St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

3 Forhandlingane

Ei arbeidsgruppe under Utvalet for matvarehjelp, det styrande organet for konvensjonen, starta hausten 1997 forhandlingane om ein revisjon av konvensjonen. Samstundes vart det semje om å forlengje den gjeldande Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 med eitt år frå 1. juli 1998. Noreg har teke del i desse forhandlingane. Etter langvarige forhandlingar vart ein på eit møte i Utvalet for matvarehjelp i mars 1999 samde om ein ny konvensjonstekst. I tillegg til konvensjonsteksten følgjer eit sett med utfyllande prosedyrereglar, som tek for seg meir i detalj korleis somme artiklar skal forståast. Desse vert ikkje lagt fram for Stortinget.

Det er teke omsyn til dei politiske lovnadene gjeve i samband med WTO-forhandlingane. Til dømes er utviklingslanda på WTO si liste over netto-matvareimportører mellom dei landa som kan få matvarehjelp etter konvensjonen. Ein har og teke omsyn til ynsket i WTO-forhandlingane om eit breiare varespekter i og med at lista over produkt har vorte utvida. Den nye konvensjonen er i større grad orientert mot matvaretryggleik enn mot rein matvarehjelp. Mellom anna har føremålet (artikkel I) vorte endra frå å medverke til å fylle eit kvantumsmål av matvarehjelp, til å styrkje matvaretryggleiken i verda og å gjere verdssamfunnet betre i stand til å svare på matvarebehov i utviklingsland.

Det var fleire vanskelege spørsmål i forhandlingane. Eit av desse var korleis forpliktingane skulle reknast ut og kva dei skulle innehalde (artikkel III). Her meinte nokre, mellom dei Noreg, at bidraga framleis skulle reknast ut i volum, og at dei berre skulle innehalde matvarer. Dette ville sikre utviklingslanda eit minstenivå av matvarehjelp utan omsyn til svingingar i prisane. Særleg Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane ynskte å rekne ut bidraga i verdi og å inkludere transportkostnader og andre kostnader med å få fram matvarene. Dei meinte at ein med å gjere dette oppmoda til å gje meir matvarehjelp, ikkje minst i tilfelle der kostnadene er venta å vere høge. Det kom til eit kompromiss i og med at dei landa som reknar bidraget i verdi òg forpliktar seg til å gje eit minstebidrag i volum. Verdi-delen av bidraget kan bestå av inntil 50 pst. transportkostnader og andre kostnader.

Eit anna vanskeleg punkt var knytt til kva matvarer ein skal kunne gje etter konvensjonen (artikkel IV). Her stod skilnadene mellom dei landa som ville at konvensjonen framleis skulle vere orientert mot basismatvarer, som korn, belgfrukt og matolje, og dei som ynskte å utvide lista slik at ho i prinsippet kunne omfatte alle matvarer som er eigna som matvarehjelp. Noregs utgangspunkt var at ein i hovudsak burde konsentrere utvalet om billige basismatvarer sidan det vil føre til at ein kan nå fleire menneske. Ein kom til slutt fram til eit kompromiss der lista vart utvida til å gjelde nokre nye vareslag, men der ein framleis har ei hovudinnretting mot basismatvarer.

Til forsida