St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

6 Sluttføresegner

Den nye konvensjonen vart lagt fram til underskriving og tilslutning hjå FNs generalsekretær frå 1. mai til 30. juni 1999 (artiklane XXII og XXIII). Etter artikkel XXIV bokstav a) ville konvensjonen automatisk tredd i kraft 1. juli 1999 dersom medlemsstatar som til saman representerer minst 75 pst. av dei samla forpliktingane i konvensjonen, hadde ratifisert, godteke, godkjend, tiltredd eller gjeve fråsegn om mellombels bruk av konvensjonen. Av praktiske årsaker har dette ikkje vore råd. I eit møte i Utvalet for matvarehjelp 2. juli 1999 vedtok ein i staden at konvensjonen skulle tre i kraft frå og med 1. juli 1999 mellom dei statane som til da hadde ratifisert, godteke, godkjend, tiltredd eller gjeve fråsegn om mellombels bruk av konvensjonen ( artikkel XXIV bokstav b)). Samstundes har dei medlemmene som har søkt om det, fått utsetjing til 1. juli 2000 med å slutte seg til konvensjonen (artiklane XXII bokstav b) og XXIII bokstav a)).

For Noregs del vart spørsmålet om underskriving av Matvarehjelpkonvensjonen av 1999 handsama og vedteke i Statsråd den 25. juni 1999. Samstundes vart det vedtekefråsegn om mellombels bruk av konvensjonen medan ein ventar på handsaming i Stortinget. Noreg skreiv under konvensjonen den 30. juni 1999. Samstundes vart fråsegna om mellombels bruk av konvensjonen overrekt FN-sekretariatet som er depositar for konvensjonen. Noreg ynskte med dette å medverke til at konvensjonen vart sett raskt i kraft. For Noreg inneber mellombels bruk av konvensjonen at ein nyttar konvensjonen i samsvar med norske lover og forskrifter, og at Noreg blir sett på som ein mellombels part i konvensjonen (artikkel XXII bokstav c)). Noreg har fått innvilga utsetjing til 1. juli 2000 med å slutte seg til konvensjonen.

Til forsida