studieretningane er stor.

Private vidaregåande skolar som er godkjende som fagleg-pedagogiske alternativ, jamfør privatskulelova §§ 3b og 4b, følgjer ikkje dei læreplanane som gjeld i den offentlege vidaregåande skolen. Dette gjeld dei vidaregåande Steinerskolane. Utvalet har vurdert dei læreplanane som steinerskolane følgjer, og kom fram til at dei har element frå desse læreplanane i offentlege vidaregåande skolar: allmenne og økonomisk/administrative fag, formgjevingsfag og musikk, dans, drama. Utvalet gjorde framlegg om at steinerskolane får tilskot etter ein eigen sats, på grunnlag av kostnaden per elev i dei studieretningane som er nemnde, etter denne vektinga:

  • allmenne og økonomisk/administrative fag: 64 pst

  • formgjevingsfag: 23 pst

  • musikk, dans, drama: 13 pst

Vektinga er gjort på grunnlag av ei vurdering av timeplanane i skoleåret 1994-95 for eit representativt utval fullt utbygde steinerskolar. I tråd med hovudprinsippet om at skolane skal få tilskot etter ein sats som svarar til utgiftene i parallell studieretning i offentleg skole i samsvar med den godkjenninga skolane har, er ikkje dei reelle kostnadene ved vidaregåande steg i steinerskolane vurdert. Tilskotssatsen for steinerskolane er difor, som dei andre tilskotssatsane, basert på utgiftene i offentlege skolar.

Tabell 3.1 syner framlegget utvalet hadde om satskategoriar og tilskotssatsar.

Tabell 3.1 Tilskotssatsar for tilskotsregel 4 etter framlegg frå Høybråten-utvalet

StudieretningTilskotssats (1997-kroner)
Allmenne, økonomisk/administrative fag41 650
Idrettsfag46 147
Musikk, dans, drama58 670
Naturbruk74 989
Yrkesfaglege studieretningar68 158
Steinerskolane49 327

3.3.3 Høyringsfråsegner

Nokre av merknadene frå høyringsinstansane gjeld talfestinga av tilskotsgrunnlaget. Frå privatskolehald er det hevda at fylkeskommunane ikkje fører alle kostnadene med skoledrifta til skolekapitlet i rekneskapen, og at delen av fellesutgifter som er med i tilskotsgrunnlaget, bør aukast frå 50 pst til 75 pst.

Ein del av høyringsfråsegnene tok opp spørsmålet om tilskotssatsar for yrkesfaglege studieretningar. Næringslivets Hovedorganisasjon peika på at det er store kostnadsskilnader mellom dei ymse yrkesfaglege studieretningane, og at eit tilskotssystem som ikkje tek omsyn til desse kostnadsskilnadene, er ei oppmoding om å skipa private skolar for dei billegaste yrkesfaga, og ikkje for dei dyraste. Steinerskolene i Norge viste til at utvalet skilde mellom «tunge» og «lette» fag når det galdt fordeling av kostnader på dei ymse studieretningane. Forbundet meiner det etter same mønsteret bør gjevast to satsar for yrkesfag. Satsen for «tunge» fag vil då gjelda studieretningane for byggfag, elektrofag, hotell- og næringsmiddelfag, kjemi- og prosessfag, mekaniske fag, tekniske byggfag og trearbeidsfag, medan satsen for «lette» fag vil gjelda studieretningane for formgjevingsfag og helse- og sosialfag.

Steinerskoleforbundet hadde òg merknader til vektinga av studieretningane i tilskotssatsen for steinerskolane. Forbundet peikar på at både studieretning for formgjevingsfag og studieretning for musikk, dans, drama har innslag av allmennfag i læreplanane. I vektinga av tilskotssatsen var det berre studieretningsfaga som vart rekna med i timetalet for studieretningane formgjevingsfag og musikk, dans, drama, og forbundet meiner difor at desse studieretningane tel for lite i den vektinga utvalet gjorde. Steinerskoleforbundet gjorde framlegg om denne vektinga:

  • allmenne og økonomisk/administrative fag: 29 pst

  • formgjevingsfag: 39 pst

  • musikk, dans, drama: 32 pst

Kristne Friskolers Forbund har merknader til fordelinga av kostnader mellom «tunge» og «lette» yrkesfag. På grunnlag av røynsle frå medlemsskolane meiner forbundet at undersøkinga frå utvalet syner for liten kostnadsskilnad mellom kostnadskrevjande og mindre kostnadskrevjande yrkesfaglege studieretningar. Forbundet gjorde framlegg om at fordelinga av utgiftene til investeringar/utstyr og andre driftsutgifter blir endra frå 60 pst på «tunge» fag og 40 pst på «lette» fag til 70 pst på «tunge» fag og 30 pst på «lette» fag.

Når det gjeld hovudprinsippet om at skolane skal få tilskot etter satsen for parallell studieretning i offentlege skolar etter den godkjenninga skolen har, og konsekvensane dette prinsippet har for toppidrettsgymnasa, deler høyringsinstansane seg i to grupper. Nokre av høyringsinstansane var samde med utvalet, mellom dei Landsorganisasjonen i Norge, Oppland fylkeskommune og Steinerskolene i Norge. Mellom dei som går mot utvalet, finn vi Norges Idrettsforbund og Olympiske komité, Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas.

Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas meiner dei gjev ein kombinasjon av toppidrettssatsing og vidaregåande opplæring som ingen offentlege skolar tilbyr. Skolane meiner at toppidrettssatsinga er ein del av utdanninga, og at toppidrettsgymnasa må få tilskot etter ein sats som speglar dei samla kostnadene med tilbodet, inkludert kostnadene for den delen av opplegget som går ut over læreplanane for studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Skolane viser mellom anna til idrettspolitiske målsetnader om høve til å kombinera skole/utdanning med idrettssatsing. Høyringsinstansane argumenterer ikkje mot prinsippet om tilskot etter satsen for parallell studieretning i offentlege skolar, men Norges Idrettsforbund og Olympiske komité skriv i si høyringsfråsegn at forbundet meiner «...at prinsippet om at det må finnes en parallell i offentlige videregående skoler ikke må gjelde for toppidrettsgymnasene». Idrettsforbundet viser elles til at utvalet gjer framlegg om ein eigen tilskotssats for steinerskolane, og meiner at same løysinga må brukast for toppidrettsgymnasa.

3.3.4 Vurderingar frå departementet

Høybråten-utvalet la til grunn at utgiftene i offentlege skolar skal vera grunnlag for tilskota til private skolar. Departementet er samd i dette prinsippet. Opplysningar om utgiftene i offentlege skolar finn ein i rekneskapen frå fylkeskommunane. Nokre rekneskapspostar skal berre delvis vera med i tilskotsgrunnlaget for private skolar. Det har mellom anna samanheng med at fylkeskommunane har utgifter som private skolar ikkje har, mellom anna til sekretariatsoppgåver for politiske organ, og at heimfylkeskommunane til elevane skal dekkja utgifter til spesialundervisning, slik at desse utgiftene ikkje skal vera med i tilskotsgrunnlaget. I nokre høve var det ikkje råd for utvalet å få opplysningar som gjorde at ein kunne avgjera fullt ut kor stor del av utgiftene som skal vera med i tilskotsgrunnlaget, og utvalet fastsette då ei fordeling etter skjøn. Det er likevel ein liten del av dei samla utgiftene som er fastsette etter skjøn. Departementet meiner difor at ei undersøking som byggjer på dei føresetnadene utvalet la til grunn, gjev eit godt bilete av kostnadene ved å driva private skolar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil arbeida for å få så gode data som råd er. Så lenge ein ikkje har nøyaktige opplysningar, vil departementet leggja til grunn den fordelinga utvalet gjorde framlegg om.

I tråd med framlegget frå Høybråten-utvalet legg departementet til grunn at 50 pst av fellesutgiftene, det vil seia utgifter på kap 1.200 i dei fylkeskommunale rekneskapane, skal vera med i tilskotsgrunnlaget. Departementet er òg samd med utvalet i at den reelle klasseoppfyllinga i offentlege skolar skal liggja til grunn når ein skal rekna ut tilskotsgrunnlaget for private skolar, fordi dette speglar dei reelle kostnadene i offentlege skolar. I tråd med kostnadsundersøkinga i 1995 (jamfør St prp nr 1 Tillegg nr 1 (1995-96)) har departementet lagt til grunn at det skal gjerast frådrag for aktivitetar som er finansierte direkte over statsbudsjettet.

Det ligg ikkje føre rekneskapstal som viser kostnadene fordelt på studieretningane. Den fordelinga utvalet rådde til, vart fastsett mellom anna på grunnlag av ei vurdering av innhaldet i studieretningane. Departementet er samd i den vurderinga Kristne Friskolers Forbund gjorde om kostnadsskilnader i yrkesfaglege studieretningar, og vil difor leggja til grunn ei kostnadsfordeling på 70 pst på kostnadskrevjande fag og 30 pst på mindre kostnadskrevjande fag. Denne endringa fører til at tilskotssatsen for naturbruk blir høgare enn utvalet la til grunn, satsen for yrkesfaglege studieretningar blir og noko høgare, medan satsen for steinerskolar blir noko lågare enn framlegget frå utvalet. Når det gjeld merknadene om talet på tilskotssatsar for yrkesfag, følgjer departementet framlegget frå utvalet om at det skal vera eigen sats for naturbruk og elles ein sams sats for yrkesfaga.

Departementet er samd i den vurderinga utvalet gjorde om at ein må sjå på kva studieretningar i den offentlege skolen som svarar til innhaldet i læreplanane for steinerskolane, når ein skal fastsetja sats for steinerskolane. Sidan den utdanninga steinerskolane gjev, ikkje svarar til ei særskild studieretning i den vidaregåande skolen, kan det vera rom for fleire syn på kva som er den mest rettvise vektinga av tilskotssatsen. Departementet er samd med utvalet i at satsen skal reknast ut på grunnlag av utgiftene i offentlege vidaregåande skolar, og at det difor ikkje er dei reelle kostnadene i vidaregåande steinerskolar som skal vurderast. Departementet legg til grunn den vektinga av tilskotssatsen som Høybråten-utvalet samrøystes gjorde framlegg om.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er samd i hovudprinsippet om at den godkjenninga skolane har, skal vera grunnlag for plassering i satsgruppe. Toppidrettsgymnasa er godkjende for studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, men skolane har eit monaleg innslag av idrettsfag. Skal toppidrettsgymnasa, slik som steinerskolane, få ein tilskotssats basert på fleire studieretningar, på grunnlag av innhaldet i den opplæringa skolane gjev, er det allmennfag og idrettsfag som er relevante. Toppidrettsgymnasa har ikkje element av fag frå andre studieretningar i den vidaregåande skolen. Etter dette alternativet kan toppidrettsgymnasa få tilskot etter anten satsen for allmenne fag eller satsen for idrettsfag, eller eit vekta gjennomsnitt av dei to tilskotssatsane. Høybråten-utvalet gjorde framlegg om at toppidrettsgymnasa får tilskot etter tilskotssatsen for idrettsfag, som er den høgste av dei to aktuelle tilskotssatsane. Departementet stør dette framlegget.

Toppidrettsgymnasa er godkjende etter offentlege læreplanar Det er difor ikkje grunnlag for å gje tilskot etter ein sats som ikkje er utrekna på grunnlag av utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen. Når toppidrettsgymnasa har høgare kostnader enn tilsvarande offentlege skolar, kjem dette av at toppidrettsgymnasa gjev eit monaleg tilbod utover det som følgjer av dei læreplanane skolane er godkjende etter. Målet om høve til kombinasjon av toppidrett og utdanning er utanfor det føremålet privatskulelova skal fremja. Føremålet med privatskulelova er etter § 1 «...å medverka til å sikra at det kan skipast og drivast private skular». Toppidrettsgymnasa har eit utdanningstilbod som ligg særleg til rette for at elevane kan satsa på toppidrett samstundes som dei tek utdanning. Utdanningsdelen av opplegget kjem inn under føremålet med privatskulelova, og skal difor få tilskot etter denne lova. Toppidrettsopplegget kjem i tillegg til det tilbodet skolen gjev etter offentlege læreplanar, og må finansierast gjennom andre kjelder enn tilskotsordninga for privatskolar.

Departementet legg opp til å etablera ei eiga ordning for tilskot til den spesielle toppidrettsdelen av tilbodet ved toppidrettsgymnasa. Samla tilskot til toppidrettsgymnasa vil etter dette vera på same nivå som før omlegginga, men det blir sett ei grense for kor mange fleire elevar som kan få tilskot til toppidrettsdelen. Tilskota til toppidrettsgymnasa vil etter dette vera todelte. Skolane vil få ordinære driftstilskot over tilskotsordninga for privatskolar, etter satsen for idrettsfag, og eit særskilt toppidrettstilskot over ei eiga tilskotsordning. Toppidrettsgymnas som blir godkjende etter privatskulelova får rett til tilskot etter satsen for idrettsfag. For å få tilskot til toppidrettsdelen, krevst særskild godkjenning. Maksimalt samla elevtal med toppidrettstilskot skal berre gjelda for ordninga med særskilde toppidrettstilskot, og vil ikkje vera til hinder for at skolar med toppidrettstilbod kan bli godkjende med rett til tilskot etter privatskulelova.

Tabell 3.2 viser godkjende maksimale elevtal, og elevtal skoleåret 1997/98 ved toppidrettsgymnasa.

Tabell 3.2 Elevtal ved toppidrettsgymnasa

SkoleMaksimalt elevtalElevtal 1997/98
01.10.9701.04.98
Wang180155156
Norges Toppidrettsgymnas540515508
Sum720670664

3.3.5 Økonomiske konsekvensar av omlegginga

Tilskotssatsar etter gammal og ny ordning, og verknader for kvar av skolane, går fram av vedlegg 1. Mellom anna på grunn av den kostnadsundersøkinga utvalet gjorde - det tok t d med 50 pst av fellesutgiftene, jamfør omtale under avsnitt 3.3.2 - er satsane etter ny ordning jamt over høgare enn dei satsane som gjeld no. Den tilskotssatsen som no gjeld for studiekompetansegjevande kurs, spesielle, er fastsett på grunnlag av utgiftene til studieretningane for idrettsfag og musikk, dans, drama. I tillegg får steinerskolane tilskot etter denne satsen. Etter den nye ordninga blir det eigne satsar for idrettsfag og musikk, dans, drama. Omlegginga fører til ein auke i tilskota til musikk, dans, drama, medan tilskota til idrettsfag blir om lag som før. Steinerskolane får etter den nye ordninga tilskot etter ein eigen sats, som er høgare enn den satsen desse skolane får no. Toppidrettsdelen av tilskota til toppidrettsgymnasa blir skilt ut i ei eiga tilskotsordning. Med det elevtalet desse skolane har no, vil toppidrettstilskotet bli til saman 9.5 mill kroner.

3.4 Tilskotsregel 5 (Skolar knytte til verksemder)

Lova gjev få reglar om kva krav som skal stillast for å få godkjenning etter denne regelen. Mange av skolane som har fått tilskot etter denne regelen, har vore lærlingskolar, men også andre typar yrkesretta utdanningstilbod har fått tilskot. Talet på skolar under denne tilskotsregelen har minka, og i 1997 var det berre ein skole som fekk tilskot, på om lag 190 000 kroner.

3.4.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Bedriftsskolane får tilskot etter ein normalsats per klasse.

3.4.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet meinte at det etter at Reform 94 er sett i verk, ikkje lenger er bruk for denne tilskotsregelen. Etter Reform 94 er hovudmodellen for fagopplæring to år teoretisk opplæring i skole og to år praktisk opplæring i arbeidslivet. Verksemder som tek inn lærlingar, får tilskot gjennom andre tilskotsordningar, og skal såleis ikkje ha tilskot til dette etter privatskulelova. Utvalet gjorde framlegg om at tilskotsregelen går ut.

3.4.3 Høyringsfråsegner

Næringslivets Hovedorganisasjon meinte at vurderinga av denne tilskotsregelen bør venta til etter at Reform 94 er evaluert, og at det ikkje er rett å ta bort denne tilskotsregelen no. Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon viser til at den planlagde vaksenopplæringsreforma vil skapa auka trong for aktiv medverknad frå bedriftene. Dessutan meiner organisasjonen at den vidaregåande skolen ikkje utdannar mange nok innanfor dei fagområda som er viktige for medlemsbedriftene, og at næringslivet har bruk for utdanning som ikkje finst i den offentlege skolen. NKL Samvirkeskolen, som for tida er den einaste skolen som får tilskot etter denne regelen, skriv i si høyringsfråsegn at skolen ikkje har merknader til framlegget om at tilskotsregel 5 går ut. Skolen meiner at privatskulelova bør gje spesielle verksemder høve til å få statstilskot etter tilskotsregel 6 (vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar). Grunngjevinga for dette er at det ikkje finst undervisningsopplegg i det offentlege skoleverket som høver for Forbrukersamvirket, og at det difor må skreddarsy si eiga leiaropplæring.

3.4.4 Vurderingar frå departementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg til grunn at skolar knytte til verksemder kan få tilskot etter tilskotsregel 6 dersom dei fyller vilkåra for å få tilskot etter denne regelen. Departementet ser det ikkje som aktuelt å endre tilskotsregel 6 for å opna for at fleire bedriftsskolar kan bli godkjende etter denne tilskotsregelen. Skolar som er godkjende med rett til tilskot etter tilskotsregel 5, må søkja ny godkjenning før dei eventuelt kan få tilskot etter tilskotsregel 6. Etter tilskotsregel 6 kan «Vidaregåande skular som har til føremål å gje yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular» få tilskot. Ein del av dei utdanningstilboda høyringsinstansane etterlyser, vil kunna få tilskot etter denne regelen, mellom anna får skolar med reklameutdanning og reiselivsutdanning tilskot etter tilskotsregel 6. Når det gjeld lærlingutdanninga, er departementet samd med utvalet i at det etter Reform 94 ikkje er bruk for ein regel i privatskulelova som tryggjer tilskot til lærlingskolar. Departementet stør framlegget om at tilskotsregel 5 går ut.

3.4.5 Økonomiske verknader

Staten sparer om lag 200 000 kroner på at tilskotsregelen går ut.

3.5 Tilskotsregel 6 (vidaregåande skolar utan parallellar i offentlege skolar)

Denne tilskotsregelen gjeld «Vidaregåande skular som har til føremål å gje yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular». Skoleåret 1996-97 fekk 50 skolar med i alt 2 380 elevar tilskot på til saman 97 529 000 kroner. Største gruppa av skolar under denne tilskotsregelen er bibelskolar, men også andre yrkesretta utdanningstilbod får tilskot etter denne regelen.

3.5.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Under tilskotsregel 6 har vi desse satsgruppene:

  • Bibelskolar m m

  • Studietilbod utover vidaregåande nivå

  • Reklameutdanning

  • Kunst-, medie- og musikkutdanning

I tillegg får to skolar tilskot etter individuelt fastsette satsar. Innanfor kvar satsgruppe er det to tilskotssatsar. Den høgste tilskotssatsen gjeld inntil eit visst elevtal, medan skolane får tilskot etter ein lågare sats for elevtal ut over denne grensa. For å ta omsyn til små skolar er det for tre av satsgruppene fastsett minstetilskot. Bibelskolar med færre enn 35 elevar får tilskot som for 35, medan skolar med reklameutdanning eller kunst,- medie- og musikkutdanning med færre enn 15 elevar får tilskot som for 15 elevar.

3.5.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet peika på at det mellom anna i lys av Reform 94, og på grunn av at fleire av skolane gjev godkjende studietilbod på høgskolenivå, trengst ei klargjering av kva plass tilskotsregel 6-skolane skal ha i det norske skolesystemet framover. Etter Reform 94 har alle 16-19-åringar rett til vidaregåande opplæring, og dei aller fleste som blir tekne inn på tilskotsregel 6-skolane, vil såleis ha ei fullført 3-årig vidaregåande opplæring bak seg.

Utvalet viste til at då skolane i 1992 gjekk over frå å få tilskot etter godkjent budsjett til eit satssystem, vart satsane fastsette på grunnlag av tilskotssatsane for tilskotsregel 4. Høybråten-utvalet peika på at det er tenleg å knyta satsane for tilskotsregel 6 til satsane for tilskotsregel 4, fordi tilskotsregel 6-skolane dermed automatisk vil få justert tilskota når satsane etter tilskotsregel 4 blir endra. Utvalet gjorde framlegg om at tilskotssatsane under tilskotsregel 6 vert knytte til satsane for tilskotsregel 4 etter retningsliner som går fram av tabell 3.3.

Tabell 3.3 Satsgrupper under tilskotsregel 6

SatsgruppeKnytt til satsgruppe under tilskotsregel 4
Bibelskolar m mAllmenne og øk/adm fag
Utdanning utover vidaregåande nivåAllmenne og øk/adm fag
ReklameskolarIdrettsfag
Reklameskolar (over 75 elevar)Allmenne og øk/adm fag
Kunst, media, musikkMusikk, dans, drama
Kunst, media, musikk (over 30 elevar)Idrettsfag

Grensene for minimumstilskot vert endra slik at bibelskolar som har færre enn 20 elevar, får tilskot som for 20 elevar. Grunngjevinga for framlegget om å setja ned minimumstilskotet var at utvalet meinte det gjeldande systemet gjev eit uheldig incentiv til å skipa små skolar. Reklameskolar og skolar med kunst,- medie- og musikkutdanning som har færre enn 15 elevar får tilskot som for 15 elevar. Skolar som har to godkjende tilbod, eller eitt fleirårig godkjent tilbod, kan få to minimumstilskot. Skolar som har ti elevar eller færre i gjennomsnitt dei tre siste skoleåra, misser tilskotet. Utvalet gjorde vidare framlegg om at dei to skolane som har eigen sats, skal ha den satsen dei har i dag. Framlegget om satsar går fram av tabell 3.4.

Tabell 3.4 Tilskotssatsar for tilskotsregel 6 etter framlegg frå Høybråten-utvalet

SatsgruppeTilskotssats (1997-kroner)
Bibelskolar m m41 650
Utdanning utover vidaregåande nivå41 650
Reklameskolar
- opptil 75 elevar46 147
- over 75 elevar41 650
Kunst, media, musikk
- opp til 30 elevar58 670
- over 30 elevar46 147

3.5.3 Høyringsfråsegnene

Dei fleste høyringsinstansane som har meint noko om denne regelen, er samde i at departementet bør gjera ei vurdering av kva lovverk desse skolane bør høyra inn under. Somme av høyringsinstansane er negative til at minimumstilskota til bibelskolane skal reduserast. Norsk Luthersk Misjonssamband skriv at minimumstilskotet bør stå ved lag for å gje små kyrkjesamfunn og organisasjonar høve til å skipa eigne bibelskolar. Misjonssambandet meiner at framlegget om minimumstilskot lik tilskotet for 20 elevar i det minste ikkje bør reduserast endå meir. Kristne Friskolers Forbund stør framlegget om redusert minimumstilskot, men forbundet strekar under at det framleis må vera mogeleg for små kyrkjesamfunn å få tilskot til å gje utdanning innanfor samfunnet.

Metodistkirkens Studiesenter skriv at regelen om at skolar med gjennomsnittleg færre enn ti elevar dei tre siste åra misser tilskotet, kan vera rimeleg for bibelskoletilbodet, men urimeleg for pastorutdanning, då det er avgrensa potensial for nye elevar til dette utdanningstilbodet. Dei fleste høyringsinstansane stør likevel dette framlegget, men mange har peika på at skolar som misser tilskotet på grunn av at dei har færre enn ti elevar, ikkje må missa godkjenninga, og dessutan at skolane framleis må vera godkjende for tilskot i Lånekassa.

3.5.4 Vurderingar frå departementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er samd i at det etter Reform 94 trengst ei klargjering av kva plass vidaregåande skolar som gjev opplæring som ikkje vert gjeven ved offentlege skolar, skal ha i skolesystemet. Departementet vil arbeida vidare med desse spørsmåla. Departementet vil og vurdera vidare om skolar som har godkjende utdanningstilbod på høgskolenivå, heller skal få tilskot etter privathøgskolelova.

Departementet stør framlegget om at satsane for tilskotsregel 6 bør knytast til satsane for tilskotsregel 4. Sidan tilskotsregel 6-skolane ikkje har parallellar i offentlege skolar, er det vanskeleg å finna eit satssystem som speglar kostnadene for desse skolane. Skolane under tilskotsregel 6 er vidaregåande skolar, og det er difor rimeleg å leggja til grunn same tilskotsgrunnlaget som for vidaregåande skolar jamvel om dei ikkje har parallellar i offentlege skolar. Departementet vil leggja til grunn ei kopling til satsane for tilskotsregel 4, etter det systemet utvalet gjorde framlegg om.

Departementet er samd med utvalet i at tilskotssystemet ikkje bør gje incentiv til å skipa svært små skolar, og stør difor framlegget om redusert minimumstilskot for bibelskolar, og framlegget om at skolar som har eit gjennomsnittleg elevtal over tre år på mindre enn ti misser statstilskotet. Med eit minimumstilskot lik tilskotet for 20 elevar, tek tilskotssystemet framleis rimeleg omsyn til dei små skolane, slik at det skal vera mogeleg for kyrkjesamfunn og organisasjonar å driva eigne bibelskolar. Når det gjeld framlegget frå utvalet om at somme skolar kan få to minimumstilskot, går departementet inn for at skolar kan få dette etter særskild søknad.

Godkjenningsspørsmål låg utanfor mandatet til utvalet, og utvalet har difor ikkje gjeve tilråding om skolar som misser tilskotet, skal missa godkjenninga. Departementet legg opp til at tilskotsregel 6-skolar som har færre enn ti elevar i gjennomsnitt over tre år, ikkje skal missa godkjenninga. Skolane kan såleis utan å søkja om ny godkjenning få att statstilskotet dersom dei seinare har fleire enn ti elevar. Det er eit vilkår at skolane følgjer den undervisningsplanen dei har fått godkjenning etter. Departementet legg og til grunn at så sant bortfall av statstilskot ikkje fører til at elevane må betala ein høgare eigendel enn det ein godtek for skolar som søkjer godkjenning i Lånekassa, skal studiefinansieringsordninga stå ved lag sjølv om ein skole misser statstilskotet.

3.5.5 Økonomiske konsekvensar

Tilskotssatsar etter gammal og ny ordning, og verknader for kvar einskild av skolane går fram av vedlegg 2. Etter den nye ordninga er tilskotssatsane for tilskotsregel 6 knytte til satsar for tilskotsregel 4. Tilskotssatsen for reklameutdanning med inntil 75 elevar går noko ned, elles er satsane etter ny ordning høgare enn dei satsane som gjeld no. Minimumstilskotet til bibelskolar blir sett ned, slik at bibelskolar med få elevar vil få redusert tilskot etter den nye ordninga. Etter gjeldande ordning blir det ikkje gjeve minimumstilskot til skolar som får tilskot etter satsen for utdanning ut over vidaregåande nivå. Etter ny ordning får skolar med færre enn 20 elevar, som får tilskot etter denne satsen, eit minimumstilskot lik tilskotet for 20 elevar. Skolar med få elevar under denne tilskotssatsen får såleis ein auke i statstilskotet.

3.6 Tilskotsregel 7 (private grunnskolar i Noreg)

Private grunnskolar i Noreg som får tilskot etter privatskulelova, er anten godkjende som «Skipa av religiøse og/eller etiske grunnar», eller som «fagleg-pedagogisk alternativ». Skolar som er godkjende som fagleg-pedagogiske alternativ, er anten steinerskolar eller montessoriskolar. Skoleåret 1996-97 fekk 67 skolar med i alt 7 495 elevar statstilskot på til saman 225 994 000 kroner. Talet på godkjende private grunnskolar har auka dei seinare åra.

3.6.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Etter privatskulelova § 26, tilskotsregel 7 vert tilskotet til private grunnskolar «rekna ut på grunnlag av ein normalsats pr elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget». Grunnlaget for utrekning av normalsatsen skal vera «dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskulen til dei typer utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget». Tilskotssatsane følgjer eit stegvist system. På barnesteget gjeld desse satsgruppene:

  • Inntil 30 elevar

  • 30 til 90 elevar

  • Over 90 elevar

På ungdomssteget gjeld desse satsgruppene:

  • Inntil 100 elevar

  • Over 100 elevar

Differensieringa er slik at skolen får ein høg sats for dei 30 (100) første elevane, og så ein lågare sats for dei 60 neste (barnesteget), og ein endå lågare sats for elevar utover 90 (100). Ein liten skole vil såleis få eit høgare gjennomsnittstilskot per elev enn ein stor skole.

3.6.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet peika på at den trappestegsmodellen som gjeld i dag, fører til utilsikta variasjonar i tilskota, og at systemet knapt tilfredsstiller nærliggjande krav til rettferd og lik handsaming. Utvalet såg det som lite tenleg å gjera nokon modifikasjon av dette systemet. Høybråten-utvalet har drøfta ulike mogelege grunnlag for å rekna ut tilskot til private grunnskolar. Utvalet gjekk inn for at tilskotssatsane for private skolar framleis skal vera kopla til utgiftene i offentlege skolar. Denne skipnaden tryggjer at private skolar skal ha mest mogeleg lik standard med dei offentlege. Utvalet drøfta om tilskotet til private skolar bør koplast til det gjennomsnittlege utgiftsnivået i kommunen der skolen held til, eller til gjennomsnittleg utgiftsnivå for heile landet. Konklusjonen var at tilskotet bør koplast til utgiftsnivået på landsbasis i dei offentlege skolane.

Utvalet greidde ut to modellar for å rekna ut tilskot til private grunnskolar: ein teknisk modell og ein statistisk modell. Etter den tekniske modellen får skolane tilskot etter ein sats per klasse, pluss eit tillegg per elev. Utvalet rådde til den statistiske modellen, som byggjer på ein statistisk utrekna samanheng mellom totale kostnader og elevtal. I valet mellom dei to modellane la utvalet stor vekt på at den tekniske modellen gjer det gunstig å ta inn elevar som gjev klassedeling, då dette aukar tilskotsgrunnlaget. Modellen gjev difor ikkje incentiv til å fylla opp klassane og dermed driva kostnadseffektivt, og utvalet såg det som uheldig å velja ein modell der det ligg ei spore til å skipa fleire private skolar med lågt elevtal per klasse. Utvalet la dessutan vekt på at den statistiske modellen best stettar krava til stabilitet og førehandskunnskap om tilskota.

Grunnlaget for den statistiske utrekningsmodellen er at kostnadene ved ein skole følgjer av elevtalet. Tilskota til private skolar blir etter denne modellen fastsett etter ein utrekningsregel som kjem fram ved ein statistisk utrekna samanheng mellom kostnader og elevtal i offentlege skolar. Etter denne modellen blir tilskotet per elev lågare di høgare elevtalet er, men likevel slik at tilskotet per elev stabiliserer seg når elevtalet blir svært høgt. Sjølv om modellen gjev høgare tilskot per elev til små skolar enn til store skolar, vil modellen ha omfordelingsverknader som er slik at små skular får lågare tilskot enn etter den gjeldande ordninga, medan store skolar får høgare tilskot.

For å minska sporen til å skipa svært små skolar gjorde utvalet framlegg om at ingen barnesteg får meir tilskot per elev enn det ein skole med 20 elevar vil få, og ingen ungdomssteg får høgare tilskot enn ein skole med 50 elevar.

Utgiftene i offentlege grunnskolar skal vera grunnlag for tilskot til private grunnskolar. Føremålet om å finna ein samanheng mellom elevtalet ved ein skole og kostnader krev at dei kostnadene kommunane har til skoleføremål, vert delte ut på dei einskilde skolane. Kostnadene i offentlege grunnskolar er rekna ut etter retningsliner som det er gjort greie for i vedlegg 4. Heimkommunane til elevane skal dekkja utgifter til spesialundervisning, pedagogisk-psykologisk teneste, sosialpedagogiske tiltak m v og skyss. Utgifter til desse føremåla skal difor ikkje vera med i tilskotsgrunnlaget. Informasjonssystemet for grunnskolen (GSI) registrerer kor mange årstimar kvar skole brukar til spesialundervisning etter einskildvedtak. På grunnlag av desse opplysningane er postane «Løn til pedagogisk personale» og «Løn til anna personale» korrigerte for utgifter til spesialundervisning. Kommunerekneskapane gjev ikkje opplysningar om skyssutgifter, og utvalet har difor ikkje korrigert tilskotsgrunnlaget for desse utgiftene. Utvalet rekna med at 50 pst av fellesutgiftene gjeld skoleadministrative funksjonar, som skal vera med i tilskotsgrunnlaget, medan resten er utgifter til sekretariatsoppgåver for politiske organ.

3.6.3 Høyringsfråsegner

Høyringsinstansane har stort sett sagt seg samde i framlegget til nytt tilskotssystem for private grunnskolar. Fleire av høyringsinstansane har likevel merknader til korleis utvalet har talfesta tilskotsgrunnlaget. Privatskolane og organisasjonane deira hevdar at kommunane fører nokre av utgiftene til skoledrift til andre kapittel enn skolekapitlet i rekneskapen, slik at grunnlaget for tilskot til private skolar blir for lågt. Frå privatskolehald har det og kome nokre merknader til fordelinga av kostnadene, mellom anna om at «løn til anna personale» ikkje bør korrigerast for spesialundervisning, og at den delen av fellesutgiftene som er med i tilskotsgrunnlaget, bør aukast frå 50 pst til 75 pst. Andre har peika på at departementet må finna ein metode for å skilja ut skyssutgifter, slik at desse utgiftene kan takast ut av tilskotsgrunnlaget.

Norsk Montessoriforbund skriv at den utrekningsmåten utvalet gjorde framlegg om, vil vera ei stor føremon for store etablerte skolar med ungdomsskoletilbod, og vil skapa problem for mindre skolar under oppbygging. Montessoriforbundet gjorde framlegg om ein alternativ utrekningsmåte. Framlegget frå Montessoriforbundet følgjer same modellen som utvalet la til grunn, men kostnadsparametra er ulike, slik at særleg tilskota til dei små skolane blir monaleg høgare enn det som følgjer av framlegget frå utvalet.

Mange privatskolar og privatskoleorganisasjonar har gjort framlegg om at grensa for kor mange elevar som gjev maksimalt tilskot per elev på ungdomssteget, vert sett ned frå 50 elevar til 20 elevar. Desse høyringsinstansane meiner det ikkje finst prinsipiell eller praktisk grunngjeving for at grensa for maksimalt tilskot per elev skal vera ulik på ungdomssteget og barnesteget.

3.6.4 Vurderingar frå departementet

Dei tilskotssatsane som gjeld no, er fastsette på grunnlag av ei kostnadsundersøking som departementet gjennomførte i 1995, og seinare pris- og lønsjustering. I samband med kostnadsundersøkinga gjorde departementet modellutrekningar som synte at det var relativt godt samsvar mellom det samla tilskotsnivået og kostnadene i offentlege grunnskolar, men at ulike utrekningar gjev omfordelingar mellom skolane. Kostnadene er nok høgare i små skolar enn i store skolar, men der er ikkje konsekvente sprang i kostnadene ved dei gjeldande elevtalsgrensene. Det stegvise systemet som gjeld i dag, byggjer difor ikkje på reelle kostnadstilhøve. Departementet meinte difor at det var naudsynt å gjera ei nærare utgreiing av satssystemet for private grunnskolar.

Departementet er samd med Høybråten-utvalet i at det skal vera kopling mellom kostnadene i offentlege skolar og statstilskot til private skolar. Ei kopling av tilskotet til utgiftene i offentlege skolar er den beste løysinga når føremålet er å sjå til at dei private skolane skal får ein tilsvarande standard som det dei offentlege skolane har. Departementet er òg samd i at tilskotsgrunnlaget skal reknast ut på grunnlag av gjennomsnittlege utgifter for heile landet. Alternativet som utvalet vurderte om å rekna ut tilskotsgrunnlaget på grunnlag av utgiftene i den offentlege skolen i den kommunen der kvar einskild privatskole er lokalisert, vil føra til ulike vilkår for privatskolane, alt etter kvar dei er lokaliserte, og det vil verta meir attraktivt å skipa private skolar i kommunar som har høge utgifter til den offentlege skolen. Dessutan har private skolar heile landet som inntaksområde, og dei har ofte elevar frå mange kommunar. Eit system med ulike satsar for kvar kommune vil difor vera vanskeleg å administrera.

Departementet er samd med utvalet i at av det er den statistiske modellen som best stettar dei krava ein må stilla til tilskotssystemet. Denne modellen tek omsyn til stordriftsfordelar, slik at store skolar får lågare gjennomsnittstilskot per elev enn mindre skolar, men likevel slik at dei store skolane får høgare tilskot enn etter den tilskotsordninga som gjeld no. Med den statistiske modellen slepp ein unna problema med trappestegsmodellen om å finna elevtalsgrenser som har rot i reelle kostnadstilhøve. Den tekniske modellen, som utvalet greidde ut som eit alternativ, stettar nokre av krava ein må setja til tilskotssystemet, men etter denne modellen kan små variasjonar i elevtalet gje store variasjonar i tilskotet til dømes på grunn av endra klassedeling. Det kan bli vanskeleg for privatskolane å tilpassa seg endringar i tilskotet raskt nok. Departementet er dessutan samd med utvalet i at det er uheldig å velja ein modell som ikkje stimulerer til kostnadseffektiv drift.

Som ein konsekvens av at det skal vera kopling mellom utgiftene i offentlege skolar og tilskota til private skolar, blir tilskotsgrunnlaget for dei private skolane fastsett på grunnlag av undersøkingar av rekneskapane frå kommunane. Nokre rekneskapspostar skal berre delvis vera med i tilskotsgrunnlaget for private skolar. Det har mellom anna samanheng med at kommunane har utgifter som private skolar ikkje har, mellom anna til sekretariatsoppgåver for politiske organ, og at heimkommunane til elevane skal dekkja utgifter til spesialundervisning, slik at desse utgiftene ikkje skal vera med i tilskotsgrunnlaget. I nokre høve var det ikkje råd for utvalet å få opplysningar som gjorde at ein kunne avgjera nøyaktig kor stor del av utgiftene som skal vera med i tilskotsgrunnlaget. I desse høva fastsette utvalet ei fordeling etter skjøn. Det er likevel ein liten del av dei samla utgiftene som er fastsette etter skjøn. Departementet meiner difor at ei undersøking som byggjer på dei føresetnadene utvalet la til grunn, gjev eit godt bilete av kostnadene ved å driva private skolar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil arbeida for å få så gode data som råd er. Så lenge ein ikkje har nøyaktige opplysningar, vil departementet leggja til grunn den fordelinga utvalet gjorde framlegg om.

Ein del av bakgrunnen for at det vart sett i gang eit utgreiingsarbeid om endringar i tilskotssystemet for privatskolar, var at undersøkingar hadde synt at det gjeldande systemet ikkje fordeler tilskota rettvist. Omfordelinga mellom små og store skolar har difor samanheng med at store skolar har fått for lite tilskot etter den utrekningsmåten som gjeld no. Små skolar får også etter den nye ordninga større tilskot per elev enn store skolar, men skilnaden er mindre enn før. På denne bakgrunnen ser departementet det ikkje som tenleg å gjera dei korreksjonane som Montessoriforbundet gjorde framlegg om i modellen til utvalet. Framlegget frå Montessoriforbundet bryt dessutan med prinsippet om at tilskota til private skolar skal reknast ut på grunnlag av utgiftene i offentlege skolar. Departementet er samd med utvalet i at det bør setjast grenser for statstilskot per elev, for å redusera sporen til å skipa svært små skolar, og departementet stør difor framlegget om ein maksimalsats per elev lik gjennomsnittstilskotet per elev for 20 elevar på barnesteget og 50 elevar på ungdomssteget.

Departementet vil leggja til grunn den utrekningsmåten utvalet kom fram til. Utrekningar som departementet har gjort, viser at den statistiske utrekningsmodellen som utvalet gjorde framlegg om, kan gje visse svingingar i tilskotet frå år til år. Dersom det etter ei tid viser seg at den statistiske modellen gjev uheldige verknader, vil departementet eventuelt gjera justeringar i modellen.

3.6.5 Økonomiske verknader

Verknader for dei einskilde skolane går fram av vedlegg 3. Den nye tilskotsordninga fører til ein reduksjon i tilskota til små skolar, og ein auke i tilskota til større skolar, men likevel slik at dei små skolane framleis får høgare tilskot per elev enn store skolar. Både etter den gjeldande tilskotsordninga og etter den nye er utrekninga ulik for barnesteget og ungdomssteget. Verknadene kan difor bli ulike for skolar med same elevtalet, alt etter korleis samansetjinga av elevflokken er.

3.7 Tilskotsregel 8 (grunnskolar i utlandet)

Skoleåret 1996-97 fekk 20 private grunnskolar i utlandet med i alt 591 elevar tilskot etter privatskulelova på til saman 18 894 000 kroner.

3.7.1 Tilskotsordninga som gjeld no

Grunnskolar i utlandet får tilskot etter timesatsar, og ikkje satsar per år per elev, slik private grunnskolar innanlands får. Tilskotssystemet for norske grunnskolar i utlandet byggjer på den ordninga som tidlegare galdt for tilskot til kommunale grunnskolar i Noreg. Noreg har ei samarbeidsavtale med Sverige om at svenske elevar i norske skolar i utlandet skal telja med når statstilskotet skal reknast ut, og at norske elevar i svenske skolar skal reknast med ved utrekninga av statstilskot til desse skolane. Etter kvart skoleår blir det gjort ei avrekning mellom avtalestatane.

3.7.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Utvalet meinte at den måten tilskota til private grunnskolar i utlandet blir rekna ut på, er komplisert og gjev skolane dårleg innsyn i tilskotsutrekninga. Utvalet gjorde difor framlegg om at grunnskolane i utlandet i prinsippet skal få tilskot etter same mønsteret som grunnskolar i Noreg, slik at utanlandsskolane får tilskot med ein fastsett prosentdel av dei satsane som gjeld for tilskotsregel 7. Etter dette framlegget vil grunnskolar i utlandet få tilskot etter same ordninga som gjeld for grunnskolar innanlands, men utanlandsskolane vil likevel få mindre tilskot enn tilsvarande skolar i Noreg.

3.7.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste høyringsinstansane som har meint noko om denne tilskotsregelen, er samde i at ein bør gå bort frå den utrekningsmåten som gjeld no, men dei meiner det er urimeleg at utanlandsskolane berre skal få ein fastsett prosentdel av det tilskotet tilsvarande skolar innanlands får. Nokre av høyringsinstansane har peika på at det er bruk for ei ordning med pedagogisk-psykologisk teneste for utanlandsskolane.

3.7.4 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i at utanlandsskolane bør få tilskot etter same systemet som gjeld for grunnskolar i Noreg. Framlegget frå utvalet er at utanlandsskolane skal få tilskot etter same ordninga som gjeld for skolar innanlands, men med ein prosentsats av det grunnskolar i Noreg får. Departementet legg vekt på at lærarar ved skolane i utlandet har krav på dei same løns- og arbeidsvilkåra som lærarar i norske skolar innanlands. Sidan størstedelen av kostnadene ved skolane er løn, vil kostnadene i utanlandsskolane normalt følgja kostnadene i norske skolar i Noreg. Departementet går difor inn for at norske grunnskolar i utlandet skal få tilskot etter same utrekningsmåten som skolar i Noreg. Ein utanlandsskole vil såleis få same tilskotet som ein skole i Noreg med tilsvarande elevtal.

Det har vore i gang eit forsøksprosjekt om pedagogisk-psykologisk teneste for utanlandsskolane. Departementet vil vurdera opplegg for pedagogisk-psykologisk teneste for utanlandsskolane etter at endeleg rapport frå forsøksprosjektet er komen.

3.8 Tilskotsregel 9 (Vidaregåande skolar i utlandet)

Skoleåret 1996-97 fekk tre vidaregåande skolar i utlandet med i alt 57 elevar tilskot etter privatskulelova på til saman 1 787 000 kroner. Vidaregåande skular i utlandet får tilskot etter dei satsane som gjeld for vidaregåande skular innanlands (tilskotsregel 4). Utvalet gjorde ikkje framlegg om endringar i denne tilskotsregelen. Departementet er samd i konklusjonen om at tilskotsregel 9 held fram som no.

3.9 Tilskotsregel 10 (kompletterande undervisning/tilskot til skolepengar)

Etter denne tilskotsregelen er det einskildelevar, og ikkje skular, som kan få tilskot. Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, kan få tilskot til kompletterande undervisning i norsk, samfunnskunnskap og kristendomskunnskap. Tilskot vert gjeve med 85 pst av den same timesatsen som gjeld for tilskotsregel 8. Det er Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus som godkjenner timetal og står for utbetalinga av tilskotet.

Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar, kan få tilskot til delvis dekking av skolepengane. Det er eit vilkår for å få tilskot at skolen er godkjend med tilskotsrett i Statens lånekasse for utdanning. Tilskotet kan dekkja opptil 85 pst av skulepengane, men kan ikkje vera høgare enn 85 pst av ein sats som er fastsett på grunnlag av tilskotssatsen for allmenne fag under tilskotsregel 4. Det er Statens lånekasse for utdanning som handsamar søknader og betaler ut tilskot. Departementet legg til grunn at også borgarar frå EØS-land som er elevar i utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg, kan få tilskot etter denne regelen. Dette går fram av forskrift til Privatskolelova.

3.9.1 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Utvalet gjorde framlegg om at ordninga med tilskot til kompletterande undervisning held fram som no, og at den timesatsen som galdt i 1997, med årlege prisjusteringar, skal liggja til grunn.

Høybråten-utvalet meinte at det er naudsynt å gjera ei kvalitetsvurdering av dei utdanningstilboda der elevane kan få tilskot til delvis dekking av skolepengar. I ei slik kvalitetsvurdering vil ein leggja vekt på mange av dei same tilhøva som ein tek omsyn til ved godkjenning i Lånekassa, og omsynet til oversynleg regelverk talar difor for at same reglane gjeld for begge ordningane. Utvalet meinte dessutan at ordninga med at tilskotssatsane for tilskot til dekking av skolepengar følgjer satsane for tilskot til allmennfagleg studieretning i private vidaregåande skolar, fungerer godt. På denne bakgrunnen gjorde utvalet ikkje framlegg om endringar i denne tilskotsordninga.

3.9.2 Høyringsfråsegner

Statens lånekasse for utdanning er samd i at godkjenning for tilskot til skolepengar bør følgja godkjenninga for tildeling av stønad etter utdanningsstøttelova. For Lånekassa er dette særleg viktig når det gjeld administrasjon av ordninga, då tilskota blir tildelte gjennom det ordinære stønadssystemet til Lånekassa.

3.9.3 Vurderingar frå departementet

Departementet vil leggja opp til at praksisen om at EØS-borgarar kan få tilskot, også skal gjelda elevar ved skolar i Noreg som får tilskot til kompletterande undervisning etter tilskotsregel 10 første punktum. Departementet vil, mellom anna i lys av UNESCO-konvensjonen mot diskriminering i undervisninga, vurdera om det er naudsynt å gjera tilskotsregel 10 meir generell, slik at tilskot til elevar ved skolar i Noreg ikkje skal vera knytt til krav om norsk statsborgarskap eller statsborgarskap i eit anna EØS-land.

Departementet vil arbeida for at kompletterande undervisning i utlandet så langt råd skal bli organisert i tilknyting til skolar som får statstilskot etter privatskulelova. Elles stør departementet konklusjonane til utvalet, og vil ikkje gå inn for andre endringar i ordninga som gjeld tilskot til kompletterande undervisning og tilskot til delvis dekking av skolepengar.

3.10 Tilskotsregel 11 (Innskot i Statens pensjonskasse)

Etter denne tilskotsregelen skal staten dekkja arbeidsgjevardelen av pensjonsinnskotet for undervisningspersonale i private grunnskolar. For dei vidaregåande skolane er midlar til pensjonsinnskot med i tilskotsgrunnlaget. Utvalet meinte at denne praksisen kan halda fram.

Bakgrunnen for denne regelen er at pensjonsinnskota skal dekkjast etter same ordninga som for tilsvarande personale ved offentlege skolar. Staten betalte pensjonsinnskota for offentlege grunnskolar, og skulle difor også betala for private grunnskolar. Seinare er grunnskolelova endra, jamfør Ot prp nr 26 (1997-98) og Innst O nr 8 (1997-98), slik at staten ikkje lenger skal betala pensjonsinnskot for dei kommunale skolane direkte til Statens pensjonskasse. Når staten ikkje lenger betaler pensjonsinnskotet for dei kommunale skolane, meiner Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet at staten heller ikkje skal betala tilskota for dei private skolane direkte til Statens pensjonskasse. Tilskot til pensjonsinnskot bør i staden gå inn i tilskotsgrunnlaget. Den omlegginga som er omtala her, krev at privatskulelova blir endra.

3.11 Regulering av tilskotssatsane

3.11.1 Ordninga som gjeld no

Tilskotsgrunnlaget for grunnskolar (tilskotsregel 7) og private vidaregåande skolar som har parallellar i offentlege skolar (tilskotsregel 4), er utgiftene i offentlege skolar. Ei undersøking av kostnadene i offentlege skolar er difor grunnlag for tilskotssatsane. Det har ikkje vore vanleg å gjera slike kostnadsundersøkingar kvart år, men dei åra det ikkje har vore kostnadsundersøkingar, har tilskotssatsane vorte justerte med ein prisomrekningsfaktor som gjeld for tilskotspostar i statsbudsjettet.

3.11.2 Vurderingar frå Høybråten-utvalet

Høybråten-utvalet gjekk inn for at departementet skal gjera kostnadsundersøkingar kvart år. Dessutan meinte utvalet at satsane bør justerast for lønsendringar for pedagogisk personale så tett opp til budsjettidspunktet som mogeleg.

3.11.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste høyringsinstansane som har kommentert dette spørsmålet, stør framlegga om årlege kostnadsundersøkingar og justering for lønsendringar.

3.11.4 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd i at tilskotssatsane skal reknast ut på grunnlag av undersøkingar av utgiftene i offentlege skolar. Ei innvending mot framlegget om årvisse kostnadsundersøkingar og særskilt justering for lønsendringar er at ein ikkje bør skilja ut ein av kostnadsfaktorane og justera denne særskilt, og at ein for åra mellom kostnadsundersøkingane kan justera satsane med den prisjusteringa som gjeld elles.

Departementet har lagt vekt på at ein stor del av kostnadene skolane har, er løn til pedagogisk personale. Endringar i denne kostnadsfaktoren får såleis særleg store verknader for økonomien til privatskolane, og det er difor rimeleg å justera for lønsendringar så tett opp til budsjettidspunktet som mogeleg. I tilskotssatsane for 1998 vart det lagt inn ei slik lønsjustering (jamfør St prp nr 1 Tillegg nr 3 (1997-98), og departementet går inn for at denne praksisen skal halda fram. Departementet meiner det ikkje er aktuelt å justera tilskotssatsane på førehand for andre utgifter. Endringar i andre utgifter enn løn til pedagogisk personale vil syna att i tilskotssatsane etter at dei er komne med i rekneskapen som er grunnlag for kostnadsundersøkinga.

Når tilskotsgrunnlaget er utgiftene i tilsvarande offentlege skolar, kan satsane for privatskolane bli påverka både av pris- og lønsvekst i offentlege skolar, og av kostnadsreduksjonar på grunn av betre effektivitet, til dømes auka klasseoppfylling. Etter den ordninga som utvalet gjorde framlegg om, og som departementet stør, vil justeringa av tilskotssatsane koma i to steg. Tilskotssatsane blir justerte for lønsendringar så tett opp til budsjetteringstidspunktet som mogeleg. Når kommunerekneskapen for dette året kjem, blir satsane justerte for endringar i kostnadene i den offentlege skolen. Dersom effektivitetsendringar gjev ein kostnadsreduksjon som er større enn kostnadsauken på grunn av løns- og prisvekst, vil satsane bli reduserte. Dei tilskotssatsane som vart framlagde i St prp nr 1 Tillegg nr 3 Om endring av St prp nr 1 om statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998, er justerte for lønsendringar til og med 1997.

3.12 Gjennomføring av framlegga

Verknader for kvar einskild av skolane går fram av tabellar i vedlegg til meldinga. Departementet legg opp til at skolar som får ein reduksjon i tilskotet på 5 pst eller meir, skal få reduksjonen innarbeidd over to skoleår.

Til Norges Toppidrettsgymnas og Wang handelsskole og gymnas blir det ikkje gjeve gradvis nedtrapping, då desse skolane vil få kompensasjon gjennom ei eiga tilskotsordning for den spesielle toppidrettsdelen av opplegget.

Til forsida