St.prp. nr. 53 (2008-2009)

Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering

Til innhaldsliste

7 Dei einskilde objekta

052/3 Øystese (Hordaland)

Kommunar:Kvam
Nedbørfelt:45 km2
Samla plan:I/3
Kraftpotensial:45 GWh
Verneplanstatus:Vassdraget var ikkje med i hovudhøyringa i samband med supplering av Verneplan for vassdrag

Øystesevassdraget ligg sentralt i Hardanger, i Kvam kommune aust for Bergen. Vassdraget kan karakteriserast som eit fjordvassdrag og har utlaup i Hardangerfjorden. Vassdraget grenser i vest til det verna vassdraget Fosselvi, eit sidevassdrag i øvre delen av Steindalsvassdraget.

Øystesevassdraget ligg i eit område med lite vern av heile nedbørsfelt av denne typen. Vassdraget er relativt lite, med kort avstand frå høgfjellet til fjorden. 64 prosent av nedbørsfeltet ligg meir enn 1 km frå tekniske inngrep. Eksisterande inngrep består av ein mindre veg langs Fitjadalsvatnet, samt nokre gardsbruk og hytter. Tettstaden Øystese ligg ved utlaupet. Øystesevassdraget er relativt urøyrd, samtidig som det ligg inn mot ein region med mykje vasskraftproduksjon. Vassdraget er mykje nytta til friluftsliv og rekreasjon.

Høyringsfråsegner og NVE si vurdering og innstilling

Kvam kommune, Direktoratet for naturforvaltning (DN), reiselivsorganisasjonar og naturvern- og friluftsorganisasjonar går inn for vern av heile vassdraget. Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK AS) går imot vern. Selskapet har planar om overføring av øvre del av vassdraget til Samnangervassdraget. Grunneigarane langs elva nedanfor Fitjadalsvatnet går inn for å avgrense vernet til den øvre delen, slik at dei kan realisere planar om å nytte fallet i den nedre delen i eit elvekraftverk. Ein overføring i samsvar med BKK sine planar vil redusere utbyggingspotensialet i den nedre delen. Høyringsfråsegnene syner at det er ulike syn mellom verne- og utbyggingsinteressene, og også motstridande interesser mellom dei ulike utbyggingsinteressene.

Etter NVE si vurdering har Øystesevassdraget kvalitetar som klart kvalifiserar vassdraget til å være ein del av Verneplan for vassdrag. Dei peikar særleg på vassdragets kvalitetar knytta til landskap, variasjonsrikdom i naturtypar frå fjell til fjord, og friluftsliv. Dei syner også til at Øystesevassdraget er eit fjordvassdrag i eit område som er lite representert i verneplanen. Det tilgrensa verna vassdraget Fosselvi dekker berre øvre delar av denne type vassdrag.

NVE har vurdert forslaget om å avgrense vernet til den øvre delen (ovanfor utlaupet til Fitjadalsvatnet). NVE går ikkje inn for denne løysinga. Verneplan for vassdrag skal utgjere eit representativt snitt av norske vassdrag med vekt på å verne heile vassdrag med deira dynamikk frå fjell til fjord. Dersom Øystesevassdraget skal gje eit vesentleg positivt bidrag til verneplanen, bør vernet difor omfatte heile vassdraget. Eit vern som berre omfattar øvre delen vil ha mindre verdi. NVE peikar også på at den nedre delen har natur- og opplevingskvalitetar knytta til det varierte elvelaupet i stryk og fossar, med Ørredalsfossen som eit særleg markert element. NVE legg også vekt på at Øysteseelva er lakse- og sjøaureførande i den nedre delen.

NVE tilrår at heile Øystesevassdraget vert tatt inn i verneplanen.

Departementshøyringa og departementet si tilråding

Hordaland fylkeskommune tilrår at øvre delar av vassdraget, frå Fitjadalsvatnet til fjells, vert tatt inn i verneplanen. Vassdraget nedanfor Fitjadalsvatnet kan nyttast til kraftproduksjon.

Fylkesmannen i Hordaland viser til tidlegare fråsegn og støttar NVE si innstilling om vern av heile vassdraget.

Kvam Herad ønskjer prinsipalt eit delt vern, subsidiært fullt vern.

DN støttar NVE si innstilling.

Naturvernforbundet, Kvam Turlag og Vernelaget for vassdrag i Kvam støttar vern av heile vassdraget.

Departementet syner til at ytterligare vassdragsvern er aktuelt dersom ein kan dokumentere særskilte kvalitetar som ikkje ligg føre i vassdrag som allereie er verna. Departementet kan ikkje sjå at dette er tilfellet for Øystesevassdraget. Gjennom konsesjonshandsaming kan styresmaktene sjå til at slike omsyn vert teke vare på. Dersom konsesjonshandsaminga syner at utbygging av vassdraget ikkje er aktuelt kan spørsmålet om vern vurderast på ny.

Departementet tilrår at Øystesevassdraget ikkje vert tatt inn i Verneplan for vassdrag no.

020/3 Tovdalsvassdraget (Aust-Agder og Vest-Agder)

Kommunar:Birkenes, Kristiansand og Iveland
Nedbørfelt:319 km2
Samla plan:I/5, II/3
Kraftpotensial:350 GWh
Verneplanstatus:Tidlegare vurdert i samband med Verneplan for vassdrag.

Den øvre delen av Tovdalsvassdraget er tidlegare verna gjennom to vedtak. Vassdraget ovanfor Rjukanfossen blei verna i verneplan IV i 1993, mens vassdraget vidare ned til Heresfossfjorden vart verna i supplering av verneplanen i 2005. For å kunne foreta ein best mogleg fagleg vurdering, har NVE no vurdert vassdraget samla, som eit heilskapleg nedbørsfelt.

Tovdalselva er den einaste større elva på søraustlandet der sjølve hovudelva renn frå fjell til fjord utan vesentlege kraftinngrep. Hovudelva er 143 km lang. Vassdraget representerer dei store nord-sørgåande vassdraga på søraustlandet. Det går laks opp til og med Heresfossfjorden. Det er gjort omfattande kalking av vassdraget for å oppretthalde laksebestanden. Vassdraget nedanfor Heresfossfjorden er variert med veksling mellom rolege elvelaup med stille loner, stryk og små fossar som skapar liv i landskapet. I dei øvre områda på begge sider av hovuddalføret er elvar og vatn viktige for friluftsliv, landskapsbilete og biologisk mangfald. Frå dalsida kjem store og små bekkar ned til hovuddalen. Dette aukar opplevingsverdien og mangfaldet i vassdragslandskapet. Vassdraget er også rikt på vassdragstilknytta kulturminne.

Høyringsfråsegner og NVE si vurdering og innstilling

Tovdalsvassdragets verneutval, fylkesmannen i Vest-Agder, fylkesmannen i Aust-Agder og Direktoratet for naturforvaltning går inn for vern.

Nokre av høyringspartane stiller spørsmål knytta til vernets omfang og omsynet til rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag. Dei peikar på at vernet ikkje må vere til hinder for næringsutvikling som skogbruk og landbruk. Det vert etterlyst ein gjennomgang av rikspolitiske retningsliner for å sikre faste rammevilkår. Fleire av høyringspartane går inn for vern under desse føresetnadane. NVE finn ikkje grunn til å kommentere dette, då spørsmålet om innhald i og praktisering av dei rikspolitiske retningslinene må skje i ein større samanheng.

Agder Energi Produksjon AS er imot at Ogge-delen inngår i vernet. Selskapet foreslår også at det vert opna for konsesjonshandsaming av kraftverk med effekt inntil 3 MW, slik det blei gjort ved vern av Bjerkreimsvassdraget.

NVE har tidligare ikkje handsama Tovdalsvassdraget samla i verneplanen, sjølv om dette har vore foreslått ved fleire høve. Ved vern av den nedre delen av vassdraget vil eit stort vassdrag frå fjell til fjord på søraustlandet bli ein del av verneplanen. Dette vil auke verneplanens kvalitet. NVE ser det som ein føresetnad at også Heresfossfjorden blir tatt med i vernet.

Innsjøen Ogge på vestsida av hovudvassdraget har to utlaup. Eit drenerer til Rettåna, det andre til Dikeelva, begge er sidevassdrag til Tovdalselva. Rettåna har utlaup i den utbygde greina Uldalsåna, mens Dikeelva har utlaup i nedre del av Tovdalselva og er urøyrd av kraftutbygging. Ei eventuell regulering av Ogge vil påverke Dikeelva. NVE meiner Dikeelva med vatnet Ogge og tilhøyrande nedbørsfelt høyrer med i vernet under prinsippet om mest mogleg heilskapleg vassdragsvern. Rettåna frå utlaupet frå Ogge høyrer til den utbygde Uldalsgreina og bør ikkje vernast, fordi det her allereie er omfattande inngrep som ikkje har noko i verneplanen å gjere. NVE rår til at eventuelle nye inngrep i Uldalsgreina vert sett i samanheng med at dette er ei sidegrein til eit verna vassdrag, slik at eventuelle konsekvensar ved utlaupet i Heresfossfjorden blir tatt med i vurderinga.

NVE meiner grensa for kraftverk som kan konsesjonshandsamast bør vere 1 MW. Unntaket for Bjerkreimselva bør vurderast som eit særleg høve som bør evaluerast før det eventuelt vert innført i andre vassdrag.

NVE tilrår at nedre delen av Tovdalsvassdraget inkludert Heresfossfjorden blir tatt inn i verneplanen.

Departementshøyringa og departementet si tilråding

Aust-Agder fylkeskommune tilrår vern av vassdraget. Vernet skal gjelde sjølve vasstrengen. Kommunane bør lage ein plan etter plan- og bygningslova for vassdraget med tilgrensa område.

Vest-Agder fylkeskommune tilrår vern av vassdraget.

Fylkesmannen i Aust-Agder viser til tidligare høyringsfråsegn og rår til at nedre delar av Tovdalsvassdraget med Herefossfjorden og Ogge/Dikeelva blir tatt inn i Verneplan for vassdrag.

Iveland kommune går i mot vern av Ogge med tilgrensa nedbørsfelt. Kommunen meiner dei kan ta vare på verneverdiane gjennom kommunalt planarbeid.

DN støttar NVE si innstilling.

Departementet meiner at Tovdalselva har særlege vernekvalitetar som den einaste større elva på søraustlandet der hovudelva renn frå fjell til fjord utan monalege inngrep frå kraftutbygging. Hovudelva er over 140 km lang. Vassdraget bør difor inngå i Verneplan for vassdrag. Departementet tilrår at nedre del av Tovdalsvassdraget inkludert Heresfossfjorden vert tatt inn i verneplanen. Departementet støttar fylkeskommunens tilråding om kommunal planlegging. Departementet syner til at Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag legg opp til slik planlegging.

121/2 Langvella (Sør-Trøndelag)

Kommunar:Oppdal
Nedbørfelt:45 km2
Samla plan:I/4
Kraftpotensial:21 GWh
Verneplanstatus:Vurdert i tidleg fase av supplering av Verneplan for vassdrag.

Langvella er eit lite sidevassdrag til Byna, som igjen er eit sidevassdrag til Orkla. Av Orkla (3050 km2 ) blei sidevassdraget Svorka (320 km2 ) verna i suppleringa av verneplanen. Ingen andre delar av Orkla er verna. Av vassdrag i nærleiken er Gaulavassdraget og Driva mellom Kongsmo og Hjerkinn verna.

Langvella tar til i høgfjellet inn mot Dovrefjellområdet og drenerer mot nord. Elva har eit variert laup. Søbergfossen er eit markert, lokalt landskapselement. Vassdraget har eit urøyrd preg. Einaste inngrep er ein grusveg og 10 sætrar /fritidsbustader. Nedbørsfeltet er del av viktige område for villrein, og ligg i eit område med store friluftsinteresser.

Høyringsfråsegner og NVE si vurdering og innstilling

Det var sterke ønskjer om vern frå Oppdal kommune som førte til at Stortinget oppmoda om ei vurdering av vern av Langvella. Høyringsfråsegnene syner at det er sterk lokal og regional motstand mot ein planlagd utbygging av vassdraget. Oppdal kommune vedtok i 2005 ein reguleringsplan for delar av Langvelldalen, der området blei regulert til landbruksområde/bevaringsområde mot kraftutbygging.

Trønder Energi AS syner til at vassdraget hadde eit utbyggingsprosjekt som var plassert i kategori I i Samla plan. Under selskapets arbeid med ei utbyggingsløysing vart vassdraget foreslått verna. Selskapet peikar på at dei har nytta mykje ressursar til planlegginga, og stiller seg uforståande til ei utvikling der vassdraget blir verna.

DN uttaler at Langvella er eit lite sidevassdrag som ikkje tilfredsstiller ønskje om vern av heilskaplege vassdrag. Verneverdiane er etter direktoratets meining heller ikkje av eit slikt format at det er ein opplagt kandidat til ein nasjonal verneplan. DN meiner verdiane i Langvella bør kunne sikrast gjennom kommunale planar og planverktyg. Dersom dette ikkje lar seg gjere, vil DN likevel støtte at vassdraget blir tatt inn i verneplanen.

NVE er samd med DN i at vassdraget ikkje har tilstrekkelege kvalitetar til å inngå i verneplanen. Vassdraget er eit lite sidevassdrag i eit område med ein type vassdragsnatur som elles er tilstrekkeleg dekka i verneplanen. Langvella vil difor ikkje tilføre verneplanen noko vesentleg med omsyn til målsettinga om at vassdraga skal utgjere eit representativt snitt av norsk vassdragsnatur. Dei lokale ønskja om å ta vare på dette vassdraget bør etter NVE si meining sikrast gjennom dei normale prosessane etter plan- og bygningslova og vassressurslova.

NVE tilrår ikkje at Langvella blir tatt inn i verneplanen.

Departementshøyringa og departementet si tilråding

Oppdal kommune ber om at Langvella vert tatt inn i verneplanen.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag viser til verneverdiane, det lokale engasjementet for vern, og fylkesmannens tidligare tilråding om å verne vassdraget.

DN støttar NVE si innstilling.

Departementet syner til at Langvella er eit avsnitt av eit større vassdrag. Verneplan for vassdrag bør innehalde heile vassdragsområde. Vern av mindre avsnitt bør sikrast gjennom andre verneformer enn vassdragsvern, til dømes gjennom planar etter plan- og bygningslova eller gjennom vern etter naturvernlova.

Departementet tilrår at Langvella ikkje går inn i Verneplan for vassdrag.

151/2 Vefsna (Nordland)

Kommunar:Vefsn, Grane og Hattfjelldal, (Brønnøy, Bindal og Vevelstad)
Nedbørfelt:3562 km2
Samla plan:II/13, I/5 unntatt
Kraftpotensial:
1791 GWh
Verneplanstatus:Vurdert i Verneplan IV for vassdrag, der sidegrena Svenningdalselva blei inntatt. Vurdert i suppleringa der konklusjonen blei utsett.
Nasjonale laksevassdrag:Vedtatt i runde II, jf. St.prp. nr. 32 (2006-2007) og Innst.S. nr. 183 (2006-2007)

Om Vefsnavassdraget

I St. prp. nr. 75 (2003-2004) om supplering av Verneplan for vassdrag står det:

«Vefsnvassdraget er det største vassdraget i Nordland. Det strekker seg inn i Sverige i øst, og munner ut i Mosjøen i nordvest. Nedbørsfeltet, som strekker seg fra høyfjell som når opp i 1700 moh. og ned til kysten og består av flere delfelt. Variasjonen mellom disse er stor. Den komplekse berggrunnen har sammen med isavsmeltingen og klimatiske forskjeller mellom øst og vest, gitt en interessant geomorfologisk utvikling. Et karakteristisk trekk er lange daler som følger strøkretningen, og korte tverrgående sprekkedaler. Denne strukturen førte til dannelse av agnordalar under isavsmeltingen, slik at vannskille flyttet seg gradvis mot øst. Feltet har en rekke klassiske kvartære avsetninger som flere marine grenselokaliteter, terrasselandskap og dødisterreng. Elvas løpsform har stort mangfold. Deltaer og vifter er skapt og flere steder går elva i gjel. I flere av de flate dalbunnene i sidevassdragene meandrerer elva. Det finnes flere godt utviklete karstområder. Vefsna er bl.a. lakse- og sjøørretførende, men laksen er truet av Gyrodactylus salaris. Fattig granskog er dominerende, men også rikere skogstyper dekker betydelige arealer. Feltet har flere store myrområder og en rekke større vann. Området har mange arter og plantesamfunn hvorav flere er sjeldne. Vassdraget spenner over uvanlig mange vegetasjonsregioner. Flere våtmarksområder har stor verdi som trekk-, hvile- og hekkeområde for fugl. En rekke rødlistede arter er registrert.

I forhold til størrelsen er vassdraget relativt lite berørt av kraftutbygging. Feltet er velegnet for en rekke friluftsaktiviteter, inkludert vannrelaterte aktiviteter. Det varierte landskapet gir særlig stor opplevelsesverdi. Nærheten til Børgefjell nasjonalpark øker bruken av området. 6 naturreservater ligger innenfor nedbørsfeltet. Området er rikt på kulturminner med stort mangfold. De viser ulike etniske gruppers tilpassninger fra steinalderen fram til i dag. Vassdraget er et kjerneområde for reindrift. Alle sesongbeiter er representert og her foregår kalving, oppsamling, flytting, merking, samling med mer. Det reindriftssamiske kulturmiljøet synar kontinuitet i bruken av området over lang tid. Mangfoldet gir høg identitetsverdi. Landbruk er en av de viktigste næringene i de berørte kommunene.»

Styringsgruppa knytt til supplering av verneplanen uttalar om vassdraget:

«Den største verdien ligger i nedbørsfeltets størrelse i kombinasjon med graden av urørthet, samtidig som feltet spenner over en høgdegradient fra nær 1700 moh. til fjorden. Dette gir et svært stort geologisk og biologisk mangfold, store opplevelsesverdier og rike friluftsmuligheter. Store verdier er også knyttet til kulturminneinteresser, samiske interesser og landbruk. Vassdraget er noe berørt av kraftutbygging, men de eksisterende overføringene er av marginal betydning for verdiene knyttet til vassdragets helhet, og styringsgruppen foreslår at vassdraget tas inn i verneplanen.»

Tre sidevassdrag er overført til Røssvatnmagasinet i samband med Røssågautbygginga. Dette er Gluggvasselva, Fiskelauselva og Elsvasselva. Ved samlaup med hovudvassdraget har desse sidevassdraga ei restvassføring på mellom 18 og 45 prosent av naturleg vassføring. Til saman utgjer overføringane om lag 6 prosent av samla middelvassføring i Vefsna målt ved utlaup i sjø.

Sidevassdraget Svenningdalselva oppstraums Trofors blei verna gjennom Verneplan IV for vassdrag.

Høyringsfråsegner frå arbeidet med supplering av Verneplan for vassdrag,

«Brønnøy kommune har ikke gitt uttalelse til dette vassdraget. Følgende høringsinstanser går imot vern og ønsker en konsekvensutredning av utbyggingsplanene i vassdraget: Hattfjelldal, Grane, Vefsn og Hemnes kommuner, Nordland fylkeskommune og Fylkesmannen i Nordland, Indre Helgeland Regionråd, Sør-Helgeland Regionråd og Helgeland Regionråd (Helgelandskonferansen), Statkraft, Helgelandskraft, Hattfjelldal Jakt- og Fiskelag, Hattfjelldal Arbeidarparti, Hattfjelldal skogeierlag, Hattfjelldal Bondelag og Byrkie reinbeitedistrikt, Hattfjelldal Senterparti og Norges Skogeierforbund. Bindal kommune har ingen kommentarer til vernespørsmålet. Fylkesmannen i Nordland mener alternativt at verneverdiene i vassdraget tilsier vern. Reindriftsforvaltninga, Forum for natur og Friluftsliv i Nordland, Aksjon Vern av Vefsna og Samarbeidsrådet for Naturvernsaker går inn for vern. Statskog viser til at vern må vurderes opp mot virkingene av en eventuell utbygging. Direktoratet for naturforvalting mener vassdraget er spesielt viktig i verneplansuppleringen. Fiskeridirektoratet viser til at det er settefisk-, kultiverings- og matfiskinteresser knyttet til vassdraget. Vegdirektoratet viser til at det på sikt vil være nødvendig å utbedre og legge om E6 i området, og at det vil kunne være synergieffekter med en utbygging av vassdraget. NGU viser til at det er viktige forekomster av dolomitt og kalk innenfor vassdragets nedbørsfelt.

Vefsna ble også vurdert i Verneplan IV. En del vassdrag i Helgelandsområdet ble da vurdert under ett, og det ble konkludert med at en utbygging av Hattfjelldalsgrenen og Eiteråga kunne vurderes når kraftbehovet tilsa det. Sidevassdraget Svenningdalselva ble vernet, og en utbygging av store Fiplingdalselva var forutsatt bare å kunne vurderes nedenfor nedre Fiplingdalsvatn.»

NVEs vurdering og tilråding frå arbeidet med supplering av Verneplan for vassdrag:

«NVE mener at vassdragets relative urørthet i forhold til størrelsen sammen med verneverdiene i vassdraget som helhet, klart tilsier at vernegrunnlaget er tilstede slik bl.a. fylkesmannen påpeker. Samstundes har Statkraft presentert utbyggingsplaner som en må forvente vil ha mindre negative miljøkonsekvenser enn eldre utbyggingsplaner. NVE mener også det er av betydning at planene sees i sammenheng med en modernisering og opprusting av eksisterende utbygging i Røssåga.

NVE har forståelse for Vefsn kommune som stiller spørsmålstegn ved den verdi lakseinteressene i vassdraget er gitt i styringsgruppens forslag ut fra at laksestammen er sterkt redusert som følge av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Imidlertid er det NVEs oppfatning at vassdragets potensial i denne forbindelse er udiskutabel og må tillegges vekt. Etablering av fiskesperre i Forsjordforsen er presentert som et mulig tiltak for å bekjempe lakseparasitten i vassdraget, og en slik sperre kan finansieres gjennom at fallet også nyttes til kraftproduksjon, et forhold Statkraft kan være interessert i å vurdere.

Mange uttaleser uttrykker bekymring for vassdragsvernets betydning for øvrig ressursutnyttelse i vassdraget. NVE viser i den sammenheng til omtalen av virkninger av vern i den generelle delen.

NVE kan ikke se bort fra at de nye utbyggingsplanene for Vefsna innebærer en betydelig energiproduksjon. Miljøkonsekvensene av en utbygging må forventes å være redusert i forhold til med tidligere planer. NVE kan heller ikke se bort fra at samstemte høringsuttalelser fra lokale og regionale politiske myndigheter ønsker en konsekvensvurdering av en utbygging i vassdraget. NVE anbefaler ut fra dette at vassdraget ikke vernes, men at en konsekvensutredning kan gjennomføres som grunnlag for en eventuell senere konsesjonsbehandling. En konsekvensutredning bør i den forbindelse redegjøre for konsekvensene for vassdragets samlede verneverdi.

Samtidig anbefales det at store Fiplingdalselva fra nedre Fiplingdalsvatn og oppover gis et formelt vern i samsvar med Stortingets føringer i Verneplan IV for utbygging av dette sidevassdraget.»

Departementshøyringa under suppleringsrunden

DN, Riksantikvaren og Vefsn og omegn Naturvernforbund går inn for vern av vassdraget. DN legg vekt på at vassdraget er foreslått som nasjonalt laksevassdrag. Vassdraget har ein særleg verdi mellom anna på grunn av storleik og inngrepstatus. Sametinget går også inn for vern av vassdraget.

Hemnes, Vefsn, Grane og Hattfjelldal kommunar er imot vern av vassdraget. Kommunane meiner det må gjerast ei konsekvensutgreiing av utbygging av vassdraget, og at eit vern no gjer dette umogleg. Nordland fylkeskommune var under suppleringa, mot vern av vassdraget.

Statkraft støttar NVE si innstilling.

Fylkesmannen i Nordland går inn for vern, men støttar samstundes kravet frå kommunane om konsekvensugreiing av vern, ikkje vern og realisering av prosjektet «Muligheter Helgeland».

Stortingets handsaming under suppleringa

I St.prp. nr. 75. (2003-2004) skriv departementet:

Departementet går inn for at Vefsna ikke tas med i verneplanen nå. Departementet vil imidlertid komme tilbake med forslag om vern av Vefsna i egen sak der det åpnes for mindre utbyggingsalternativer som kan kombineres med miljøinteressene i vassdraget.

I Innst.S. nr. 116 (2004-2005) seier Stortinget seg samd i departementet si innstilling.

Departementshøyringa og departementet si tilråding

Nordland fylkeskommune har endra syn og er no positiv til eit vern av Vefsna. Fylkeskommunen ber om at det opnast for nye forvaltningsmodellar der regionale og lokale omsyn takast vare på.

Kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldal og Hemnes syner til tidlegare uttale der dei er i mot vern av vassdraget og at dei ikkje har endra dette standpunktet. Alternativt meiner kommunane at eit vern av Vefsna kan omfatte strekninga Trofors – Mosjøen og at eit slikt vern vil inkludere det som tradisjonelt reknast som elva Vefsna. Med den verna Svenningdalselva får ein då eit samanhengande vern frå fjord til fjell.

Departementet viser til Regjeringserklæringa der det står:

«Regjeringen vil verne Vefsnavassdraget fra kraftutbygging ved å inkludere det i Verneplan for vassdrag».

Departementet meiner at Vefsna har særs store vernekvalitetar. Desse kvalitetane er mellom anna godt dokumentert av styringsgruppa knytt til suppleringa av verneplanen inntatt i St.prp. nr. 75 (2003-2004).Departementet har på ny vurdert dei krav kommunane har fremja. Departementet har merka seg at konsekvensutgreiing av utbyggingsprosjekt låg til grunn då Stortinget kom til at endeleg vedtak skulle takast seinare. Stoda er no at Regjeringa gjennom Regjeringserklæringa vil verne Vefsnavassdraget frå kraftutbygging. Vedtak om vern krev ikkje at utbyggingsprosjekt vert konsekvensutgreia. Departementet synar her til at slikt vedtak vert fatta ved plenarvedtak i Stortinget i tråd med tidlegare vernevedtak i fem omgangar frå 1973 til 2005 bygd på forvaltningslovas krav til sakshandsaming. Reglane om sakshandsaming i naturvernlova og plan- og bygningslova kjem ikkje til bruk her. Departementet er heller ikkje samd med kommunane i deira tilråding om eit redusert vern. Heile nedbørsfeltet slik dette er definert i tidlegare vernedokument, jf. St.prp. nr. 75 (2003-2004) og St.prp. nr. 118 (1991-92) og Stortinget sine føresetnader i Innst.S. nr. 116 (2004-2005), må verte omfatta av vernevedtaket.

Departementet tilrår at Vefsna med sidevassdrag vert tatt inn i verneplan for vassdrag. Eit prøveprosjekt skal samstundes ta til med samla planlegging i vassdraget. Prøveprosjektet kan legge til rette for små kraftverk utan nærare avgrensingar i storleiken på installert effekt der dette ikkje i nokon grad er i strid med verneverdiane. Vernet skal ikkje vere til hinder for tiltak mot Gyrodactylus salaris.

Departementet finn at Gluggvasselva, Fiskelauselva og Elvasselva ikkje er verneverdige på grunn av tidlegare kraftinngrep, og tilrår at dei ikkje blir inkludert i verneplanen.

I Regjeringserklæringa står det i samband med vern av Vefsna at:

«Det opprettes næringsfond i den berørte regionen»

Formålet med støtta er å leggje til rette for ny næringsverksemd og nye arbeidsplassar i regionen. Midlane skal nyttast til fysisk og kunnskapsretta infrastruktur, medrekna samarbeidstiltak, nettverk og næringsareal, bedriftsutvikling, medrekna etablerarstipend og opplæring og tilskot til bedrifter ved oppstart og utviding av mindre bedrifter.

Det blir skipa fire separate næringsfond til kommunane Hattfjelldal, Hemnes, Grane og Vefsn på til saman 150 mill. kroner. Midlane blir fordelt med 40 pst. til Hattfjelldal, 40 pst. til Grane, 15 pst. til Vefsn og 5 pst. til Hemnes. Dette blir nærare omtala i Revidert Nasjonalbudsjett 2009.