St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

2 Matvarehjelpkonvensjonen, 1999

Fortale

Partane i denne konvensjonen -

som har revidert Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 og målet i denne konvensjonen om å sikre minst 10 millionar tonn matvarehjelp årleg i form av korn som er eigna til konsum, og som vil stadfeste at dei vil halde fram det internasjonale samarbeidet i matvarehjelpspørsmål blant medlemsregjeringane,

som minnest fråsegna om matvaretryggleiken i verda og handlingsplanen frå verdas matvaretoppmøte vedtekne i Roma i 1996, særleg forpliktinga til å skape matvaretryggleik for alle og til å gjere ein vedvarande innsats for å avskaffe svolt,

som ynskjer å styrkje evna til verdssamfunnet til å reagere på matvarenaudssituasjonar og betre matvaretryggleiken i verda ved å sikre forsyningar av matvarehjelp utan omsyn til matvareprisane i verda og svingingar i forsyningane,

som minnest at ministrane i medlemsstatane i Verdshandelsorganisasjonen i vedtaket sitt i Marrakech i 1994 om tiltak for dei minst utvikla landa og utviklingsland med netto matvareimport samdest om å ta opp til ny vurdering nivået på matvarehjelp fastsett i medhald av Matvarehjelpkonvensjonen og vidareutvikla på ministerkonferansen i Singapore i 1996,

som erkjenner at mottakarane og medlemmene har sin eigen politikk for matvarehjelp og tilknytte spørsmål, og at det endelege føremålet med matvarehjelp er å avskaffe sjølve behovet for matvarehjelp,

som ynskjer å betre effektiviteten av og kvaliteten på matvarehjelp som ein reiskap til støtte for matvaretryggleik i utviklingsland, særleg for å redusere fattigdom og svolt blant dei mest utsette gruppene, og å betre samordninga og samarbeidet mellom medlemmene på området matvarehjelp -

Er samde om dette:

Del I - Føremål og definisjonar

Artikkel I

Føremål

Føremålet med denne konvensjonen er å medverke til større matvaretryggleik i verda og å betre evna til verdssamfunnet til å reagere på matvarenaudssituasjonar og andre matvarebehov i utviklingsland ved å:

  1. stille høvelege mengder matvarehjelp til rådvelde på eit føreseieleg grunnlag, som fastsett i føresegnene i denne konvensjonen,

  2. oppmode medlemmene til å sjå til at den matvarehjelpa som vert ytt, vert retta særleg mot å minske fattigdom og svolt i dei mest utsette gruppene og samsvarar med jordbruksutviklinga i vedkomande land,

  3. innarbeide prinsippa om å maksimere verknaden av, effektiviteten av og kvaliteten på den matvarehjelpa som vert ytt, som ein reiskap til støtte for matvaretryggleik, og

  4. fastsetje ei ramme for samarbeid, samordning og informasjonsutveksling mellom medlemmene når det gjeld spørsmål i samband med matvarehjelp med sikte på å skape større effektivitet med omsyn til alle sider ved matvarehjelpoperasjonar og betre samanheng mellom matvarehjelp og andre politiske instrument.

Artikkel II

Definisjonar

  1. Med mindre det i samanhengen vert føresett noko anna, meiner ein i denne konvensjonen med:

    1. «cif»: kostnader, trygding og frakt,

    2. «forplikting»: den minstemengda av matvarehjelp som skal ytast årleg av ein medlem i medhald av artikkel III bokstav e),

    3. «utvalet»: Utvalet for matvarehjelp, nemnd i artikkel XV,

    4. «bidrag»: den mengda av matvarehjelp som vert ytt og rapportert til utvalet av ein medlem kvart år i samsvar med føresegnene i denne konvensjonen,

    5. «konvensjon»: Matvarehjelpkonvensjonen av 1999,

    6. «DAC»: OECD-utvalet for utviklingshjelp,

    7. «utviklingsland»: kvart land eller territorium som har rett til å motta matvarehjelp etter artikkel VII,

    8. «aktuell vare»: vare nemnd i artikkel IV som kan gjevast som matvarehjelp av ein medlem som bidraget frå medlemmen etter denne konvensjonen,

    9. «eksekutivdirektøren»: eksekutivdirektøren i Det internasjonale kornrådet,

    10. «fob»: fritt om bord,

    11. «matvarer» eller «matvarehjelp»: omfattar ei tilvising til frø for matvareavlingar, der dette høver,

    12. «medlem»: ein part i denne konvensjonen,

    13. «mikronæringsstoff»: vitamin og mineralar som vert bruka til å rike opp eller supplere matvarehjelpprodukt som etter artikkel IV bokstav c) kan reknast som eit bidrag frå ein medlem,

    14. «OECD»: Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,

    15. «produkt som har gjennomgått ein første foredlingsprosess» omfattar:

      • mjøl,

      • gryn og grynmjøl,

      • anna foredla korn (t.d. valsa, foredla til flak, polert, foredla til perlegryn og grovknust, men ikkje ytterlegare foredla) med unntak av avskala, glasert eller polert ris eller brotris,

      • kim av korn, heile, valsa, foredla til flak eller male,

      • bokkveite, og

      • andre liknande kornprodukt som utvalet fastset.

    16. «produkt som har gjennomgått ein sekundær foredlingsprosess» omfattar:

      • makaroni, spaghetti og liknande produkt, og

      • andre produkt der det under tilverkinga vert nytta eit produkt som har gjennomgått ein første foredlingsprosess, som utvalet fastset,

    17. «ris»: omfattar avskala, glasert og polert ris eller brotris,

    18. «Sekretariatet»: sekretariatet til Det internasjonale kornrådet,

    19. «tonn»: eit metrisk tonn på 1000 kilogram,

    20. «transportkostnader og andre driftskostnader» oppførte i vedlegg A: kostnader ut over fob-stadiet eller, når det gjeld lokale kjøp, ut over innkjøpsstaden, i samband med ein matvarehjelpoperasjon, som heilt eller delvis kan reknast som eit bidrag frå ein medlem,

    21. «verdi»: forpliktinga til ein medlem i ein konvertibel valuta,

    22. «kveiteekvivalent»: storleiken på forpliktinga eller bidraget til ein medlem som utrekna i samsvar med artikkel V,

    23. «WTO»: Verdshandelsorganisasjonen,

    24. «år»: tidsrommet frå 1. juli til 30. juni neste år med mindre noko anna er fastsett.

  2. Når det i denne konvensjonen vert vist til ei «regjering» eller «regjeringar» eller «medlem», skal dette òg omfatte Det europeiske fellesskapet (heretter kalla EF). Når det i denne konvensjonen vert vist til ei regjering si «underskriving» eller «deponering av ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokument» eller «tiltredingsdokument» eller «fråsegn om mellombels bruk», skal dette for EF sitt vedkomande forståast slik at det òg omfattar underskriving eller fråsegn om mellombels bruk på vegner av EF ved EF si rette styresmakt og deponering av dokumentet som etter EF sine institusjonelle framgangsmåtar skal deponerast ved inngåing av ein internasjonal avtale.

  3. Når det i denne konvensjonen vert vist til ei «regjering» eller «regjeringar» eller «medlem», skal dette, der det høver, òg omfatte kvart eige tollterritorium slik det er definert i Generalavtalen om tolltariffar og handel eller i avtalen om skipinga av Verdshandelsorganisasjonen.

Del II - Bidrag og behov

Artikkel III

Mengder og kvalitet

  1. Medlemmene er samde om å yte matvarehjelp til utviklingsland eller ein tilsvarande kontantsum med eit årleg minstebidrag fastsett i bokstav e) (heretter kalla «forpliktinga»).

  2. Forpliktinga til kvar medlem skal uttrykkjast anten i tonn kveiteekvivalentar eller i verdi eller i ein kombinasjon av tonn og verdi. Medlemmer som uttrykkjer forpliktinga si i verdi, skal òg oppgje eit garantert årleg tal tonn.

  3. Når det gjeld medlemmer som uttrykkjer forpliktinga si i verdi eller i ein kombinasjon av tonn og verdi, kan verdien omfatte transportkostnader og andre driftskostnader i samband med matvarehjelpoperasjonar.

  4. Anten forpliktinga til ein medlem vert uttrykt i tonn, i verdi eller i ein kombinasjon av tonn og verdi, kan medlemmen òg ta med ein rettleiande sum som viser kva forpliktinga kjem på til saman, medrekna transportkostnader og andre driftskostnader i samband med matvarehjelpoperasjonane.

  5. Med atterhald for føresegnene i artikkel VI skal forpliktinga til kvar medlem vere:

    MedlemTonn1Verdi1Pårekna samla verdi
    (kveiteekvivalentar)(mill.)(mill.)
    Argentina35 000-
    Australia250 000-AUD 902
    Canada420 000-CAD 1502
    Det europeiske fellesskapet

    og medlemsstatane

    1 320 000EUR 1302EUR 4222
    Japan300 000-
    Noreg30 000-NOK 592
    Sveits40 000-
    USA2 500 000-USD 900-1 0002

    1 Medlemmene skal rapportere matvarehjelpoperasjonane sine i samsvar med dei aktuelle prosedyrereglane.

    2 Medrekna transportkostnader og andre driftskostnader.

  6. Når transportkostnader og andre driftskostnader vert rekna med i forpliktinga til ein medlem, må dei vere påkomne som ein del av ein matvarehjelpoperasjon som òg kan inngå i forpliktinga til ein medlem.

  7. Med omsyn til transportkostnader og andre driftskostnader kan ein medlem ikkje ta med meir enn innkjøpskostnaden for aktuelle varer i forpliktinga si, bortsett frå i tilfelle av internasjonalt godtekne naudssituasjonar.

  8. Ein medlem som har tiltredd denne konvensjonen etter artikkel XXIII bokstav b), skal reknast som oppført i bokstav e) i denne artikkelen, saman med forpliktinga si.

  9. Forpliktinga til ein tiltredande medlem nemnd i bokstav h) i denne artikkelen skal ikkje vere mindre enn 20 000 tonn eller ein høveleg verdi som utvalet godkjenner. Dette vil normalt gjelde fullt ut frå det første året landet vert rekna av utvalet for å ha tiltredd konvensjonen. For å lette tiltreding for andre regjeringar enn dei som er nemnde i bokstav e) i denne artikkelen, kan utvalet likevel samtykkje i at forpliktinga til ein tiltredande medlem bør fasast inn over eit tidsrom på høgst tre år, dersom forpliktinga er på minst 10 000 tonn eller ein høveleg verdi i det første året og aukar med minst 5 000 tonn i året eller ein høveleg verdi i kvart følgjande år.

  10. Alle varer som vert gjevne som matvarehjelp, skal oppfylle internasjonale kvalitetsnormer, høve med mottakarane sitt kosthalds- og næringsbehov og, med unntak av frø, vere eigna til konsum.

Artikkel IV

Varer

  1. Følgjande varer er aktuelle i medhald av denne konvensjonen, med atterhald for dei spesifikasjonane som er fastsette i dei relevante prosedyrereglane:

    1. korn (kveite, bygg, mais, hirse, havre, rug, durra eller rugkveite) eller ris,

    2. korn- og risprodukt som har gjennomgått ein første eller ein sekundær foredlingsprosess,

    3. belgfrukter,

    4. matolje,

    5. rotvekster (kassava, potetar, søtpotetar, jams eller taro), når desse vert leverte i tresidige transaksjonar eller i lokale kjøp,

    6. skummamjølkpulver,

    7. sukker,

    8. frø til aktuelle varer, og

    9. innanfor grensene av bokstav b) nedanfor, varer som er ein del av det tradisjonelle kosthaldet til utsette grupper, eller ein del av supplerande ernæringsprogram, og som oppfyller krava i artikkel III bokstav j) i denne konvensjonen.

  2. Den mengda av matvarehjelp som vert ytt av ein medlem i eit år som oppfylling av forpliktinga til medlemmen i form av:

    1. alle varer som vert omfatta av bokstav a) punkt vi) til viii) i denne artikkelen, skal ikkje til saman overstige 15 %, og ingen einskild varekategori kan overstige 7 %, av forpliktinga til medlemmen, ikkje medrekna transportkostnader og andre driftskostnader,

    2. alle varer som vert omfatta av bokstav a) punkt ix) i denne artikkelen, skal ikkje saman overstige 5 %, og inga einskild vare kan overstige 3 %, av forpliktinga til medlemmen, ikkje medrekna transportkostnader og andre driftskostnader,

    3. når det gjeld forpliktingar uttrykte som ein kombinasjon av tonn og verdi, skal prosentsatsane i punkt i) og ii) ovanfor reknast ut separat for tonn og verdi, ikkje medrekna transportkostnader og andre driftskostnader.

  3. Med tanke på å oppfylle forpliktingane sine kan medlemmene gje mikronæringsstoff i tilknyting til aktuelle varer. Dei vert oppmoda til, når det er høveleg, å gje opprika matvarehjelpprodukt, særleg i naudssituasjonar og målretta utviklingsprosjekt.

Artikkel V

Likeverd

  1. Bidrag skal uttrykkjast i kveiteekvivalensen sin, slik:

    1. korn til konsum skal vere lik kveite,

    2. ris skal fastsetjast ut frå det internasjonale eksportpristilhøvet mellom ris og kveite, i samsvar med metodane fastsette i prosedyrereglane,

    3. korn- eller risprodukt som har gjennomgått ein første eller sekundær foredlingsprosess, skal fastsetjast ut frå sitt respektive korn- eller risinnhald, i samsvar med spesifikasjonane fastsette i prosedyrereglane,

    4. belgfrukter, frø av korn, ris eller andre matvareavlingar, og alle andre aktuelle varer, skal vere basert på innkjøpskostnaden i samsvar med metodane fastsette i prosedyrereglane.

  2. Når det gjeld bidrag i form av blandingar av varer, skal berre den delen av blandinga som er laga av aktuelle varer, reknast med i bidraget frå medlemmen.

  3. Utvalet skal fastsetje framgangsmåten for fastsetjing av kveiteekvivalentane av opprika produkt og mikronæringsstoff.

  4. Pengebidrag til kjøp av aktuelle varer som vert gjevne som matvarehjelp, skal reknast ut anten i samsvar med desse varene sine kveiteekvivalentar eller etter rådande internasjonale marknadsprisar for kveite, i samsvar med metodane fastsette i prosedyrereglane.

Artikkel VI

Overføring av mengder

  1. Kvar medlem skal sjå til at operasjonane knytte til forpliktingane til medlemmen for eitt år, så langt det er råd, går føre seg innanfor vedkomande år.

  2. Dersom ein medlem ikkje er i stand til å gje den mengda som er fastsett i artikkel III bokstav e) i eit visst år, skal medlemmen gje utvalet rapport om tilhøva så snart som råd og i alle tilfelle ikkje seinare enn den første sesjonen som vert halden etter utløpet av vedkomande år. Med mindre utvalet fastset noko anna, skal den resterande delen leggjast til forpliktinga til medlemmen for det følgjande året.

  3. Dersom bidraget frå ein medlem overstig forpliktinga til medlemmen for eit år, kan det som er minst av inntil 5 % av medlemmen si samla forplikting og storleiken på det overskytande bidraget, reknast som ein del av forpliktinga til medlemmen for det følgjande året.

Artikkel VII

Mottakarar som har rett til støtte

  1. Matvarehjelp etter denne konvensjonen kan ytast til utviklingslanda og territoria som er oppførte i vedlegg B, dvs.:

    1. minst utvikla land,

    2. låginntektsland,

    3. land med inntekter i det lægre midtområdet, og andre land som står på WTO-lista over utviklingsland med netto matvareimport på det tidspunktet denne konvensjonen vert framforhandla, når dei har naudssituasjonar med omsyn til mat eller internasjonalt erkjente finanskriser som fører til naudssituasjonar med matmangel, eller når matvarehjelpoperasjonar er målretta mot utsette grupper.

  2. Ved bruk av bokstav a) ovanfor skal alle endringar på DAC-lista over utviklingsland og territorium i vedlegg B bokstav a) til c) òg gjelde lista over mottakarar som har rett til støtte etter denne konvensjonen.

  3. Når medlemmene gjev matvarehjelp, skal dei prioritere dei minst utvikla landa og låginntektslanda.

Artikkel VIII

Behov

  1. Matvarehjelp bør ytast berre når dette er den mest verknadsfulle og høvelege forma for bistand.

  2. Matvarehjelp bør vere basert på mottakarane og medlemmene si vurdering av behova, innanfor sin respektive politikk, og bør ta sikte på å styrkje matvaretryggleiken i mottakarlanda. Ved oppfylling av desse behova skal medlemmene ta omsyn til å dekkje dei særlege ernæringsbehova som kvinner og barn har.

  3. Matvarehjelp til fri distribusjon bør vere målretta mot utsette grupper.

  4. Matvarehjelp som vert ytt i naudssituasjonar, bør ta særleg omsyn til langsiktige rehabiliterings- og utviklingsmål i mottakarlanda og bør respektere grunnleggjande humanitære prinsipp. Medlemmene skal ta sikte på å sikre at den matvarehjelpa som vert ytt, når fram til dei påtenkte mottakarane i rett tid.

  5. Medlemmene skal så langt det er råd planleggje den framtidige matvarehjelpa si utanom naudssituasjonar, slik at mottakarlanda i utviklingsprogramma sine kan ta omsyn til den matvarehjelpa dei truleg vil motta kvart år denne konvensjonen gjeld.

  6. Dersom det ser ut til at eit visst land eller ein eller fleire regionar på grunn av eit monaleg produksjonsunderskot eller andre tilhøve står overfor uvanleg store matvarebehov, skal saka drøftast av utvalet. Utvalet kan tilrå at medlemmene reagerer på situasjonen ved å auke mengda av matvarehjelp som vert gjeve.

  7. Når behova for matvarehjelp vert kartlagt, skal medlemmene eller partnarane deira freiste å rådspørje kvarandre på regionalt plan og mottakarlandplan, med tanke på å utvikle ein sams tilnærmingsmåte til behovsanalysen.

  8. Der det høver, er medlemmene samde om å utpeike prioriterte land og regionar i matvarehjelpprogramma sine. Medlemmene vil sikre openskap i prioriteringane sine politikken sin, og programma sine ved å gje informasjon til andre gjevarar.

  9. Medlemmene vil rådspørje kvarandre, direkte eller gjennom dei aktuelle partnarane sine, om det kan lagast sams handlingsplanar for prioriterte land, om mogleg for fleire år om gongen.

Artikkel IX

Former og vilkår for hjelp

  1. Matvarehjelp etter denne konvensjonen kan gjevast som:

    1. matvaretilskot eller pengar som skal brukast til kjøp av mat til eller av mottakarlandet,

    2. sal av matvarer mot mottakarlandet sin valuta, som ikkje kan omsetjast og ikkje kan konverterast til valuta eller varer og tenester som gjevarmedlemmene kan gjere bruk av,

    3. matvaresal på kreditt, med betaling i rimelege årlege summar over tidsrom på 20 år eller meir og til ein rentesats som ligg under dei kommersielle satsane på verdsmarknadene.

  2. Med omsyn berre til matvarehjelp som vert rekna som ein del av forpliktinga til ein medlem, skal all matvarehjelp som vert ytt til minst utvikla land, gjevast i form av tilskot.

  3. Matvarehjelp etter denne konvensjonen som vert gjeve i form av tilskot, skal utgjere ikkje mindre enn 80 prosent av bidraget frå ein medlem, og så langt det er råd vil medlemmene freiste progressivt å overstige denne prosentsatsen.

  4. Medlemmene skal binde seg til å gjennomføre alle matvarehjelptransaksjonar etter denne konvensjonen på ein slik måte at ein unngår skadelege forstyrringar i dei normale mønstra for produksjon og internasjonal kommersiell handel.

  5. Medlemmene skal sjå til at:

    1. yting av matvarehjelp korkje direkte eller indirekte, formelt eller uformelt, eksplisitt eller implisitt vert knytt til kommersiell eksport av landbruksvarer eller andre varer og tenester til mottakarlanda,

    2. matvarehjelptransaksjonar, mellom anna bilateral matvarehjelp i form av pengar, vert gjorde på ein måte som høver med FAO sine «Prinsipp og retningsliner for overskotsdisponering».

Artikkel X

Transport og levering

  1. Kostnadene med å transportere og levere matvarehjelp ut over fob-stadiet skal så langt det er råd dekkjast av gjevarane, særleg når det gjeld matvarehjelp i naudssituasjonar eller matvarehjelp som vert ytt til prioriterte mottakarland.

  2. Ved planlegging av matvarehjelpoperasjonar skal det takast tilbørleg omsyn til moglege vanskar som kan påverke transport, foredling eller lagring av matvarehjelpa, og dei verknadene leveringa av hjelpa kan ha på marknadsføring av lokale avlingar i mottakarlandet.

  3. For å gjere optimal bruk av tilgjengeleg logistikkapasitet skal medlemmene så langt det er råd, saman med andre gjevarar av matvarehjelp, mottakarland og eventuelle andre partar som er involverte i levering av matvarehjelpa, sette opp ein samordna tidsplan for levering av hjelpa.

  4. Ved kvar gjennomgang av medlemmene si yting etter denne konvensjonen skal betaling for transportkostnader og andre driftskostnader gjevast tilbørleg omtale.

  5. Transportkostnader og andre driftskostnader må vere påkomne som ein del av ein matvarehjelpoperasjon som òg kan rapporterast som ein del av bidraget frå ein medlem.

Artikkel XI

Kanalisering

  1. Medlemmene kan gje matvarehjelpa bilateralt, gjennom mellomstatlege eller andre internasjonale organisasjonar eller ikkje-statlege organisasjonar.

  2. Medlemmene skal fullt ut ta omsyn til fordelane ved å la matvarehjelp gå gjennom multilaterale kanalar, særleg Verdas matvareprogram.

  3. Ved utvikling og gjennomføring av matvarehjelpoperasjonane skal medlemmene om mogleg bruke informasjon og kompetanse som finst i dei aktuelle internasjonale organisasjonane, anten dei er mellomstatlege eller ikkje-statlege, som er aktive på området matvarehjelp.

  4. Medlemmene vert oppmoda til å samordne matvarehjelppolitikken og matvarehjelparbeidet med internasjonale organisasjonar som er aktive på området matvarehjelp, med tanke på å styrkje samanhengen i matvarehjelpoperasjonar.

Artikkel XII

Lokale kjøp og tresidige transaksjonar

  1. For å fremje lokal jordbruksutvikling, styrkje regionale og lokale marknader og auke mottakarlanda sin langsiktige matvaretryggleik, skal medlemmene vurdere å bruke eller innrette pengebidraga sine til kjøp av matvarer:

    1. for levering til mottakarlandet frå andre utviklingsland («tresidige transaksjonar»), eller

    2. i ein del av eit utviklingsland for levering til eit underskotsområde i same land («lokale kjøp»).

  2. Pengebidrag skal vanlegvis ikkje ytast for å kjøpe matvarer som er av same type som forsyningslandet har motteke som bilateral eller multilateral matvarehjelp i same år som kjøpet, eller i eit tidlegare år dersom matvarehjelpa som då vart motteke, framleis vert bruka.

  3. For å lette kjøp av matvarer frå utviklingsland skal medlemmene så langt det er råd gje sekretariatet den informasjonen dei måtte ha om matvareoverskot som eventuelt finst eller som er venta i utviklingsland.

  4. Medlemmene skal særleg freiste å unngå skadeverknader for låginntektsforbrukarar som følgje av prisendringar som skuldast lokale kjøp.

Artikkel XIII

Effektivitet og verknad

  1. I alle matvarehjelptransaksjonar skal medlemmene særleg freiste:

    1. å unngå skadeverknader på lokale avlingar og produksjons- og marknadsføringsstrukturar, ved å sjå til at distribusjon av matvarehjelp skjer på eit høveleg tidspunkt,

    2. å respektere lokale matvanar og ernæringsbehov hjå mottakarane og minimere eventuelle negative verknader på etevanane deira, og

    3. lette kvinnene si deltaking i avgjerdsprosessen og i gjennomføringa av matvarehjelpoperasjonar, og dermed styrkje matvaretryggleiken på hushaldsplan.

  2. Medlemmene skal freiste å støtte den innsatsen regjeringane i mottakarlanda gjer for å utvikle og gjennomføre matvarehjelpprogram på ein måte som er i samsvar med denne konvensjonen.

  3. Medlemmene bør støtte og eventuelt medverke til å styrkje mottakarregjeringane og dei respektive sivile samfunna si evne og sin kompetanse til å utvikle og gjennomføre strategiar for matvaretryggleik for å forsterke verknaden av matvarehjelpprogramma.

  4. Når matvarehjelp vert seld i eit mottakarland, skal salet så langt det er råd gå gjennom privat sektor og vere basert på marknadsanalyse. Når utbyttet frå slike sal vert målretta, skal ein prioritere prosjekt som tek sikte på å betre mottakarane sin matvaretryggleik.

  5. Det bør vurderast om matvarehjelp bør forsterkast på andre måtar (finansiell hjelp, fagleg bistand osb.) for å auke matvaretryggleiken og for å auke regjeringane og det sivile samfunnet si evne til å utvikle strategiar for matvaretryggleik på alle plan.

  6. Medlemmene skal freiste å sikre samanheng mellom matvarehjelppolitikk og politikken på andre område, t.d. utvikling, jordbruk og handel.

  7. Medlemmene er samde om, så langt det er råd, å rådspørje alle partnarar det gjeld i kvart mottakarland for å sikre tilsyn med samordninga av matvarehjelpprogram og matvarehjelpoperasjonar.

  8. Medlemmene skal freiste å utføre sams evalueringar av matvarehjelpprogramma og matvarehjelpoperasjonane sine. Slik evaluering bør vere basert på avtala internasjonale prinsipp.

  9. Når medlemmene gjennomfører vurderingar av matvarehjelpprogramma og matvarehjelpoperasjonane sine, skal dei ta omsyn til føresegnene i denne konvensjonen om effektiviteten og verknaden til desse matvarehjelpprogramma og matvarehjelpoperasjonane.

  10. Medlemmene vert oppmoda til å vurdere verknaden av matvarehjelpprogramma sine, kanalisert bilateralt eller multilateralt eller gjennom ikkje-statlege organisasjonar, ved å bruke slike eigna indikatorar som mottakarane sin ernæringsstatus og andre indikatorar på verdas matvaretryggleik.

Artikkel XIV

Informasjon og samordning

  1. Medlemmene skal gje utvalet jamlege og punktlege rapportar om mengda, innhaldet, kanaliseringa, kostnadene medrekna transport og andre driftskostnader, formene og vilkåra for bidraga sine i samsvar med prosedyrereglane.

  2. Medlemmene bind seg til å levere dei statistiske opplysningane og andre opplysningar som måtte krevjast for bruk av denne konvensjonen, særleg med omsyn til deira:

    1. leveringar av hjelp, medrekna kjøp av varer som skjer som følgje av pengebidrag, lokale kjøp eller tresidige operasjonar, og leveringar som vert kanaliserte gjennom internasjonale organisasjonar,

    2. ordningar som er oppretta for framtidig levering av matvarehjelp,

    3. politikk som gjeld yting og distribusjon av matvarehjelp. Så langt det er råd skal desse rapportane leggjast fram skriftleg for eksekutivdirektøren før kvar ordinære sesjon i utvalet.

  3. Medlemmer som gjev bidrag i form av multilaterale pengebidrag til internasjonale organisasjonar, skal innrapportere oppfyllinga av forpliktingane sine i samsvar med prosedyrereglane.

  4. Medlemmene skal utveksle informasjon om matvarehjelppolitikken sin og matvarehjelpprogramma sine og resultata av evalueringa av denne politikken og desse programma, og skal freiste å sikre at matvarehjelpprogramma deira er i samsvar med strategiar for matvaretryggleik på nasjonalt, regionalt og lokalt plan og på hushaldsplan.

  5. Medlemmene skal på førehand opplyse utvalet om kor mykje av forpliktinga deira som ikkje vert gjeve i form av tilskot, og vilkåra for eventuell slik hjelp.

Del III - Administrasjon

Artikkel XV

Utvalet for matvarehjelp

  1. Utvalet for matvarehjelp, oppretta ved Matvarehjelpkonvensjonen i den internasjonale kornavtalen av 1967, skal bestå for å forvalte denne konvensjonen, med den mynda og dei funksjonane som er fastsette i denne konvensjonen.

  2. Utvalet skal bestå av alle partar i denne konvensjonen.

  3. Kvar medlem skal utpeike ein stadleg representant ved utvalet sitt sete som sekretariatet sine kunngjeringar og andre meldingar om utvalet sitt arbeid normalt skal rettast til. Andre ordningar kan vedtakast av kvar medlem etter avtale med eksekutivdirektøren.

Artikkel XVI

Mynd og oppgåver

  1. Utvalet skal gjere dei vedtaka og utføre dei oppgåvene som er naudsynte for å gjennomføre føresegnene i denne konvensjonen. Det skal fastsetje dei prosedyrereglane som er naudsynte for dette føremålet.

  2. Utvalet sine vedtak skal gjerast samrøystes.

  3. Utvalet skal løpande vurdere behova for matvarehjelp i utviklingsland og medlemmene si evne til å reagere på desse behova.

  4. Utvalet skal løpande vurdere dei framstega som vert gjorde i retning av å oppnå måla som er fastsette i artikkel I i denne konvensjonen, og gjennomføringa av føresegnene i denne konvensjonen.

  5. Utvalet kan motta informasjon frå mottakarland og rådføre seg med dei.

Artikkel XVII

Leiar og nestleiar

  1. Ved den siste obligatoriske sesjonen som vert halde kvart år, skal utvalet velje ein leiar og ein nestleiar for neste år.

  2. Leiaren skal ha desse oppgåvene:

    1. Dersom leiaren er fråverande frå ein sesjon eller delar av ein sesjon eller er mellombels ute av stand til å utøve leiarvervet, skal nestleiaren fungere som leier. Dersom leiaren og nestleiaren er fråverande, skal utvalet velje ein mellombels leiar.

  3. Dersom leiaren av ein eller annan grunn er ute av stand til å halde fram å utøve leiarvervet, skal nestleiaren fungere som leiar inntil ein ny leiar er vald av utvalet.

  4. Nestleiaren, når vedkomande fungerer som leiar, eller den mellombelse leiaren skal ha same mynd og dei same oppgåvene som leiaren.

Artikkel XVIII

Sesjonar

  1. Utvalet skal kome saman minst to gonger i året i tilknyting til dei obligatoriske sesjonane i Det internasjonale kornrådet. Utvalet skal òg kome saman på andre tidspunkt anten slik leiaren fastset, på oppmoding frå tre medlemmer eller når det elles vert kravd etter denne konvensjonen.

  2. For at ein sesjon i utvalet skal vere vedtaksfør, må delegatar som representerer to tredelar av medlemmene i utvalet, vere til stades.

  3. Når det høver, kan utvalet invitere regjeringar som ikkje er medlemmer, og representantar frå andre internasjonale mellomstatlege organisasjonar til å delta som observatørar på dei opne møta i utvalet.

  4. Utvalet skal ha sete i London.

Artikkel XIX

Sekretariat

  1. Utvalet skal nytte tenestene til Det internasjonale kornrådet sitt sekretariat til dei administrative oppgåvene som utvalet ber om, mellom anna handsaming og distribusjon av dokument og rapportar.

  2. Eksekutivdirektøren skal iverksetje utvalet sine direktiv og skal utøve dei funksjonane som er fastsette i konvensjonen og prosedyrereglane.

Artikkel XX

Manglande oppfylling og tvistar

  1. Ved tvist om fortolking eller bruk av denne konvensjonen eller manglande oppfylling av forpliktingar etter denne konvensjonen skal utvalet kome saman for å treffe høvelege tiltak.

  2. Medlemmene skal ta omsyn til dei tilrådingane og konklusjonane som utvalet samrøystes kjem fram til, i tilfelle av usemje om bruken av føresegnene i denne konvensjonen.

Del IV - Sluttføresegner

Artikkel XXI

Depositar

Dei sameinte nasjonane sin generalsekretær er med dette utpeikt til depositar for denne konvensjonen.

Artikkel XXII

Underskriving og ratifikasjon

  1. Denne konvensjonen skal vere open for underskriving frå 1. mai 1999 til og med 30. juni 1999 for regjeringane nemnde i artikkel III bokstav e).

  2. Denne konvensjonen skal ratifiserast, godtakast eller godkjennast av kvar signatarregjering i samsvar med den enkelte regjeringa sine forfatningsreglar. Ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokument skal deponerast hjå depositaren seinast 30. juni 1999, men utvalet kan gje ei signatarregjering som ikkje har deponert ratifikasjons-, godtakings- eller godkjenningsdokumentet sitt innan denne datoen, ein eller fleire forlengingar av fristen.

  3. Kvar signatarregjering kan deponere ei fråsegn om mellombels bruk av denne konvensjonen hjå depositaren. Ei slik regjering skal bruke denne konvensjon mellombels i samsvar med lovene og forskriftene sine, og skal mellombels reknast som part i konvensjonen.

  4. Depositaren skal underrette alle signatarregjeringar og tiltredande regjeringar om kvar underskriving, godtaking, godkjenning og mellombels bruk av og tiltreding til denne konvensjonen.

Artikkel XXIII

Tiltreding

  1. Denne konvensjonen skal vere open for tiltreding for kvar regjering nemnd i artikkel III bokstav e) som ikkje har underskrive denne konvensjonen. Tiltredingsdokumenta skal deponerast hjå depositaren seinast 30. juni 1999, men utvalet kan gje ei regjering som ikkje har deponert sitt tiltredingsdokument innan denne datoen, ein eller fleire forlengingar av fristen.

  2. Etter at denne konvensjonen har teke til å gjelde i samsvar med artikkel XXIV, skal han vere open for tiltreding for kvar anna regjering enn dei som er nemnde i artikkel III bokstav e), på dei vilkåra som utvalet meiner er høvelege. Tiltredingsdokumenta skal deponerast hjå depositaren.

  3. Kvar regjering som tiltrer denne konvensjonen etter bokstav a) i denne artikkelen, eller dersom tiltreding er godkjend av utvalet i medhald av bokstav b) i denne artikkelen, kan deponere ei fråsegn om mellombels bruk av denne konvensjonen hjå depositaren i påvente av at tiltredingsdokumentet vert deponert. Ei slik regjering skal bruke denne konvensjon mellombels i samsvar med lovene og forskriftene sine og skal mellombels reknast som part i konvensjonen.

Artikkel XXIV

Ikrafttreding

  1. Denne konvensjonen trer i kraft 1. juli 1999 dersom regjeringar med forpliktingar etter artikkel III bokstav e) som til saman utgjer minst 75 prosent av dei samla forpliktingane til alle regjeringane oppførte i same bokstav, har deponert ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokumenta sine eller fråsegner om mellombels bruk, og dersom Kornhandelkonvensjonen av 1995 er i kraft.

  2. Dersom denne konvensjonen ikkje trer i kraft i samsvar med denne artikkelen bokstav a), kan dei regjeringane som har deponert ratifikasjons-, godtakings-, godkjennings- eller tiltredingsdokument eller fråsegner om mellombels bruk ved semje, avgjere at han skal tre i kraft dei imellom dersom Kornhandelkonvensjonen av 1995 er i kraft.

Artikkel XXV

Tidslengd og oppseiing

  1. Denne konvensjonen skal gjelde til og med 30. juni 2002 med mindre han vert forlengd etter denne artikkelen bokstav b) eller vert bringa til opphøyr tidlegare etter denne artikkelen bokstav f), dersom Kornhandelkonvensjonen av 1995 eller ein ny kornhandelkonvensjon som erstattar han, gjeld til og med nemnde dato.

  2. Utvalet kan forlengje denne konvensjonen ut over 30. juni 2002 for to år om gongen, dersom Kornhandelkonvensjonen av 1995 eller ein ny kornhandelkonvensjon som erstattar han, er i kraft i forlengingsperioden.

  3. Dersom denne konvensjonen vert forlengd etter denne artikkelen bokstav b), kan medlemmene sine forpliktingar etter artikkel III bokstav e) verte reviderte av medlemmene før kvar forlenging trer i kraft. Deira respektive forpliktingar som vert fastsette ved denne revisjonen, skal ikkje endrast i løpet av den einskilde forlengingsperioden.

  4. Verknaden av denne konvensjonen skal vurderast løpande, særleg med tanke på resultata av eventuelle multilaterale tingingar som dreier seg om matvarehjelp, medrekna særleg lån gjeve på gunstige vilkår, og behovet for å bruke resultata av slike tingingar.

  5. Situasjonen med omsyn til alle matvarehjelpoperasjonar, og særleg slike som omfattar lån på gunstige vilkår, skal vurderast før det vert gjort vedtak om forlenging av denne konvensjonen eller ein ny konvensjon.

  6. Dersom denne konvensjonen vert bringa til opphøyr, skal utvalet bestå så lenge som det er naudsynt for å gjennomføre avviklinga, og det skal ha den mynda og utføre dei oppgåvene som er naudsynte for dette føremålet.

  7. Kvar medlem kan seie opp denne konvensjonen ved eit årsskifte ved å gje depositaren skriftleg varsel om oppseiing minst nitti dagar før vedkomande årsskifte. Medlemmen skal ikkje dermed løysast frå forpliktingar etter denne konvensjonen som ikkje er oppfylte ved årsskiftet. Medlemmen skal samtidig melde frå til utvalet om kva tiltak det har gjort.

  8. Kvar medlem som seier opp denne konvensjonen, kan deretter tiltre på nytt ved å gje utvalet og depositaren skriftleg melding om dette. Det skal vere eit vilkår for ny tiltreding til konvensjonen at medlemmen oppfyller forpliktinga si med verknad frå det året medlemmen tiltrer på nytt.

Artikkel XXVI

Den internasjonale kornavtalen

Denne konvensjonen skal avløyse den forlengde Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 og skal vere eitt av dei dokumenta som inngår i den internasjonale kornavtalen av 1995.

Artikkel XXVII

Gyldige tekster

Den engelske, franske, russiske og spanske teksta til denne konvensjonen er alle like gyldige.

UTFERDA i London, 13. april nittenhundreognittini.

Vedlegg A

Transportkostnader og andre driftskostnader

Desse transportkostnadene og andre driftskostnader i samband med matvarehjelpbidrag kjem inn under artikkel II bokstav a) punkt xx), artikkel III, X og XIV i denne konvensjonen:

a) Transportkostnader

  • frakt, medrekna lasting og lossing

  • liggjedagspengar og ekspedisjon

  • omlasting

  • sekkemateriale

  • trygding og tilsyn

  • hamneavgifter og lagringsavgifter i hamn

  • mellombels lagring og avgifter i hamn og undervegs

  • innanlands transport, leige av køyrety, vegavgifter og eskorte, konvoi- og grensepasseringsavgifter

  • leige av utstyr

  • fly, luftbruer

b) Andre driftskostnader

  • varer som ikkje er næringsmiddel, og som vert bruka av mottakarane (verkty, reiskapar, innsatsfaktorar i jordbruket)

  • varer som ikkje er næringsmiddel, og som vert stilt til rådvelde for gjennomføringspartnarar (køyrety, lageranlegg)

  • kostnader ved opplæring av partar i tilsvarande stilling

  • gjennomføringspartnarane sine driftskostnader som ikkje elles vert dekte som transportkostnader

  • kostnader til måling og andre spesialkostnader

  • innanlands kostnader som ikkje-statlege organisasjonar har

  • faglege støttetenester og logistikkstyring

  • prosjektutarbeiding, -vurdering, -tilsyn og -evaluering

  • registrering av mottakarar

  • innanlands faglege tenester

Vedlegg B

Mottakarar som har rett til støtte

Mottakarar som har rett til å motta matvarehjelp etter artikkel VII i denne konvensjonen, tyder utviklingsland og territorium oppførte som bistandsmottakarar av OECD-utvalet for utviklingshjelp (DAC), med verknad frå 1. januar 1997, og land som er oppførte på WTO-lista over utviklingsland med netto matvareimport, med verknad frå 1. mars 1999.

a) Minst utvikla land

Afghanistan, Angola, Bangladesh, Benin, Bhutan, Burkina Faso, Burundi, Kambodsja, Kapp Verde, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Komorane, Den demokratiske republikken Kongo, Djibouti, Ekvatorial-Guinea, Eritrea, Etiopia, Gambia, Guinea, Guinea-Bissau, Haiti, Kiribati, Laos, Lesotho, Liberia, Madagaskar, Malawi, Maldivane, Mali, Mauritania, Mosambik, Myanmar, Nepal, Niger, Rwanda, Sa¸o Tomé og Príncipe, Sierra Leone, Salomonøyane, Somalia, Sudan, Tanzania, Togo, Tuvalu, Uganda, Vanuatu, Vest-Samoa, Jemen og Zambia.

b) Låginntektsland

Albania, Armenia, Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Kamerun, Kina, Republikken Kongo, Elfenbeinskysten, Georgia, Ghana, Guyana, Honduras, India, Kenya, Kirgisistan, Mongolia, Nicaragua, Nigeria, Pakistan, Senegal, Sri Lanka, Tadsjikistan, Vietnam og Zimbabwe.

c) Land med inntekter i det lægre midtområdet

Algerie, Belize, Bolivia, Botswana, Colombia, Costa Rica, Cuba, Dominica, Den dominikanske republikken, Ecuador, Egypt, El Salvador, Fiji, Grenada, Guatemala, Indonesia, Iran, Irak, Jamaica, Jordan, Kasakhstan, Korea (Den demokratiske republikken), Libanon, Makedonia (Den tidlegare jugoslaviske republikken), Marshalløyane, Mikronesiaføderasjonen, Moldova, Marokko, Namibia, Niue, Palau, dei palestinsk-administrerte områda, Panama, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Peru, Filippinane, St. Vincent og Grenadinane, Surinam, Swaziland, Syria, Thailand, Timor, Tokelau, Tonga, Tunisia, Tyrkia, Turkmenistan, Usbekistan, Venezuela, Wallis og Futuna og Den føderale republikken Jugoslavia.

d) WTO-lista over utviklingsland med netto matvareimport (ikkje teke med ovanfor)

Barbados, Mauritius, St. Lucia, Trinidad og Tobago.

Til forsida