St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

5 Økonomiske følgjer av matvarehjelpkonvensjonen av 1999

Ratifikasjon av den nye konvensjonen inneber ei årleg forplikting for Noreg til å betale verdien av 30 000 tonn kveiteekvivalentar fram til konvensjonen går ut 30. juni 2002, og lenger dersom han vert forlengd. Det inneber at ein ved å slutte seg til konvensjonen må fremje løyvingsframlegg til oppfylling av dei norske forpliktingane i statsbudsjettet for 2000, 2001 og 2002, slik ein har gjort tidlegare år. Det er ein føresetnad at kostnadene ved norsk tilslutning til konvensjonen vert dekte innanfor den til kvar tid gjeldande bistandsramma.

Utvalet for matvarehjelp kan forlengje konvensjonen ut over 30. juni 2002 med inntil to år om gongen. Det vert då føresett at Kornhandelkonvensjonen av 1995, eller ein kornhandelkonvensjon som erstattar denne, samstundes er i kraft. Frå norsk side vil ein i utgangspunktet stille seg positiv til ei vidareføring av konvensjonen dersom han viser seg å få ein positiv verknad. Ved ei forlenging kan medlemmene ta opp forpliktingane til ny vurdering. Dei nye forpliktingane vil då gjelde i forlengingsperioden. Kvart medlem kan ved skriftleg melding trekkje seg frå konvensjonen ved eit årsskifte. Slik oppseiing må varslast minst nitti dager før året er omme (artikkel XXV).

Det norske bidraget vert gjeve som eit kontantbidrag til Verdas matvareprogram over den multilaterale delen av bistandsbudsjettet og inngår som ein del av det årlege bidraget til matvareprogrammet sine utviklingsaktivitetar. Bidraget vert brukt til innkjøp av matvarer først og fremst i utviklingsland med matvareoverskot. Som fastsett i konvensjonen, og i tråd med tidlegare år vert kontantbidraga rekna ut etter snittprisen på verdsmarknaden for kveite. For kveiteåret 1999/2000 er referanseprisen USD 144 per tonn. Konvensjonen oppmodar medlemmene til å betale transportkostnader og andre kostnader i samband med bruken av bidraget. Noreg gjer dette og gjev etter Verdas matvareprogram sine reglar eit tilskot til å dekkje desse kostnadene. Det er uråd å fastsetje den eksakte storleiken på desse kostnadene sidan dei vil variere frå år til år mellom anna p.g.a. endringar i referanseprisen for kveite og valutatilhøve, men dei vil som regel utgjere eit tillegg til sjølve varebidraget på om lag 70-80 pst. Med ei forplikting på 30 000 tonn kveiteekvivalentar vil det samla norske bidraget for kveiteåret 1999/2000 verte på om lag 60 mill. kroner (tilsvarande om lag USD 7,8 mill.) Dette utgjer ein auke på om lag 15 mill. kroner frå forpliktinga i 1995-konvensjonen. Bidraget for år 2000 er innarbeidd i framlegget til statsbudsjett som ein del av bidraget til Verdas matvareprogram.

Til forsida