St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

7 Vurdering

Med Matvarehjelpkonvensjonen av 1999 vil utviklingslanda lettare kunne vite kva slag matvarehjelpleveringar dei har i vente. Den nye konvensjonen er i større grad enn før retta mot å styrke matvaretryggleiken for utsette grupper i fattige land. Dette vert frå norsk side vurdert som positivt, då det fører til sterkare fokus på dei fattigaste gruppene og dei fattigaste landa. Samstundes har ein i hovudsak ført vidare ei utrekning av minstebidrag i volum, noko som motverkar at ein får ein merkbar reduksjon i matvarehjelpa etter konvensjonen i fall det skulle oppstå ein prisauke, til dømes som følgje av ein allmenn underskotssituasjon i verda.

Det vert gjort framlegg om at Noreg igjen aukar forpliktingane etter konvensjonen frå 20 000 tonn til 30 000 tonn kveiteekvivalentar årleg. Noreg har etter tidlegare konvensjonar hatt ei forplikting på 30 000 tonn. Ho vart redusert til 20 000 tonn etter 1995-konvensjonen, mellom anna p.g.a. misnøye med manglande fattigdomsinnretting i konvensjonen. Sidan den nye konvensjonen har fått eit sterkare fokus på dei fattige landa, ser ein det som rett å gå attende til det tidlegare minstebidraget på 30 000 tonn kveiteekvivalentar.

Norsk ratifikasjon av konvensjonen vert vurdert å vere i tråd med norsk bistandspolitikk. Det er òg viktig at ein frå norsk side stør opp om ei viktig avtale som òg forpliktar andre gjevarland.

Spørsmålet om å slutte seg til Matvarehjelpkonvensjonen av 1999 har vore lagt fram for Finans- og tolldepartementet og Landbruksdepartementet. I merknad frå Finans- og tolldepartementet viser ein til at det vert føresett at kostnadene ved norsk tilslutning til konvensjonen vert dekte innanfor den til ei kvar tid gjeldande bistandsramma. Utover dette var det ingen merknader til at Noreg sluttar seg til konvensjonen.

Utvikling- og menneskerettsministeren tilrår ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1999.

Til forsida