St.prp. nr. 33 (1999-2000)

Om samtykke til ratifikasjon av Matvarehjelpkonvensjonen av 1. juli 1999

Til innhaldsliste

2 Matvarehjelpkonvensjonen av 1995

Føremålet med Matvarehjelpkonvensjonen av 1995 var å medverke til å nå målet frå Verdas matvarekonferanse i 1974 om årleg å stille minst ti millionar tonn matvarehjelp til rådvelde for utviklingsland med matvareunderskot. Dei faktiske forpliktingane for 1995-konvensjonen var minst 5 350 000 tonn kveiteekvivalentar årleg. Kontantbidrag skulle, så langt det var råd, nyttast til å kjøpe korn eller belgfrukter i utviklingsland. Ein kunne gje hjelpa bilateralt eller multilateralt, og ho kunne stø både utviklingsaktivitetar og humanitær bistand.

I konvensjonen av 1995 forplikta Noreg seg til eit årleg bidrag på 20 000 tonn kveiteekvivalentar. Dette vart gjeve som eit kontantbidrag til Verdas matvareprogram og vart løyvd frå den multilaterale delen av bistandsbudsjettet. Det norske bidraget vart nytta til å kjøpe inn korn eller belgfrukter i utviklingsland med matvareoverskot for å stø utviklingsaktivitetar i andre utviklingsland.

Ved sida av forpliktingane i konvensjonen, har ein gjeve matvarehjelp i form av norske varer til Verdas matvareprogram. Dette er i hovudsak fiskeprodukt (herda marint feitt og hermetisk fisk). Desse produkta er ikkje dekt i konvensjonen.

I og med at Matvarehjelpkonvensjonen så og seie har vore uendra sidan 1986, at volumet på matvarehjelp har gått ned på 1990-talet, og at toppmøtet om verdas matvaretryggleik i 1996 reiste ei rekkje problemstillingar kring rolla til matvarehjelp i forhold til matvaretryggleik, ynskte ein å revidere innhaldet i konvensjonen. Vidare vart Matvarehjelpkonvensjonen sett på som eit viktig instrument til å oppfylle lovnader i samband med WTO-forhandlingane i Marrakech og Singapore om å yte meir matvarehjelp til utviklingsland som kunne få problem med matvaretryggleiken som følgje av den nye WTO-avtalen. Dette ville òg krevje endringar i konvensjonen.

Til forsida