St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

4 Matvarehjelpkonvensjonen av 1999

Det er gjort fleire endringar frå 1995-konvensjonen. Den viktigaste sett frå norsk side er auken av minstebidraget frå verdien av 20 000 tonn til 30 000 tonn kveiteekvivalentar, som er det same nivået som etter tidlegare konvensjonar.

I tillegg til det som er nemnt i det førre punktet, kan ein merkje seg desse endringane i den nye konvensjonen:

I artikkel VII er det teke inn ei avgjerd om kva for utviklingsland som kan motta matvarehjelp. Desse skal no vere dei minst utvikla landa og låginntektsland, samt lågare mellominntektsland og andre land på WTO si liste over utviklingsland som er netto-matvareimportørar.

Det har tidlegare ikkje vore restriksjonar på kor stor del av eit gjevarland sitt minstebidrag som kan vere matvarehjelp basert på lån til gunstige vilkår. No har ein i artikkel IX fastsett at minst 80 pst. av minstebidraget skal vere gåvehjelp.

Som nemnt under punkt tre har forhandlingane ført til endringar når det gjeld korleis forpliktingane skal reknast ut. Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane er den einaste konvensjonsparten som har valt å fastsetje bidraget i verdi. Dei har òg fastsett eit minstebidrag i volum. Partane kan òg indikere den samla verdien av bidraga sine, medrekna transportkostnader og andre tilleggskostnader, dersom dei ynskjer det. USA er framleis den største gjevaren. Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane sitt bidrag er ei fellesforplikting som omfattar bidrag frå fleire medlemsstater samt frå EU-kommisjonen. Det er difor uråd å seie noko om fordelinga statane imellom. Canada og Noreg vil auke bidraga sine. Ingen medlemmer ynskjer å redusere bidraga.

Tabell 4.1 Dei enkelte landa sine årlege minstebidrag ( artikkel III bokstav e)):

MedlemVolum (tonnVerdi (mill.)Pårekna samla
kveiteekvivalentar)verdi (mill.)
Argentina35 000--
Australia250 000-AUD 90
Canada420 000-CAD 150
Det europeiske fellesskapet
og medlemsstatane1 320 000EUR 130EUR 422
Japan300 000--
Noreg30 000-NOK 59
Sveits40 000--
USA2 500 000-USD 900-1000
Til saman4 895 000EUR 130-
Til forsida