St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

2 Økonomiske og administrative konsekvensar av tillegget

I proposisjonen her føreslår Regjeringa å verne vassdrag med eit utbyggingspotensial på om lag 2,15 TWh/år. Av dette utgjer Vefsna om lag 1,8 TWh/år. Dette kraftpotensialet tek utgangspunkt i ei utnytting av vassdraga utan minstevassføring, og kan ikkje samanliknast med kva som kunne blitt bygd ut.

Regjeringa meiner at verdien av å sikre verneverdiane i Vefsna og Tovdal er monaleg større enn fordelane ved krafttilgangen ved utbygging.

Departementet sitt forslag om tillegg til supplering av Verneplan for vassdrag inneber at vassdragas vernestatus må takast omsyn til i arealplanlegging etter plan- og bygningslova, og ved handsaming etter vassressurslova og anna sektorlovverk.

Departementet sitt forslag om etablering av eit prøveprosjekt for heilskapeleg planlegging i Vefsnavassdraget tilsvarar i stor grad det arbeidet som forskrift om vassforvaltning pålegg gjennomført i alle vassdrag.

Det er aktuelt å sette av særskilde midlar over statsbudsjettet til slik planlegging. Regjeringa vil komme tilbake til saka.